2016.06.19. Maranatha. Alt kjøts Gud.

Det finst ikkje frelse i noko anna enn Jesu namn. Møte i Maranatha 19.6.2016.

 Tale ved John Miland:

APG 4,7 – APG 4,22 Dei lét apostlane førast fram og spurde dei: “Kva for kraft og kva for namn gav dykk makt til å gjera dette?” 8 Då vart Peter fylt av Den Heilage Ande og svara: “Rådsherrar og eldste i folket! 9 Når vi i dag vert forhøyrde for ei velgjerning mot ein sjuk mann, og de spør korleis han vart lækt, 10 då skal de alle og heile Israels-folket vita: Når denne mannen står frisk framfor dykk, så er det ved namnet åt Jesus Kristus, nasarearen, han som de krossfeste, men som Gud reiste opp frå dei døde. 11 Han er  den steinen som de bygningsmenn vraka,  men som har vorte hjørnestein. 12 Det er ikkje frelse i nokon annan; for det finst ikkje noko anna namn under himmelen, gjeve mellom menneske, som vi kan verta frelste ved.” 13 Då dei såg kor frimodige Peter og Johannes var, og skjøna at dei var ulærde menn av folket, undra dei seg. Dei drog kjensel på dei, at dei hadde vore i lag med Jesus. 14 Og då dei såg mannen som var lækt, stå der saman med dei, hadde dei ikkje noko å leggja imot. 15 Dei sende dei ut or rettssalen og samrådde seg med kvarandre: 16 “Kva skal vi gjera med desse mennene? Dei har gjort eit openbert under; det er klårt for alle som bur i Jerusalem, og det kan vi ikkje nekta. 17 Men dette må ikkje koma ut mellom folk; difor vil vi truga dei og seia at dei ikkje må tala til noko menneske meir i dette namnet.” 18 Dei kalla dei inn att og baud dei slutta heilt med å forkynna og læra i Jesu namn. 19 Men Peter og Johannes svara: “Døm sjølve om det er rett for Gud å lyda dykk meir enn han. 20 Vi kan ikkje anna enn tala om det vi har sett og høyrt.” 21 Dei truga dei då endå meir, og lét dei så gå. For dei såg seg inga råd til å straffa dei, av di alt folket lova Gud for det som hadde hendt. 22 Han var då meir enn førti år den mannen som hadde vorte lækt ved dette underet.

HAB 3,17 – HAB 3,19   For fikentreet blømer ikkje,  og vintreet ber ikkje frukt.  Olivenhausten slår feil,  og markene gjev ikkje føde.  Sauene er borte frå kvea,  og fjøset er tomt for fe.  18   Men eg vil gleda meg i Herren,  jubla over Gud, min frelsar. 19   Herren Gud er min styrke.  Han gjev meg føter som ei hind  og lèt meg ferdast på høgdene.   Til korleiaren. Med strengespel.

 

Tungetale ved Oddbjørg, tyding ved John:

Sjå, eg er alt kjøts Gud. Skulle nokon ting vere for vanskeleg for meg?  Nei, du skal vite at eg som skapte himmel og jord, eg som tala og det skjedde, ingen ting er umogleg for meg. Derfor skal du setje di lit til meg, du skal trygt kunne gå ut på mine lovnadar. Og du skal få sjå at det held, seier Herren. For sjå, eg har kalla deg ved namn, du er min. Eg har skrive ditt namn i livets bok. Derfor vil eg at du mitt barn, du skal fryde deg og du skal glede deg i mi frelse. Ver ikkje tilbakehalden, men strekk deg ut mot det som ligg foran, seier Herren. Og du skal få oppleve at eg skal fylle ditt beger, så det flyt over.  Du skal få oppleve at eg dekker bord for deg, seier Herren, med feite og med margfylte rettar. Og du skal ete av landets gode ting.

Ja, eg skal føre ut eit folk i denne siste tida, før eg kjem igjen, eg skal ta meg ut eit folk som eg skal reinse og eg skal lutre dei og dei skal vere med og dei skal forkynne min pris, seier Herren. Det er eit folk som eg har helga, tvers gjennom og som eg skal leie og eg skal salve dei med mi kraft. Og sjå, eg skal vere med og stadfeste Ordet, med dei teikn og under som skal følgje dei som trur. For sjå, seier Herren, eg har jo sagt i mitt Ord, eg skal gjere langt meir enn de har forstand til  å be meg om. Amen.

Ja, eg prisar og lovar deg Herre, eg vil takke deg midt i forsamlinga. Eg takkar deg for di frelse og din nåde som du har vist imot meg. Eg har opplevt at du har vore med meg gjennom prøvingar, gjennom trengsler, så er du ein trufast Gud forutan svik.  Derfor så prisar eg deg og lovar deg midt i forsamlinga. Amen.

 

Kommentar om parader i gatene og svar gjennom tyding av tungetale.

I slutten av møtet kom John med ein kommentar om parader gjennom gatene, eg reknar med det var ”homo-parader”. Då kom Mari med tungetale og John tyda det:

Når eg såg ned på Sodoma og Gomorra, då såg eg at synda var så stor, forfallet var så stort, at eg bestemmte meg for å utslette desse byane, seier Herren. Og sjå, eg skodar ut over denne verda og eg ser det også i dag, seier Herren, kor synda er stor og når menneska syndar  og dei vil ikkje ha noko med meg å gjere, dei forkastar min Son, sjå, det kjem, det kjem straffedommar over land, over by, seier Herren. For sjå, seier Herren, eg manar dykk, mitt folk, til å gå i forbønn for dykkar land. Rop til meg og be om at eg må halde min vreide tilbake, seier Herren. For sjå, eg ser at synda er stor og eg har sagt i mitt Ord, synda si løn, det er døden, seier Herren. Sjå, seier Herren, det får konsekvensar, når menneska ikkje vil gå på mine vegar. For sjå, dei som vendar om, seier Herren og ropar til meg om frelse og om barmhjertighet, dei får oppleve, at eg er ein nådig, ein barmhjertig Gud, som tilgjev og som vil reinse og som vil gjere noko nytt for den einskilde. Derfor, mitt barn, rop til meg, gå inn i ditt løynkammer og rop til meg, seier Herren. Og eg skal svare på din bønner. Halleluja.

 

Kommentarar til første bodskapen.

 Alt kjøts Gud.

Eg har nyleg skrive om at Gud kalla fram ættene (Jes.41,1-5), så han leia dei med sitt kall og eg trur han soleis skapte dei gjennom utvikling til ulike folkeslag med kvar sine særpreg. Når dei vart dåra og forførde ved syndefallet, forstod dei seg ikkje lenger på det, så når han kalla på dei, gøymde dei seg for han med dårleg samvit, slik braut dei med han, så det fungerte ikkje lenger slik som det skulle. Men på evangeliets grunnvoll vert vårt forhold til han gjenoppretta. Då er det berre om å gjere å lytte til hans røyst, seie ja til hans kall og la han leie oss på sine vegar. Gud svarar meg positivt på dette og stadfester det, når han seier at han er alt kjøts Gud, skulle nokon ting vere umogleg for han? Eg har bedt han gje meg ei kone og det skal eg framleis be han om og eg trur han gjev meg henne i samsvar med skapingssoga i 1.Mos.2, for han er den same no, han er ein trufast Gud, utan svik og det takkar eg han for.

Igjen får eg oppleve at Gud svarar på det eg skriv, både gjennom tala og gjennom tyding av tungetale. John Miland talte om at der er ikkje frelse ved noko anna namn enn Jesus Kristus (Apgj.4,11-12) og om at profeten Habakuk lovpriste Gud til tross for omstenda rundt han (Hab.3,17-19). Og eg har nyleg skrive om at dei gudane  som ikkje skapte himmel og jord, dei er ikkje gudar, men den Gud som skapte himmel og jord, han har openberra si frelse for oss i Jesus Kristus. Så der finst ikkje noko som er meir fundamentalt enn dette. Det mest fundamentale er at Gud har skapt alle ting ved sitt Ord, opphavleg levde menneska i samfunn med han og han talte til dei. Men dei braut med han og vart utestengde frå samfunnet med han. Men på evangeliets grunnvoll vert vårt forhold til Gud gjenoppretta, slik som Gud opphavleg hadde tenkt det då han skapte. Kristus døde for oss alle og ved trua på han får vi alle del i han, slik det vert symbolisert i nattverden, vi et av same brødet og drikk av same vinen og slik er vi eitt i han. Han er den siste Adam, som er frå himmelen og som for oss har vorte ei livgjevande ånd. Det ord han har tala til oss er ånd og liv, han er Gud Ord og når vi vender oss til han får vi oppleve at Gud framleis talar sitt Ord til oss og skaper oss i Kristus Jesus, til gode gjerningar som han legg ferdige for at vi skal vandre i dei. Jesus er vegen til Faderen og då må vi lytte til hans kall og gå den vegen han leier oss. Likevel tenker vi ulikt om mangt og mykje, men likevel skal vi nå fram til einskap i trua på Guds Son og det er ved at vi stadig vender oss til han, lytter til hans kall og går den vegen han leier oss, det er ved at vi veks opp til han som er hovudet for lekamen.

Så skreiv eg om at eit folk vert omtala som ein person, oftast ein ættefar og forstod det slik at det var tale om den naturlege arven, det som låg i genane og som soleis gav folket sitt særpreg og identitet. Når eit folk soleis vert omtala som ein person, så forklarar det både den individuelle fridomen og betydinga av samhaldet i slekta og folket. Det er både individuell fridom og sosialt engasjement, ”mennesket i fellesskapet”.

Alle som tok imot Jesus, gav han rett til å verte Guds born, dei er ikkje fødde av kjøts vilje, ikkje av manns vilje men av Gud, (Joh.1,12-13), for å kunne sjå Guds rike og komme inn i det, må vi verte fødde på nytt, av Guds Ande og det som er født av Anden er ånd (Joh.3,3-8).  Paulus talte om dette og forklarde at der var ein motsetnad mellom det naturlege og det åndelege, Guds lov forsterka den motsetnaden, sjølv om den var god og slik verka den verdslege moralfilosofien også, ”barnelærdomen åt verda”. Når den antikke moralfilosofien kom inn i kyrkja i middelalderen og vart tradisjon i kyrkja, så verka den framleis til å forsterke den motsetnaden. Så mange menn vil oppfatte det slik at interessa for det åndelge strir mot deira naturlege interesse av å få seg ei kone. Men det beror på ei missforståing av Paulus sin bodskap, så motsetnaden vert overdriven og kunstig, liksom avgudane er kunstige.

Jesus sa at vi måtte fødast på nytt, av Guds Ande, det som er født av kjøt er kjøt og det som er født av Anden er ånd. Likevel er samhaldet i Kristus meir fundamentalt enn samhaldet i slekta og folket. Men då er der ikkje nokon fundamental motsetnad mellom samhaldet i Kristus og samhaldet i slekta og folket, men samhaldet i Kristus er mest fundamentalt og vert grunnleggande for  samhaldet i slekta og folket og dermed for utvikling av nasjonal fridom og sjølvstende.

