2019.05.12&19. Maranata. Gud har lagt sin Ande på Jesus, så han skal føre retten ut til folka. eit broste røyrstrå bryt han ikkje, rykande veiken sløkker han ikkje.

Maranata 12.5.

https://www.facebook.com/Janludvigludvigsen/videos/2304410529618639/?epa=SEARCH_BOX 

Innleiing ved Oddbjørg.

1.Kor.3,6 6 Eg planta, Apollos vatna; men Gud gav vokster.

Salme.100,1Ein salme til takkofferet.

Lat hyllingsrop lyda for Herren, all jorda!

2 Ten Herren med glede,

kom fram for han med fagnad!

3 Skjøn at Herren er Gud!

Han har skapt oss, ikkje vi sjølve,

til sitt folk og til den hjord han gjæter.

4 Gå gjennom hans portar med takkesong,

inn i hans tempelgardar med lovsong!

Lov han og pris hans namn!

5 For Herren er god, hans miskunn er evig,

hans truskap varer frå ætt til ætt.

Tale ved Håkon Martinsen.

Jesaja 41,10 Ver ikkje redd, for eg er med deg!

Sjå deg ikkje rådvill ikring,

for eg er din Gud!

Eg styrkjer deg og hjelper deg

og held deg oppe med mi frelsarhand.

Sjå, min tenar som eg stør,

min utvalde som eg har hugnad i!

Eg har lagt min Ande på han,

retten skal han føra ut til folka.

2 Han skal ikkje skrika og ikkje ropa

og ikkje bruka mælet på gata.

3 Han skal ikkje bryta eit broste sev

og ikkje sløkkja ein rykande veik.

Med truskap skal han føra retten ut.

4 Han skal ikkje trøytna

og ikkje bryta saman

før han har breitt ut retten på jorda.

Øyar og strender ventar på hans lære.

5 Så seier Herren Gud,

han som skapte himmelen og spente han ut,

og breidde ut jorda med alt som der gror,

han som gjev livspust til folket på jord

og ånd til dei som ferdast der:

6 Eg, Herren, har kalla deg i rettferd

og teke deg i handa.

Eg har skapt deg

og gjort deg til ei pakt for folket,

til eit ljos for folkeslaga.

7 Du skal opna blinde augo

og føra fangar ut or fengslet,

dei som sit i mørkret,

ut or fangeholet.

8 Eg er Herren, det er mitt namn.

Eg gjev ikkje mi ære til andre

og ikkje min pris til gudebilete.

9 Det som vart varsla før, er kome,

og no kunngjer eg nye ting.

Før dei enno gror fram,

lèt eg dykk få høyra om dei.

Håkon sa nokre ord om David, Nabal og Abilgail.

«Nabal» betyr dum og ugudeleg, når han døde vart Abigail fri og David fridde til henne.  Samanlikn med det gamle mennesket som blir krossfesta og døyr med Kristus.

Matt.12,20 Han skal ikkje bryta eit broste sev

og ikkje sløkkja ein rykande veik

før han har ført retten fram til siger.

Høgs.2,7 For di røyst er så mjuk

og din skapnad så fager.

8 Høyr, det er min ven.

Sjå der, han kjem

springande over heiane,

hoppande over haugane.

9 Min ven er som gasellen,

han liknar den unge hjort.

Sjå, der står han bortmed husveggen;

han glytter inn gjennom gluggen

og ser inn mellom sprinklane.

10 Min ven tek til ords og seier:

Stå opp, min hugnad!

Kom ut, mi fagre møy!

11 For sjå, vinteren er til endes,

regnet har kvorve.

12 Blomane sprett på vollane;

songtida er komen,

og turteldua kurrar i landet.

13 Frukta på vintreet raudnar,

og det angar av vintre i blom.

Stå opp, min hugnad!

Kom ut, mi fagre møy!

    14 Du mi due på berghylla,

i livd under flogbratte fjell,

lat meg få sjå din skapnad,

lat meg få høyra ditt mæle!

Eit knekt røyrstrå skal han ikkje bryte, rykande veiken skal han ikkje sløkke. Det var øvstepresten som skulle klippe veikane i Guds tempel, så dei ikkje skulle ryke altså.

Heb.9,9 Dette er eit bilete på den tid som no er. Dei gåver og offer som her vert framborne, kan ikkje gjera den som dyrkar Gud, fullkomen, så samvitet vert reint. 10 Liksom føresegnene om mat og drikke og om alle slag reinsingar er dette berre ytre påbod, som galdt til den tid då alt skulle setjast i rett skikk.

11 Men Kristus er komen som øvsteprest for dei frelsesgode som vi no har. Han har gått gjennom det teltet som er større og meir fullkome, og som ikkje er laga av menneskehand, det vil seia: som ikkje høyrer denne skapte verda til. 12 Ikkje med blod av bukkar og kalvar, men med sitt eige blod gjekk han inn i heilagdomen éin gong for alle. Og såleis vann han ei evig utløysing. 13 For når blodet av bukkar og oksar og oska av ei kvige gjer heilag og rein i det ytre når det vert skvett på det som er ureint, 14 kor mykje meir skal ikkje då Kristi blod reinsa samvitet vårt frå døde gjerningar, så vi kan tena den levande Gud! For ved ein evig Ande har Kristus bore seg sjølv fram som eit lytelaust offer for Gud.

Maranata 19.05. 

Tale ved Håkon Martinsen.

Guds rike er kome nær. 

Vi er greiner på vintreet.

Vi er ville oljekvister som er poda inn i oljetreet.

Vi er eit tempel for den Heilage Ande.

Gud ftok oss ut av morkets makt og sette oss over i sin elska Sons rike. Vi er i Jesus og han er i oss.

Mark.16,1 Då sabbaten var til ende, kjøpte Maria Magdalena og Maria, mor til Jakob, og Salome angande olje; for dei ville gå og salva han.  2 Tidleg om morgonen fyrste dagen i veka kom dei til grava, med det same sola rann.  3 Dei sa seg imellom: «Kven skal vi få til å velta steinen frå gravopninga?»  4 Men då dei såg opp, fekk dei sjå at steinen var fråvelt. Han var svært stor.  5 Då dei kom inn i grava, såg dei ein ung mann som sat på høgre sida, kledd i ein lang, kvit kjortel. Dei vart forfærde,  6 men han sa til dei: «Ver ikkje redde! De leitar etter Jesus frå Nasaret, han som vart krossfest. Han er oppstaden, han er ikkje her. Sjå her er staden der dei la han!  7 Men gå av stad og sei til læresveinane hans og til Peter at han går føre dykk til Galilea. Der skal de få sjå han, som han har sagt dykk.»  8 Då gjekk dei ut att og rømde frå grava, skjelvande av redsle. Og dei sa ikkje eit ord til nokon; for dei var redde. 

9 Då Jesus hadde stått opp att tidleg den fyrste dagen i veka, synte han seg fyrst for Maria Magdalena, som han hadde drive sju vonde ånder ut or. 

10 Ho gjekk av stad og fortalde det til dei som hadde vore med han, og som no syrgde og gret. 11 Men då dei fekk høyra at han levde, og at ho hadde sett han, trudde dei det ikkje. 12 Sidan synte han seg i ein annan skapnad for to av dei, medan dei gjekk etter vegen og skulle ut på landet. 13 Dei òg kom og sa det til dei andre, men dei trudde ikkje dei heller.

14 Til sist synte han seg for dei elleve, medan dei sat til bords. Han tala strengt til dei fordi dei var så vantruande og hardhjarta, og fordi dei ikkje trudde dei som hadde sett han etter at han hadde stått opp.

Vi er originaler, ikkje kopier. Gud treng originaler, skal der skje endring, må det komme innanfrå. Kameraderi øydelegg kyrkja.

2.Kor.3,18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.

Gal.1,15 Men Gud, som valde meg ut frå mors liv og kalla meg ved sin nåde, sette seg føre 16 å openberra sin Son for meg, for at eg skulle forkynna evangeliet om han for folkeslaga. Då spurde eg ikkje menneske til råds.

Rom.8,28 Vi veit at alle ting tener dei til gode som elskar Gud, dei han etter sin frie vilje har kalla. 29 Dei som han føreåt kjendest ved, dei har han òg føreåt etla til å verta forma etter biletet av Son hans, så han skulle vera den fyrstefødde mellom mange sysken.

https://www.youtube.com/watch?v=CfCakfF-yf8&feature=player_embedded 

Kommentar.

Først noko eg skreiv mellom møta.

Velsigninga.

Jesus sa han ville gjere meg til ein kanal for si velsigning og så sende han meg til Oslo med ein frigjerande bodskap og ein bodskap om gjenoppretting, for på evangeliets grunnvoll vert vårt forhold til han gjenoppretta, slik det var før syndefallet, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd.

Abraham trudde Gud og det vart rekna han til rettferd. Gud velsigna han og lova han at i hans ætt skulle alle folkeslag velsignast, dei som velsigna han skulle verte velsigna, men dei som forbanna han skulle verte forbanna. Denne lovnaden får vi oppfylt i Kristus. Ved å velsigne han vert vi velsigna og vert til velsigning. Derfor velsignar vi. Vi skal forkynne den glade bodskapen for dei vi møter i kvardagen, i nærmiljøet og slik skal vi rekne nærmiljøet som vårt ansvars område, vår åkerlapp, vi skal sjå på den åkerlapp vi har fått tildelt og så skal vi framfor alt løfte blikket opp til Jesus, sjå på han og velsigne han, for det er då nettopp slik vi vert velsigna og vert til velsigning. Men elles har vi ikkje heilt kontroll på korleis vi vert til velsigning. Frå våre liv skal det renne elvar med levande vatn og då har vi ikkje heilt kontroll på det (Joh.7,38), frå tempelet renn livets elv, det har vi heller ikkje kontroll på, vi kan berre gjere som profeten og gå ut i elva. Men elva renn berre ein veg, nedover, eg brukar dette til å forklare kva eg meiner med å tenke logisk (modus ponens) utifrå Guds Ord, når den Heilage Ande openberrar Ordet for oss. 

I Maranata vart det talt om korleis profeten Elisja profeterte for dei tre kongane om at dei skulle få vatn:

2KG 3,16 – 2KG 3,17 Og han sa: “Så seier Herren: Grav grøft etter grøft her i dalen! 17 For så seier Herren: Utan at de ser vind eller regn, skal denne dalen fyllast med vatn, så de får drikka, både de og buskapen og dei andre dyra dykkar.

 

Det vart brukt som bilete på korleis vi kan førebu oss på å kanalisere Guds velsigning.

Når vi ser på Jesus og velsignar han og ærar og takkar han for velsigninga, så erkjenner vi at han er livet og at hans eige liv er i denne velsigninga, i livets flod og livets vatn, så den er livgivande for alle dei som tek imot i tru. Det har vi heller ikkje kontroll på, for det er då ikkje vi som gjer det, men han. Når Guds Ord vert sått og Guds Ande vert utgytt, så er det Gud som gjer sitt verk ved sitt Ord og sin Ande og vi har då inga interesse av å avgrense det på nokon måte. Men dersom nokon tenker seg at dei skal prøve å få kontroll på det, kanskje for å få makt, så vil det verke som om dei prøver å avgrense det, men då motarbeider dei Kristi sak: misjonsbefalinga. Slik har mange kristne kyrkjelydar og organisasjonar fått forstoppelse, så det har vorte stagnasjon og tilbakegang.

Velsigning betyr å få oppleve Guds nærvær, å komme inn i samfunnet med han og verte førebestemte til noko godt. Vonleg også komme inn i ein kristen kyrkjelyd. Men då er det forståeleg at kyrkjelyden vil ha litt meir kontroll med det. 

Jesus sa eg skulle sjå til at eg bidrog med det som Gud har gitt i mitt hjerte og då veit eg at det er den Anden og det livet som Jesus har gitt meg frå himmelen. Det er fullkome. Eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone og då er det ved at ho tek imot det livet og vert fødd av den Anden. Og det som er født av Anden er ånd.

