2016.02.21. Maranatha. Søk fyrst Guds rike og hans rettferd.

 Tale ved Håkon Martinsen.

EFE 3,8 – EFE 3,10 Eg som er den ringaste av dei heilage, har fått den nåde å forkynna for folkeslaga den glade bodskapen om Kristi ufattelege rikdom 9 og føra Guds frelsesplan fram i ljoset, den løyndomen som frå evig tid har vore løynd hjå Gud, han som skapte alt. 10 Såleis skulle hans mangfaldige visdom kunngjerast gjennom kyrkja for maktene og herredøma i himmelrømda.

2KO 4,6 For Gud, som sa at ljos skulle skina i mørkret, han har late det skina i våre hjarto, så kunnskapen om Guds herlegdom, som strålar i Kristi åsyn, skal lysa fram.

Gud gjer sin visdom kjend gjennom si kyrkje. Han skapte mennesket i sitt bilete og gjer seg kjend gjennom det.

1MO 1,26 – 1MO 1,27   Då sa Gud: “Lat oss skapa menneske i vårt bilete, i vår likning! Dei skal råda over fiskane i havet og fuglane under himmelen, over feet og alle villdyra og alt krypet som krælar på jorda.” 27 Så skapte Gud mennesket i sitt bilete, i Guds bilete skapte han det, til mann og kvinne skapte han dei.

2KG 4,1 – 2KG 4,4 {ELISJA HJELPER EI ENKJE}  Ei kvinne som hadde vore gift med ein av profetsveinane, ropa ein gong til Elisja: “Mannen min, som var tenaren din, er død. Du veit at han var ein mann som hadde age for Herren. Men no kjem ein som han stod i skuld til, og vil ta begge sønene mine til trælar.” 2 Elisja sa til henne: “Kva kan eg gjera for deg? Sei meg kva du har i huset!” Ho svara: “Tenestkvinna di har ikkje anna i huset enn ei krus med olje.” 3 Då sa han: “Gå til alle grannane dine og lån deg kar, så mange tome kar som du kan få tak i. 4 Gå så inn og steng døra etter deg og sønene dine! Slå olje i alle desse kara, og set dei bort når dei er fulle!”

JOH 12,1 – JOH 12,3 {JESUS VERT SALVA I BETANIA}  Seks dagar før påske kom Jesus til Betania, der Lasarus budde, han som Jesus hadde vekt opp frå dei døde. 2 Der heldt dei eit gjestebod for han. Marta stelte for dei, og Lasarus var ein av dei som sat til bords med han. 3 Då tok Maria eit pund ekte, dyr nardussalve og salva Jesu føter og turka dei med håret sitt. Heile huset vart fylt av angen.

Tungetale ved Mari, tyding ved Håkon.

For eg er Gud som utvalde deg før eg skapte, før eg tala og det skjedde, før eg baud og det stod der, så hadde eg deg i mine tankar. For eg har utvalt deg i min elska Son, i Kristus, før verda sin grunnvoll vart lagt, for at du nettopp i denne tid kan stå heilag og ulasteleg for mitt åsyn. Derfor skal du vite at eg, Herren, byrja dette Guds verk i deg og det er eg Herren som skal fullføra det. Eg har gjeve deg alt kva eg er og alt kva eg har. Så bruk det du har fått, mitt barn, så skal du kjenne og oppleve og erfare, at avslutningstida skal ikkje gå nedover, den skal gå oppover. For det er eg, Herren, som er hovudet og når ein lem lid, så grip eg inn og eg lækjer og eg istandset og eg trøystar og hjelper, for eg elskar deg og eg vil fullføra det eg har tenkt i ditt liv.

For eg bar mitt blod ikkje inn i tempel som er laga med menneskehender. Men eg bar meg sjølv i kraft av den Heilage Ande og mitt blod bar eg inn i sjølve himmelen. Og når eg sette meg ved min Faders høgre hand, så fekk eg den Heilage Ande og den er den eg har sendt til dykk. For eg vil ikkje etterlate dykk farlause. Men eg sende talsmannen, han skal ta av mitt, han skal herleggjere meg. Derfor er du sett inn i eit guddommeleg hushald. Og du skal ikkje mangle nokon ting. Men søk fyrst Guds rike og dets rettferd, så skal du få alt det andre i tillegg. Men søk meg først, for eg, Herren, eg tilkjem all pris. Amen.