Eg har nyleg skrive om at Gud kalla fram ættene (Jes.41,1-5), så han leia dei med sitt kall og eg trur han soleis skapte dei gjennom utvikling til ulike folkeslag med kvar sine særpreg. Når dei vart dåra og forførde ved syndefallet, forstod dei seg ikkje lenger på det, så når han kalla på dei, gøymde dei seg for han med dårleg samvit, slik braut dei med han, så det fungerte ikkje lenger slik som det skulle. Men på evangeliets grunnvoll vert vårt forhold til han gjenoppretta. Då er det berre om å gjere å lytte til hans røyst, seie ja til hans kall og la han leie oss på sine vegar. Gud svarar meg positivt på dette og stadfester det, når han seier at han er alt kjøts Gud, skulle nokon ting vere umogleg for han? Eg har bedt han gje meg ei kone og det skal eg framleis be han om og eg trur han gjev meg henne i samsvar med skapingssoga i 1.Mos.2, for han er den same no, han er ein trufast Gud, utan svik og det takkar eg han for.

I det gamle testamentet finn  vi fleire bibelvers som fortel oss at han er opphavleg alt kjøts Gud og ved at han openberrar si frelse, kjem han til å framstå som alt kjøts Gud.

1MO 2,21 – 1MO 2,24 Då let Herren Gud ein tung svevn koma på mannen, og medan han sov, tok han eit av sidebeini hans og fyllte att med kjøt. 22 Og Herren Gud bygde ei kvinna av det sidebeinet han tok av mannen, og leidde henne fram til han. 23 Då sa mannen: Dette er då bein av mine bein og kjøt av mitt kjøt. Ho skal kallast kjerring; for ho er teki av ein kar. 24 Difor skal mannen skiljast med far sin og mor si og halda seg hjå kona si, og dei skal vera eitt kjøt.

SLM 63,2 Gud! Du er min Gud, eg søkjer deg tidleg; mi sjel tyrster etter deg, mitt kjøt lengtar etter deg i eit turt land som ligg i vanmakt utan vatn.

SLM 65,3 Du som høyrer bøner, til deg kjem alt kjøt.

SLM 78,39 Og han kom i hug at dei var kjøt, ein andepust som kverv og ikkje kjem att.

SLM 84,3 Mi sjel lengtar, ja naudstundar etter Herrens fyregardar; mitt hjarta og mitt kjøt ropar av fagnad til den levande Gud.

SLM 145,21 Min munn skal mæla um Herrens pris, og alt kjøt skal lova hans heilage namn æveleg og alltid.

JOE 2,27 Og de skal merka at eg bur midt i Israel, og at eg er Herren dykkar Gud, og ingen annan; og aldri i æva skal folket mitt skjemmast.

JOE 3,1 – JOE 3,2 Og sidan skal det henda at eg vil renna ut min Ande yver alt kjøt, og dykkar søner og døtter skal tala profetord; dei gamle hjå dykk skal hava draumar, ungdomen dykkar skal sjå syner; 2 jamvel yver trælane og trælekvendi vil eg renna ut min Ande i dei dagane.

RMR 12,1 – RMR 12,3 So legg eg dykk då på hjarta, brør, for Guds miskunn skuld, at de må bjoda fram lekamane dykkar til eit levande, heilagt offer, eit som Gud hev hugnad i – det er dykkar åndelege gudstenesta – 2 og skikka dykk ikkje likt med denne verdi, men lat dykk umskapa med di hugen dykkar vert uppattnya, so de kann prøva kva som er Guds vilje: det gode og hugnadlege og fullkomne. 3 For ved den nåden som er meg gjeven, segjer eg til kvar og ein millom dykk at han ikkje skal tenkja høgre um seg enn han bør tenkja, men tenkja so at han tenkjer visleg, alt etter som Gud hev mælt ut åt kvar hans mål av tru.

 

Moderne pedagogikk.

Moderne pedagogikk tek avstand frå den tidlegare autoritære pedagogikken. Piaget meinte barnet var egosentrisk og skulle sosialiserast, det tenkte barnsleg og mått få lov til det, det ville utvikle seg gjennom stadium der det tenkte ulikt og vi må forstå oss på korleis. Eleven har sine tenkemåtar, sine ”kognitive skjema”. Når eleven vert stilt overfor problemstillingar som utfordrar hans kognitive skjema, må han framleis få bruke dei kognitive skjema og bygge dei om  for å forklare det nye og det motiverer han til læring. Dermed kan vi seie at han vert motivert av å søke sanning. Vygotsky meinte at barnet var sosialt og at språket allereie var der og han la vekt på kommunikasjon mellom elevane og mellom lærar og elev. Han representerte eit brot med den tidlegare introspeksjonen til fordel for ein sosialpsykologisk forståing av mennesket, så vi kan seie han la meir vekt på det sosiale enn det individuelle, men elevane skulle utvikle seg til å vere sjølvstendige. Filosofisk er han i tradisjonen frå Hegel, Marx, Feuerbach og nykantianarar. Men la oss også hugse på Sokartes som meinte at sanninga vart integrert i han gjennom dialog med andre menneske og den gjorde han lykkeleg.

Realfaga har sine vitskaplege metodar til å søke sanning og vi kan bruke både dei metodane og desse pedagogiske metodane til å lære og forstå det og når vi då har lært det og forstått det, så gleder vi oss over det som noko verdifullt. Når eg har lært og forstått, så gleder eg meg over det og eg merker at andre også gleder seg over det, særleg dei som underviser. Sjølvsagt gleder andre seg også over at dei har lært og forstått og det gjer eg og. Vi likar faga våre og gleder over den faglege kunnskapen og innsikta. Og det verkar samlande på menneska, same kva folk dei er av, kva kuturell bakgrunn dei har og kva politiske meiningar dei har.

Og så seier Jesus til oss igjen at han vil ta seg ut eit folk i denne siste tida, som han vil reinse. Han vil reinse dei i sitt blod, reinse dei frå synda og avgudsdyrkinga. Han vil fylle dei med den Heilage Ande, Sanningens Ande, den skal føre dei fram til heile Sanninga og den skal setje dei fri. Han er Sanninga som set dei fri. Har dei teke imot hans Ande, så tilhøyrer dei han og skal leve for han. Dei vert reinsa i Jesu blod og helga ved Guds Ord og den Heilage Ande. Og det er denne reinsinga og helginga som gjer at dei innser at dei lever for han, for den Heilage Ande herleggjer og openberrar han for dei som deira frelsar og Herre.

 

Svar på mi bønn om ei frelst kvinne til kone.

Eg har bedt Gud om ei kone og han svarar med at han er alt kjøts Gud, skulle noko vere umogleg for han, nei, det var han som skapte himmel og jord, det var han som talte og det skjedde og ingen ting er umogleg for han. Han seier at eg skal stole på hans lovnadar, då treng eg ikkje be, eg skal tru på hans Ord og gå ut på det, eg kan trygt gå ut på ut på hans lovnadar. Men han har tidlegare sagt eg skal stige fram for han og snakke med, ja, så vil eg snakke med han om det. Eg skal glede meg i hans frelse, eg skal ikkje vere tilbaketrukken, men strekke meg etter det som ligg foran. Han har leia meg til å studere biologi, så då reknar eg med at han gjev ei jente som er biolog, til kone. Derfor vil eg velje minst eitt biologisk fag neste semester også. Eg reknar med han gjev meg ei kone som tilhøyrer den kvite rase, aller helst etnisk nordisk, ja, etnisk norsk. For det stemmer med det eg har skrive om det naturlege samhaldet i slekta og folket og det stemmer med at han er alt kjøts Gud. Vi er eitt i Kristus, Gud skaper oss i Kristus til gode gjerningar som han legg fram for oss, for at vi skal vandre i dei, då skaper han oss i samsvar med 1.Mos.2, slik skaper han kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne som er av same folk, han skapte henne av hans sidebein, så dei skulle vere eitt kjøt. Det vil seie at ho var av hans folk, så dei skulle vere eitt folk. Gud er ånd og Gud er kjærleik, han var mellom dei og skapte kjærleiksforholdet mellom dei og det var grunnleggande for samhaldet i slekta og folket. Vi er forsona med Gud på evangeliets grunnvoll og då skal det framleis vere slik. Ved trua på Kristus får vi komme inn til Guds kvile, det har Gud lova oss i sitt Ord og den lovnaden er det eg skal gå ut på.

23.1.2016 sa han:

Våk i bønna med takkseiing. Og når du vaker på den måten i bønna, så skal eg, Herren, svare deg, med store og ufattelege ting, kanskje ikkje i den retninga du tenkte, men eg skal svare i den retninga og med det mål som eg veit er best for deg. Og du skal få oppleve noko du aldrig før har opplevt. For framleis høyrer eg bønner, framleis svarar eg bønner, framleis så ynskjer eg å fyll mitt barn og fylle mi menigheit med herlegdomens sky, så du skal få oppleve, at du aldrig før har opplevd maken.

Frå eg var ung, har eg bedt Gud frelse menneska og gje meg ei frelst kvinne til kone og han har svart meg positivt på det heile tida, det er inkludert i det fullførde frelsesverket. Derfor har eg tenkt i den retning at ho skulle fyrst og fremst vere frelst. Men det vart då heilt bakvendt, for prestar, predikantar og kristne leiarar har vore så fastlåste i den moralfilosofiske tradisjonen at dei har helde mi interesse av å få meg ei kone for å vere einstydande med at ho skulle verte forførd slik som ved syndefallet. Men då er det tross alt dei som har hatt initiativet og som har leia an i den forføringa. Men Gud hadde nye vegar for meg og han svarar meg i ei anna retning, så her må eg tenke nytt (Rom.12,1-3). Så eg tenker meg at ho fyrst og fremst skal vere av same folk som meg, den kvite rase, aller helst etnisk nordisk, ja, endåtil  norsk. Og så er ho biolog, så ho forstår seg på det. Elles er det eit ope spørsmål kven det blir. Eg skal framfor alt glede meg over at mitt namn er oppskrive i livsens bok i himmelen, takke Gud og Lammet for at eg er frelst, takke for det fullbrakt frelsesverket, det er like fullbrakt for dei andre studentane som det er for meg, det er fullbrakt for både menn og kvinner. Det er berre å tru på Jesus, vende seg til han og ta imot han i tru, ved å velsigne han vert vi velsigna, slik tek vi imot den velsigninga Gud gjev oss i han. Så enkelt er det. Jesu frelsesverk er fullbrakt og fullkome, så same kor vellukka dei er som studentar, så er det bra nok for dei, for han har nått fullendinga og er fullkomen.

 

Skattane i det nye Jerusalem.