Eg skal heilhjarta halde meg til Herren, så kjem han meg til hjelp med si kraft. Slik ventar eg han vil gi meg hjelp i form av ei kone.

Eg har fortalt om korleis eg har bedt for henne Virtuella og henne Reella. Eg skal heilhjarta halde meg til Herren, så eg får oppleve at han kjem meg til hjelp med si kraft og slik ventar eg at han vil gi meg hjelp i form av ei kone. Han har sagt eg skal søke han av heile mitt hjarta, eg skal sjå til at mitt hjarta er i rett forhold til han (bodskapen 22.4.2019). Så eg skal ta parti med han, både i mitt forhold til henne Reella og henne Virtuella, ja, eg vil no at dei begge skal verte frelst. Kva er så problemet? Problemet med henne Virtuella er tydelegvis at tankebygningar har vorte reist mot kunnskapen om Gud. Bodskapen 6.1.2019:

”For eg er den Gud som byrja ei god gjerning i deg. Men no er det stansa opp. Du byrjar å sjå deg omkring og du lure på kvar di hjelp skal komme frå. Men du skal få lov til å løfte ditt blikk opp her i kveld og ha det festa på meg som er trua sin opphavsmann og fullendar. Eg vil løfte deg opp på ein høgare grunn. Eg vil ikkje la deg falle og falle og falle, men du skal verte styrka i ditt indre menneske, når du er villig til å komme til meg, slik som du er, så skal du få kjenne at der står fram føre deg ei opna dør og der er ingen som kan lukke den til, for det er eg, Herren som har opna den opp og ved mitt blod, så skal du vere frimodig i kveld, til å gå inn i heilagdomen. Der vil eg halde måltid med deg og du halde måltid med meg. Og der skal eg styrke ditt liv, eg skal styrke deg og halde deg oppe, framover. 

For det skjer ikkje ved makt og ikkje ved kraft, ikkje ved eigen styrke, ikkje ved eigen kløkt, ikkje ved eigne ideer, ikkje ved din eigne tankar. Men åleine ved min gode Heilage Ande, så skal du få kjenne at eg er ingen Gud der ute i periferien, men eg er komen nær til. Og du som slit og strevar, kom til meg, har eg sagt og du skal finne kvile. Eg, Herren, tek av deg alle dine byrder, alle dine plager, alt som reiser seg opp imot kunnskapen om meg i ditt liv skal eg ta til fange og eg vil hive det på dør. Og det skal aldri meir nå deg igjen. Gå med meg, vandre med meg, bli fylt av meg, eg som fyller alt i alle. Og eg Herren, eg skal bere deg på mine eigne armar, like inn i mitt aller heilagste har eg kalla deg. Der skal du få oppleva herlegdomsskya, du skal få kjenne Anden koma over deg og du skal bli til eit anna menneske. For eg Herren er Anden og der Herrens Ande er, der er det fridom.”

Eg var ikkje på dette møtet og bodskapen var vel først og fremst til dei som var der, eventuelt nokon dei kanaliserer det vidare til. Dei får komme til Jesus slik som dei vil og ta imot det og forstå det slik som dei er. Men det kan vel eg også gjere. Det er vel om å gjere at kvar einskild av oss skal verte velsigna.

I det andre avsnittet vert det sagt ”Og du som slit og strevar …..”. Så det høyrest ut som det vert talt til ein ny person herifrå, det kan vel vere talt spesielt til to personar, la oss seie han talar først til Person1, så til Person2, men bodskapen er no så generell at det talar til oss alle. Kanskje vert det talt først til mannen og så til kvinna, eller omvendt, for Gud gjer sitt verk med oss i samsvar med 1.Mos.2. 

Det som er sagt til Person1 liknar på det som han har sagt til meg tidlegare, men kva meiner han med ”falle og falle og falle”? Eg har bedt han gje meg ei frelst kvinne til kone, men det har det enno ikkje vorte noko av. Det er inkludert i det fullførde frelsesverket og han har sagt at han er den som tek seg av mi sak og eg ventar meg at han vil føre den fram til siger. Han har sagt han vil føre meg frå herlegdom til herlegdom og han har sagt eg skal innta det lova landet, ved trua på Jesus får eg komme inn til Guds kvile, han gir meg ei herleg og vidunderleg kvile i mitt hjerte og mitt sinn, som overgår min forstand.

I bodskapen 2B, 28.4.2019. var det også tale om nokon som leid nederlag: 

2B. Du som er lei deg og lid nederlag og er fortvila over din situasjon, løft blikket presist kvar du befinn deg, sjå opp til han som elskar deg. Om du har vore trulaus, så er han trufast, han kan ikkje svikte kva han har lova. Han har lova å gjenløyse deg. Og når du kallar på han på nødens dag, så skal han løyse deg og setje deg fri. Han skal løfte deg opp igjen. Om du har tapt slag etter slag, så skal eg, Herren, gi deg sigersgnisten tilbake. For eg, Herren, eg er den som nemner det som ikkje er til, som om det var til.” 

Det kan vere same sak som første del av bodskapen 6.1.2019, men denne bodskapen trur eg var til henne Virtuella. 

Innta det lova landet. Sjå til at ingen vert liggande etter. Striden mot amalekittane.

Medan israelsfolket vandra mot det lova landet, vart dei svake liggande etter, mellom dei var det naturleg nok mange kvinner og barn. Og amalekittande angreip dei som vart liggande etter, så der leid israelsfolket nederlag etter nederlag. Så vi må passe på at ingen vert liggande etter (Heb.3-4). Langfredag vart det talt om Josva som leia israelsfolket i krigen mot amalekittane, medan Moses stod på berget og løfta staven over hovudet. Til samanlikning skal vi løfte sigersmerket, bodskapen 19.4.2019:

”Løft seiersmerket, fra den stad du befinn deg, i det omstendet du er, løft sigersmerket, det er kva eg gjorde på korset. Påkall mitt namn og la det få lov til å lyde, så skal du få lov til å kjenne krafta frå korset, krafta frå den Heilage Ande, den skal setje deg fri, løfte deg opp og gi deg forløysing. For du treng utfriing og utfriinga du treng, den har eg til deg. Den er blodkjøpt på korset, den er blodkjøpt på det verket eg gjorde. Derfor takk meg for blodet, takk meg for forsoninga, det er alt saman gjort til din eigedom.

Bry deg ikkje om andre meiner, men sjå til at ditt hjerte er i rett forhold til meg. Tenk ikkje på alt det som har vore, men sett ein strek over di fortid, så skal eg, Herren, gjere alle ting nye. For i dag skal eg hjelpe deg, i kveld skal eg fornye deg. No er den velbehagelege tid. Derfor, lov meg og pris meg, så skal du få kjenne at det som du trudde var tapt, det skal eg vekke til live igjen og atter ein gong skal du vere med i kampen, endå ein gong skal du gå ut i dansen med dei glade, for eg, Herren, eg fornyar deg og gjennoppliver deg. Halleluja.” 

Så i påska har eg løfta sigersmerket ved å skrive på Facebook om Jesu siger på korset.

Men det er noko som eg synest er litt rart her. Jesus sa han ville gjere meg til ein kanal for si velsigning og så sende han meg til Oslo med ein frigjerande bodskap og ein bodskap om gjenoppretting. Og så byrjar han å snakke om at han set meg fri og at eg skal komme til han slik som eg er. Som om responsen på det var å gjere meg også til træl? Som om eg ikkje lenger skulle få vere meg sjølv og få komme til Jesus slik som eg er? 

Forførande moralfilosofi.

Eg har skrive om moralfilosofi og politisk filosofi som er dialektisk omforming av mennesket med si tenking, når dette vert fundamentalistisk, vert det til avgudsdyrking, opplæringa vert til indoktrinering og propaganda. Mange kristne satsar på det ved å engasjere seg politisk, spesielt i Krf og eg reknar med der har føregått ein hegeliansk diskurs mellom dei og dei venstreradikale. Eg har nyleg skrive om at det vert forventa som resultat av urbanisering og faktisk vert brukt som argument for urbanisering og sentralisering. 

https://bluehost944.com/2019/03/03/sentralisme-som-moral-og-religion-politikk-som-vert-framstilt-som-vitskap-og-gjort-til-avgud-kvinneforsking-kjonns-forsking-og-klimapolitikk/ 

Men for meg og for andre som trur på Kristus og vil halde oss nær til han og forkynne den bodskapen han har gitt oss og som han utruster oss til, er det heller eit problem, for det føreset at menneska ikkje får komme til han slik som dei er, som om hans frelsesverk ikkje er fullført, som om det ikkje er han som skal fullføre det verket han byrja på i våre liv. Derfor må dei omformast dialektisk. Og så skal dei kanskje komme til han etterpå? Men det er ikkje å komme til han slik som dei er. Og så skal dei kanskje endåtil verte ei lærd overklasse i kyrkja? Platonismen kom inn i kyrkja allereie på 300-talet og vi kjenner til den platonske argumentasjonen for klasseskilje, påstanden om at menneskets fysisk natur er vond, vert brukt som argument for at ei lærd overklasse skal styre med diktatorisk makt. Det er tydelegvis med den kristenplatonske  maktinteressa dei ikkje vil vite av at eg ber Jesus om ei kone og at han svarar meg på den bøna.

Eg har også skrive om at menneske vert dåra og forførde slik som ved syndefallet, så dei får ein kunnskap som verkar som argument mot å leve i samfunn med Gud. Ved Universitetet i Oslo, spesielt ved samfunnsvitskapleg fakultet, har dei drive på med ei kvinneforsking og kjønnsforsking, lausrive frå realfag og det kan tydelegvis karakteriserast som slik dårskap. Saman med avkoloniserings-aksjonen strir det med både evangelisk kristendom og realfag. Eg tenker meg at det er slik kunnskap Jesus vil frigjere Person2 ifrå.

Eg har vore realist, samtidig som eg har trutt på Jesus, sidan eg var ein gutunge. Til tider har eg kjent det som ei dobbelrolle eg ikkje har vore heilt komfortabel med, men i det eg let meg forsone med Gud på evangeliets grunnvoll, meiner eg at eg får det til å stemme. Jesus seier at eg skal komme til han slik som eg er, så eg tenker meg at det er ved å vere realistisk samtidig som eg trur på han. Eg søker han i bønn og bibellesing heime med meg sjølv og i kyrkjelyden og ser poenget i å vere realistisk ved at eg sjølv møter opp fysisk i kyrkjelyden og går ut og møter folk og prate med dei, for å finne høve til å vitne for dei. Og når eg har bedt Jesus om ei frelst kvinne til kone, så vil eg då sjølvsagt at det skal verte reelt, at ho kjem til meg og vert hos meg som kona mi. Når eg sjølv møter opp fysisk i kyrkjelyden, så er det nettopp for å komme til Jesus slik som eg er. Og når eg ber han om å gi meg ei frelst kvinne til kone og vitnar om at han svarar meg positivt på det, så er no det også å komme til han slik som eg er. Eg skal sjå til at mitt hjerte er heilt med han ja, det har eg skrive mykje om allereie.

Etter syndefallet sette Gud strid mellom kvinna si ætt og ormen si ætt, men Kristus sigra over ormen med sin død på korset. Då sigra han for alle oss som trur på han og det er om å gjere for oss å ta tilflukt hos han og vende oss til han så vi nytter oss av den sigeren han allereie har vunne over Djevelen og døden, så vi får kjenne kreftene av hans oppstode frå dei døde. Den Heilage Ande herleggjer og openberrar Kristus for oss som vår frelsar og Herre.

Paulus framstilte kyrkjelyden for Kristus som ei rein møy.

