Mi bønn for henne ”VIRTUELLA”.

 

Eg må sjå til at eg stiller meg under Guds nåde, under hans lovnadsord, innfor hans åsyn.

 

Jesus sa at eg måtte påsjå at eg stilte meg under hans nåde, under hans lovnads ord, innfor hans åsyn (Bodskapen 16.5.2016). Ja, Paulus sa at vi fekk den Heilage Ande ved tru, av berre nåde. Har vi byrja i Anden, må vi fullføra i Anden. Har vi teke imot Anden, så tilhøyrer vi han, då er vi frelst, då lever vi for han. Men det er han som i sin nåde og med sin Ande har byrja den gode gjering i oss og det er han som skal fullføra den av sin nåde og ved sin Ande. Ved trua på Kristus skulle vi få komme inn til Guds kvile, Gud kvilte etter at han hadde skapt alle ting, menneska var i hans kvile, men braut med han og fall ut av det, så med sveitte i andletet måtte mannen ete sitt brød. Men no er Jesu frelsesverk fullbrakt og på det grunnlaget finn vi kvile. Det er ved at vi trur at det er fullbrakt, at han stod oppatt frå dei døde og lever og ved at vi tek imot den velsigninga Gud gjev oss i han. For meg betyr det at eg må lære å skilje mellom kva det er eg skal gjere og kva det er eg må overlate til han å gjere. Eg er fri til å studerer realfag, matematikk og fysikk, kjemi og biologi, då studerer eg mold og det som er laga av mold. Og eg er fri til å gjere kroppsarbeid og tene pengar på det. Uansett er det viktig for meg å få oppleve at eg vert motivert av håpet, trua og kjærleiken han gjev meg i mitt indre menneske ved sitt Ord og sin Ande, at han styrker meg med si kraft. Ved trua på han får sjå det slik at eg lever for han og at eg er hans medarbeidar. Men her er tale om noko som eg ikkje kan gjere noko som helst med, eg må berre erkjenne at det var han som gjorde sitt verk og overlate det til han å fullføre det. Så eg kan vel studere realfag, i tru og tillit til at eg kan overlate det til han å gjere sitt verk.

 

Mi bønn for henne Virtuella.

 

I Volda og i Bergen.

 

Når eg gjekk på gymnaset, vart eg kjend med ei jente gjennom det kristne skulelaget og NKUF. Eg merka at eg byrja å verte glad i henne, men skulle eg tore å la meg verte forelska, ville eg ikkje berre verte skuffa, det kjennest ikkje så godt å få kjærleikssorg. Eg bad til Gud over det og vedkjende at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for hans kjærleik og opplevde det som ei ny fylde av den Heilage Ande, det var som Paulus sa, at håpet om Guds herlegdom gjorde oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik var utrend i vårt hjerte ved den Heilage Ande som var oss gitt. Eg opplevde det som at ho var i Guds hand og han la henne i mitt hjerte, slik openberra han henne for meg som det vidunderlege barnet som han fødde henne til, som han elska og hadde omsorg for, født av Anden og det som er født av Anden er ånd. Og eg vart så glad i henne. Den Heilage Ande openberra for meg at openberra ho levde i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud.