Han seier eg skal ikkje vere tilbaketrekt, men strekke meg etter det som ligg framfor. Då tenker eg på den fagleg kunnskapen og kompetansen, mi eiga faglege utvikling. Eg tenker meg også at det har å gjere med å verdsetje hennar fagelge kunnskap og kompetanse. For i Johannes Openberring er det profetert om det nye Jerusalem som kjem ned på den nye jorda, det er Jesu brud. Kongane og folkeslaga ber rikdomen sin inn i ha:

ÅPE 21,24 Og folkeslagi skal ferdast i hans ljos, og kongane på jordi ber sin herlegdom inn i han.

ÅPE 21,26 Og dei skal bera herlegdomen og æra åt folkeslagi inn i han.

Kanskje er dette fysiske skattar, dette er den varige byen, så folka kan vere trygge for rikdomane sine der, dei vert velsigna ved å ha rikdomane sine der. Når folka ber rikdomane sine inn i det Nye Jerusalem, så betyr det no at dei har eit visst samfunn med en byen. Men gull, sølv og edelsteinar vert brukt symbolsk i Bibelen og eg trur det er hovudpoenget her. Edelsteinar er vakre og slitesterke og slik er det med realfagleg/naturfagleg kunnskap, den vert stadig prøvd og det som består prøvene, vert teke vare på som noko verdifullt. Slik er den herlegdom og ære for folkeslaga. Kongane ber også herlegdomen sin inn i han, det kan godt hende dette også er juss, rettsforståing som på liknande vis vert rekna for utsøkt ”vare”. Jesu kyrkje er Jesu brud allereie her og no, samtidig som vi skal sjå framover til vi skal få komme inn i det Nye Jerusalem på den nye jorda, så vi kan seie at den byen er idealet for Jesu kyrkje allereie her og no. Då må vi vite å verdsetje denne kunnskapen, så vi inkluderer den slik. Jesus er sanninga, vi elskar han, derfor elskar vi sanning, dei søker sanning og det verdset vi også, så vi verdset deira faglege interesse og aktivitet og velsignar dei for det. Vi er velsigna i Kristus, så vi har samfunn med Gud, når vi velsignar betyr det at vi vil inkludere dei i dette samfunnet.

På ei biologiforelesing hausten 2014 møtte eg ei vakker, lyshåra jente, ho hadde ein flått kropp og kjende meg sterkt tiltrekt av kroppen hennar akkurat når ho gjekk forbi meg. Det vedkjende for Gud i mi bønn om kvelden og søndagen etterpå sa han at eg skulle verre takke han for det fullførde frelsesverket, så ville han gje meg det mitt hjerte attrår. Eg hadde ikkje snakka med henne før, men når eg sidan tok kontakt og prata med henne, fekk eg vita at ho var frå Ukraina. Eg har ikkje sett henne igjen siste året. Men altså, når eg som mann naturleg nok vert tiltrekt av kvinna sin kropp, så får eg gå til Gud med det også, fordi eg er forsona med han på evangeliets grunnvoll, for det svaret han gav meg, var at eg skulle berre takke han for det fullførde frelsesverket, så ville han gje meg det som mitt hjarte attrår. Og i stil med dette svarar han meg no at han er alt kjøts Gud, skulle noko vere umogleg for han? Nei, han skapte det alt saman, han talte og det skjedde og han er den same no.

 

 Ikkje vere tilbaketrekt, men strekke meg mot det som er der framme. Jesus vil ta seg ut eit folk.

Eg hadde sagt opp leiligheita i Oslo. Planen var å segle til Asker i sommar og ha seglbåten liggande der og bruke den til hybel. Det hadde vorte mykje billigare. Men så kom eg til å tenke på at i denne bodskapen vart det sagt at eg ikkje skulle vere tilbaketrekt, men strekke meg etter det som ligg der framme og den lovnaden som vart gitt til det. Kanskje det var sikta nettopp til dette. Så eg ringde utleigaren og spurde om han hadde fått ny leigebuar, nei, han hadde ikkje annonsert den ein gong. Så eg fekk bu her vidare på same kontrakta.

Hausten 2008 sa han til meg:

Det ord eg har talt og det ord som du har omgitt deg med, og brukt og teke i din munn i mange år, det er ånd og det er liv. Det ord som eg har talt, seier Herren, det taler det nemner. Det løyser menneske, det set plaga i fridom, det skaper fridom og sunnheit og helse og frelse, der det kjem fram og vert teke imot. Og du skal få oppleve det mitt barn, at når du på nytt går inn på mitt ord, når du går inn på ordets grunn, seier Herren, og byrjar å bevege deg i den Heilage Ande, så skal du få oppleve at krafta er den same som den var i din ungdom. Du har lenge vore forsagd, seier Herren, du har lenge vore forsagd og levd eit tilbaketrukka tilvære, i forhold til å gå i ferdiglagde gjerningar, men du skal vite at den som ventar på Herren  og set si lit til han, får ny kraft. Og du skal få oppleve å bevege deg som i fordums tid, du skal få lov å kjenne at ditt hjerte løper som ein hjort. Du skal få lov til å oppleve at du er på det indre plan i kompaniskap med meg, seier Herren. Og du skal få sjå underfulle ting, seier Herren, når du er villig å gå på den veg som eg stakar ut for deg. Menneske tenker ut sin vei, men Herren styrer dets gang. Og du skal få oppleve det at når Ordet får lov å tale gjennom deg og bevege deg, seier Herren, så skal du så sjå at det skjer under og teikn også i din midte. Eg er den eg har sagt meg å vere og eg har gjort meg avhengig av menneske, menneske som er lydig, menneske som ikkje aktar på sitt eige, men som er villig til å gå i den Heilage Ande. Du skal få lov til å kjenne at mitt ord, det er ånd og det er liv og det er lækjedom der det går fram. Ver frimodig og ikle deg den styrke som eg har gitt deg. Du er nøydd til å byrje å bevege deg sjølv, seier Herren, det ligg klart for deg. Men eg  ventar på at du skal sette deg i bevegelse og eg skal vere med deg, seier Herren. Det skal vere eg som ber deg, seier Herren, du skal sleppe å gå duknakka og bere meg, eg skal bere deg. Du skal få lov å kjenne det at eg er den eg har talt i mitt eige ord. Eg er ein skugge ved di høgre hand og mitt ord skal vere det ord som du talar. Og du skal få lov å kjenne og oppleve at det er liv og det er overflod av liv. Amen.

Ja, det låg klart for meg at det var ikkje nok å søke i ideverda i einsemd, eg skulle då gå ut på Ordet, eg skulle gå med ein frigjerande bodskap og då tok det sikte på at eg skulle møte andre menneske fysisk. Det er den naturlege måten å vere sosial og det er den naturlege måten å finne seg ei kone og så sa Paulus at kvar mann må vite å vinna seg si eiga kone i heilagdom og ære (1.Tess.4,4). Eg skulle gå i ferdiglagde gjerningar og det refererer til det Paulus sa om at vi er Guds verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som han har lagt ferdige, for at vi skal vandre i dei. Då er det gjerningar som vi passar til, fordi han har skapt oss til det og då skal vi få kjenne det slik i vårt indre menneske, eg skulle få kjenne at eg er på det indre plan i kompaniskap med han. Gud er den same no som han alltid har vore og når han skaper oss i Kristus Jesus, skaper han oss i samsvar med 1.Mos.2, for ved trua på Kristus får vi komme inn til Guds kvile. Det er Guds Ord som eg skulle gå ut på og det er det sikta til når han no seier at han er alt kjøts Gud, skulle noko vere umogeleg for han? Nei, det var han som talte og det skjedde og eg kan trygt gå ut på hans lovnadar.

Evangeliet om Kristus er det mest grunnleggande, det er grunnlaget for samhaldet i hans kyrkja over heile verda, for alle folkeslag. Det dannar eit godt grunnlag for samhaldet i eit folk, for skapingssoga i 1.Mos.2 fortel oss korleis Gud skapte menneska og den fortel oss korleis han skapte dei til ulike folkeslag med kvar sine særpreg. Eitt folk vert omtala som ein mann og kona hans, så den fortel om det personlege forholdet til ein personleg Gud, det forklarer den individuelle fridomen samtidig som det talar om samhaldet i folket. Det er naturleg og grunnleggande for samhaldet i folket.  Det som strir mot dette er særinteresser som det vert lagt så stor maktinteresse i at det vert gjort religion ut av det, avgudsdyrking. Det verkar til å splitte opp dette samhaldet. Avgudsdyrking er synd og fører til synd og ureinskap. Men når vi vender om til Kristus, så vil han reinse oss frå avgudsdyrkinga, synda og ureinskapen. Han reinsar oss i sitt blod og fyller oss med sin Ande. Ja, så seier han vidare at han vil ta seg ut eit folk i denne siste tida som han vil reinse og dei skal vere med og forkynne hans pris. Ja, han har tidlegare sagt at han vil legge ny pris til min pris og det reknar eg med er ved at han gjev meg ei kone.

 

Kommentarar til andre bodskapen.

 Korleis Abraham bad for Sodoma.

I slutten av møtet 19.6.2016, sa John noko om nokre parader som hadde gått gjennom gatene og eg reknar med det var ”homo-demonstrasjonar” og så kom Mari med tungetale og han tyda det. Eg har aldrig før høyrt ein slik bodskap som så sterkt åtvarar mot Guds straffedom. Slik synd var det mykje av i Sodoma og Gomorra og Gud bestemte seg for å utslette dei. Dei har forkasta Gud Son, sjå, der kjem straffedom over by og land, så han manar oss til å be for landet vårt, om at han held vreiden sin attende. Så eg vil minne om korleis Abraham bad for Sodoma. Enn om der var 50 rettvise menn, ville han då rive bort dei saman med resten av byen. Nei, då ville han spare byen for deira skuld. Så vertsette han stegvis nedover, med fem mindre kvar gong, inntil han kom ned til ti, nei, var der ti rettvise menn, ville han spare byen for deira skuld. Og det gjekk slik at Gud sende sine to englar for å leie Lot og huslyden han ut av byen, før han la den i oske.

 

Dei har forkasta Guds Son.

Med prestane sitt hegemoni med monopol på å tale Guds Ord og det endåtil så sparsamt, såg dei mannen som ein rival, så med grunnlag i den tradisjonelle moralfilosofien bannlyste dei mannen. Dei radikale skulle liksom gjere revolusjon, men så viser det seg at dei gjer bruk av liknande metodar og det viste seg i kvinnerørsla sin protest mot at Kristus skulle vere hovudet for mannen og mannen vere hovudet for kvinna. Det utarta seg slik som ved syndefallet. Prestane talte Gud Ord, men så sparsamt at dei sa ikkje heile sanninga, men forvrengde det. Så det kan samanliknast med korleis Ormen talte Guds Ord til kvinna i Edens hage, men forvrengde det og slik forførde han henne. Mannen som trudde på Guds Ord og som talte det med tru og som Kristus var hovudet for, vart bannlyst og utstøytt, så dei ville ikkje høyre på han eller ha noko med han å gjere. Men Gud er ein trufast Gud, utan svik (første bodskapen same dag), og Son hans, Jesus Kristus var trufast inntil døden og han var framleis trufast mot den mannen han kalla og valde ut og var hovudet for og var framleis med han. Så då viste det seg at når dei bannlyste den mannen, så bannlyste dei Kristus på liknande vis. Det viser seg i denne bodskapen, når Gud seier at synda er stor, dei syndar og vil ikkje ha noko med han å gjere, dei forkastar Son hans.