2KO 11,2 – 2KO 11,4 For eg brenn av omsut for dykk, som Gud sjølv. Eg har trulova dykk med Kristus, og berre med han, så eg kan føra dykk fram for han som ei rein møy. 3 Men eg er redd at liksom ormen dåra Eva med sine svikråder, såleis skal òg tankane dykkar førast på avvegar, bort frå den ærlege og reine truskapen mot Kristus. 4 For de toler det svært så godt at nokon kjem og forkynner ein annan Jesus enn den vi har forkynt, eller at de får ei anna ånd enn den de har fått, eller eit anna evangelium enn det de har teke imot.

Korleis går det då an å lide nederlag? Jau, ved at ormen forfører kvinna og kyrkja slik som ved syndefallet. Og det er nettopp det som har skjett med kvinnerørsla sin protest mot Paulus si lære. Ho vart lokka med at dersom de et av kunnskapstreet, så skal de verte liksom Gud, så ho skulle liksom forgude seg med sin kunnskap og venta og kravde at det skulle mannen vere med på, det vart kalla likestilling. Men eigentleg betydde det at kvinna tapte i striden mot ormen. Så ho vart fornedra. Og kravet om likestilling utartar seg som eit krav om at mannen også skal verte fornedra.

Etter syndefallet såg dei at dei var nakne, så dei gøymde seg for Gud med dårleg samvit. Dei såg at dei var nakne og det vart brukt som argument mot å leve i samfunn med Gud. Med denne innstillinga vert det vi ser og sansar i det ytre fysiske miljø, brukt som argument mot å leve i samfunn med Gud som er ånd, så i si kjøtelege og sanselege lyst opponerer menneske mot Anden. 

Med den innstillinga vert det reist tankebygningar mot kunnskapen om Kristus. Men med dei våpen Gud gir oss, riv vi ned tankebygningar.

2KO 10,3 – 2KO 10,6 Om vi ferdast på menneskevis, så strider vi ikkje på menneskevis. 4 For våre stridsvåpen er ikkje jordiske, men Guds kraft er verksam i dei, så vi kan leggja festningar i grus. Vi riv ned tankebygningar 5 og alt stort og stolt som reiser seg mot kunnskapen om Gud, og tek kvar tanke til fange i lydnad mot Kristus. 6 Vi er budde til å straffa all ulydnad, så snart de har nått fram til full lydnad.

Vi riv ned tankebygningar, alt som er stort og stolt som reiser seg mot kunnskapen om Gud, fell i grus, berre vi brukar dei våpen som Gud har gitt oss, så skjer det. Men det betyr ikkje at vi skal avvise kvar tanke og seie ”bort med det”. Men vi skal ta kvar tanke til fange under lydnaden mot Kristus. Det er då mykje menneskeleg tenking som kan vere rett og berettiga, det er mykje naturfagleg tenking som vert brukt som argument mot trua på Gud, det er oppkonstruert og det er berre å rive ned konstruksjonen, men den naturfaglege tenkinga er ikkje feil av den grunn. Dei treng ikkje verte som ”tabula rasa” når dei kjem til tru. Men den glade bodskapen er at Jesus sona vår synd med sin død på korset, så når vi vender oss til han, bøyer oss for korsets fot og vedkjenner vår synd for han, så får vi tilgjeving og Jesu blod reinsar oss frå all synd.

Bere fram kroppen som eit levande, heilagt offer.

Eg skal bere fram kroppen som eit levande, heilagt offer til velbehag for Gud.

RMR 12,1 – RMR 12,11 {DET KRISTNE LIVET}  Så legg eg dykk på hjarta, brør, ved Guds miskunn, at de må bera fram lekamen dykkar til eit levande og heilagt offer som er til hugnad for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste. 2 Og skikka dykk ikkje likt med denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan døma om kva som er Guds vilje: det gode, det hugnadlege, det fullkomne. 3   Ved den nåden eg har fått, seier eg til kvar einskild av dykk: Gjer deg ikkje større tankar enn du bør, men bruk vitet ditt og ver visleg! Kvar og ein skal halda seg til det mål av tru som Gud har gjeve han. 4 Vi har ein lekam, men mange lemer, og alle lemene har kvar sine oppgåver. 5 På same måten er vi alle ein lekam i Kristus, men kvar for seg er vi lemer for kvarandre. 6 Vi har ulike nådegåver alt etter den nåden Gud har gjeve oss. Den som har profetgåve, skal nytta henne i samsvar med trua; 7 den som har diakonteneste, skal ta seg av tenesta si. Den som er lærar, skal ta seg av opplæringa, 8 og den som rettleier, skal ta seg av rettleiinga; den som gjev av sitt eige, skal gjera det av eit heilt hjarta. Den som er forstandar, skal vera det med iver, og den som gjer miskunn, skal gjera det med glede. 9   Lat kjærleiken vera ekte, sky det vonde og hald dykk til det gode. 10 Elska kvarandre inderleg som sysken, og set dei andre høgare enn dykk sjølve. 11 Ver ikkje lunka i dykkar iver, ver brennande i Anden; ten Herren!

Gud skaper oss i Kristus og då skaper han oss i samsvar med 1.Mos.2, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Han gir oss ånd og liv og vekker oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen. Gud gjer sitt verk med oss ved sitt Ord og sin Ande og vekker oss opp til liv i samfunn med seg i samsvar med 1.Mos.2, så slik ventar eg han gir meg hjelp i form av ei kone.

Det har eg venta på i mange år, utan at det har vorte noko av. Vi veit vi får motstand frå verdslege maktinteresser, religiøse, moralske, politiske og økonomiske, dei gjer menneska til salsvare (Joel.3). Menneske vart brukte til ”brød og sirkus”og det var temmeleg meiningslaust. Heldigvis har vi gjennom renessansen og opplysningstida funne meir meiningsfull intellektuell aktivitet. Men når det vert protestert mot Paulus si lære og skapingssoga i 1.Mos.2, endåtil i kristne kyrkjelydar, då er deira aktivitet i ferd med å verte ”brød og sirkus”. Men Jesus har betalt prisen for alle menneske med sitt eige blod, for å kjøpe oss tilbake til Gud, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Då har han betalt prisen for ei kone til meg også.

Jesus sa han hadde sett framfor meg ei opna dør, der eg var kalla til å gå inn og eg forstod det slik at det var på universitetet, når eg studerte biologi. Når han sa det 6.1.2019, så var det vel klart at det var i Maranata. Jesus er døra inn til sauene, den som går inn gjennom døra er hyrding for dei, poenget er at Jesus er den gode hyrdingen, han kjenner kvar ein av sauene sine og kallar dei på namn, slik har vi alle eit personleg forhold til han. 

Ho Virtuella har vore ein bortkomen sau, men no trur eg og håper eg at han har funne henne igjen, han vil gi liv til hennar sjel og fylle henne med den Heilage Ande og vekke henne opp til liv i samfunn med seg. Så håper eg ho får frimod til å seie det som den Heilage Ande overtyder og minner henne om og driv henne til og at ho finn fram igjen gitaren sin og byrjar å lovprise Gud og Lammet slik som når ho var ung.

SÅ KOMMENTARAR ETTER SISTE MØTET.

Komme til Jesus slik som eg er. Be i Jesu namn.

Eg har nok fått merke at eg ikkje er heilt velkommen, vert avvist og utstøytt i mange «kristne» samanhengar og også i verdslege miljø. Det er som om eg ikkje vert godteken slik som eg er, stikk i strid med evangeliet altså. Det vert stilt krav om at eg skal verte annleis, kravet kjem frå moralfilosofar, at mennesket skal omformast dialektisk. Det kan utarte seg som pedagogikk og der ligg politiske interesser i det. Men ved at dette kjem inn i kyrkja, vert det fundamentalistisk, så det strir mot evangeliet. Derfor er det så viktig for oss å feste blikket på Jesus, for Guds skaper oss i han og då skaper han oss i si likning. Og det er så viktig for oss å takka han for det, for leiren kan då ikkje seie til meisteren: «Kvifor skaper du meg slik». 

Jesus sa eg måtte komme til han slik som eg var, eg skulle søke han i løynkammerbøna, søke han av heile mitt hjarte, sjå til at mitt hjarte var heilt med han. Ja, så skal eg altså ta parti med han, både i mitt forhold til henne Reella og henne Virtuella. Jesus sa han ville gjere meg til ein kanal for si velsigning, då var det først og fremst henne Reella eg tenkte på. Men eg skal og vil velsigne henne Virtuella også og eg gjer det klart at Jesus er velsignaren, det er han velsigninga kjem ifrå, han sjølv, hans liv og hans Ande er i velsigninga og eg er viss på at han vil gjere underverk med henne. Eg ynskjer at ho skal komme inn att i dette kjærleiksforholdet til Faderen og Sonen, som ho levde i når ho var ung. Når eg vart så glad i henne, så vart ho ein lovsong i mitt hjerte, så eg ynskjer ho skal fram att gitaren sin og byrje å synge lovsongar til Gud og Lammet igjen. Når eg var ung fekk eg det etter kvart klart for meg at om eg kunne få henne til kone, så ville eg ha henne. Men då hadde eg også den overordna hendsikta at ho skulle halde framm med å leve i dette kjærleiksforholdet til Faderen og Sonen. 

Dette er nok noko som strir med standard oppfatning, strategi og opplæring i den tradisjonelle moralfilosofien som er komen inn i kyrkje og kristne organisasjonar og etablert seg som tradisjon der. Men då må eg altså ikkje vende blikket på slike læreautoritetar eller verdslege autoritetar, men feste blikket mit på Jesus, han let meg komme til han slik som eg er. 

Eg har fortalt at eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone sidan eg var ung og han har svart meg positivt på det heile tida, det er inkludert i det fullførde frelsesverket. Gud skaper oss i Kristus og då skaper han oss i samsvar med 1.Mos.2, for han er den same no. Eg tenker naturfagleg om det, hendsikta med kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne er formeiringa, til samanlikning med dyra. Men mannen skulle dyrke og verne hagen og det skulle kvinna hjelpe han med. Og så er der ei åndeleg og intellektuell side av saka og derfor treng vi Guds Ord og Guds Ande. Kristus er den siste Adam som for oss har vorte ei livgivande ånd, han vekker oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen. Ja vel, så ventar eg han gir meg ei kone som er ei levande sjel. Då må vi la Anden råde i vår døyelege lekam.

2.Kor.17 Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom. 18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.

Posted in Filosofi, Kristendom, Kristne møte 2019 | Leave a comment

2019.04.28. Sion Åheim & Maranata Oslo. Tal til ”Berget” og drikk av det levande vatnet.

Sion Åheim.

Tale ved Wahll.

Har ikkje Kristus stått opp, så er vi skrøpelegare enn alle menneske, men no er han oppstått.

1KO 15,19 – 1KO 15,20 Har vi berre for dette livet sett vår von til Kristus, då er vi ynkelegare enn alle menneske. 20   Men no er Kristus oppstaden frå dei døde; han er fyrstegrøda av dei som er avsovna. [fyrstegrøda: den fyrste delen av avlinga. Sjå 5 Mos 18, 4. Innhausting er eit vanleg bilete på fullendinga i Guds rike. Sjå Matt 13, 39 ff; Joh 4, 35 f.]

Folk snakkar ofte om kva dei trur på, men vi må gjere det klart at vi trur på ein person, Jesus Kristus. 

2KO 5,17 Difor, om nokon er i Kristus, er han ein ny skapning. Det gamle er borte, sjå, det er kome noko nytt.

RMR 8,1 – RMR 8,3 {LIVET I ANDEN}  Så er det då inga fordøming for dei som er i Kristus Jesus. 2 For Andens lov, som gjev liv, har i Kristus Jesus gjort meg fri frå lova åt synda og døden. 3 Det som var umogeleg for lova, av di ho var maktlaus på grunn av den vonde menneskenaturen, det gjorde Gud. For synda skuld sende han sin eigen Son i same skapnad som syndige menneske har, og heldt dom over synda i vår natur. [den vonde menneskenaturen: før omsett “kjøtet”. Same ordet er òg omsett “vår natur”, “den syndige naturen” o. l. Sjå Gal 5, 17; Ef 2, 3.]