Aktuelle bibelvers.

EFE 1,3 – EFE 1,12 {GUD VERE LOVA FOR NÅDEN I KRISTUS!}  Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far,  han som i Kristus har velsigna oss  med all Andens velsigning i himmelen.  4   I Kristus har han valt oss ut før verda vart skapt,  så vi skulle vera heilage og lytelause for hans åsyn. 5   I kjærleik og av eigen fri vilje  har han føreåt etla oss  til å få barnekår hjå seg ved Jesus Kristus, 6   til lov og ære for hans herlegdom  og for den nåde han gav oss i sin kjære Son.  7   I han har vi utløysinga  som vart vunnen ved hans blod,  forlating for syndene.  Så rik er hans nåde, 8   som han i rikt mål har late oss få.  Han gav oss all visdom og alt skjøn, 9   då han kunngjorde oss løyndomen om sin vilje,  den frie avgjerd han hadde teke 10   om å fullføra sin frelsesplan når tida var inne:  å sameina alt i Kristus, både det i himmelen og det på jorda.  11   I han har vi fått arvelut,  vi som føreåt var etla til det  etter Guds forsett,  han som gjennomfører alle ting  etter sin plan og vilje. 12   Så skulle vi vera til lov og ære for hans herlegdom,  vi som alt no har sett vår von til Kristus.

EFE 3,11 – EFE 3,12 Dette hadde Gud sett seg føre frå evig tid, og no har han fullført det i Kristus Jesus, vår Herre. 12 I han har vi frimod, og i trua på han kan vi koma fram for Gud med tillit.

1PE 1,1 – 1PE 1,2 {HELSING}  Peter, Jesu Kristi apostel, helsar dei utvalde som lever i framande land, spreidde omkring i Pontos, Galatia, Kappadokia, Asia og Bitynia, 2 dei som er utvalde slik Gud Fader føreåt hadde fastsett, og ved Anden vigde til lydnad og til reinsing ved Jesu Kristi blod.  Nåde og fred vere med dykk i rikt mål!

Kommentarar.

 Vake i bønn med takkseiing, vere kanal for Guds velsigning.

I det siste har eg tenkt på det Jesus sa om at eg skulle vake i bønn med takkseiing og at han ville gje meg det som var best for meg. Ja, då kunne eg godt tenke meg å få ei ung jente til kone, ei som studerer biologi eller medisin.

Og så ber eg for henne ”Virtuella”[1] Eg har tenkt på at der er ei kunnskapsforståing og ei kunnskapssøking som tek sikte på å finne argument mot at vi skal leve i samfunn med Gud, mot at vi skal verte velsigna og mot at vi skal verte fylte av Guds Ande og Guds kjærleik. Det har si årsak i at menneska vart forførde ved syndefallet og at dei framleis vert forførde slik. Men det vi har å gjere er å takke Gud og Lammet for frelsa og så ta imot av berre nåde. Eg tenker meg at eg tek imot ei velsigning som er til henne også, så eg velsignar henne med den velsigninga som Herren gjev meg, eg er kanal for hans velsigning. Eg skal bidra med det Gud har gjeve meg i hjertet og det skal eg gjere i forsamlinga av dei heilage.

Og eg trur Jesus svarar meg ved å tale om henne som den lemen som lid, han vil lækje henne og setje henne i stand til å tene han og han vil trøyste henne og hjelpe henne. Det trur eg og det vil eg takke han for, eg vil takke han for at han frelser henne og frir henne ut og at han elskar henne.

Bidra med det Gud har gjeve meg.

Jesus sa han har gitt meg alt kva han er og alt kva han har og det er så stort at eg fattar det ikkje. Han seier at eg skal bruke det eg har fått og då tenker eg både på den kyrkjelyd-samanhengen eg står i og min studiesituasjon. For Jesus har bestemt at midt i hans kyrkjelyd, der skal livet, vekkinga og fornyinga vere. Så eg skulle sjå til at eg bidrog med det som Gud har gjeve i mitt hjerte. Livet vart planta i meg ved Guds Ord når eg var ein liten gutunge og det skulle vekse. Og eg fekk oppleve at Gud gjorde henne ”Virtuella” levande ved sin Ande, eg fekk oppleve at Guds kjærleik var utrend i vårt hjerte ved den Heilage Ande som var oss gitt. Det var sant og det var rett. Og det er det framleis. Jesus har gjort meg til kanal for Guds velsigning og slik kan eg bidra med det som han har gjeve meg, både til henne og til resten av kyrkjelyden og til andre med. Eg må berre vende blikket og hugen min opp til Jesus og ta imot og innstille meg på å vere kanal for Guds velsigning, bruke det han har gjeve meg.

