2016.06.12. Maranatha. Komme fram for Jesus og tale med han.

Gud elskar meg med ein evig kjærleik. Møte i Maranatha 12.6.2016.

 

Gud valde ut menneske og utrusta dei til profetar. Tale ved Terje Rånås.

 

JES 6,5 – JES 6,8 Då sa eg:  «Ve meg! Det er ute med meg.  For eg er ein mann med ureine lipper,  og eg bur mellom eit folk med ureine lipper,  og augo mine har sett Kongen,  Herren, Allhærs Gud.”  6 Då flaug ein av serafane bort til meg. I handa hadde han ei glo, som han hadde teke med ei tong frå altaret. 7 Med den rørte han ved munnen min og sa:  “Sjå, denne har rørt ved lippene dine.  Di skuld er borte, di synd er sona.” 8 Så høyrde eg Herrens røyst:  “Kven skal eg senda,  og kven vil gå for oss?” Då sa eg: “Sjå, her er eg, send meg!”

 

Noko liknande skjedde med andre profetar, td. Jeremias og Daniel.

 

JER 1,7 – JER 1,9 Då sa Herren til meg:  “Sei ikkje: Eg er så ung!  Alle eg sender deg til, skal du gå til,  og alt det eg byd deg, skal du tala. 8   Ver ikkje redd dei,  for eg vil vera med deg og berga deg,”  lyder ordet frå Herren. 9   Så rette Herren ut handa og tok på munnen min. Og Herren sa til meg:  “Sjå, eg legg orda mine i din munn.

 

 

DNL 10,5 – DNL 10,11 Då eg såg opp, fekk eg auga på ein mann som var kledd i lin og hadde eit belte av Ufas-gull om livet. [Ufas-gull: -> Jer 10, 9.] 6 Kroppen hans var som krysolitt, andletet skein som lynet, og augo var som eldslogar; armane og føtene såg ut som skinande bronse. Når han tala, lydde røysta som larmen av ein stor folkehop. 7   Eg, Daniel, var den einaste som såg synet. Dei mennene som var med meg, såg det ikkje, men det kom stor redsle over dei, og dei sprang og gøymde seg. 8 Så vart eg att åleine. Og då eg hadde dette store synet, vart eg reint maktlaus. Eg skifte farge og vart likbleik; all mi kraft var borte. 9 Eg høyrde lyden av orda hans, og då eg høyrde lyden, seig eg sanselaus ned med andletet mot jorda. 10 Då var det ei hand som tok i meg og hjelpte meg opp på hender og kne. 11 Han sa til meg: “Daniel, du som er så høgt elska av Gud, gjev akt på dei orda som eg vil tala til deg, og reis deg opp att! For no er eg send til deg.” Då han tala såleis til meg, reiste eg meg skjelvande opp.

 

Han sa også noko om at Jesus valde Paulus ut til apostel, til tross for at han hadde forfølgt dei kristne. Som farisear med medfødt romersk statsborgarskap var han høgt på strå, men heldt det for skrap etter at Jesus openberra seg for han og kalla han.

 

Tungetale ved Oddbjørg, tyding ved Terje.

Ja, seier Herren, eg talar til deg i dag, fordi eg vil berøre deg. Eg bryr meg om deg. For eg elskar deg med ein evig kjærleik, seier Herren. Derfor vil eg at du skal lytte til mitt Ord. Ta det til deg og grunde på det. Og så skal du komme fram for meg og be til meg, tale med meg, opne ditt hjerte for meg. Aus ut av alt det du har i ditt indre. Så skal eg fylle deg igjen og igjen, seier Herren.

Der menneske seier i sitt hjerte, det er ikkje mogleg. Så talar eg til deg og seier, jau, alt er mogleg for den som trur. Alt er mogleg for den som kjem fram for meg. Derfor skal du sjå at eg vil gjere store ting i ditt liv. Dersom du forventar at eg skal gjere noko for deg, så skal du få erfare at eg gjer det eg har sagt. Og at er rører ved deg, eg berører deg.  Og eg fyller deg med mi kraft, seier Herren. For eg ynskjer at du skal følgje meg og vere ivrig i tenesta, for mi sak.

 

 

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte 2016. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

w

Connecting to %s