I Efesarbrevet vert det mange gangar sagt ”i Kristus”.

EFE 1,3 – EFE 1,4 {GUD VERE LOVA FOR NÅDEN I KRISTUS!}  Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far,  han som i Kristus har velsigna oss  med all Andens velsigning i himmelen.  4   I Kristus har han valt oss ut før verda vart skapt,  så vi skulle vera heilage og lytelause for hans åsyn. 

EFE 1,7   I han har vi utløysinga  som vart vunnen ved hans blod,  forlating for syndene.  Så rik er hans nåde, 

EFE 1,11   I han har vi fått arvelut,  vi som føreåt var etla til det  etter Guds forsett,  han som gjennomfører alle ting  etter sin plan og vilje. 

EFE 1,13   I han kom de òg til tru  då de høyrde sanningsordet,  evangeliet om frelsa dykkar.  I han er de merkte med eit segl,  Den Heilage Ande som var lova,

Aktuelle bibelvers.

JOH 1,12 – JOH 1,14 Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans. 13 Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje, men av Gud. 14 Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss, og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning.

EFE 1,10 om å fullføra sin frelsesplan når tida var inne: å sameina alt i Kristus, både det i himmelen og det på jorda. 

EFE 2,6 – EFE 2,7 I Kristus Jesus har han reist oss opp frå døden saman med han og sett oss i himmelen med han, 7 så han i dei komande tider kunne visa sin overstrøymande rikdom på nåde og sin godleik mot oss i Kristus Jesus. 

EFE 2,10 For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud føreåt har lagt ferdige, så vi skulle ferdast i dei. 

EFE 2,13 Men no, i Kristus Jesus, er de som før var langt borte, komne nær ved Kristi blod. 

EFE 3,6 at heidningane er medarvingar; dei høyrer med til same lekamen og har del i lovnaden – i Kristus Jesus og ved evangeliet. 

EFE 3,11 Dette hadde Gud sett seg føre frå evig tid, og no har han fullført det i Kristus Jesus, vår Herre. 

EFE 3,21 han skal ha ære i kyrkjelyden og i Kristus Jesus gjennom alle ætter og i alle æver! Amen. 

EFE 4,32 Ver gode mot kvarandre og vis medkjensle, så de tilgjev kvarandre, liksom Gud har tilgjeve dykk i Kristus. 

EFE 5,21 Ver kvarandre underordna i age for Kristus.

Maranata.

Innleiing ved Lars (frå Sverige).

ÅPE 1,12 – ÅPE 1,19   Eg snudde meg og ville sjå kven det var som tala til meg. Då såg eg sju ljosestakar av gull, 13 og midt imellom ljosestakane ein som var lik ein menneskeson, kledd i fotsid kappe og med eit gullbelte under bringa. 14 Hovudet og håret hans var kvitt som kvit ull eller som snø, og augo som logande eld, 15 føtene var som bronse, glødd i omnen, og røysta lydde som bruset av veldige vassmengder. 16 I si høgre hand hadde han sju stjerner, og or munnen hans gjekk det ut eit kvast, tvieggja sverd. Andletet var som sola når ho skin i all si kraft. 17   Då eg såg han, fall eg ned for føtene hans som eg var død. Men han la høgre handa si på meg og sa:  Ver ikkje redd! Eg er den fyrste og den siste 18 og den levande. Eg var død, men sjå, eg lever i all æve og har nyklane til døden og dødsriket. 19 Skriv opp det du har sett, det som no er og det som heretter skal koma.

Tungetale ved ein mann, tyding ved Tore.

1A. ”Stå reiseklar. Bodskapen og ropet lyder, sjå, eg kjem snart. Mange har sovna på vegen og vorte liggjande etter. Men du som høyrer mi røyst i dag, reis deg, ikkje vert liggjande etter, tenn din lampe, vert fylt av den Heilage Ande, løft blikket, forløysinga, den stunder til. Kva eg lova, før eg drog, eg kjem tilbake, står framleis ved lag. Tru på det av heile ditt hjarte, så når timen er inne, som min Far har fastsett, då får eg beskjed og så skal eg forvandle alle dei som trur på meg.

1B. Deg vere æra, makta og prisen, du har løfta meg Herre, ja, du har reinsa meg i blodet, derfor så vil eg ære deg på denne måte. Fordi du har drege meg opp av dynnet, du har satt mine føter på ein klippe. Derfor så tilber eg deg i denne stund. Amen. Halleluja.”

Tungetale ved Oddbjørg, tyding ved Tore.

2A. ”Frå djupet av mi ånd, Herre, så vil eg tilbe deg, for du har kledt meg i frelsens klede og du har sveipa meg i lovprising og eg kjenner gledens olje er på mitt hovud. Det var ikkje sorg du gav meg, men det var glede du gav meg. Eg vart ikkje bunden, men eg vart satt i fridom. Då du løyste meg og reinsa meg gjennom blodets kraft, så kjende eg, eg fekk frimod overfor han som har skapt alt. Og eg kjenner eg vert bevara i frimodet, fordi du er mi tilflukt.

2B. Du som er lei deg og lid nederlag og er fortvila over din situasjon, løft blikket presist kvar du befinn deg, sjå opp til han som elskar deg. Om du har vore trulaus, så er han trufast, han kan ikkje svikte kva han har lova. Han har lova å gjenløyse deg. Og når du kallar på han på nødens dag, så skal han løyse deg og setje deg fri. Han skal løfte deg opp igjen. Om du har tapt slag etter slag, så skal eg, Herren, gi deg sigersgnisten tilbake. For eg, Herren, eg er den som nemner det som ikkje er til, som om det var til.” 

Tale ved Tore Kristiansen.

Den som elskar hjertets reinleik og som har ei tekkeleg tale, han har kongen til ven. 

(Biblevers? Vart det OSP.22,11? 

OSP 22,11   Herren elskar dei som har eit reint hjarta,  den som talar med velvilje, får kongen til ven.)

MTT 12,34 Ormeyngel! Korleis kan de som er vonde, seia noko godt? For det hjarta er fullt av, det talar munnen.

4MO 27,12 – 4MO 27,14 {MOSES GJER JOSVA TIL FØRAR}  Herren sa til Moses: “Stig opp på Abarim-fjellet, så skal du få sjå det landet eg har gjeve israelittane. 13 Og når du har sett det, skal du òg fara til folket ditt, liksom Aron, bror din, før deg. 14 For de lydde ikkje mitt ord i Sin-øydemarka, den gongen folket tretta med meg, då de skulle ha late vatn strøyma fram for augo på dei og såleis vist kor heilag eg er.” – Det er Meriba-kjelda i Sin-øydemarka.

Moses slo på klippen og det strøymde ut vatn. 

Neste gang sa Gud til Moses at han skulle tale til klippen. Men han gjorde slik som sist, han slo på klippen. No også fløymde det ut vatn. Likevel gjorde ikkje Moses det på rette måten og vart straffa for det.

Klippen er Kristus og den har vorte slått ein gong, då Jesus døde for oss. Det er nok. Men no skal vi tale til klippen.

Dei to speidarane, Josva og Kaleb, hadde trua si ånd. Josva heldt seg til openberrings-teltet. Leia israelsfolket i kampen mot amalekittane, medan Moses stod på fjellet med løfta hender. 

Gud sette i kyrkjelyden ….. Mykje fint kan seiast om Josva, slike leiarar treng vi.

4MO 27,15 – 4MO 27,23   Moses sa til Herren: 16 “Herre, du Gud som rår over ånda i kvar levande skapning, du må setja ein annan mann over folket, [rår over ånda: rår for liv og død.] 17 ein som kan gå føre dei både heime og borte og føra dei ut og inn, så Herrens folk ikkje skal vera som ein saueflokk utan gjætar.” 18   Då sa Herren til Moses: “Ta Josva Nunsson, ein mann som det er ånd i, og legg handa på hovudet hans! 19 Før han fram for presten Elasar og for heile Israels-lyden, og set han inn i tenesta medan folket er til stades. 20 Gjev han noko av den agen du har med deg, så heile Israels-folket må lyda han. 21 Men han skal gå fram for presten Elasar, som for Herrens åsyn skal bruka urim og søkja avgjersler for han. På hans ord skal dei fara ut, og på hans ord skal dei fara heim, både Josva og alle israelittane, heile Israels-lyden.” 22   Moses gjorde som Herren baud. Han tok Josva og førte han fram for presten Elasar og for heile Israels-lyden. 23 Og Elasar la hendene på han og sette han inn i tenesta, som Herren hadde sagt gjennom Moses.  

Moses profeterte om at Gud skulle reise opp ein slik profet som han, ein mellommann mellom Gud og mennesket: Jesus.

Josva er førebilete på Jesus. 

Innta det lova landet. Ein mann som det er ånd i. Hyrding: …fara ut …. Fara heim.  

SLM 23,1 – SLM 23,6 {HERREN ER MIN HYRDING}  Ein Davids-salme   Herren er min hyrding,  det vantar meg ingen ting. 2   Han lèt meg liggja i grøne enger;  han fører meg til vatn der eg finn kvile, 3   og gjev meg ny kraft.   Han leier meg på dei rette stigar  for sitt namn skuld. 4   Om eg så går i dødsskuggens dal,  ottast eg ikkje for noko vondt.  For du er med meg.  Din kjepp og din stav, dei trøystar meg. [i dødsskuggens dal: kan òg setjast om “i mørkaste dal”.]  5   Du dukar bord åt meg  framfor augo på mine fiendar.  Du salvar mitt hovud med olje;  mitt staup fløder over. [mitt staup: -> 16, 5.]  6   Berre godleik og miskunn  skal fylgja meg alle mine dagar,  og eg skal bu i Herrens hus  i lange tider.  

Aktuelle bibelvers.

2MO 17,1 – 2MO 17,7 {VATN OR BERGET}  Så tok heile Israels-folket ut frå Sin-øydemarka og fór dagslei etter dagslei, som Herren baud dei. Sidan slo dei leir i Refidim. Men der fanst det ikkje vatn så folket kunne få drikka. 2 Difor tretta folket med Moses og sa: “Gjev oss vatn, så vi får drikka!” Moses svara: “Kvifor trettar de med meg? Kvifor set de Herren på prøve?” 3 Men folket tyrsta etter vatn. Dei murra mot Moses og sa: “Kvifor har du ført oss opp frå Egypt? Vil du at vi og borna våre og feet vårt skal døy av torste?” 4 Då ropa Moses til Herren og sa: “Kva skal eg gjera med dette folket? Det er ikkje lenge før dei steinar meg!” 5 Herren sa til Moses: “Far føre folket saman med nokre av dei eldste i Israel! Ta med deg staven som du slo på elva med, og gå! 6 Så skal du få sjå meg stå framfor deg på berget ved Horeb. Når du slår på berget, skal det strøyma fram vatn, så folket får drikka.” Moses gjorde som Herren sa, medan dei eldste i Israel såg på. 7 Den staden kalla dei sidan Massa og Meriba. For der tretta israelittane med Moses, og der sette dei Herren på prøve då dei sa: “Er Herren mellom oss eller ikkje?” [Massa: “prøve”.] [Meriba: “trette”.]  