 

Justismord vert framstilt som frigjering, til samanlikning med mordet på Sokrates.

Dermed handlar det om våre demokratiske rettar og vi kan samanlikne det med utviklinga av demokratiet i antikkens Athen. Sokrates prata med folk og meinte at sanninga vart integrert i hans gjennom dialog med andre menneske og den gjorde han lykkeleg. Til samanlikning vert sanninga i Guds Ord integrert i oss, så den set oss fri og gjer oss glade. Kristus er Gud Ord, han er vår frelsar og Herre og slik er han hovudet for mannen. Og i fylgje misjonsbefalinga skal han då bringe den glade bodskapen til andre menneske, han har fått oppleve at Gud elskar han i Kristus  og det gjer han glad. Gud elskar menneska i Kristus og det vil han gjerne fortelje dei, ikkje minst med tanke på at han sjølv vil ha seg ei kone, så han og ho kan få oppleve Guds kjærleik og omsorg i kjærleiksforholdet dei imellom, som kjærestar og sidan som ektefelle. Men i antikkens Athen var der var ein motsetnad mellom den tradisjonelt herskande overklassa og resten av folket og dei demokratiske rettane som dei hadde fått. Når Sokrates då talte om sanninga som vart integrert i han og gjorde han lykkeleg, verka det som eit tredje alternativ, ein tredje maktfaktor og overklassa påstod han oppvigla til opprør og oppvigla underklassa mot han, så dei kravde å få han hendretta. Same strategien brukar prestane mot den mannen som trur på Guds Ord, så sanninga vert integrert i han. Dei radikale skulle liksom representerer underklassa og gjere revolusjon, men så viser det seg at dei også bannlyser den mannen, til samanlikning med korleis underklassa i Aten vart oppvigla til å bannlyse Sokrates.

 

Aiskylos, Zevs og Antiokus 4. Epifanes.

Det vart presentert og framstilt som frigjering, men eigentleg var det planlagt svik som tok sikte på å gjeninnføre diktaturet. Og der kom ein reaksjon med eit diktatur som etter kvart var verre og hardare enn det som tidlegare hadde vore. For etter antikk mytologi sprang gudane ut av kaos, så dei rådde på kvar sine område. Men som reaksjon mot demokratiseringa sa krigaren og diktaren Aiskylos at Zevs rådde med ein universell moral, så alt som skjedde var hans verk. Kvar vart det då av kaos, tilfeldigheit og ikkje minst fri vilje? Det er ei sjølvmotseiing, for det kaos som var gudane sitt opphav er borte. Men dette vart grekarane sitt svar på Israels Gud.  Men Zevs vart dermed Draken i Johannes Openberring, det er Djevelen og keisaren med keisardyrkinga vart Dyret i Op.13,1….

Den harde reaksjonen kom i den gresk-syriske tida, då Antiokus 4. Epifanes prøvde å få alle i riket sitt til å dyrke Zevs. Med korrupsjon og svik prøvde han å lokke jødane til fråfall, til synd og til å dyrke Zevs. Den jødiske øvstepresten var drepen, det vart sett vaktmenn i Jerusalem som skulle passe på at ingen fekk dyrke Israels Gud lenger, no skulle Zevs dyrkast i staden. Dei fekk ikkje lenger lov til å dyrke Israels Gud, slik han hadde lært dei i sitt Ord, om dei ville leve rett etter Bibelen vart dei bannlyste og utstøytte, viste det seg at dei dyrka sine fedrars Gud, vart dei drepne. Då var det berre rett og rimeleg at dei greip til våpen og kjempa dei rettane dei tidlegare hadde hatt, med livet som innsats. Så dei klarde etter kvart å få styggedomen ut av landet og innsette sin eigen øvsteprest. Men no var han både konge og øvsteprest og det fungerte ikkje lenger slik som det skulle. For konge og øvsteprest skulle vere to personar med klart ulike oppgåver. For kongen skulle kunne krige og forsvare folket og hemne og straffe urett. Men øvstepresten skulle berr fram syndeoffer både for seg sjølv og folket og soleis be om nåde. No fungerte ikkje dette lenger, så han vart i staden som den duglause hyrdingen (Sak.11).

 

Naturkatastrofer, Guds straffedom og Guds nåde.

Her er ei sterk åtvaring mot Guds straffedom. Korleis skal vi forstå det? Gud let det regne svovel og eld over Sodoma og Gomorra (1.Mos.19,24). Det høyrest ut som eit vulkanutbrot. Vulkanutbrot har si naturlege forklaring, det går sin gang og skjer når det må skje. Gud kunne vite om det og velje å berge dei rettvise. Men i denne bodskap sa han at han bestemte seg for å utslette desse byane, ja, har han skapt alle ting ved sitt Ord, så har han makt over det og kunne utslette dei med eit naturleg vulkanutbrot. Så for naturvitarar kunne det sjå nokså naturleg ut, det var naturen som gjekk sin gang. Men når han i sin nåde redda nokre få, så blir det i alle fall tydeleg at det var eit Guds mirakel. Soleis er det generelt sett Guds nåde og miskunn som tydelegast ber preg av å vere Guds under.

I denne bodskapen seier han at han ser på heile jorda på liknande vis som han såg på Sodoma og Gomorra og varslar om straffedom over by og land. Ja, denne verda går sin undergang i møte, i krig og elende og når ”stjernene” fell ned frå himmelen er det nok på vår sivilisasjon, astroidenedslag har skjett før og utsletta høgareståande liv og astronomane reknar med det vil skje igjen, det er ikkje spørsmål om det skjer, men når det skjer. Men det er profetert om ein ny himmel og ei ny jord, der rettferd bur. Det nye Jerusalem kjem ned på den nye jorda og framtidsmålet for dei som trur på Jesus er å få komme dit, slik frelser han oss frå domen og gjev oss evig liv. Men den straffedomen han her varslar om, er nok nærare føreståande og i mindre målestokk, det er ein straffedom over by og land. Dersom menneska vert varsla på førehand, så dei forstår kvifor, så dei vert vituge og vender om, så vil Gud tilgje, så han ikkje straffar (Jfr. Jonas som varsla Ninive om Guds straffedom, men dei vende om og Gud straffa dei ikkje).

 

Mange kristne ventar seg ei politisk løysing, noko liknande eit presteregime, men det er ei blindgate.

 

Diverre er det mange kristne i vår tid som ventar seg og håper på ei politisk løysing med ein kombinasjon mellom prestegjerning og politisk engasjement, så eigentleg håper dei på eit presteregime, men det har ikkje sitt grunnlag verken i det gamle eller det nye testamentet, for gjennom prestetenesta skulle dei ikkje søke verdsleg makt, dei skulle ikkje tilbe styresmaktene som gudar, men dei skulle søke Gud, slik at han fekk makt i deira liv ved sitt Ord og sin Ande. Når dei då søker slik politisk makt til erstatning for den bibelske prestetenesta, er det å vende seg bort frå den gode hyrdingen og vende seg til den duglause hyrdingen i staden. Det blir å dyrke styresmaktene som gudar (jfr. Den Store Skjøkje) i staden for å tilbe den sanne Gud.

For fråfallet i kyrkja og kristne organisasjonar, i by og land, kan samanliknast med korleis Antiokus 4. Epifanes prøvde å lokke jødane til fråfall med svik og korrupsjon, for så å forby dei å dyrke sine fedrars Gud og leve etter det som han hadde lært dei i sitt Ord og krevje at dei skulle dyrke Zevs i staden.  Det vart så tydeleg at jødane tapte den retten og den fridomen som Gud hadde gjeve dei og dei var i sin fulle rett til å gripe til våpen og krige for å gjenvinne det dei hadde tapt. På liknande vis prøver dei å erstatte kristendomen med noko anna, i kyrkje, kristne organisasjonar og i politikken og kva er det? Det er nok ei fornying av dyrkinga av Zevs og keisaren (Draken og Dyre i Op.13). For der er framleis nokon som soleis prøvar å få diktatorisk makt gjennom religionen og kyrkja, så både mann og kvinne tapar dei rettane Gud gav dei i evangeliet om Son sin, dei tapar dei rettane Gud gav dei i barnekåret. Til samanlikning med det gamle Hellas og Israel i den gresk-syriske tida, ligg det då an til at diktaturet vert hardare enn det var før demokratiet i Hellas. Kristendomen her i landet vart innførd med våpenmakt, men etter kvart fekk vi høre den gladet og frigjerande bodskapen i evangeliet. Men om folket då let seg dåre og forføre så dei forkastar Guds Son, så tapar dei fridomen og rettane i barnekåret. Då ligg det an til at diktaturet kan verte hardare. Til samanlikning med jødane i den gresk-syriske tida kan dei komme til å oppdage at dei har tapt sin opphavlege fridom og dei gjer rett i å gripe til våpen  for å kaste styggedomen ut av kyrkja og ut av landet, så dei kan gjenvinne den fridomen dei tidlegare hadde.

 

Prestetenesta i den gamle pakt som førebilete på prestetenesta i den nye pakt.

 

Men prestetenesta i den gamle pakt er førebilete på prestetenesta i den nye pakta, den jødiske øvstepresten bar fyrst fram syndeoffer for seg sjølv og så for folket, men vi skal nytte oss av at med eitt offer tok Jesus bort synda ein gong for alle, så der trengst ikkje fleire syndeoffer. På evangeliets grunnvoll ber vi fyrst Gud vere nådig og miskunnsam mot oss sjølve og så ber han  vere nådig og miskunnsam for vår slekt og vårt folk, for vår bygd, by og vårt land.

På evangeliets grunnvoll fekk vi den Heilage Ande, har vi teke imot, så vi har Kristi Ande, så er vi frelst, då tilhøyrer vi han med kropp og sjel og skal leve for han. Derfor ber vi lekamen fram som eit levande, heilagt  offer til velbehag for Gud. Og så let vi oss omskape, ved at hugen vert fornya, så vi kan prøve kva som er Guds vilje, det gode, hugnadlege og fullkomne (Rom.12,1-3). Så ber vi fram lovprisingsoffer. Slik er vår prestetenest. Då er kvar mann og kvinne sin eigen prest. Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Dermed får mannen eit større ansvar med si presteteneste. I fylgje Paulus er Kristus hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Derfor skal mannen tale Guds Ord og kvinna skal høyre på, for det er så viktig for oss å få oppleve at Gud gjer oss levande med sitt Ord og sin Ande, ved at Ordet smeltar saman med oss i vårt hjerte, får vi komme inn  til Guds kvile. Gud som skapte menneska slik det er sagt i 1.Mos.2, han er den same no og han skaper oss framleis slik. Men no er Jesus er den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgjevande ånd. Det ord han talar til oss er ånd og liv og det er så viktig for oss å ta imot og få oppleve at Gud gjer oss levande ved sitt Ord og sin Ande.

