2016.04.03. Maranatha. Jesus lever.

Jesus lever. Møte i Maranatha 3.4.2016.

Tungetale ved ein mann, tyding ved Tore Kristiansen:

 

Det finst ikkje noko så vidunderleg for mi sjel, å få synge det ut at han lever, ikkje berre fordi eg har lese det, men fordi at eg har kjent det i mitt hjerte, ikkje berre fordi han har sagt det, men eg har personleg erfaring, han lever sitt daglege liv i meg. Og eg kjenner at han er der inne, verkar ved sin Heilage Ande glede i mi sjel. Og når eg enno ikkje har opplevd, skal eg få oppleve. For han, Jesus, er mitt daglege brød og når eg et av det brødet, så kjenner eg gleda i hjertet, større enn den som er der ute. For min fred og mi glede, den har eg hatt i han i mange år.

Hans namn for meg har vore ein utgytt salve, hans namn for meg er min daglege lækjedom, hans namn for meg er det sjønnaste av alle. Og eg ynskjer å dele det med andre. For så seier Herren, det finst ikkje noko anna namn som menneska skal verte frelst ved.

Tale ved Tore.

Tore tala om at vi ved trua på Kristus er krossfesta med han og døde med han, når han døde på korset, døde vi saman med han og den vedkjenninga må vi halde fast på. I dåpen er vi gravlagde med han, der er vi også oppreist med han. Vi må ha denne rekkefølgja klart for oss og med frimod vedkjenne at slik er det. Han lever i oss, vi tilhøyrer han og lever for han. Vi er i han og då er vi nye skapningar. Dette må vi med frimod vedkjenne.

Tungetale ved Oddbjørg, tyding ved Tore.

Eg, Herren er trufast, også over dei som har svikta. Og eg kan aldri gløyme at eg teikna i begge mine hender. Og derfor, om du kjem på avstand, så er du likevel teikna hos meg. Eg veit om alle dine vanskar og problem. Men eg ynskjer at mine born skal legge dei ned for mine føter. Så eg kan få lov til å løfte børa bort, så igjen ryggen kan rettast. Og du vert fri, verkeleg fri. Eg, Herren, ynskjer ikkje at mine born skal gå nedbøygde, men eg ynskjer at dei skal sleppe fri frå berekorga, med alle sine gjerningar og alle sine problem. Menneska ber og ber tunge bører, kom til meg med børa, eg skal fjerne den. Legg den på meg og eg skal løyse deg, setje deg fri, løfte deg opp. Gi deg trua sitt klare blikk og eg skal igjen smykke deg med mine prydingar og du skal igjen få kjenne å gå ut i dansen med dei glade og prise mitt herlege namn.

Dersom det er lenge sidan at hjertet ditt har flote over, så ynskjer eg å gje deg eit godt, stoppa og rysta mål og det skal gjevast deg rett der du befinn deg. Og du skal kjenne at hjertet skal flyte over, av glede, av fred, av lykke og sæle. For eg ynskjer at mi menigheit skal vere ei menigheit full av tru og den Heilage Ande. Eg ynskjer at mi forsamling skal vere det lys i verda, som skal verke attraktivt på dei der ute. Og det er ikkje du som skal tenne lyset, men du skal komme til meg og eg skal tenne det i deg. Du skal legge av alt som tynger og så skal du springe med tolmod i kampen. Sjå opp på meg og eg skal springe i kapp med deg og du skal kjenne at vegen skal ikkje vere deg for lang.

Kommentarar.

Jesus lever.

Jesus sende meg til Oslo med ein frigjerande bodskap. Eg gjekk i den Frie Evangeliske Forsamling i Møllergata 40 (M40), som tidlegare, og der vitna eg om det. Men dei ville ikkje høyre på meg, dei sa at det var den gamle Adam som levde. Så eg byrja å gå i Maranatha i staden. Ein ung mann som gjekk her, byrja å gå i M40 i staden, men no var han komen tilbake til Maranatha. Når han kom inn, sa eg til han at han Jesus lever han. Den fyrste bodskapen tek eg som ei stadfesting på nettopp det. Eg forstår det slik at den Heilage Ande hjelper meg i mitt takkebøn. Jesus er min øvstreprest og min talsmann (advokat) hos Faderen og den Heilage Ande er min talsmann (advokat) på jorda.