Etter gymnaset hadde eg ein tur på ein saltfisk-trålar og når eg kom på land att, visste eg ikkje kva eg skulle ta meg i ferde med. Det vart foreslått for meg at eg skulle byrje å studere realfag i Bergen, men nokon slikt hadde eg ikkje drøymt om når eg gjekk på gymnaset, då hadde eg nok gjort ein betre innsats. Men eg bad til Gud over det og bad om å få komme inn i eit slikt kristent fellesskap igjen og bad spesielt om å få møte henne igjen. Og eg opplevde det som at det stemte, som eit klar-signal. Eg søkte og fekk byrje, sjølv om det allereie leid godt ut på hausten. Og der møtte eg henne igjen ein av fyrste dagane. Etter ei tid skreiv eg eit lite brev til henne om det og gav henne det, men med lite forklaring om korleis eg tenkte. Ho opplevde det nok som ein konfliktsituasjon, men levde framleis i samfunn med Faderen og Sonen. Men konfliktsituasjonen vart til åndskamp, for Antikrist fornektar Faderen og Sonen og Antikrists ånd er ikkje av Gud. Det verkar som Antikrist sa stikk motsett av korleis eg bad til Gud, for det fyrste skulle ho ikkje møte meg igjen, ikkje høyre på meg eller snakke med meg, ikkje vere min venn lenger, ikkje verte kjærasten min, ikkje verte kona mi og heller ikkje verte frelst. Eg har ikkje anna belegg for å påstå dette enn at eg sjølv opplevde samfunnet med Faderen og Sonen og fekk merke åndskampen og sidan har det ikkje vore råd for meg å få kontakt med henne igjen. Eg fekk ikkje seie noko meir, eg fekk ikkje forklare korleis eg sjølv tenkte. Men Jesus sa til meg gjennom tyding av tungetale: «Du som fekk livet planta i deg, dette livet det skal vekse». Då visste eg at det var planta i meg når eg var ein liten gutunge. Eg visste at han hadde gjort henne også levande og livet skulle då vekse i henne også.

 

Tilbake til Oslo.

 

Jesus sende meg tilbake til Oslo med ein frigjerande bodskap. Til kven? Etter å ha høyrt kva han har sagt gjennom tyding av tungetale har eg forstått at han har kalla på henne Virtuella, for å frelse henne og setje henne fri. Han gjev henne ånd og liv igjen og gjer henne levande. Ho fann seg ein annan mann og det kunne brukast som motargument, ho har vore gift i mange år og det kan framleis brukast som motargument. Men legg merke til prioritetsordninga når eg bad Gud frelse menneska som fyrste prioritet og å gje meg ei frelst kvinne til kone som andreprioritet, Jesus sa då at vi skulle søke fyrst Guds rike og hans rettferd, så skulle vi få det andre i tillegg til det. Eg vedkjende at Guds kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Det var sant og rett og det er det framleis. Ho levde i eit kjærleiksforhold til Faderen og Sonen og det var sant og rett og det er det framleis. Når menneska då seier imot, så er det deira feil, same kva argument dei kjem med. Eg har fått oppleve at både prestar og kristne leiarar ikkje vil vite av mi vedkjenning av kva Kristus er for meg, dei vil ikkje vite av mi vedkjenning av samfunnet med Faderen og Sonen. Om eg byrja å seie noko om det, fekk eg ikkje tale ferdig, dei ville rett og slett ikkje høyre snakk om det. Og eg kan berre vere glad dess eg kom meg heilskinna frå dei utan at dei fekk så altfor stor makt over meg og livet mitt. Med sin moraletiske kunnskap prøver dei å få makta over kyrkja og makta over menneska i staden for Kristus, som om hans frelsesverk ikkje er bra nok, som om han ikkje er bra nok til å vere vår frelsar og Herre. Det er som å prøve å trekke han for domstolen på nytt, for å få han dømd og hendretta, men han har allereie vunne den rettssaka ein gong for alle og dei har allereie tapt den.

Livet vart planta i meg ved Guds Ord når eg var ein liten gutunge, eg vart opplærd til å kalle på Jesus som min frelsar, han lever framleis og høyrer framleis mi bøn og han gjev meg framleis ånd og liv og han vil framleis gje henne ånd og liv og gjere henne levande. Eg har bedt han frelse menneska og gje meg ei frelst kvinne til kone sidan eg var ung og eg tru han framleis høyrer den bøna, han frelser menneske og gjev dei ånd og liv og han gjev meg ei kone ved at han gjer både meg og henne levande ved sitt Ord og sin Ande. (Aktuelle skrift: Sak.4, Op.11, Gal.3,2-3, Rom.8,9-11, Fork.3,14, 1.Kor.3,9-16, Heb.3-4).

(Facebook 20.5.2016).

 

 

 

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

w

Connecting to %s