 Åtvaringa.

I slutten av møtet 19.6.2016. sa John Miland noko om paradene som hadde gått gjennom gatene. Eg reknar med det var homo-demonstrasjonar. Då kom Mari med tungetale og John tyda det. Slik synd var det mykje av Sodoma og Gomorra og Gud straffa med å utslette dei. Han ser mykje synd på jorda i dag og så seier han, sjå, der kjem straffedom over by og land. ”Sjå”, seier han, som om han tek massakren som eksempel? Og så kjem der ei grunngjeving, dei har forkasta Son hans og vil ikkje ha noko med han å gjere. Han er no i himmelen og har det trygt og godt. Ja, men han kjem att for å dømme nasjonane og då dømmer han dei likevel etter kva dei gjorde mot han.

 

 

Jesus kjem att for å dømme nasjonane.

 

MTT 25,31 – MTT 25,46 {DOMEN}  Men når Menneskesonen kjem i sin herlegdom og alle englane med han, då skal han sitja på kongsstolen sin i herlegdom. 32 Alle folkeslag skal samlast framfor han, og han skal skilja dei frå kvarandre, som ein gjætar skil sauene frå geitene, 33 og setja sauene på si høgre side, og geitene på si venstre. 34   Så skal kongen seia til dei på høgre sida: “Kom hit, de velsigna borna åt Far min, og ta i eige det riket som er etla åt dykk frå verda vart grunnlagd. 35 For eg var svolten, og de gav meg mat; eg var tyrst, og de gav meg drikke; eg var framand, og de tok imot meg; 36 eg var utan klede, og de kledde meg; eg var sjuk, og de såg om meg; eg var i fengsel, og de vitja meg.” 37 Då skal dei rettferdige svara: “Herre, når såg vi deg svolten og gav deg mat, eller tyrst og gav deg drikke? 38 Når såg vi deg framand og tok imot deg, eller utan klede og kledde deg? 39 Og når såg vi deg sjuk eller i fengsel og kom til deg?” 40 Men kongen skal svara dei: “Sanneleg, det seier eg dykk: Det de gjorde mot ein av desse minste brørne mine, det gjorde de mot meg.” 41   Så skal han seia til dei på venstre sida: “Gå bort frå meg, de bannstøytte, til den evige elden som er laga til åt djevelen og englane hans. 42 For eg var svolten, men de gav meg ikkje mat; eg var tyrst, men de gav meg ikkje drikke; 43 eg var framand, men de tok ikkje imot meg; eg var utan klede, men de kledde meg ikkje; eg var sjuk og i fengsel, men de såg ikkje om meg.” 44 Då skal dei svara: “Herre, når såg vi deg svolten eller tyrst eller framand eller utan klede eller sjuk eller i fengsel utan å hjelpa deg?” 45 Men han skal svara dei: “Sanneleg, det seier eg dykk: Det de ikkje gjorde mot ein av desse minste, det har de heller ikkje gjort mot meg.” 46 Så skal dei gå bort til evig straff, men dei rettferdige til evig liv.

 

Dette handlar om menneskets mest grunnleggande, fysiske og sosiale behov og det skulle vere ei sjølvfylgje at ein konge/styresmakt soleis har omsorg for heile sitt folk. Kva slags omsorg dei hadde for ein av Jesu minste små, vert representativt for kva slags omsorg dei hadde for resten av folket, det avslører kva slags omsorg dei hadde for sitt eige folk. Bibelen fortel oss at Gud skapte menneska og at han skapte kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne, i den kjærleiken skulle dei sjølvsagt ha omsorg for kvarandre og for avkommet sitt. Dei skulle dyrke og verne Guds hage og slik vil Gud framleis ha omsorg for sine born og sine henders verk. Om dei har omsorg for ein av Jesu minste små, så kjem dette til å fungere rett, rettare sagt, om dei legg vinn på at dette skal fungere rett, så har dei omsorg for ein av Jesu minste små, for dei visste ikkje om når dei hadde slik omsorg for ein av Jesu minste små. Men vi kan tenke oss at dei søkte sanning og sa og lærde det som var sant og rett, dei var rettvise så dei gjorde rett og då hadde dei slik omsorg for sitt eige folk. Men dei som vart avviste, fordi dei ikkje hadde slik omsorg for han, dei spurde han når såg dei at han hadde slike behov utan å ta omsorg for han. Man han forbanna dei i lag med Djevelen og englane hans. Etter at menneska hadde ete av kunnskapstreet, gøymde dei seg for Gud med dårleg samvit. Dei hadde tydelegvis fått eit menneskesyn med ei morallære som ikkje stemte med korleis Gud hadde skapt dei, som ikkje stemte med det kjærleiksforholdet Gud hadde skapt mellom dei, ikkje stemte med den omsorga dei skulle ha for avkommet sitt og for naturen ved at dei dyrka og verna Guds hage. I staden kriminaliserte dei det med denne morallæra si. Det viser seg i dagens samfunn ved at dei protesterer mot dette. Då har dei forkastar Guds Son. Då har dei ikkje denne omsorga for ein av Jesu minste små. Då har dei ikkje den omsorga som dei naturleg nok skulle ha for sitt eige folk.

 

 

Den som tek imot den som Jesus sende, tek imot Jesus. Kva er alternativet?

 

Jesus sende meg til Oslo med ein frigjerande bodskap, ein bodskap om gjenoppretting. For på evangeliets grunnvoll vert vårt forhold til Gud gjenoppretta slik det var før syndefallet, og då vert kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne også gjenoppretta, slik Gud skapte oss, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgjevande ånd. Og Jesus sa at den som tek imot ein som han sender, tek imot han. Når Jesus sa dette, vart det klart at Judas kom til å svike han. Og det er tydelegvis den strategien som er alternativet i vår tid også.

 

JOH 13,18 – JOH 13,30 {SVIKAREN}  Eg talar ikkje om dykk alle, for eg veit kven eg har valt ut. Men dette ordet i Skrifta må oppfyllast:  Den som et mitt brød,  syner meg hælen.  [syner meg hælen: uttrykk for fiendsleg innstilling.] 19 Eg seier dykk det no, før det hender, så de når det har hendt, skal tru at “eg er Han”. 20 Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som tek imot ein eg sender, tek imot meg. Og den som tek imot meg, tek imot han som har sendt meg.” 21   Då Jesus hadde sagt dette, vart han oppøst i hugen og sa sterkt og alvorleg: “Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Ein av dykk kjem til å svika meg!” 22 Læresveinane såg på kvarandre; dei skjøna ikkje kven det var han meinte. 23 Ein av dei, den læresveinen som Jesus hadde kjær, sat til bords attmed Jesus. 24 Simon Peter gav han eit teikn, at han skulle spørja kven det var han meinte. 25 Han bøygde seg då nærare innåt Jesus og sa: “Herre, kven er det?” 26 Jesus svara: “Det er han som eg gjev den beten eg no duppar.” Så duppa han ein bete i fatet og gav han til Judas, son til Simon Iskariot. 27 Då Judas hadde fått beten, fór Satan i han. Jesus seier til han: “Gjer det snart, det du vil gjera.” 28 Men ingen av dei som sat til bords, skjøna kva han meinte med dette. 29 Sidan Judas hadde pengepungen, tenkte somme at Jesus ville han skulle gå og kjøpa det dei trong til høgtida, eller at han skulle gje noko til dei fattige. 30 Med det same Judas hadde fått beten, gjekk han ut. Det var natt.

Jesus valde Paulus til apostel i staden for Judas. Men dei har vraka Paulus og læra hans og då er det som om dei vel Judas til apostel i staden og er svikariske liksom han, så dei tek ikkje imot den som Jesus sender, men dei har vraka Guds Son. Evangeliet vart forkynt for einskildmenneske, folk og land, men der er nokon som prøver å lure oss på heile greia, med svik og korrupsjon, så vi ikkje skal få det gode livet som Faderen og Sonen vil gje oss.

 

 

Bønn for eit Sodoma-land.

 

Gud trugar med straffedom over by og land og seier at vi skal be han om å halde straffedomen attende. Ja, vi held fram med å søke samfunn med han på evangeliets grunnvoll, så vi nyttar oss av den nåden Gud gjev oss i Kristus og det vil vi gjer når vi ber for by og land også, så vi tek Abraham til føredøme, når han bad for Sodoma og Gomorra. Var der så mykje som ti rettvise menn i byen, ville han då øydelegge den? Nei, det ville han ikkje. Han la byane i grus, men redda Lot og nokre av hans næraste.

Så sa han spesielt til meg, tydelegvis, at eg skulle gå inn i mitt løynkammer og rope til han og han ville svare på mine bøner. I fyrste bodskapen, på same møtet, sa han at eg skulle setje mi lit til han, eg kunne trygt gå ut på hans lovnadar og eg skulle få oppleve at det heldt. Men i  den andre bodskapen seier han at eg skal rope til han og han vil høyre mine bøner. Då skal vel spesielt eg rope til han og be han spare by og land, til samanlikning med korleis Abraham bad for Sodoma, for her er vel nokre rettvise. Ja, han har kalla meg til å studere realfag, biologi, og då går eg ut på hans lovnadar. Så eg trur at her er det menneske som søker sanning og som er rettvise, så her vil Gud oppfylle lovnaden for meg og då oppfyller han den for dei også. Så eg skal rope til han og be han spare by og land, for her er nokre rettvise menneske.

 

 

 

Sokrates. Reaksjonen, Antiokus 4. Epifanes. Jødane sin frigjeringskamp. Kommentar til andre bodskapen 19.6.2016.

 

Er her nokon som har metode og vilje til å lære og erkjenne det som er sant og rett, så vi kan be Gud spare land og by frå domen, fordi dei er rettvise?

 

I slutten av møtet søndag 19.6.2016, sa Johan Miland noko om homo-demonstrasjonane i gatene og der kom tungetale som han tyda. Gud sa vi skulle be for by og land om at han måtte holde sin straffedom attende og eg vil samanlikne det med korleis Abraham spurde Gud om han ville utslette Sodoma om der var nokre få rettvise menn. Så eg spør om her er rettvise menn og kvinner som lærer og som gjer rett? Korleis er det, teologar, filologar, pedagogar, realistar og naturvitarar, lærer de rett?