I den andre bodskapen sa Jesus at han var trufast, også over dei som hadde svikta. Og korleis hadde dei svikta? Jau, ved at dei ikkje kjendest ved han, ved at dei ikkje sa at han levde, men dei sa at det var den gamle Adam som levde i staden.

Vi fekk oppleve at Gud gjorde sitt verk med oss i Kristus Jesus, men dei sa ikkje at han var den han var. Men Gud hadde då sagt til Moses at han var Abraham, Isak og Jakob sin Gud, dei skulle kalle han “Eg Er” (Jahve). Og kvifor det? Jau, fordi dei skulle seie at han var den han var, dei skulle ikkje seie at han var ein annan enn den han var.

Bønn for henne ”Virtuella”[1] og bønn om ei kone.

I det siste har eg tenkt på korleis eg bad for henne ”Virtuella” når eg gjekk på gymnaset og fekk oppleve at Faderen elska henne som sitt barn og Jesus elska henne som si brud, det er sant, ho levde i eit slikt kjærleiksforhold til Faderen og Sonen, det var rett. Så eg ser ikkje nokon grunn til at eg skal gå tilbake på det på nokon måte. Men eg kan og skal berre halde fram med å be for henne slik og takke Faderen for at han elska henne slik og Sonen for at han elska henne slik. Dette handlar samtidig om at Faderen elskar oss som sine born og at Jesus elskar si kyrkje som si brud. Men eg kjem i eit dilemma, ein konfliktsituasjon, for det handlar då samtidig om at eg har bedt Jesus gje meg ei kone og det er då kona som skal ha ein slik sentral posisjon i mitt liv, at eg stadig skal tenke på henne og be for henne og snakke om henne. Men Jesus har nyleg minna meg om å søke fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal eg få alt det andre i tillegg, så slik ventar eg at han vil gje meg ei frelst kvinne til kone.  Han sa eg skulle søke han fyrst. Ja, hans frelsesverk er fullbrakt og fullkome, så eg skal berre takke og lovprise han for det, han har nått fullendinga og er fullkomen, så eg skal berre sjå på han og takke og lovprise han som min frelsar og Herre, takke han for det han har gjort for meg, i meg og gjennom meg og la han fullføra det.

Før tala song vi takkesongar der vi takka Jesus for frelsa med enkle refereng:” Han frelste meg, han frelste meg”. Då tenkte eg på at han frelste både meg og henne Virtuella då vi var unge, takka han for at vi var frelste når vi gjekk på gymnaset. Men igjen kom eg i dette dilemmaet, kvifor skal eg framleis tenke på henne slik. Eg har då bedt Jesus gje meg ei kone og då er det sjølvsagt ho som skal ha ein slik sentral posisjon i mitt liv. Akkurat då kom den fyrste bodskapen.

Realist med tru på Gud. 3. april.

Sidan eg var ung har eg bedt Jesus frelse menneska og gje meg ei frelst kvinne til kone og han har svart meg positivt på det heile tida, det er inkludert i det fullførde frelsesverket. Han sende meg til Oslo med denne glade og frigjerande bodskapen og det vitna eg om i den Frie Evangeliske Forsamling. Men der vart det syting og klage, dette ville dei ikkje høyra noko meir av. Ein mann sa til meg at den gamle Adam (naturen) lever den. Men Jesus er den siste Adam som for oss har vorte ei livgjevande ånd. Og eg kjennest ved han, eg erkjenner at han lever.

Eg har vore realist og eg har trutt på Jesus sidan eg var ein gutunge. Det er to ulike tenkemåtar og til tider har eg kjent det som ei dobbelrolle eg ikkje har vore heilt komfortabel med. Men når eg let meg forsone med Gud på evangeliets grunnvoll, får eg det til å stemme. Frå eg var ein liten gutunge har eg vorte opplærd i trua på Jesus, til å påkalle han som vår frelsar og Herre og be for slekta, folket og landet. Så eg har bedt han frelse menneska og gje meg ei frelst kvinne til kone sidan eg var ung og han har svart meg positivt på det heile tida, det er inkludert i det fullførde frelsesverket. Når det likevel har gått så lang tid utan at det har vorte noko av, er det ikkje på grunn av evangelisk kristendom og heller ikkje på grunn av naturvitskapen og den realfaglege tenkinga, men på grunn av gammal religiøs overtru.

[1] Ei jente eg vart kjend med på gymnaset og som eg møtte igjen når eg byrja å studere.

 

 

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte 2016. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

w

Connecting to %s