Eg har skrive om at livet vart planta i meg ved Guds Ord allereie når eg var ein liten gutunge og det skulle vekse. Når eg bad for henne Virtuella opplevde eg ei ny fylde av den Heilage Ande, Guds kjærleik var utrendt i vårt hjerte ved den Heilage Ande som var oss gitt og det trur eg gjaldt både meg og henne. Gud har gjort meg til ein kanal for si velsigning, så den skal flyte vidare både til henne og til andre og Jesus har sagt til meg at han har bestemt at midt i hans kyrkjelyd, der skal livet vekkinga og fornyinga vere, så eg skulle sjå til at eg bidrog med det som Gud har gjeve i mitt hjerte. Og eg trur det er dette han svarar meg på no igjen.

Ha teoretisk interesse og samtidig vere følsam for kva kroppen treng. Forkjøling.

Når det gjeld min studeiesituasjon, så tenker eg meg at med den innstillinga vert eg meir open for å ta imot lærdom gjennom undervisninga, forelesingane, gruppeøvingane og laboratorikursa. Eg skal gjere bruk av den nåden og velsigninga Gud har gjeve meg i Kristus, ved Guds nåde får eg ta imot lærdom. For nåden og sanninga kom ved Kristus.

Tysdag 16.2.16. var eg på gruppeøving i ”Fysikalsk Kjemi 2” frå kl 12.15, ein dobbeltime. Men eg hadde ikkje sett på teorien til oppgavene, verken i læreboka eller i lysbilete-samandraget frå forelesingane og vart sitjande å blade i læreboka og stoppa opp ved ein formel som var noko vanskeleg å få grep på. Her trengde eg å sjå gjennom lysbilete samandraget. Eg var så lite førebudd at eg var ikkje byrja å sjå på oppgåvene enno, så eg gjekk der ifrå ein halv time før slutt. Resten av dagen vart eg sitjande på lesesalen å sjå gjennom forelesingsreferata. Men så fekk eg slik hoste, eg hosta jamt. Når eg kom heim att kledde eg meg med ullunderklæ igjen og la meg i senga, då var ikkje hosten lenger så kronisk, den stilna mykje. Men no vart eg så slapp. Eg var på laboratorieøvinga dagen etter, men resten av veka heldt eg meg heime. Låg til langt på dag, både onsdag og torsdag og så byrja eg å sjå på oppgåver i organisk kjemi. Jau, dette vart effektivt etter kvart, eg syntest eg fekk gjort ein god del i dette faget denne veka.

Gud har valt meg ut i Kristus før verda sin grunnvoll vart lagt, for at eg skal stå heilag og ulasteleg for hans åsyn, nettopp i denne tida.

Gud har valt meg ut i Kristus frå før verda sin grunnvoll vart lagt, før han talte og det skjedde. I opphavet skapte Gud himmelen og jorda. Jorda var aud og øyde, men Ande sveiv over vatna. Då sa Gud, det verte lys og det vart lys. Så heldt han fram med å tale og det skjedde. Gud som sa at lys skulle skine fram av mørke, han har late det skine i våre hjarto.

Vi veit no at jorda er 4.5 milliardar år og universets alder er beregna til 13,7 milliardar år. Æva var før denne tida, men eg trur at Gud er i sin evige himmel alle stadar nærverande, når vi søker han på evangeliets grunnvoll, får vi komme inn i samfunn  med han. Han har utvalt meg i Kristus frå før verda sin grunnvoll vart lagt, frå før han tala og det skjedde, så det samfunnet eg opplever med han hans elska, Jesus Kristus, er ikkje betinga eller avgrensa av det fysiske miljøet rundt meg. Gud er ånd og han er suveren over den fysiske naturen han har skapt og slik er det med den Anden og det livet han gjev oss i sin elska son, Jesus Kristus. Gud føder menneske nå nytt, så dei vert fødde av vatn og Ande, livsens vatn og livsens Ande er suveren over den fysiske naturen, det gjev oss evig liv.