 

Eg samanliknar denne tida med tida for demokratiet i antikkens Athen. Sofistane var dei lærde på den tida, dei var juristar, journalistar og pratmakarar. Dei rikaste hadde råd til å lønne dei beste pratmakarane, dei var dyktige lurendreiarar og derfor vann dei lett rettssakene. Slik vart rettssystemet korrupt og retten vart vrengd. Til samanlikning har vi i vårt moderne demokrati fått visse individuelle, demokratiske rettar, men samtidig har også kyrkje, kristne organisasjonar, skuleverk og massemedia vorte utvikla til mektige institusjonar som kan komme til å krenke individets rettar, til samanlikning med sofistane i det gamle Hellas. Derfor er det viktig for oss å sjå korleis Sokrates med sin dialog med andre menneske tok vare på den individuelle fridomen og rettane. Han sa at sanninga vart integrert i han gjennom dialog og den gjorde han lykkeleg. Så vi kan seie at nøkkelen til fridom og demokrati ligg i at individet søker sanning og rettferd og erkjenner det i dialog med andre menneske.

 

For dei hadde ikkje metoder og kultur til å avgjere rettssaker. Det hang saman med at dei hadde ikkje funne empiriske metoder til å avgjere kva som var dei rette naturvitskaplege teoriane, i vår tid vert slike metoder brukt til å skaffe bevis i ei straffesak. Men vitskaplege teoriar kan ikkje bevisast slik dei kan eventuelt berre motbevisast slik. Men Sokrates gjekk ut og møtte folk fysisk og snakka med dei. Slik fekk både han og dei erfaringsgrunnlag til samanlikning med empiri i moderne naturvitskap. Både han og dei fekk moglegheit til å svare for seg sjølve og det er eit viktig rettsprinsipp. Gjennom dialogen sikrar den eine at det han seier om den andre er rett og det er tryggande for den andre. Han påstod at sanninga vart integrert i han gjennom slik dialog med andre menneske og den gjorde han lykkeleg. Då må det vel vere gjennom eit logisk resonnement i dialogen. Det kan vi kalle rasjonaliteten. Dette er eit subjektivt og sosialt perspektiv og vi kan seie at det er eit pedagogisk perspektiv. Når realfaga seinare vart utvikla med empiriske metodar, så dei med slike metodar kunne påstå at dei fann objektiv kunnskap, betydde det fyrst og fremst at det som tidlegare var rekna for endelege, dogmatiske, sanningar vart avsanna. Den nye kunnskapen dei kom fram til, kunne dei kalle objektiv, fordi den kunne prøvast med eksperiment, det betydde ikkje at dei med ein gong kunne sette fram nye teoriar som var like endelege og dogmatiske, til erstatning for dei gamle, men dei måtte halde fram med å prøve teoriane med eksperiment og prøve å finne betre teoriar, justere dei, forbetre dei.

 

Då fortel dette oss noko om kvifor det var så viktig for den tradisjonelt lærde overklassa å rydje Sokrates or vegen, kva som var deira metode og kva det resulterte i. Sokrates gjekk i dialog med einskildmenneske og han meinte sanninga vart integrert i han gjennom dialogen, då var der rimelegvis eit logisk resonnement i dialogen. Men den lærde overklassa braut med denne dialogen og dermed med det logiske resonnementet i den, ved at den  kommuniserte med folket på ein annan måte. Med den kommunikasjonen/propagandaen oppvigla dei folket mot Sokrates og fekk han hendretta. Det har i ettertid vorte kalla eit justismord. Vi kan seie at det starta med at dei braut med hans eigen logiske tenking og erstatta det med sine eigne resonnement og kravde han til ansvar for det. Dei påstod han hadde sagt noko heilt anna enn det han sa og kravde han til ansvar for det, stilte han for retten og hendretta han. Dette er ikkje logisk, men det er tvert om lygnarisk i prinsippet. Så dette er det vesentlege poenget med å ikkje ville innvilge personleg ytringsfridom, men i staden overkøyre den personlege ytringsfridomen med ein kollektivistisk propaganda, jfr. Hegels dialektikk. Når Sokrates med sine metoder var rydja or vegen, kunne den lærde overklassa halde fram med å svike, lyge, dikte og bedra slik som før og det var med slike metodar avgudane vart til, dei var lygn og bedrag, dei laug så dei trudde det sjølve, så både dei og resten av folket vart trælar under avgudar som eigentleg var lygn og bedrag. Når den lærde overklassa sidan brukte det platonske resonnementet mot resten av folket, verka det slik at om der i framtida kom nokon som søkte sanning til samanlikning med Sokrates, så ville dei komme til å definere det som den vonde naturen. Dei påstod at menneskets fysiske natur var vond og derfor var dei redde for at menneske møttest fysisk og personleg og prata saman, men det viste seg at eigentleg var det fordi dei var redde for at sanninga kunne verte integrert i dei gjennom dialog og då ville lygna og bedraget som dei for med, verte avslørt. Så det utarta seg slik som når Kain slo i hel Abel.

 

 

Maccabear-brørne.

 

Vi kan godt seie at dette var eit vendepunkt som vart byrjinga på slutten for demokratiet i Athen. Platon seg attende og filosoferte og konkluderte med at ei lærd overklasse måtte styre med diktatorisk makt og der kom etter kvart ein reaksjon og det ser ut til at dei reaksjonære kreftene vart sterkast i det Gresk-Syriske riket, når Antiokus 4. Epifanes prøvde å lokke og tvinge alle i riket sitt til å dyrke Zevs. Så det var dette folket skulle verte opplærde til no heretter, til erstatning for dei gudane som folk dyrka tidlegare, inkludert Israels Gud og naturfilosofien og Sokrates sine metoder var eit saga blått. Dette var eit hard tid for jødane. Dei skulle ofre lam, kje og oksar og kjøtet på offerdyra var mat både for prestane og dei som ofra. Men no vart øvstepresten deira vart drepen og Antiokus 4. Epifanes i Jerusalem ein gris til Zevs i staden og jødane hadde ikkje ein gong lov til å ete svinekjøt. Han sette vakter i Jerusalem som skulle passe på at dei ikkje fekk dyrke inne fedrars Gud, for no skulle alle dyrke Zevs, all anna guds-dyrking var forbode. Ei heil mengd jødar for ut i øydemarka for å halde sabbaten heilag og tilbe sin Gud der, men hærmenn kom etter dei og massakrerte dei. Då var det ein prest som sette mot i sønene sine og fekk til å få med seg folk til å ta til våpen og kjempe mot Antiokus 4. sine hærstyrkar med livet som innsats. Og etter kvart klarde dei å drive dei attende. Dei vart kalla ”Makkabear-brørne” (1.Makkabearbok). Ein av dei overlevde og vart både øvsteprest og hovding. Så vi kan seie at dette vart den avgjerande knekken for dei reaksjonære kreftene. Jødane søkte no vennskapsband med romarane og dette var under framveksten av Romarriket. Men no vart det tradisjon at etterkomarane etter Simeon Maccabeus skulle vere både øvsteprest og kone, men det var i strid med Moselova, no fungerte ikkje lenger øvstepresten slik som han eigentleg skulle. Han vart reaksjonær i forhold til det nye som Gud ville gjere ved sitt Ord og sin Ande, så dei sveik Kristus til samanlikning med korleis Sokrates vart sviken og avretta og forfølgde dei kristne i same stilen. Sidan gjorde dei opprør mot romarane, stikk i strid med dei avtalene dei hadde gjort med dei tidlegare, så slik sett var det også svikarisk og då gjekk det dei ikkje vel.

 

 

Eit preste-regime blir som ”den Duglause Hyrdingen”, det er lygnarisk og svikarisk. Dei søker ein ”kunnskap” som eigentleg er makt som krenkar individets fridom og rett.

Det er mange kristne som spør etter ein kristeleg politikk, jfr. Kristeleg Folkeparti, og det utartar seg som om dei ventar seg og håpar på noko som liknar eit presteregime, men noko slikt finn vi ikkje grunnlag for, verken i det gamle eller det nye testamentet, det einaste som høver til det er det som er sagt om den Duglause Hyrdingen, men han var og er berre ei dårleg erstatning for det som eigentleg er rett, både i det gamle og det nye testamentet, det er vranglære til erstatning for den rette lære. Det er og blir ein bakstrevarisk reaksjon i forhold til det nye som Gud vil gjere ved sitt Ord og sin Ande. Når gresk moralfilosofi kom inn i kyrkja i middelalderen kom også denne reaksjonen mot den evangeliske forkynninga og det nye som Gud ville gjere ved sitt Ord og sin Ande. Prestane talar varm om at Jesus velsigna småborna og sa at Guds rike høyrer slike til, vi måtte vende om og verte som småborna og ta imot Guds rike som små born. Ja, så kan vel ein ung mann be Gud gje han ei kone. Men då får pipa med ein gong ein annan lyd, der kjem reaksjonen. Til tross for at Gud høyrer hans bøn og svarer på hans bøn, så bannlyser dei han og støyter han ut, så han får ikkje seie noko meir, slik bryt dei samtala mellom han og henne til samanlikning med korleis dei braut Sokrates personlege dialog med andre menneske, dei braut det logiske resonnementet i dialogen og erstatta den med noko anna, men det var i prinsippet lygnarisk. Det kan samanliknast med forteljinga om han som kom og helste på ein tunghøyrd mann som heldt på eit øksaskaft, i staden for å svare ”God dag”, svarde han ”øksaskaft”. Dei ville ikkje høyre på kva han hadde å seie, men svarde som om dei allereie visste det. På toppen av det heile heldt dei det for å vere noko vondt og fordømde han for det. Men han fekk aldrig sagt det han eigentleg ville, han fekk aldrig sagt den gledelege bodskapen Gud hadde lagt på hans hjerte og som han sende han med. Rett nok er det ingen som kan stenge ute Guds Ande, men avviste dei den også? Ved trua på Kristus fekk vi Guds Ande av berre nåde, har vi teke til å nåden og Anden, må vi fullføra i nåden og Anden, han som byrja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra den. Men mykje tyder på at dei har reagert som om Jesus frelsesverkt ikkje var fullbrakt og fullkome, som om det ikkje var bra nok, som om hans syndeoffer ikkje var nok til å ta bort synda, så dei bygg eit nytt altar over det opphavlege altaret i tempelet og ofrar ein gris på det i staden, til samanlikning med korleis Antiokus 4. Epifanes ofra ein gris til Zevs som erstatning for den bibelske prestetenesta. Derfor kallar eg dei grisologar i staden for teologar og pedagogar. I tråd med den moralfilosofiske tradisjonen heilt tilbake til gamle Hellas, prøver dei å framstille seg sjølve som den herskande overklassa og det er forklaringa på den tradisjonelle autoritære pedagogikken, der det var så viktig å ”bryte barnets vilje”, eigentleg var det så viktig for dei å bryte den logiske tenkinga til den einskilde og bryte logikken i dialogen mellom einskilmenneske, på same måten som brotet på Sokrates dialogar og med liknande motiv, å få diktatorisk makt over mennesket gjennom religionen og kyrkja, for soleis å framstille seg sjølve som den priviligerte og herskande overklassa. Dei prøver å framstille seg sjølve som gud for folket og det fører til at dei dyrkar styresmaktene og politikarane som gudar, det er avgudsdyrking, det er synd og fører til synd og ureinskap, det er religiøsitet som er avspora seksualitet. Derfor kallar eg deira brot på logikken og deira lygnariske erstatning for grisologi.

