2016.01.23. Vake i bønn med takkseiing.

Våke i bønna med takkseiing. Møte i Maranatha 23.1.2016.

 

Innleiing ved John Miland.

 

JOH 14,6 Jesus seier: “Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Faderen utan gjennom meg.

Tale ved Tore Kristiansen.

 

SLM 40,1 – SLM 40,3 {DU ER MIN HJELPAR OG BERGINGSMANN}  Til korleiaren. Ein Davids-salme.  2   Eg venta og vona på Herren.  Han bøygde seg til meg og høyrde mitt rop. 3   Han drog meg opp or den tynande grav,  opp or den djupe gjørma.  Han sette mine føter på fjell  og lét meg gå med faste steg.

Tungetale ved Oddbjørg, tyding ved Tore.

 

Våk i bønna med takkseiing. Og når du våker på den måten i bønna, så skal eg, Herren, svare deg, med store og ufattelege ting, kanskje ikkje i den retninga du tenkte, men eg skal svare i den retninga og med det mål som eg veit er best for deg. Og du skal få oppleve noko du aldrig før har opplevt. For framleis høyrer eg bønner, framleis svarar eg bønner, framleis så ynskjer eg å fyll mitt barn og fylle mi menigheit med herlegdomens sky, så du skal få oppleve, at du aldrig før har opplevd maken.

Du er fri, du er forløyst, gjennom blodet har eg løfta deg opp, gjennom Jesu blod er du befridd frå all di synd. Du kan frimodig prise meg, du kan frimodig love mitt heilage namn. Og når du prisar mitt namn, så kjem gleda inn i ditt liv, når du prisar mitt namn, så går fridomen opp for deg. Når du prisar mitt namn, vil alt det vonde fly. Når du prisar mitt namn, då vil rettferds-sola gå opp som aldrig før i ditt hjerte.

Slå ikkje blikket ned, løft det opp imot himmelen. La ikkje dine hender synke, men løft dei opp imot himmelen. Stå ikkje stille på den stad der du befinn deg, men sett din veg i mi hand og eg skal dra deg, leie deg, føre deg og eg skal føre deg til levande vatn, eg skal føre deg til kjelder, eg skal føre deg til frukter og nådegåver og du skal få oppleve å verte berika av mi velsigning i overmål på overmål. Fordi eg Herren har satt dører opne for deg. Halleluja.

 

Aktuelle bibelvers.

 

SLM 40,1 – SLM 40,18 {DU ER MIN HJELPAR OG BERGINGSMANN}  Til korleiaren. Ein Davids-salme.  2   Eg venta og vona på Herren.  Han bøygde seg til meg og høyrde mitt rop. 3   Han drog meg opp or den tynande grav,  opp or den djupe gjørma.  Han sette mine føter på fjell  og lét meg gå med faste steg. 4   Han la ein ny song i min munn,  ein lovsong til vår Gud.  Mange skal sjå det og ottast  og setja si lit til Herren.  5   Sæl er den mann som set si lit til Herren,  og ikkje held seg til dei stolte,  til dei som fell frå i lygn. 6   Herre, min Gud,  mange under har du gjort,  og mange tankar har du til vårt beste;  ingen kan mæla seg med deg.  Vil eg tala og fortelja om dei,  er dei reint uteljande.  7   Slaktoffer og gåve har du ikkje hug på,  – du har opna mitt øyra;  brennoffer og syndoffer krev du ikkje. 8   Då sa eg: “Sjå, her kjem eg.  I bokrullen er det skrive om meg. 9   Å gjera din vilje, Gud, er mi lyst,  eg har di lov i mitt hjarta.”  10   Eg forkynte bodskapen om frelsa  i den store samling.  Eg lét ikkje att mine lipper;  det veit du, Herre. 11   Di rettferd heldt eg ikkje for meg sjølv,  eg tala om din truskap og di frelse.  Di miskunn og di sanning forkynte eg ope  i den store samling.  12   Herre, du vil ikkje  ta di miskunn frå meg.  Di miskunn og di sanning  skal alltid verna meg. 13   Eg har tallause trengsler på alle kantar,  mine misgjerningar tek meg att,  – eg kan ikkje lenger lyfta augo;  dei er fleire enn håra på mitt hovud.  Eg har reint mist motet.  14   Herre, gjer vel og fri meg ut!  Skund deg og hjelp meg, Herre! 15   Lat alle som står meg etter livet,  verta til spott og spe!  Lat dei som vil tyna meg,  dra seg tilbake med vanære. 16   Dei som spottar meg og ropar “ha-ha”,  skal stivna av redsle og skam.  17   Men lat alle som søkjer deg,  fegnast og gleda seg i deg!  Lat dei som elskar di frelse,  alltid seia: “Stor er Herren!” 18   Eg er hjelpelaus og fattig,  men Herren har omsut for meg.  Du er min hjelpar og bergingsmann;  dryg ikkje lenger, min Gud!

