2016.02.07. Maranatha. Jesus gjer alle ting nye.

Jesus gjer alle ting nye. Møte i Maranatha 7.2.2016.

 Innleiing ved John Miland.

John las og talte over 2.Mos.15,22-25.26.

2MO 15,22 – 2MO 15,27   Så førte Moses Israel bort frå Sevsjøen, og dei kom ut i Sjur-øydemarka. Tre dagar drog dei fram gjennom øydemarka utan å finna vatn. 23 Og dei kom til Mara; men dei kunne ikkje drikka vatnet i Mara fordi det var beiskt. Difor heitte staden Mara. [Mara: “det beiske”.] 24 Og folket murra mot Moses og sa: “Kva skal vi drikka?” 25 Då ropa han til Herren, og Herren synte han eit tre. Det kasta han i vatnet, og vatnet vart godt.  I Mara sette han lov og rett for folket, og der prøvde han dei. 26 Han sa: “Dersom du høyrer på røysta åt Herren din Gud og gjer det som rett er i hans augo, dersom du aktar på boda hans og held alle føresegnene hans, så skal eg spara deg for alle dei sjukdomane som eg la på egyptarane. For eg er Herren, lækjaren din.” 27   Sidan kom dei til Elim. Der var det tolv kjelder og sytti palmetre. Og dei slo leir der attmed vatnet. [Elim: oase på vestsida av Sinai-halvøya.]

HEB 12,15 Sjå til at ikkje nokon lèt Guds nåde gå frå seg! Lat inga beisk rot få renna opp og gjera skade, så mange vert smitta.

John sa at i visse menigheiter kan ein nok merke at vatnet er i ferd med å verte beiskt, men når vi hel oss til forkynninga av Jesu kors, så vil det virke slik som når Moses kasta dette treet i vatnet. Men åndeleg tala er det om å gjere for oss å komme vidare til Elim.

Gud gjev oss ikkje det vi fortener, men det vi treng. Tale ved Stian Ludviksen[1].

Stian Ludviksen talt om då Na’aman vart lækt frå hudsjukdomen.

2KG 5,1 {ELISJA LÆKJER NA’AMAN}  Na’aman, hærføraren åt aramearkongen, hadde mykje å seia hjå herren sin og var høgt vørd; for med hans hjelp hadde Herren gjeve aramearane siger. Han var ein stor krigar, men han hadde ein hudsjukdom som gjorde han urein. [hudsjukdom: -> 3 Mos 13, 2.]

2KG 5,9 – 2KG 5,14   Så kom Na’aman med hestar og vogner og stogga utfor døra til huset åt Elisja. 10 Elisja sende ut ein mann som skulle seia: “Gå ned og lauga deg sju gonger i Jordan! Så vert kroppen din frisk og du rein.” 11 Då vart Na’aman harm og fór sin veg. Han sa: “Eg trudde han ville koma ut til meg, stå fram og kalla på Herren sin Gud og føra handa att og fram over den sjuke staden, så eg vart god att av sjukdomen. 12 Er ikkje elvane ved Damaskus, Abana og Parpar, like gode som alle vassdrag i Israel? Kunne eg ikkje lauga meg i dei og verta rein?” Så snudde Na’aman om og fór bort i fullt sinne. 13   Men tenarane hans kom til han og sa: “Kjære husbond, hadde profeten lagt på deg noko vanskeleg, ville du ikkje då ha gjort det? Kor mykje meir no, når han berre seier til deg: Lauga deg, så vert du rein!” 14 Så gjekk Na’aman ned til Jordan og dukka seg sju gonger i elva, som gudsmannen hadde sagt. Då vart kroppen hans frisk att som kroppen åt ein smågut, og han vart rein.

MTT 11,28   Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile!

Tungetale ved Mari, tyding ved Stian.

Du har lett etter svar, så lenge. Du har lett blant lækjarar og vismenn, men mitt barn, eg vil du skal vite, at det er eg som er svaret for deg. Det er eg som skal leie deg, det er eg som skal setje deg i stand, for mitt namn skal verte æra i ditt liv. Så andre menneske kan sjå på deg og dei vil sjå min stordom, seier Herren. For dei vil sjå Guds mirakle som har openberra seg i ditt liv. Så søk meg, seier Herren.

Eg skal ikkje reparere på dine sår. Eg skal ikkje reparere på dine byrder. Men eg skal ta dei bort. Eg skal gjere alt ting nytt. Det vert ikkje halvvegs, det vert ikkje delvis. Men det vert 100%. For, mitt barn, eg har ein plan med ditt liv. Du skal tene meg, du er kalla til teneste. Du skal bringe mitt Ord ut til mange menneske. Så ver frimodig, mitt barn, og søk meg og du vil kjenne, at mi velsigning vil vere over ditt liv.

Aktuelle bibelvers.

MTT 11,25 – MTT 11,30 {SONEN GJEV KVILE}  På den tid tok Jesus til ords og sa: “Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige. 26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for. 28   Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.”

ÅPE 21,1 – ÅPE 21,8 {DEN NYE HIMMELEN OG DEN NYE JORDA}  Eg såg ein ny himmel og ei ny jord. For den fyrste himmel og den fyrste jord hadde kvorve bort, og havet var ikkje meir. 2 Og eg såg den heilage byen, det nye Jerusalem, koma ned frå himmelen, frå Gud, budd som ei brur som er pynta for sin brudgom. 3 Frå kongsstolen høyrde eg ei høg røyst som sa: “Sjå, Guds bustad er hjå menneska. Han skal bu hjå dei, og dei skal vera hans folk, og Gud sjølv skal vera hjå dei. 4 Han skal turka kvar tåre frå augo deira, og døden skal ikkje vera meir, og ikkje sorg og ikkje skrik og ikkje pinsle. For det som før var, er borte.” 5   Då sa han som sit på kongsstolen: “Sjå, eg gjer alle ting nye!” Og han la til: “Skriv det opp! For desse orda er pålitelege og sanne.” 6 Så sa han til meg: “Det har hendt! Eg er Alfa og Omega, opphavet og enden. Eg vil gje den tyrste av kjelda med livsens vatn for inkje. 7 Den som sigrar, skal arva dette, og eg vil vera hans Gud, og han skal vera min son. 8 Men dei som er reddhuga og vantruande og vanheilage, dei som myrdar og driv hor, trollmennene og avgudsdyrkarane og alle lygnarane, deira plass skal vera i sjøen som brenn med eld og svovel. Det er den andre døden.”

[1] Stian Ludviksen er ein av leiarane i Evangeliesalen.

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte 2016. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s