4MO 20,1 – 4MO 20,13 {VATN OR BERGET}  I den fyrste månaden kom israelittane i samla flokk til Sin-øydemarka, og dei gav seg til i Kadesj. Der døydde Mirjam, og der vart ho gravlagd. 2   Då folket ikkje hadde vatn, slo dei seg saman mot Moses og Aron. 3 Dei tretta med Moses og sa: “Gjev vi hadde fått døy liksom landsmennene våre døydde for Herrens åsyn! 4 Kvifor har de ført Herrens folk ut i denne øydemarka når vi må døy her, både vi og feet vårt? 5 Kvifor førte de oss ut or Egypt og lét oss koma til denne skarve staden, ein stad der det korkje finst korn eller fiken, vintre eller granateple, ja, ikkje eingong drikkevatn?” 6   Moses og Aron kom seg unna folkehopen og gjekk bort til møteteltdøra. Der kasta dei seg ned med andletet mot jorda. Då synte Herrens herlegdom seg for dei, 7 og Herren sa til Moses: 8 “Ta staven! Så skal du og Aron, bror din, kalla folket saman og tala til berget medan dei ser på. Då skal det gje frå seg vatn. Såleis skal de få vatn til å strøyma fram frå berget og la både folk og buskap få drikka.” 9   Moses gjorde som Herren sa. Han tok staven som låg for Herrens åsyn. 10 Og han og Aron kalla folket saman framfor berget og sa til dei: “Høyr no, de stridnakkar! Trur de at vi kan få vatn til å strøyma fram åt dykk frå dette berget?” 11 Så lyfte Moses handa og slo to gonger på berget med staven sin. Då strøymde det fram så mykje vatn at både folket og buskapen fekk drikka. 12   Men Herren sa til Moses og Aron: “Fordi de ikkje trudde på meg og ikkje lét israelittane sjå kor heilag eg er, difor skal ikkje de få føra dette folket inn i det landet eg har gjeve dei.” 13   Dette var Meriba-kjelda, der israelittane tretta med Herren, og der han synte dei kor heilag han er. [Meriba: “strid, trette”. Sml. 27, 14.]  

JOH 7,37 – JOH 7,39   Siste dagen i høgtida, den store festdagen, stod Jesus fram og ropa: “Den som tyrstar, skal koma til meg og drikka. 38 Den som trur på meg, frå hans indre skal det, som Skrifta seier, renna elvar med levande vatn.” 39 Dette sa han om Anden dei skulle få, dei som trudde på han. For endå var ikkje Anden komen, av di Jesus endå ikkje var herleggjord.

ÅPE 22,17 Anden og brura seier: “Kom!” Og den som høyrer det, skal seia: “Kom!” Den som tyrstar, skal koma, og den som vil, skal få livsens vatn for inkje.

HEB 3,7 – HEB 3,8 {I DAG, OM DE HØYRER HANS RØYST}  Difor, som Den Heilage Ande seier:  I dag, om de høyrer hans røyst, 8   så gjer ikkje hjarto dykkar harde  som den gongen fedrane dykkar trassa meg,  den dagen dei eggja meg i øydemarka.

HEB 4,1 – HEB 4,2 {GUDS FOLK HAR EI KVILE I VENTE}  Sidan lovnaden om å få koma inn til Guds kvile enno ikkje er oppfylt, må vi vera på vakt, så ikkje det skal henda at nokon av dykk vert liggjande etter. 2 For den glade bodskapen er forkynt både for oss og for dei. Men ordet dei høyrde, gagna dei ikkje, fordi det ikkje ved trua vart eitt med dei som høyrde det.

1KO 10,1 – 1KO 10,4 {ISRAEL I ØYDEMARKA, EI ÅTVARING FOR OSS}  Eg vil ikkje, brør, at de skal vera uvitande om dette: Fedrane våre i øydemarka var alle under skya, og gjekk alle gjennom havet. 2 Alle vart døypte til Moses i skya og i havet, 3 og alle åt dei den same åndelege maten 4 og drakk den same åndelege drikken. For dei drakk av det åndelege berget som fylgde dei; og berget var Kristus.

JES 12,2 – JES 12,4   Sjå, Gud er mi frelse,  eg er trygg og ottast ikkje.  For Herren er mi kraft og min styrke,  og han har vorte mi berging. 3   Med fagnad skal de ausa vatn  or frelseskjeldene.  4   Og den dagen skal de seia:  Lovpris Herren og kall på hans namn!  Kunngjer hans gjerningar mellom folka,  forkynn at hans namn er opphøgt!

MTT 25,1 – MTT 25,13 {DEI TI BRURMØYANE}  Då kan himmelriket liknast med ti brurmøyar som tok lampene sine og gjekk ut og ville møta brudgomen. 2 Fem av dei var uvituge, og fem var kloke. 3 Då dei uvituge tok lampene sine, tok dei ikkje olje med seg. 4 Men dei kloke tok olje med seg i kanner attåt lampene sine. 5 Då det drygde før brudgomen kom, vart dei alle trøytte og sovna. 6   Men midt på natta høyrdest eit rop: “Brudgomen kjem! Gå og møt han!” 7 Då vakna alle brurmøyane og stelte lampene sine. 8 Og dei uvituge sa til dei kloke: “Lat oss få litt olje av dykk; lampene våre sloknar.” 9 “Nei,” svara dei kloke, “vi har ikkje nok både til oss og dykk. Gå heller til dei som sel, og kjøp sjølve.” 10   Medan dei var borte og ville kjøpa, kom brudgomen. Dei som var ferdige, gjekk saman med han inn til bryllaupet; og døra vart stengd. 11 Ei stund etter kom dei andre brurmøyane og sa: “Herre, herre, lat opp for oss!” 12 Men han svara: “Sanneleg, det seier eg dykk: Eg kjenner dykk ikkje.” 13 Så vak då, for de kjenner ikkje dagen eller timen.   

LUK 21,25 – LUK 21,33 {MENNESKESONEN KJEM}  Det skal syna seg teikn i sol og måne og stjerner, og på jorda skal folka verta gripne av redsle og rådløyse når hav og brotsjøar dyn. 26 Folk skal forgå av redsle og gru for det som kjem over jorda. For kreftene i himmelrømda skal skakast. 27 Då skal dei sjå Menneskesonen koma i skya med stor makt og herlegdom. 28 Men når dette tek til å henda, då rett dykk opp og lyft hovudet! For utløysinga dykkar er nær.   29 {LÆR AV FIKENTREET!}  Så fortalde han dei ei likning:  Sjå på fikentreet og alle andre tre. 30 Når de ser at lauvet sprett, då veit de at sommaren er nær. 31 Såleis òg når de ser at dette hender, då veit de at Guds rike er nær. 32 Sanneleg, det seier eg dykk: Denne ætta skal ikkje forgå før alt dette hender. 33 Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal aldri forgå.   

1TE 4,17 – 1TE 4,18 Så skal vi som har vorte att og enno lever, saman med dei rykkjast opp i skyene, i lufta, og møta Herren. Og så skal vi alltid vera saman med Herren. 18 Trøysta kvarandre med desse orda! 

1TE 5,1 – 1TE 5,6   Men om tider og timar treng vi ikkje skriva til dykk, brør. 2 For de veit godt at Herrens dag kjem som ein tjuv om natta. 3 Når dei seier: “Fred og ingen fare”, då kjem undergangen over dei, brått som riene over ei kvinne som skal føda. Og dei skal ikkje sleppa unna. 4 Men de, brør, er ikkje i mørkret, så dagen skulle koma uventa på dykk som ein tjuv. 5 For de er alle born av ljoset og born av dagen; vi høyrer ikkje natta eller mørkret til. 6 Så lat oss ikkje sova som dei andre, men vaka og vera edrue!

1KO 15,50 – 1KO 15,57 Men det seier eg, brør: Kjøt og blod kan ikkje arva Guds rike, og forgjengelegdom skal ikkje arva uforgjengelegdom. 51 Sjå, eg seier dykk ein løyndom: Vi skal ikkje alle sovna av, men vi skal alle verta omskapte, 52 i hast, i ein augneblink, når den siste luren ljomar. For luren skal ljoma, og dei døde skal stå opp uforgjengelege, og vi skal verta omskapte. 53 For dette forgjengelege må verta ikledt uforgjengelegdom, og dette døyelege ikledt udøyelegdom. 54 Men når dette forgjengelege er ikledt uforgjengelegdom, og dette døyelege er ikledt udøyelegdom, då vert det ordet oppfylt som står skrive: Døden er gløypt og sigeren vunnen. 55 Død, kvar er din brodd? Død, kvar er din siger? 56 Brodden i døden er synda, og krafta i synda er lova. 57 Men Gud vere takk, som gjev oss siger ved vår Herre Jesus Kristus!

Kommentar.

Eg forstår det slik at bodskap 1A er til meg og til oss, i bodskap 1B og 2A hjelper Jesus meg med mi takkebøn. Bodskap 2B er til henne Virtuella.

Be i Jesus namn. Prioriteringa og logikken i bønna.

Eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone sidan eg var ung og han har svart meg positivt på det heile tida, det er inkluderte i det fullførde frelsesverket. Eg tenker meg at det er ei prioritetsordning, første prioritet er å be Jesus frelse menneska, andre prioritet er å be han gi meg ei frelst kvinne til kone. Så då blir vel det å be i Jesu namn. Det stemmer også med at vi skal søke fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal vi få alt det andre i tillegg til det. 

Jesus sa han ville gjere meg til ein kanal for si velsigning og så sende han meg tilbake til Oslo med ein frigjerande bodskap, eg skulle gå med ein bodskap om gjenoppretting. Han sa eg skulle glede meg i han og lovprise han for frelsa, så ville han gi meg det som mitt hjarte attrår. Eg skulle søke han av heile mitt hjerte, eg skulle sjå til at mitt hjarte var heilt med han. 

Jesus er min frelsar og Herre, Herren er min Gud, han har først prioritet i mitt liv. Når eg så bad for ein kvinne som eg lika, fekk eg oppleve at Jesus openberra seg for meg og for henne, den Heilage Ande herleggjorde openberra Kristus for oss som vår frelsar og Herre. Når eg erkjente i mitt stille sinn og i mitt hjerte i bønn til Gud at eg ville ha henne til kone, så var då ved at eg i hjerte og sinn vende meg til Herren. For eg var reinsa i Jesu blod og vart fylt av den Heilage Ande, så eg hadde samfunn med Faderen og sonen i den Heilage Ande. Derfor var dette rett for meg, det var i samsvar med hjerteomskjeringa i den Heilage Ande og det gode samvits pakt med Gud med grunnlag i Jesu oppstode frå dei døde.

Mi bøn for Virtuella og Reella.

Dette opplevde eg først i forhold til henne Virtuella, eg vedkjende for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri, med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for den kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande, slik fekk eg openberringa. Menge år seinare gjekk eg til forbønn i dFEF i M40 i Oslo og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande. Så oppdaga eg henne Reella og vedkjende for Gud at eg syntes ho var så vakker at om eg kunne få henne til kone, så ville eg ha henne. Så dreiv den Heilage Ande meg slik at eg møtte på henne og erkjente i mitt stille sinn ”der er ho”, då kom openberringa. Sidan var det viktig for meg å tenke slik i mitt hjerte og mitt sinn og hugse på henne i mi bøn til Gud, i samsvar med denne prioritetsordninga, først og fremst be han frelse henne, så kom mitt ynskje om å få henne til kone.

Lovnaden, den glade bodskapen, det beste for mann og kvinne.

Alle som tok imot Jesus gav han rett til å verte Guds born, fødde av vatn og Ande. Det er ved at vi trur på han. Vi er Guds verk, skapte i Kristus. Gud frelser oss i Kristus, velsigner oss i han og elskar oss i han. Eg og mange andre meiner det er det beste som har hendt oss. Det er ikkje berre tankar og teori, for Gud er ånd og hans rike er ein åndeleg røyndom og vi opplever det i våre hjarte og vårt sinn og vår indre menneske, det er sanning i oss. Vi er i Kristus og han er i oss, han er sanninga som set oss fri. 

Så når vi forkynner evangeliet for andre menneske, hevdar og meiner vi at det er det beste vi har å tilby dei, fordi Gud gav oss det av berre nåde og han vil gi dei det også, av berre nåde, ved trua på Jesus. Og når eg frir til ei kvinne på denne måten, at eg først og fremst vil at ho skal verte frelst og dernest vil ha henne til kone, så held eg det for å vere det beste eg kan tilby noko menneske. Om ho svarar ja, både til å verte frelst og til å verte kona mi, så reknar eg det også for å vere det beste ho kan tilby meg. Men dette er sjølvsagt ikkje som vanleg kjøp og sal, med forhandling og pruting, for det mest verdifulle og mest avgjerande er det som Gud gir oss gratis av berre nåde, ved korsets fot finn vi den ekte kjærleiken, derfor skal vi glede oss. Denne kjærleiken skal vere mellom oss.