Dei er som geitene i likninga om sauene og geitene, Kristus avviste dei fordi dei ikkje hadde hatt omsorg for han. Dei spurde når hadde han hatt slike behov utan at dei hadde gjort noko for å tilfredsstille det, det verka som om dei ikkje hadde sett det ein gong og langt mindre gjort noko med det. Men han svarde dei at det dei ikkje hadde gjort mot ein av hans minste små, det hadde dei ikkje gjort mot han. Han støytte dei frå seg i lag med Djevelen og englane hans. Så eg forstår det slik at grunnen til at dei ikkje hadde sett behovet og ikkje brytt seg om det, ikkje hatt omsorg for ein av hans minste små, var at dei kriminaliserte kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne, liksom Djevelen når han forførde menneska. For kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne er skapt av Gud og det er det sentrale poenget og den sentrale sosiale eininga i Gud omsorg for sine born. Det er tydeleg, sidan Jesu kyrkje er hans brud.

Jesus sende meg til Oslo med ein frigjerande bodskap, ein bodskap om gjenoppretting, for på evangeliets grunnvoll vert vårt forhold til Gud gjenoppretta slik som det var før syndefallet, men no er Kristus den siste Adam, som for oss har vorte ei livgjevande ånd. Han er hovudet for mannen og manne er hovudet for kvinna og slik er han hovudet for kyrkja som er hans brud. Dette ville desse ”kristne” ikkje vite av eller høyre noko om og det er fordi dei vil sjølve ha makta over kyrkja og over folket i staden for Kristus. Derfor ser dei mannen som Kristus er hovudet for som ein rival til samanlikning med korleis den lærde overklassa i Hellas såg Sokrates som ein rival, og prøver å oppvigle folket mot han på same måten. Og venstresida og kvinnerørsla har tydelegvis lete seg oppvigle, så dei har protestert mot at Kristus skulle vere hovudet for mannen og mannen vere hovudet for kvinna. Men det resulterer i at mennesket taper mykje av sine individuelle rettar og demokratiske fridom. Paulus sa at mannen skulle tale og kvinna skulle høyre på. Protesten mot det har vorte kalla frigjering, men eigentleg betyr det forbod mot at mannen skulle få tale og at kvinna skulle få høyre på kva han hadde å seie. Vidare har det betydd forbod mot det personlege møtet og den personlege dialogen mellom menneske etter Sokrates metode. Det har stridt mot den fridomen, rettane og omsorga som Gud gjev oss i barnekåret. Så det som dei har kalla frigjering har eigentleg vore tap av fridom og rettar. Det er noko dei kallar kunnskap, men ikkje med rette, det er kunnskap som eigentleg er makt som fortrenger og erstattar den fridomen eg talar om, det verkar som om den legg denne individuelle fridomen daud. Slik er det med ”makta” til avgudane. Det viser seg at denne kunnskapen som er makt, kjem i konflikt med og erstattar både Guds Ord og den realfaglege kunnskapen. Guds profetar hadde for lenge sidan sagt at planetane ikkje var gudar. Og Paulus sa at denne verda sin visdom var dårskap for Gud. På den tida var gresk moral og politisk filosofi visdomen og trua på desse gudane avspegla seg i Platons moralfilosofi og gjorde sitt til at det geosentriske verdbiletet vart ei myte. Paulus sa også at avgudsdyrking av årsak til avspora seksualitet:

 

RMR 1,18 – RMR 1,32 {GUDS DOM OVER HEIDENSKAPEN}  Guds vreidedom vert openberra frå himmelen over all gudløyse og urett hjå menneske som held sanninga nede i urett. 19 For det ein kan vita om Gud, ligg ope for dei; Gud har sjølv openberra det. 20 For hans usynlege vesen, både hans evige kraft og hans guddom, har menneska kunna sjå og skjøna av gjerningane hans alt frå verda vart skapt. Difor har dei ikkje noko å orsaka seg med. 21 Dei kjende Gud, men likevel gav dei han ikkje den ære og takk som Gud skal ha. Med sine tankar enda dei i det som ingenting er, og det vart mørkt i deira uvituge hjarta. 22 Dei sa seg å vera vise, men dei enda i dårskap. 23 I staden for å æra den uforgjengelege Gud, dyrka dei bilete av forgjengelege menneske, fuglar, firføtte dyr og krypdyr. 24 Difor gav Gud dei over til ureinskap, så dei i sine lyster skulle vanæra kroppen sin. 25 For dei bytte bort Guds sanning i lygn og æra og dyrka det skapte i staden for Skaparen, han som skal ha ære i all æve. Amen! 26 Difor overgav Gud dei til skamlege lyster. Kvinnene bytte om eit naturleg kjønnsliv med eit unaturleg. 27 På same måten heldt mennene opp å ha naturleg samliv med kvinner og tok til å brenna av trå etter kvarandre. Menn dreiv utukt med menn, og dei laut sjølve bera den straffa som måtte koma fordi dei hadde fare vilt. 28   Dei brydde seg ikkje om å ha kunnskap om Gud, difor gav Gud dei over til ei sviktande dømekraft, så dei gjer slikt som ikkje sømer seg. 29 Dei er fulle av allslags urett, umoral, havesykje og vondskap, av misunning, mordlyst, strid, svik og list. 30 Dei fer med sladder og baktale, hatar Gud og brukar vald, er hovmodige og skrytande, gløgge til å finna på vondt og ulydige mot foreldre. 31 Dei er uvituge, upålitelege, ukjærlege og hardhjarta. 32 Dei veit kva Guds lov seier, at dei som fer med slikt, fortener å døy; likevel gjer dei det ikkje berre sjølve, men dei rosar òg andre som gjer det.

 

I vår tid ser vi at slik avspora seksualitet vert framstilt som om dei er slik frå naturen av, men eigentleg er det avgudsdyrking og religiøs overtru som framleis strir både mot Guds ord og naturfaga, spesielt mot biologien. I 2.Tess.2. profeterer Paulus om den Lovlause, det høyrest ut som ei ytterleggåande frigjering, frigjering frå det som menneske reknar for å vere lov og rett, spesielt ut ifrå Bibelen, han set seg inn i Gud hus og gjer seg sjølv til gud, så han får dermed guddommeleg/diktatorisk makt gjennom tilbedinga. Det liknar dei metodene eg har skrive om her, metodene til Antiokus 4. Epifanes. Han sette opp den øydande styggedomen på heilag grunn og Jesus profeterte om det som eit framtidig problem.

 

2TE 2,1 – 2TE 2,12 {DEN LOVLAUSE}  Når det gjeld vår Herre Jesu Kristi kome og korleis vi skal samlast med han, bed vi dykk, brør: 2 Lat dykk ikkje så lett driva frå vitet, og lat dykk ikkje skræma, korkje av åndsopenberringar, av påstandar, eller av brev som seiest vera frå oss, om at Herrens dag er komen. 3 Lat ingen dåra dykk på nokon måte! For fyrst må fråfallet koma og Den Lovlause syna seg, han som endar i fortaping, [Den Lovlause: Antikrist. Sjå 1 Joh 2, 18. 22.] 4 han som står imot og opphøgjer seg over alt det som menneske kallar gud og tilbed. Ja, han set seg i Guds tempel og gjer seg sjølv til gud. 5 Minnest de ikkje at eg sa dette då eg var hjå dykk? 6 Og de veit kva som no held att, så han fyrst stig fram når hans tid kjem. 7 Løyndomen i lovløysa er alt verksam med si kraft; men han som enno held att, må fyrst rydjast or vegen. 8 Då skal Den Lovlause syna seg. Men den dagen Herren Jesus kjem i herlegdom, skal han tyna han med pusten frå sin munn og gjera han til inkjes. 9 Når Den Lovlause kjem, har han si kraft frå Satan, og han står fram med stor makt og med under og falske teikn. 10 Med allslags urett forfører han dei som går fortapt, fordi dei ikkje tok imot og elska sanninga, så dei kunne verta frelste. 11 Difor sender Gud over dei ei villfaring som gjer at dei trur lygna. 12 Såleis får dei sin dom, alle dei som ikkje trudde sanninga, men hadde si glede i uretten.

 

At dei ikkje trudde sanninga, men hadde si glede i uretten, viste seg ved at dei kravde å få Sokrates hendretta, at dei kravde å få Jesus hendretta og at dei forfølgde og drap dei som trudde på han. Det viste seg ved at ei ikkje let ein mann få tenke og tale sjølv og svare for seg sjølv, dei førehandsdømde han utan å gje han moglegheit til å svare for seg. Om så han fekk moglegheit til å svare for seg og han prøvde å seie det som han meinte var rett og sant, så var det ikkje hjelp i, for dei trudde ikkje på noko slik sanning, dei trudde ikkje at der var noko som var sant og rett, så det var ikkje hjelp i for han å prøve å fortelje dei det. For den Lovlause vil nok ikkje erkjenne at der er noko som er sant og rett.

Når Jesus kjem att for å dømme folkeslaga, kjem han til å skilje sauene frå geitene og det er ein prosess som allereie er på gang, for allereie no må vi vere nøye med å tenke over og passe på kvar vi står når han kjem og dømmer folkeslaga. Han kjem til å tyne den lovlause med pusten frå sin munn, det er den Heilage Ande, så den pusten får vi merke allereie no, ved fylden av den Heilage Ande, den openberrar Gud Ord for oss og lærer oss å dømme rett.