Jesus seier han har gjeve meg alt kva han er og alt kva han har og så seier han at eg skal bruke det. Og han set meg ikkje til å gjere noko som er umogeleg for meg. Han og det han har gjeve meg er ikkje betinga eller avgrensa av den fysiske naturen rundt meg, Gud sende sitt Ord så det skal utføre det som han sende det til, ikkje noko han hindre det. Ikkje noko kan stenge ute Guds Ande, den er suveren. Den openberrar Guds Ord for oss og det skal ha framgang i denne tida.

Når Gud med sitt Ord og sin Ande er så suveren, er det berre for oss å innstille oss på det og nytte oss av det, søke fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal vi få alt det andre i tillegg til det. Leve i barnekåret og nytte oss av dei rettane Faderen gjev oss som sine born.

Den fysiske naturen og rasjonaliteten. Facebook-kommentar 1.5.

Jesus sa at vi skulle akte oss så i ikkje vanvørde ein av hans minste små, for englane deira ser alltid Faderens åsyn (Matt.18,10). Ein engel er ein bodberar og eg forstår det slik at det er den ånda Gud har gjeve oss, den har ikkje sitt opphav i denne fysiske naturen, men Gud har valt oss ut frå før verda sin grunnvoll var lagt, han har gjeve oss sin Ande frå sin evige himmel og med den Anden har vi samfunn med han. Gud er ånd og han er suveren over den fysiske naturen og slik er det med den anden han har gjeve oss. Det er Sanningens Ande, den ransakar alle ting, jamvel djupnene i Gud. I den Anden kan eg vel studerer realfag, den logiske tenkinga vert viktig for meg både når eg les i Bibelen og når eg studerer realfag. Kristus er Guds ord, han er hovudet for den kyrkja som er hans brud, han er vår rasjonalitet og tenkemåte og den skal eg bruke. Her seier han at han har gitt meg alt kva han er og alt kva han har og at eg skal gjere bruk av det eg har fått.

Det platonske klagemålet mot menneskets fysiske natur verka som argument for at ei lærd overklasse skulle styre med diktatorisk makt, det skulle liksom vere det minste vonde. Det var ein påstand om at vanlege folk med sin fysiske nature var for vonde og for dumme til å tenke og tale sjølve og måtte derfor overlate det til ei lærd overklasse og eg forstår at slik verkar det som motsegn mot mi erkjenning av kva Jesus er for meg. Men slik verkar det eigentleg som innvending mot den evangeliske forkynninga, som om Jesus frelsesverk ikkje var bra nok, ikkje er fullkome, men har manglar og som om han ikkje er fullkomen og ikkje er bra nok til å vere vår Herre og frelsar, til å vere hovudet for si kyrkje og for mannen. Det verkar som krav om at vi må gjere noko sjølve for å fullførde det, men det er umogleg, for menneske er ikkje gudar og kan ikkje fullføre det verket Gud har byrja i oss og i si kyrkje ved sitt Ord og sin Ande. Likevel vert det kravt at dei skal prøve og slik vert dei gjorde til trælar. Men Jesus har sagt til meg at hans frelsesverk er eit fullbrakt og fullkome verk, eg skal berre løfte blikket opp til han og takke han for det, ta imot det han gjev meg frå himmelen, verte fylt av den Heilage Ande. Det er ikkje noko i vegen for at eg kan studere molekylærbiologi og genetikk og sjå den naturvitskaplege forklaringa av vår fysiske natur. Genane våre er dei same heile livet her på jorda og eg hevdar dette er ei betre forklaring enn dette klagemålet som går heilt tilbake til antikk mytologi og kven veit kor langt tilbake det går? Men dette klagemålet eller i det heile tatt å tale om den fysiske naturen som innvending mot Guds Ord, vert irrelevant, for Jesus er den siste Adam og han er frå himmelen og han har for oss vorte ei livgjevande ånd.

Kva vil det seie å vere heilag. Facebook-kommentar 24.5.