Så i samsvar med korleis eg har bedt og korleis han har svart meg, så takker eg han for at han frelser kvinner og bevarer dei hos seg og så ynskjer eg at han gir meg ei kone ved at han frelser henne og bevarer henne hos seg. Nettopp på den måten skal eg heilhjarta halde meg til Herren, han har sagt eg skal søke han av heile mitt hjerte, eg skal sjå til at mitt hjerte er heilt med han. Ja, mi hendsikt og mi innstilling er då at ho framleis skal vere eit Guds barn og at ho skal verte frelst. Og det er ikkje berre tome ord. For håpet om Guds herlegdom gjer oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik er utrent i våre hjarte ved den Heilage Ande som er oss gitt. Slik har eg fått oppleve at Faderen elskar henne som sitt barn og Kristus elskar henne som si brud. Gud elskar oss i Kristus, han elskar meg i Kristus og slik elskar han gjennom meg. At han elskar meg, heng saman med at han elskar dei andre.

Prioriteringa, logikken i mi bøn for henne Virtuella.

Eg tenker på den tida då eg gjekk på gymnaset og vart kjend med henne Virtuella og med det same eg møtte henne igjen i Bergen, då var det ei glede og ein lovsang i mitt hjerte at ho var eit Guds barn, som levde i eit kjærleiksforhold til Faderen og i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud. Guds kjærleik var mellom oss og den var rett. At eg vart så glad i henne og yngste å få henne til kjæraste og til kone, hang saman med at eg av hjerte vende meg til Herren og heilhjarta heldt meg til han. Men om eg no skal prøve å tenke på same måten og legge saka fram for Gud, så er det litt problematisk, eg får meg liksom ikkje heilt til å ynskje det av hjertet. For ho sa då nei til mitt frieri og ho fall ifrå og ho har vore gift med ein annan mann i om lag 40 år. Skulle eg kanskje fri til henne no igjen då, for å få henne til å skilje seg frå mannen sin, for å vende om til Kristus? Det er vel ikkje akkurat rett måten å gjere det på?! 

Men rette måten å gjere det på, er å bruke denne prioritetsordninga, gi Jesus første prioritet i våre liv, første prioritet er at han frelser. Første prioritet for meg i denne saka er at han frelser ei kvinne, andre prioritet er at han gir meg ei frelst kvinne til kone. Slik skal eg heilhjarta halde meg til han.

Nederlag etter nederlag.

Om eg tenker på henne og ber for henne, merkar eg ikkje så mykje av den same herlege gleda og lovsongen i mitt hjerte og etter det som vart sagt i denne bodskapen er ho ikkje fri, men Jesus vil setje henne fri:

Du som er lei deg og lid nederlag og er fortvila over din situasjon, løft blikket presist kvar du befinn deg, sjå opp til han som elskar deg. Om du har vore trulaus, så er han trufast, han kan ikkje svikte kva han har lova. Han har lova å gjenløyse deg. Og når du kallar på han på nødens dag, så skal han løyse deg og setje deg fri. Han skal løfte deg opp igjen. Om du har tapt slag etter slag, så skal eg, Herren, gi deg sigersgnisten tilbake. For eg, Herren, eg er den som nemner det som ikkje er til, som om det var til.”

 Det som Jesus seier her er det rette svaret til henne, ho treng å løfte blikket opp til han som elskar henne og det er Jesus Kristus. 

2KO 3,15 – 2KO 3,18 Ja, heilt til denne dag ligg det eit sveip over hjarta deira når Moses vert lesen. 16 Men når dei vender om til Herren, vert sveipet bortteke. 17 Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom. 18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.

Etter syndefallet sette Gud strid mellom ormen si ætt og kvinna si ætt, han skulle hogge henne i hælen, men ho skulle krase hovudet hans. Og Kristus sigra over han med sin død på korset og han sigra over døden, Faderen vekte han oppatt frå dei døde. Det er det vi må nytte oss av, ved å sette vår tru og tillit til Kristus. Så kva er problemet? At kvinna framleis let seg dåre og forføre slik som ved syndefallet, ormen lokka henne med at de skal ikkje døy om de et av kunnskapstreet, men de skal verte liksom Gud og kjenne godt og vondt. Slik har ho prøvt å forgude seg med sin kunnskap, men resultatet er at ho taper i striden mot ormen.

Lovnaden står ved lag og gjeld for henne Virtuella også.

Men Gud er den same og hans Ord og lovnadar står ved lag. Alle som tok imot Jesus gav han rett til å verte Guds born, fødde av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd. Jesus gir oss livets vatn gratis av berre nåde, utan krav om gjerningar, det er berre å tru på han og ta imot i tru. Har vi teke imot han, så vi har hans Ande, då er vi frelst og tilhøyrer han. Då skal vi også leve for han. Er vi fødde av Anden, då er vi Guds born og skal leve i fridomen i barnekåret hos Gud. Ved å tru at Gud vekte Jesus opp frå dei døde, vert vi rettferdige for Gud. Den rettferdige, ved tru skal han leve. Då lever vi av livets brød, som Gud gir oss frå himmelen, slik det er symbolisert i nattverden. Vi må ete det, så vi får oppleve at Jesu ord er ånd og liv for oss.  Og så må vi ære og takke han for det.

Desse lovnadane gjeld for henne også, det spørst berre om ho vil ta imot i tru og så ære og takke Faderen og Sonen. Kristus kallar på henne igjen og då er det opp til henne om ho vil seie ja eller nei til kallet, det er opp til henne å forstå det slik som ho vil og det vert hennar ansvar å forstå det rett og velje rett. 

Eg vil halde fram med å velsigne henne Virtuella fordi ho tok imot velsigninga Gud gav oss i Kristus, når ho var ung. Men om ho vil ta imot Kristus og velsigne han og verte velsigna slik som då, det er opp til henne. Dersom ho Virtuella ikkje vil ta imot Jesus, velsigne han og verte velsigna og soleis verte til velsigning, så er det ingen som kan gjere noko med det. Men eg kan halde fram med å velsigne han og verte velsigna og verte til velsigning, vere kanal for hans velsigning, vende huge opp til han og ta imot det som han gir meg frå det høge, verte fylt av den Heilage Ande. Og så ventar eg meg at han gir meg ei kone ved gjenfødinga.

Komme til Jesus slik som vi er.

Alle og ein kvar av oss må komme til Jesus slik som vi er, ingen kan komme med noko tilleggskrav. Er vi frelst, så tilhøyrer vi Jesus og skal leve for han og då kallar han oss til seg og utrustar oss til det, ved sitt ord og sin Ande. Då må vi også vende oss til han, høyre på han og følgje hans kall. Han gjer oss til menneskefiskarar på sin måte. Det er ikkje slik at dersom du vil leve for han, så må du verte pastor, prest, predikant, diakon eller misjonær, gå på bibelskule eller gjennomføre eit teologistudie for å verte kompetent til å leve for Kristus. Dersom dei ikkje vil godta meg slik som eg er, ikkje vil godta at eg får komme til Jesus slik som eg er, så skal eg i alle fall ikkje inn på nokon av dei bibelskulane eller teologistudia deira. Det har forresten ikkje vore aktuelt for meg uansett. For eg får komme til Jesus slik som eg er og vert opplærd som hans disippel. Det er heller ikkje slik at du treng å verte politisk engasjert. Du kan vel ha eit heilt vanleg ”verdsleg” yrke. Eg har vore fiskar og eg har studert realfag og gjennomført praktisk pedagogisk undervisning (PPU).

Prioritetsordninga, logikken i mi bøn for henne Reella.

Jesus sa han ville gjere meg til ein kanal for si velsigning og så sende han meg til Oslo med ein frigjerande bodskap. Igjen minner han meg om å verte fylt av den Heilage Ande, det er vel nettopp det som er den åndelege velsigninga, så det er ved fylden av Heilage Ande at eg vert kanal for hans velsigning. Jesus gir oss ånd og liv og vekker oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen, velsigninga er at vi får komme inn att i samfunnet med Gud og får oppleve at han gjer sitt verk i våre liv, ved sitt Ord og sin Ande, i samsvar med 1.Mos.2. Paulus sa at vi skulle la Anden råde i vår døyelege lekam, den openberrar Ordet for oss, når Ordet ved trua smeltar saman med oss i våre hjarto, så får vi komme inn til Guds kvile, slik skal vi innta det lova landet. Det er målet og hendsikta, mannen skulle dyrke og verne Guds hage og det var det kvinna skulle hjelpe han med. Så med velsigninga gir han meg venteleg hjelp i form av ei kone i samsvar med 1.Mos.2.

Eg har fortalt at eg bad på liknande måte for henne Reella og fekk oppleve at Jesus svarde meg. Ho studerte biologi og etter PPU kalla han meg til å studere biologi. Dette semesteret har eg meldt meg til å ta oppatt ein eksamen i kvantekjemi og ein i vidaregåande cellebiologi, men eg har jobba fint lite med det, så det vert nok berre det siste, cellebiologien. Det er klart at her vert det spørsmål om å prestere noko, men i det eg gir Jesus første prioritet i mitt liv, så må eg prioritere det som han gir meg av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar, eg må prioritere å la han gjere sitt verk med meg og med oss. Når eg studerer gjer eg mitt verk, samtidig som eg let han gjere sitt verk og då har eg den innstillinga at eg tener han med det, oppgåva er framleis å dyrke og verne Guds hage. 

Eg tenkte på liknande vis om henne Reella og bad for henne, eg yngste av hjertet at Jesus skulle frelse henne, som fyrste prioritet og så yngste eg å få henne til kjæraste og kone som andre prioritet. Og dette vedkjende eg av eit ærleg og oppriktig hjerte for Jesus i mitt hjerte og mitt sinn, i mi stille bøn til han og fekk oppleve at han svarde meg. Dette var på slutten av 1980-talet. Sidan følte eg at eg kunne ikkje gløyme henne og det hang også saman med at den Heilage Ande minna meg om henne. Jesus sa til meg at ansinitet og utdanning hadde mindre betyding for han, men det verda trengde, var mitt varme hjarte. Så eg heldt fram med å be for henne på denne måten og velsigne henne og det vil eg framleis gjere. 

Etter at eg kom tilbake til Oslo i 2009 og byrja å gå på møte i Maranata, skreiv eg om korleis eg hadde bedt for henne Virtuella og henne Reella og korleis hadde opplevt at Jesus svarde meg og no sa Jesus til meg at han gir meg ei herleg og vidunderleg kvile i mitt hjerte og mitt sinn, som overgår min forstand. Då tenkte eg fyrst på henne Virtuella og så på henne Reella. Eg forstod at det var ved fylden av den Heilage Ande. Gud gjer sitt verk med meg og med oss ved sitt Ord og sin Ande, ikkje ved hær og ikkje ved makt, men ved Guds Ande. Så det er berre om å gjere for meg å verte fylt av den Heilage Ande.

Søke Herren kvar morgon. Når han frelser, skaper han noko som står til evig tid. Menneske kan ikkje legge til noko eller ta noko ifrå.

Jesus sa til meg at eg skulle legge inn det giret at eg søker han kvar morgon, gå ut og vitne for folk i nabolaget, der er folk som treng nokon å snakke med. Ja, så tenkte eg at eg skulle legge inn det giret for å lese til eksamen også, men det har det ikkje vorte mykje av. Eg har prata med nokre få karar og vitna for dei. Elles har eg vore mest oppteken av å vitne ved å skrive på facebook og legge ut artiklar på blogge-sida mi. 