MLK 4,2   Men for dykk som har age for mitt namn,  skal rettferdssola renna  med lækjedom under sine venger.  De skal gå ut og kjæta dykk som kalvar  når dei slepp or fjøset.

 

Kommentar.

 Det sanne vintreet.

Jesus er det sanne vintreet, vi er greinene. Faderen er vingardsmannen. Dei greinene som ikkje ber frukt, tek han bort, dei greinene som ber frukt, reinskar han, så dei kan bere meir frukt. Men så sa også Jesus til oss at vi skal verte verande i han, liksom greina i vintreet, for det er berre på den måten vi kan bere frukt. Så det er om å gjere for oss å ha den subjektive innstillinga å verte verande i han, som ei grein på vintreet, som syg i seg sevje som kjem frå rota.

Heilt sidan eg var ung, har eg bedt Jesus frelse menneska og det gjeld henne også og då bad eg med takk for at han var hennar frelsar. Men eg bad han også om å gje meg ei frelst kvinne til kone og eg kjem ikkje forbi at det også gjaldt henne. Men meg ville ho ikkje møte igjen, snakke med eller ha noko med å gjere. Korleis kunne den innstillinga bere god frukt i kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne? Ho og mange kristne med henne ville ikkje godta at dette skulle ha noko med Gud å gjere, ho og mange med henne protesterte endåtil mot at Kristus skulle vere hovudet for mannen og mannen vere hovudet for kvinna og dei rotesterte mot nådegåvevekkinga. Men det var ikkje å verte verande i vintreet, så det kunne ikkje bere god frukt. Det var å verte forførd av Djevelen. Gud elskar meg i Kristus og han ville heilt sikkert gje meg hjelp i form av ei kone, men ho og dei har tvert om kjempa imot meg, ho og mange med henne har tent fienden i staden.

Eg har bedt Jesus frelse henne ”Virtuella”[1] og eg har skrive og talt for hennar frelse. Så ho skal verte ei slik grein på vintreet, som syg i seg sevje frå rota. Jesus sa til meg at eg skulle sjå til at eg bidrog med det som Gud har gjeve i mitt hjerte, ja, eg fekk livet planta inni meg ved Guds Ord når eg var ung og det skulle vekse. Og eg forstod det slik at eg skulle bidra med til å gje henne liv, eg skal bidra med det i menigheta. Og eg har eit visst håp om at ho har gått over frå Satans makt til Jesus rike og får oppleve at han gjev henne liv, så ho som ei grein på vintreet kan bere god frukt.

Eg skal framleis be Jesus frelse menneska og gje meg ei frelst kvinne til kone og eg trur han vil svare meg ved å fylle sitt barn med herlegdomens sky, så det gjeld både meg og henne som Gud vil gje meg til kone. Men eg trur også det gjeld henne Virtuella også, eg fekk oppleve at han fylte meg og henne med herlegdomens sky, at Jesus elska henne som si brud og at Faderen elska henne som sitt barn, det var herleg for meg også, det æra og takka eg Faderen og Sonen for.  og det skal eg framleis gjere.

 

Eg har bedt Jesus frelse menneska og gje meg ei frelst kvinne til kone. Er vi frelst, så tilhøyrer vi han og då lever for han. Han er Sanninga som set oss fri, så vi får den røyndomsforståinga at vi lever for han.

 

Vi kjem ikkje forbi at det saka gjaldt, var at eg bad Gud gje meg ei frelst kvinne til kone og eg kan ikkje halde fram med å tenke på henne Virtuella og tale om henne som erstatning for ei kone. Eg må då få komme vidare her i livet. Vi forstår vel at der er sterke maktinteresser som strir nettopp mot det. Gud vil skape noko nytt i Kristus, men det vert møtt av ein reaksjonær motstand. Men Jesus set meg fri ifrå det.