Mange kristne ser for seg at dei skal utgjere ei ny lærd, priviligert overklasse med ein kristeleg politikk, som om dei ventar seg ei politisk løysing, noko liknande eit presteregime, så dei kjem med moralfilosofiske tilleggskrav for å verte godteken, som om evangeliet ikkje var fullbrakt og fullkome, som om Kristus ikkje er fullkomen og bra nok som vår frelsar og Herre, som om han ikkje er bra nok til å vere vår einaste herskar og Herre. Slik støyter dei urettmessig ut visse type menneske som dei dermed krev skal vere den ulærde underklassa som dei skal regjere over, ved at dei ikkje vert innvilga dei same rettane som andre. Slik prøvde dei å definere eit nasjonalsosialistisk missfoster som aller helst burde aborterast. Dei radikale skulle liksom gjere revolusjon, men tok sikte på å innføre eit nytt diktatur i staden for å utvikle demokratiet, så dei også ville støyte ut visse type menneske på liknande vis og slik har dei prøvt å definere eit nasjonalsosialistisk missfoster som aller helst burde likviderast. Men dei fann at dei ville gjere bruk av liknande metodar for å få makt og då har det utarta seg slik at desse ”kristne” utgjorde den tradisjonelt lærde overklassa som oppvigla dei radikale til å gjere opprør mot den mannen som Kristus var hovudet for, til samanlikning med opprøret mot Sokrates. Slik vart dei samde om ein reaksjonær motstand mot det nye som Gud ville gjere ved sitt Ord og sin Ande og med den reaksjonære proteksjonismen, støyter dei ut mange menn og ein stor del av folket. Det betyr tap av grunnleggande menneskerettar og demokratiske rettar for både menn og kvinner. Det strir mot den fridomen, rettane og omsorga som Gud vil gje oss i barnekåret. Det utartar seg slik at dei ikkje har omsorg for Jesu minste små, så det ligg an til at han vil avvise dei liksom geitene i likninga om sauene og geitene, han viste dei frå seg i lag med Djevelen og englane hans. For Djevelens forføring ved syndefallet resulterte i kriminalisering av kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne, men det var det sentrale poenget og den sentrale, sosiale eininga i denne omsorga og denne kriminaliseringa innebar dermed ei kriminalisering av denne omsorga og det var forklaringa på at dei ikkje hadde vist slik omsorg. Forklaringa ligg i dyrkinga av Draken og Dyret (Op.13,1-3), der Dyret er keisaren. Dei venstreradiale let seg forføre til å verte med på opprøret mot den mannen som Kristus er hovudet for, til samanlikning med opprøret mot Sokrates og det har resultert i tap av demokratiske rettar og fundamentale menneskerettar, så dei har gått med på denne kriminaliseringa av kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne og det har resultert i avspora seksualitet og i desse homo-demonstrasjonane.

Livet er ein kamp for tilværet og naturleg nok skulle og ville ein mann og kona hans hjelpast åt i kampen for tilværet. Så når Gud kalla ein mann til teneste, ville han også gje han ei hjelp som høvde for han, gje han hjelp i form av ei kone. Men med denne reaksjonære politikken har dei venstreradikale og kvinnerørsla tvert om kjempa mot den norske mann sitt tilvære på mytologisk grunnlag. Kvinnerørsla sitt mannshat var eit religiøst, djevelsk hat mot den norske mann. Dei venstreradikale og kvinnerørsla sin kamp mot ”den norske mann” sitt tilvære på mytologisk grunnlag, vart til antirasisme, som eigentleg var rasehat og rasekamp mot den norske mann og dermed mot det norske folk på mytologisk grunnlag. Soleis er sosialismen deira eigentleg uretten sett i system og utartar seg som eit nasjonalsosialistisk missfoster som aller helst bør likviderast.

Den såkalla kvinnefrigjeringa utarta seg slik at mannen vart bannlyst og utstøytt, så hans dialog med kvinna vart broten, i tråd med den gamle autoritære pedagogikken til teologar og filologar, der det var så viktig å ”bryte barnets vilje”. Å bryte barnets vilje braut med det Piaget sa om at barnet måtte få bruke sine eigen kognitive skjema, ved at det vart utfordra på sitt eige nivå og sjølv bygge om sine kognitive skjema til å forstå det nye. Og brotet på dialogen braut sjølvsagt med dei pedagogiske metodane til Sokrates og Vygotsky.

Det er ikkje vanskeleg å innsjå at dette som soleis vert kalla kunnskap ikkje er naturvitskap eller realfag. Men dette hatet og denne kampen mot den norske mann og dermed mot det norske folk er på urettmessig grunnlag, den er på mytologisk grunnlag, det er religion. Og det ligg an til av kven som helst kan gripe til våpen og rettmessig forsvare seg mot det til samanlikning med korleis jødane greip til våpen og kjempa mot hærstyrkane til Antiokus 4. Epifanes. Men det er ikkje å anbefale. Ein slik motstandkamp bør vere gjennomtenkt og  organisert og den løysinga ligg i at Dyret og dei ti horna gjer revolusjon mot den Store Skjøkje (Op.17-18).

Men eg har no halde fram med å leve i samfunn med Faderen og Sonen, eg har halde fram med å vere i dialog med Jesus, eg har bedt og fått svar gjennom tyding av tungetale. Eg bar lekamen fram som eit levande heilagt offer til velbehag for Gud, og let meg omskape ved at hugen min vart oppattnya, så eg kunne kjenne kva som var Guds vilje, det gode, hugnadlege og fullkome (Rom.12,1-3). Slik brukte eg mine kognitive skjema og bygde dei om. Når eg byrja å skrive, og sende inn til predikantar og menigheter, brukte eg mine kognitive skjema endå meir og bygde dei om dess meir og slik fekk eg langt meir framgang i mi åndelege og intellektuelle utvikling.

 

Overbevise verda om synd, rettferd og dom. Kommentar til andre bodskapen 19.6.2016.

 

I slutten av møtet 19.6.2016, sa John Miland noko om homoparadene som hadde gått i gatene, då kom Mari med tungetale og han tyda det. Gud seier:

«Sjå, det kjem, det kjem straffedommar over land, over by, seier Herren. For sjå, seier Herren, eg manar dykk, mitt folk, til å gå i forbønn for dykkar land. Rop til meg og be om at eg må halde min vreide tilbake, seier Herren. For sjå, eg ser at synda er stor og eg har sagt i mitt Ord, synda si løn, det er døden, seier Herren. Sjå, seier Herren, det får konsekvensar, når menneska ikkje vil gå på mine vegar.»

Når han her sa «sjå», så refererte det tydelegvis til massakren som dei demonstrerte imot, så det høyrest ut som Gud straffar gjennom islam, at han straffar ved muslimar. Ja, dei hevdar då at Allah er det same som Abrahams Gud. Sjølv om dei hevdar at han er den sanne Gud, treng det ikkje bety at dei kjenner han og det treng ikkje bety at dei alltid dømmer rett, men i dette tilfellet høyrest det ut som han som utførde massakren dømde rett. Gud har sagt i sitt Ord kva som er rett og når dei dømmer ut ifrå det, så har dei rett. Gud har sagt i sitt Ord at synda si løn er døden og det får konsekvensar når menneska ikkje vil gå på hans vegar, så då er her automatikk i det.

Det er ikkje berre jødar og arabarar som kan kalle han for sin Gud, men som det vart sagt i første bodskapen same dag, så er han alt kjøts Gud. Den rettferda han lærde folket sitt i sitt Ord, skulle ut til alle folkeslag, så dei vert alle opplærde i den rettferda og dei kan alle hevde og krevje den retten. Og det skulle då berre mangle om vi ikkje skulle kunne innsjå at dette stemmer overeins med korleis vi er skapte som menneske frå naturen av! Og det skjer ved forkynninga av evangeliet om Kristus Guds Son. Han er rettferds konge, kongars konge, samtidig som han er ein nådig og miskunnsam øvsteprest. Lova kom ved Moses, men nåden og sanninga kom ved Kristus. Den Heilage Ande openberrar skriftene for oss og fører oss fram til heile Sanninga som er Kristus, han er Sanninga som set oss  fri. Ved den individuelle fridomen, individets demokratiske rettar, kjem vi til erkjenning av sanninga som set oss fri og slik får vi oppleve fridomen i barnekåret hos Gud.

Så for meg er det berre om å gjere å leve i dette barnekåret hos Gud og nytte meg av dei rettane som det inneber. Han sa eg skulle be til han i mitt løynkammer og verte fylt av den Heilage Ande, kle meg i Guds fulle rustning (Ef.6). Så skulle eg gå ut og vitne om han. Han ville vere med meg og bruke det som eg sa, sjølv om det eg sa var berre ei lita helsing frå Jesus, så ville det få stor verknad, for den Heilage Ande ville bruke det. For det var ikkje eg som skulle overtyde verda om synd, rettferd og dom, men Jesus sende den Heilage Ande til verda, for at den skulle gjere det. Synda er (har si årsak i) at dei ikkje trur på Jesus, retten fekk han ved at han gjekk til Faderen, så vi ikkje ser han med våre fysiske auge lenger, domen er at hovdingen over denne verda er dømd, det er Djevelen. Når den Heilage Ande verkar slik, har ikkje verken eg eller nokon andre menneske oversikt eller kontroll over det.

Jesus sende meg til Oslo med ein frigjerande bodskap og ein bodskap om gjenoppretting. På evangeliets grunnlag vert vårt forhold til Gud gjenoppretta, slik det var før syndefallet, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgjevande ånd. På det grunnlaget får vi oppleve at Gud skaper oss i samsvar med 1.Mos.2 og slik skaper han kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne, Gud er ånd og Gud er kjærleik og vi frå oppleve hans kjærleik i kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Han kalla meg til å studere realfag, biologi, det var den vegen han staka ut for meg og han sa eg skulle seie til dei at kristendomen er ikkje ein religion som vert lessa på folket som tunge bører. Nei, han kalla til seg alle dei som sleit og hadde tung å bere, hos han skulle dei få kvile. Farisearane og dei skriftlærde leste tunge byrder på folke, men røyvde dei ikkje med ein finger. Slik er det mange religiøse, moral- og politisk-filosofiske aktivistar som lesser tunge byrder på folket. Men Kristus frir oss frå det. Med sin død på korset sona han all verda si synd, så ved korsets fot får vi legge av alle desse byrdene. Så då slepp eg å tenke på slike moralfilosofiske problemstillingar og verte oppteken av det og det ser eg som svært viktig når eg skal studere realfag, eg vert fri til å vere oppteken av det realfaglege i staden. Slik er det ein viktig frigjerande bodskap for dei andre som studerer realfag også. Eg skal berre tru på Kristus og vere oppteken av han, ved trua på han får eg komme inn til Guds kvile, der eg får oppleve at d et er Gud som gjer sitt verk med meg og med oss i samsvar med 1.Mos.2. På evangeliets grunnvoll vert vår forhold til Gud gjenoppretta, slik det var før syndefallet, då stemmer det overeins med korleis vi er skapte frå naturen av, då stemmer det overeins med den naturfaglege tenkinga.

 

 

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Filosofi, Historie, Kristendom, Kristne møte 2016, religion og politikk. Bookmark the permalink.

5 Responses to 2016.06.19. Maranatha. Alt kjøts Gud.

  1. Pingback: Sosialdemokratane og arbeidarrørsla sitt forhold til kyrkja og Israel. | Trua & entropien.

  2. Pingback: Kristendomens metode og vitskapens metode. Kva med demokratiet? | Trua & entropien.

  3. Pingback: 2017.08.20. Maranata: Det er sanneleg ei ny tid. + 3 møter i Betel Volda i sommar. | sivert

  4. Pingback: Kristne verdiar og kyrkja sin identitet. Nasjonale verdiar og nasjonal identitet.  Norske verdiar og norsk identitet. | Trua & entropien.

  5. Pingback: Splitt- og hersk-metode for å få makt. Men i Jesu kyrkje skal vi vere eitt i trua på han. | Trua & entropien.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s