Eg visste at ho Reella studerte biologi, sidan eg såg at ho gjekk ned mot biologibygget og eg møtte henne igjen der. Og når Jesus leia meg til å byrje å studere biologi, såg eg det som svar på mi bønn for henne. No har eg tenkt å byrje å lese til denne biologieksamenen igjen og då vil eg sjå det på denne måten og be for henne på denne måten. Det er viktig for meg å verte motivert av denne kjærleiken og verte driven av den Heilage Ande også når eg studerer. Etter det som Jesus sa til meg, om at verda treng mitt varme hjarte, er det faktisk viktigare enn sjølve studiane og å oppnå gode resultat i studiane. Det viktigaste er ikkje kva eg gjer og presterer, men at ved trua på Jesus fekk eg den Heilage Ande av berre nåde, utan krav om gjerningar, Jesus gir meg livets vatn gratis. Med glede får vi ause or frelseskjelda. Når Gud frelser menneske, skaper han noko som står til evig tid, menneske kan ikkje legge til noko eller ta noko ifrå. Men eg får oppleve at Gud gjer sitt verk med meg og med oss ved sitt Ord og sin Ande. Det er det viktigaste, det har størt betyding.

Jesus gav oss ikkje ei ånd som verkar missmod, men ei ånd som verkar kraft, kjærleik og visdom.

Jesus gir oss framtid og håp, men vi må vende hugen og blikket opp til han og sjå fram til at han kjem att og hentar oss heim til seg.

Når Gud vende lagnaden til israelsfolket, vende han lagnaden for dei andre folka også, det er førebilete på evangeliet som skulle forkynnast for alle folk, dermed er det også førebilete på Jesu gjenkomst.

JER 29,1 – JER 29,14 {BREVET TIL DEI BORTFØRTE I BABYLONIA}  Såleis lydde det brevet profeten Jeremia sende frå Jerusalem til dei eldste som var att mellom dei bortførte, og til prestane og profetane og alt det folket som Nebukadnesar hadde ført bort frå Jerusalem til Babylonia. 2 Det var etter at kong Jekonja hadde fare bort frå Jerusalem saman med kongsmora og hoffmennene, hovdingane i Juda og Jerusalem, handverkarane og smedane. 3 Brevet vart frambore av Elasa Sjafansson og Gemarja Hilkiason, som Juda-kongen Sidkia sende til Babylonia, til babylonarkongen Nebukadnesar, og det lydde så: 4   Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud, til alle dei som eg har ført bort frå Jerusalem til Babylonia: 5 Bygg dykk hus og bu i dei, planta hagar og et frukta or dei! 6 Ta dykk koner og få søner og døtrer! Finn koner til sønene dykkar og gift bort døtrene dykkar, så dei kan få søner og døtrer. De skal auka i tal der og ikkje minka. 7 Og sjå til at det må gå den byen vel som eg har ført dykk bort til, og bed til Herren for han! For når det går han vel, går det dykk vel òg. 8   Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Lat dykk ikkje narra av profetane og spåmennene som er hjå dykk, og bry dykk ikkje om det de drøymer! 9 For det er lygn det dei spår dykk i mitt namn. Eg har ikkje sendt dei, lyder ordet frå Herren. 10   Så seier Herren: Når sytti år er lidne for Babylonia, skal eg sjå til dykk. Då vil eg gjera det eg har lova, og føra dykk heim att til denne staden. 11 For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar. Eg vil gje dykk framtid og von. 12   Når de kallar på meg og kjem til meg med bønene dykkar, vil eg høyra på dykk. 13 Når de søkjer meg, skal de finna meg. Ja, søkjer de meg av eit heilt hjarta, 14 lèt eg dykk finna meg, seier Herren. Så vil eg venda lagnaden dykkar og samla dykk frå alle dei folk og stader som eg har drive dykk bort til, lyder ordet frå Herren. Og eg vil la dykk koma heim att til den staden eg førte dykk bort ifrå.

2TI 1,5 – 2TI 1,10 Eg kan ikkje gløyma den ærlege trua di. Denne trua budde i Lois, mormor di, og i Eunike, mor di, og eg er viss på at ho bur i deg òg. 6   Difor vil eg minna deg om dette: Kveik på nytt den nådegåva frå Gud som er i deg, den du tok imot då eg la hendene på deg! 7 For Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus, men ei ånd som gjev kraft og kjærleik og visdom. 8 Du skal ikkje skjemmast ved vitnemålet om vår Herre, og heller ikkje ved meg, som er fange for hans skuld. Men lid vondt for evangeliet, du òg, med den kraft som Gud gjev. [fange: Paulus skriv brevet frå fengslet i Roma. Sjå 1, 16 f; 4, 16.] 9 Han har frelst oss og kalla oss med eit heilagt kall, ikkje på grunn av gjerningane våre, men etter sin eigen vilje og nåde. Det er den nåden som er oss gjeven i Kristus Jesus frå æva av, 10 og som no har vorte openberra då vår frelsar, Kristus Jesus, kom til jord. Han har gjort døden til inkjes og ført liv og udøyelegdom fram i ljoset ved evangeliet.

Posted in Kristendom, Kristne møte 2019 | Leave a comment

2019.04.19 & 22. Påskefeiring i Maranata.

Langfredag. 

Tale ved Tore Kristiansen.

Etter nattverden song dei lovsangen.

MTT 26,30 {I GETSEMANE}  Då dei hadde sunge lovsongen, gjekk dei ut til Oljeberget. [lovsongen: Salmane 113-118, som dei song i to avdelingar når dei heldt påskemåltid.]

SLM 113,1 – SLM 113,9 {HAN REISER DEI RINGE OR STØVET}  Halleluja!  Syng lovsong, Herrens tenarar,  lovsyng Herrens namn! 2   Lova vere Herrens namn  frå no og til evig tid! 3   Frå solrenning til soleglad  skal Herrens namn vera lova. [Frå solrenning til soleglad: frå aust til vest, dvs. over heile jorda.]  4   Opphøgd er Herren over alle folkeslag,  over himmelen er hans herlegdom. 5   Kven er som Herren vår Gud,  han som tronar i det høge, 6   som ser ned i det djupe,  i himmelen og på jorda?  7   Han reiser dei ringe or støvet,  lyfter dei fattige or oska 8   og sessar dei saman med stormenn,  med hovdingane i sitt folk. 9   Barnlaus kvinne lèt han bu i huset  som lukkeleg mor til ein barneflokk.  Halleluja!  

SLM 114,1 – SLM 114,8 {DÅ ISRAEL DROG UT OR EGYPT}  Då Israel drog ut or Egypt,  då Jakobs ætt tok ut frå eit folk  som tala eit framandt språk, 2   vart Juda Herrens heilagdom  og Israel hans rike.  3   Sjøen såg det og rømde,  Jordan snudde og rann tilbake. [Sjøen: Sevsjøen.] 4   Fjella hoppa som verar  og haugane som lam.  5   Kva har hendt deg, sjø, sidan du rømer?  Kvifor renn du tilbake, Jordan? 6   De fjell, kvifor hoppar de som verar,  de haugar, kvifor spring de som lam?  7   Skjelv for Herrens åsyn, du jord,  skjelv for Jakobs Gud, 8   han som gjer berget til eit vatn  og harde fjellet til ei kjelde.  

Palmesøndag; Jesus reid inn i Jerusalem på ein asen-fole, sjølv om ingen hadde ride på den før, var den heilt roleg og lydde han.

5MO 25,17 – 5MO 25,19 {STRAFFA OVER AMALEKITTANE}  Kom i hug kva amalekittane gjorde mot deg den gongen de var på ferda frå Egypt. 18 Dei kom imot deg på vegen då du var trøytt og sliten, og utan age for Gud hogg dei ned alle i baktroppen som hadde vorte liggjande etter. 19 Når Herren din Gud lèt deg få ro for alle fiendar rundt ikring i det landet Herren din Gud gjev deg til odel og eige, skal du rydja ut minnet om amalekittane under himmelen. Gløym ikkje det!  

2MO 17,8 – 2MO 17,16 {STRIDEN MED AMALEKITTANE}  Sidan kom amalekittane til Refidim og gav seg i strid med israelittane. 9 Då sa Moses til Josva: “Vel deg ut ein flokk menn, ta i veg og hald slag med amalekittane! I morgon skal eg stå øvst på haugen med gudsstaven i handa.” 10 Josva gjorde som Moses sa, og tok opp striden med amalekittane. Samstundes steig Moses, Aron og Hur opp på toppen av haugen. 11 Då gjekk det så at så lenge Moses heldt handa i veret, hadde israelittane overtaket. Men når han lét handa siga, var amalekittane dei sterkaste. 12 Men så tok Moses til å trøytna i hendene. Då fann dei ein stein og la til rettes for han; den sette han seg på, og Aron og Hur stødde hendene hans, ein på kvar side. Så var hendene hans støe heilt til sola gladde. 13 Såleis vann Josva over amalekittane og hæren deira med kvasse sverdet. 14   Sidan sa Herren til Moses: “Skriv dette opp i ei bok, så det ikkje går dykk or minne, og ta det opp att for Josva! For eg vil rydja ut minnet om amalekittane frå jorda.” 15 Då bygde Moses eit altar og kalla det “Herren er hærmerket mitt”. 16 Og han sa: “Ei hand er rett ut frå Herrens høgsete. Han skal strida mot amalekittane frå ætt til ætt.”  

På palmesøndag ropte folket ”hosianna”, nokre dagar seinare ropte dei krossfest. Israelsfolket kjempa mot amalekittane, mot kjøt og blod,  men vi har kamp mot vondskapens åndehær. To mann støtta opp under Moses sine armar, men Jesus vart igjen åleine.

EFE 6,10 – EFE 6,20 {GUDS FULLE RUSTNING}  Til sist: Vert sterke i Herren og i hans veldige kraft! 11 Ta Guds fulle rustning på, så de kan stå dykk mot djevelens lumske åtak. 12 For vi har ikkje strid mot kjøt og blod, men mot makter og herredøme, mot verdsens herrar i dette mørkret, mot vondskapens åndehær i himmelrømda. 13 Ta difor Guds fulle rustning på, så de kan gjera motstand på den vonde dagen, vinna over alt og verta ståande. 14 Så stå då med sanninga til belte om livet og rettferda til brynje, 15 og lat fredens evangelium gjera dykk budde til å gå i strid. 16 Ta framfor alt trua til skjold! Med det kan de sløkkja alle gloande piler frå den vonde. 17 Og ta frelsehjelmen og Andens sverd som er Guds ord. 18 Gjer dette i bøn, og legg alt fram for Gud! Bed alltid, i Anden! Vak og hald ut i bøn for alle dei heilage. 19 Bed for meg òg, at eg må få dei rette ord når eg skal tala, så eg med frimod kan forkynna løyndomen i evangeliet, 20 som eg er sendebod for her i fengslet òg. Bed om at eg ved evangeliet må få frimod til å tala som eg skal.  

KOL 2,14 – KOL 2,15 Og han strauk ut skuldbrevet mot oss, det som var skrive med lovbod og gjekk oss imot; han tok det bort då han nagla det til krossen. 15 Han avvæpna maktene og herredøma og stelte dei fram til spott og spe då han synte seg som sigerherre over dei på krossen.  

SLM 22,13   Sterke oksar kringset meg,  Basan-stutar flokkar seg rundt meg. [Basan-stutar: store, sterke oksar; her bilete på vonde menneske. Sml. Am 4, 1.]

JES 63,5   Eg såg meg om, det var ingen som hjelpte,  eg vart forfærd, men fekk inga støtte.  Då kom min arm meg til hjelp,  min harme stødde meg.

Jesus stod opp til vår rettferdiggjering, han sette seg ved Faderens høgre hand og ber for oss, velsignar oss og forsvarar oss, han er vår advokat hos Faderen og slik er den Heilage Ande vår advokat på jorda.

Tungetale ved ei kvinne, tyding ved Tore.