Eg skreiv at eg skulle ha kroppen hennar, ja, er det slik at han vil gje meg ei kone, så skal eg då sjølvsagt ha kroppen hennar (1.Mos.2). Men korleis vert dette forstått? Det sentrale poenget med ekteskapet er den naturlege formeiringa og vi forstår vel at det er hendsikta med den kjønnlege tiltrekninga mellom mann å kvinne. Og når vi lever i samfunn med Gud, skal vi få oppleve at han overstyrer det ved sitt Ord og sin Ande. Han velsignar oss og det inneber at han førebestemmer oss til noko godt. Då vil vi oppleve det som ein motsetnad mellom lysta og Anden og det er ein motsetnad mellom to tenkemåtar og levemåtar. Det er nærliggande for ein mann å sjå med lyst på kvinna sin kropp, få lyst på henne og tenke med lyst på henne. Og eg kan vel ikkje akkurat nekte for at eg har gjort det. Og Jesus sa at den som ser med lyst på ei kvinne, har allereie gjort hor med henne i hjertet sitt. Men så seier han også til meg at han har sett meg fri frå mi synd.

Men dette er også eit problem i kyrkja og i samfunnet, for sidan platonismen kom inn i kyrkja med sitt menneskesyn, vert det forstått slik at ein manns interesse for å få seg ei kone er einstydande med den gamle vonde naturen, det er den naturlege lysta som opponerer mot Anden og det vert brukt som argument for at prestane skal ha makta i kyrkja, som representantar for den tradisjonelt, moralsk lærde overklassa. Dette verkar slik som når Antiokus 4. Epifanes sette sine vaktmenn på muren og elles i Jerusalem. Så dei vil ikkje godta at vanlege menneske, som ikkje er opplærde i deira tradisjon, kjem inn i samfunn med Gud  berre fordi Jesus døde for dei på korset, at dei berre ved å søke samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll og be til han, kan få oppnå noko som helst her i livet. Slik gjer dei både menn og kvinner motlause, spesielt når dei kjem opp i den alderen at ein mann vil ha seg ei kone og ei kvinne vil ha seg ein mann. Naturleg nok skulle ein mann finne seg og vinne seg ei kone når han var ung og etter Paulus sine ord skal han vite å vinne seg si eiga kone i helging. Men dei lokkar henne til seg og prøver å få makta over henne og så gjer det til ein utopisk tankedraum for han, så han vert missmodig. Då er det nærliggande for ein mann å byrje å sjå med lyst på kvinna og tenke med lyst på henne i staden. Og så vil dei bruke det som argument for si makt over både han også. Slik prøver dei å få makta over kyrkja i staden for Kristus.

Men Jesus seier til meg at han har sett meg fri ifrå mi synd og då forstår eg det slik at han har sett meg fri ifrå dei og makta deira også. Han lever og han er hovudet for meg og han er hovudet for si kyrkje. Eg tilhøyrer han og lever for han og ho tilhøyrer han og lever for han. Eg skal heilhjerta halde meg til han og få oppleve at han kjem meg til hjelp med si kraft og slik ventar eg meg at han gjev meg hjelp i form av ei kone. For meg er dette ei motivasjonskraft som eg treng i mitt daglege liv. Gud gav oss ikkje vanmakt og mismods ånd, men han gav oss den Ande som verkar kraft, kjærleik og sindigheit (visdom). Vi skal ikkje prøve å verte betre som mann og som kvinne, vi skal berre lengte etter han som gjev liv. Eg ventar meg at han gjer henne levande saman med meg og slik skal eg bidra med det Gud har gjeve meg i hjertet, eg skal bidra med det i kyrkjelyden.

Den naturlege hendsikta er der framleis, men den overordna hendsikta er å leve for Jesus. For å oppnå dette, skal eg gå den vegen Jesus har staka ut for meg og som eg har skrive tidlegare forstår eg det slik at han har kalla meg til å studere realfag igjen og eg har eit visst håp om at han vil la meg finne meg ei kone her. Det trur eg stemmer med det som vart sagt i denne bodskapen om at han vil svare meg i den retninga og med det mål som han veit er best for meg. Samtidig er han vegen til Faderen og det er den vegen eg skal gå.

 

 

[1] Ei jente eg vart kjend med på gymnaset og som eg møtte igjen når eg byrja å studere.

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte 2016. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s