I denne bodskapen sa Gud at han har utvalt meg i sin elska Son, Kristus, for at eg skal stå heilag og ulastande for hans åsyn, nettopp i denne tida. Vi vert helga ved Guds Ord og ved fylden av den Heilage Ande. Og Paulus sa at mannen skulle vite å vinne seg si eiga kone i helging, ved den helginga er Kristus hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud (1.Tess.4,1-9). Men då sa han også at ingen må lure sin bror. Han framstilte kyrkjelyden  for Kristus som ei rein brud. Men han frykta at liksom ormen dåra kvinna i Edens hage, slik skulle deira tankar verte førde på avvegar bort frå den enkle truskapen mot Kristus (2.Kor.11,1-3). Der er tydelegvis mykje maktinteresse i å forføre dei kristne slik, for å forføre kyrkje og kristne organisasjonar, forføre folket. Så når eg vil prøve å vinne meg ei kone i helging, prøver kristne leiarar å lure meg på heile greia. Sikkert i eiga maktinteresse. Men det kan vel gå slik at dei sjølve vert lurte, for satsar dei på lureri, så er der nok andre maktinteresser som tek over. Men eg hevdar at denne heilaggjeringa er viktig for meg når eg studerer realfag. Eg får merke at dei forføreriske kreftene som prøver å få mine tankar bort ifrå den enkle truskapen mot Kristus også prøver å få mi merksemd bort frå det faglege, når eg skal prøve å studere realfag. Den moral- og politisk- filosofiske maktinteressa som strir mot den evangeliske forkynninga, strir også mot den realfaglege tenkinga og interessa.

I det store norske leksikon vert «heilag» definert slik: «Hellig betyr å være i forbindelse med guder på en måte som sprenger erfaringsrammene vi har i dagliglivet. En slik forbindelse med guder kan gjelde både mennesker, dyr, ting, steder, handlinger, ord og institusjoner, som da oppfattes som hellige». Her vert avgudane, laga av stokk og stein, også inkludert. Og heilage bygningar og plassar. Men Israels Gud er ikkje ein slik gud, sjølv om dei bygde eit tempel for han og dei fekk oppleve at hans herlegdom fylte det, så var han likevel ikkje avgrensa av det, himmelen var hans bustad og jorda var hans fotskammel. Han hadde skapt himmel og jord og gjorde det klart for dei at dei gudane som ikkje hadde skapt himmel og jord, dei var ikkje gudar. Vi forstår vel at det var verdslege som var interessert i å få makt over menneska gjennom religionen, derfor laga dei gudar av stokk og stein. Men Bibelen kallar slik avgudsdyrking for synd, det vil seie avsporing i forhold til å gå vegen som fører til Faderen. Og det er årsak til synd og «ureinskap». Det er religiøsitet som er avspora seksualitet, slik som Freud sa.

Men Gud har utvalt meg i Kristus frå før verda sin grunnvolle vart lagd, før han talte og det skjedde, så det er ikkje avhengig, betinga eller underlagt noko materielt/fysisk. Jesus bar ikkje sitt blod inn i eit tempel gjort av menneskehender, så er det heller ikkje avhengig av slike bygningar. Men i den Heilage Andes kraft, bar han det inn i himmelen og vann ei evig forløysing. For han sette seg ved Faderens høgre hand og fekk den Heilage Ande, for å utrenne den over alt kjøt, så det er heller ikkje betinga av noko materielt. Ved trua på Kristus får vi den av berre nåde, Jesus gir oss ånd og liv av berre nåde. Slik tek Faderen omsorg for oss som sine born.

Platon trudde på fullkomne idear, slik også med det godes ide. Men menneskets fysiske natur er vond og derfor klarer vi ikkje å få god innsikt i ideverda. Dei gamle lærde hadde fått meir innsikt enn andre og var mindre vonde og derfor måtte ei lærd overklasse styre med diktatorisk makt. Men Bibelen gjev ei anna forklaring på det vondes problem, at menneska let seg lokke med at dersom dei åt av kunnskapstreet, så skulle dei verte liksom Gud og kjenne godt og vondt. Derfor fekk dei dårleg samvit på grunn av sin fysiske natur, så dei gøymde seg for Gud når han kalla på dei. Så det høyrest meir ut som om problemet starta i «tankeverda». Synda skilde menneska frå Gud, men med eitt offer tok Jesus bort synda ein gong for alle. Når vi let oss forsone med Gud og søker samfunn med han på det grunnlaget, får vi oppleve at han utgyt sin Ande over vårt kjøt. Så vår lekam er eit tempel for den Heilage Ande og då er det berre om å gjere å ta imot i tru og verte fylt av Anden. Ved trua smeltar Guds Ord samen med oss i vårt hjerte, slik vert Sanninga integrert i oss. Anden opeberrar Ordet for oss så vi erkjenner sanninga og den set oss fri.

 

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte 2016. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s