Løft seiersmerket, fra den stad du befinn deg, i det omstendet du er, løft sigersmerket, det er kva eg gjorde på korset. Påkall mitt namn og la det få lov til å lyde, så skal du få lov til å kjenne krafta frå korset, krafta frå den Heilage Ande, den skal setje deg fri, løfte deg opp og gi deg forløysing. For du treng utfriing og utfriinga du treng, den har eg til deg. Den er blodkjøpt på korset, den er blodkjøpt på det verket eg gjorde. Derfor takk meg for blodet, takk meg for forsoninga, det er alt saman gjort til din eigedom.

Bry deg ikkje om andre meiner, men sjå til at ditt hjerte er i rett forhold til meg. Tenk ikkje på alt det som har vore, men sett ein strek over di fortid, så skal eg, Herren, gjere alle ting nye. For i dag skal eg hjelpe deg, i kveld skal eg fornye deg. No er den velbehagelege tid. Derfor, lov meg og pris meg, så skal du få kjenne at det som du trudde var tapt, det skal eg vekke til live igjen og atter ein gong skal du vere med i kampen, endå ein gong skal du gå ut i dansen med dei glade, for eg, Herren, eg fornyar deg og gjennoppliver deg. Halleluja.

Aktuelle bibelvers.

OSP 4,23   Ta vare på hjarta framfor alt du tek vare på,  for livet går ut frå det.

JES 43,16 – JES 43,21 {SJÅ, EG SKAPER NOKO NYTT}  Så seier Herren,  han som gjorde veg gjennom sjøen,  ein stig i det veldige vatnet, 17   som førte hestar og vogner,  hær og hovdingar uti.  Der vart dei liggjande og reiste seg ikkje,  dei slokna som ein veik.  18   Tenk ikkje på det som hende før,  gjev ikkje akt på det som eingong var! 19   Sjå, eg skaper noko nytt.  No gror det fram.  Merkar de det ikkje?  Ja, eg legg veg i øydemarka  og stigar i den aude hei. 20   Dyra på marka skal æra meg,  både sjakalar og strutsar.  For eg gjev vatn i øydemarka,  lèt elvar renna i den aude hei,  så mitt utvalde folk kan få drikka. 21   Det folket eg har skapt meg,  skal forkynna min pris.  

JES 48,6   Du har høyrt og sett det alt.  Må de ikkje sanna det?  Men no forkynner eg noko nytt,  dulde ting som du ikkje veit om. 

JER 31,22   Kor lenge vil du snu deg hit og dit,  du fråfalne dotter?  No vil Herren skapa noko nytt i landet;  då kan ei kvinne verja ein mann.  

2KO 5,17 Difor, om nokon er i Kristus, er han ein ny skapning. Det gamle er borte, sjå, det er kome noko nytt.

JER 31,4   Endå ein gong skal eg byggja deg,  ja, du skal byggjast,  Israel, du unge møy.  Endå ein gong skal du pryda deg med handtrommer  og gå ut i dansen med dei glade.

JES 57,15   Så seier han som er høgt opphøgd,  han som tronar evig og heiter Den Heilage:  I det høge og heilage bur eg  og hjå den som er knust og nedbøygd i ånda.  Eg vekkjer ånda til liv hjå dei bøygde  og hjarta til liv hjå dei knuste.

SKR 4,6 – SKR 4,7 Då tok han til ords og sa til meg:   Dette er Herrens ord til Serubabel:  Ikkje med makt og ikkje med kraft,  men med min Ande,  seier Herren, Allhærs Gud.  7   Kven er vel du, du mektige fjell?  Framfor Serubabel skal du verta ei slette.  Han skal føra fram toppsteinen,  medan dei ropar:  “Nåde, nåde vere med han!” [føra fram toppsteinen: fullføra tempelbygget (v. 9).]  

JES 43,19   Sjå, eg skaper noko nytt.  No gror det fram.  Merkar de det ikkje?  Ja, eg legg veg i øydemarka  og stigar i den aude hei.

ÅPE 21,1 – ÅPE 21,8 {DEN NYE HIMMELEN OG DEN NYE JORDA}  Eg såg ein ny himmel og ei ny jord. For den fyrste himmel og den fyrste jord hadde kvorve bort, og havet var ikkje meir. 2 Og eg såg den heilage byen, det nye Jerusalem, koma ned frå himmelen, frå Gud, budd som ei brur som er pynta for sin brudgom. 3 Frå kongsstolen høyrde eg ei høg røyst som sa: “Sjå, Guds bustad er hjå menneska. Han skal bu hjå dei, og dei skal vera hans folk, og Gud sjølv skal vera hjå dei. 4 Han skal turka kvar tåre frå augo deira, og døden skal ikkje vera meir, og ikkje sorg og ikkje skrik og ikkje pinsle. For det som før var, er borte.” 5   Då sa han som sit på kongsstolen: “Sjå, eg gjer alle ting nye!” Og han la til: “Skriv det opp! For desse orda er pålitelege og sanne.” 6 Så sa han til meg: “Det har hendt! Eg er Alfa og Omega, opphavet og enden. Eg vil gje den tyrste av kjelda med livsens vatn for inkje. 7 Den som sigrar, skal arva dette, og eg vil vera hans Gud, og han skal vera min son. 8 Men dei som er reddhuga og vantruande og vanheilage, dei som myrdar og driv hor, trollmennene og avgudsdyrkarane og alle lygnarane, deira plass skal vera i sjøen som brenn med eld og svovel. Det er den andre døden.”  

Kommentar.

Eg fekk med meg møtet på Facebook, det meste på direkten også. Bodskapen som kom gjennom tyding av tungetale kunne vere til nokon som var der eller som dei har kontakt med. Og eg vil håpe på at dei har fått kontakt med henne Virtuella, så det var til henne eller om henne, så får ho forstå det på sin måte. Når eg høyrer ein slik bodskap, tenker eg intuitivt at det er til meg og så tenker eg over kor vidt det passar. Eg tenker slik at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er han hovudet for kyrkja som er hans brud og slik gjer han meg til kanal for si velsigning. Så eg skriv om eit par kvinner for å velsigne dei og så spørst det som dei tek imot velsigninga.

Det som eg trudde var tapt.

Sitat frå bodskapen: 

”Derfor, lov meg og pris meg, så skal du få kjenne at det som du trudde var tapt, det skal eg vekke til live igjen og atter ein gong skal du vere med i kampen, endå ein gong skal du gå ut i dansen med dei glade, for eg, Herren, eg fornyar deg og gjennoppliver deg.”

Jesus talar om det som eg trudde var tapt og det må no vere ho Virtuella. Men han vil vekke henne til live igjen. I det siste har eg tenkt mykje på  henne, skrive om henne og bedt for henne og rett før møtet tenkte eg på Jesu ord om at vi skal elske kvarandre, så eg skal elske henne. Vi har vel lett for å tenke som so at når ein mann byrjar å verte glad i ei kvinne, så er det mest som luksus han invilgar seg for sitt vedkommande, så spørst det om han er så heldig at ho svarar ja på hans frieri, elles bør han halde seg unna med kjærleiken sin, den har ingen betydning og han bør heller finne seg noko anna å tenke på, heller prøve å finne seg ei anna kvinne. Men Jesus sa vi skulle elske kvarandre, ja vel, så skal eg elske henne. 

For eg har då fortalt om korleis eg bad for henne når eg gjekk på gymnaset, eg erkjente at Guds kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for denne kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande (Rom.5,1-5), så den openberra henne for meg som Faderens barn som han elska og hadde omsorg for og som ei ung jente som levde i eit kjærleiksforhold til Kristus som hans brud. Eg opplevde det vel eigentleg slik at det var Faderen og Sonen som elska henne og som elska henne gjennom meg. 

Dette var rett og det er det framleis, Faderen og Sonen vil framleis elske henne slik. Mange år seinare sa Jesus han ville gjere meg til kanal for si velsigning og då er det no tydelegvis på den måten. Eg skal ikkje sjå på omstenda, men sjå på han og kva han har gjort for meg, i meg og gjennom meg. Jesu frelsesverk er fullført og fullkome, han er fullkomen og det livet og den Anden han gir oss frå himmelen er fullkome.

Ikkje bry deg om kva andre meiner, men sjå til at ditt hjerteforhold til Jesus er rett.

Jesus sa til oss: 

” Bry deg ikkje om andre meiner, men sjå til at ditt hjerte er i rett forhold til meg. Tenk ikkje på alt det som har vore, men sett ein strek over di fortid, så skal eg, Herren, gjere alle ting nye. For i dag skal eg hjelpe deg, i kveld skal eg fornye deg.”

Eg skal ikkje bry meg om kva andre meiner, men sjå til at mitt hjerteforhold til Jesus er rett. det vart sagt ”i dag” og ”i kveld” , så eg tenker meg at det kjem som svar på korleis eg no ber for henne, eg ber for henne slik som når eg var ung, når eg gjekk på gymnaset. Jesus gav oss ånd og liv og vekte oss opp til livi samfunn med seg og Faderen. Anden openberra henne for meg som eit Guds barn, som Faderen elska og hadde omsorg for, ho levde i eit kjærleiksforhold til han, som hans barn og i eit kjærleiksforhold til Jesus, som hans brud. Eg ville ho skulle halde fram med å leve i dette kjærleiksforholdet til Faderen og Sonen og Jesus vil frigjere henne og frelse henne og gjenopprette det. Det skal eg glede meg over.

Eg har skrive at eg likte å vere saman med henne og prate med henne og eg ser fram til å få møte henne igjen, men eg orkar ikkje tanken på at ho som har vore kona til ein annan mann i 40 år no likevel skulle verte kona mi. Men håpet om Guds herlegdom gjorde oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik er utrent i våre hjarto ved den Heilage Ande. Den kjærleiken og herlegdomen nyt eg i mitt hjerte og mitt indre menneske og den nytinga overgår alt det som denne verda har å by på. Guds herlegdomen overgår alt det som denne verda har å by på og når Jesus seier eg skal sjå til at mitt hjerte er i rett forhold til han, så skal eg sjå til at mitt hjerte nyt den herlegdomen. Ikkje noko kjem opp imot det og ikkje noko fortener å erstatte det på nokon som helst måte. Eg drikk ikkje av denne verda sine sprukne brunnar, men eg drikk av kjelda med det levande vatnet, Jesus gir meg det gratis, utan krav om gjerningar. 

JER 2,13   For to vonde ting har folket mitt gjort:  Dei har gått bort frå meg,  kjelda med levande vatn,  og hogge seg brunnar,  leke brunnar som ikkje held vatn.  

JOH 4,13 – JOH 4,14 Jesus svara: “Kvar den som drikk av dette vatnet, vert tyrst att. 14 Men den som drikk av det vatnet eg vil gje han, skal aldri meir tyrsta. Det vatnet eg vil gje han, vert i han ei kjelde med vatn som vell fram og gjev evig liv.”

ÅPE 22,17 Anden og brura seier: “Kom!” Og den som høyrer det, skal seia: “Kom!” Den som tyrstar, skal koma, og den som vil, skal få livsens vatn for inkje.

Svært mykje av den verdslege kunnskapen er som frukta av kunnskapstreet, dei åt av frukta og såg at dei var nakne og derfor gøymde dei seg for Gud. Dei forgudar seg med sin moral- og politisk-filosofiske kunnskap, og sidan dei såg at dei var nakne, vart det som dei såg og sansa i den ytre fysiske naturen og i det ytre fysiske miljøet brukt fom argument mot å leve i samfunn med Gud som er ånd. I denne verda er dette eit tilbakevendande problem og vi må vel berre innsjå at utan at vi heilt merkar det, er det eit tilbakevendande problem i våre liv og for den kristne kyrkja, så vi ikkje vert så rikt velsigna som vi eigentleg, aller helst skulle verte, så velsigninga vert ikkje så rikeleg kanalisert som den aller helst skulle. 

Men det heng nok saman med at der er menneske som søker slik kunnskap, med den metoda og med den rasjonaliteten, for sidan dei ikkje trur på Gud og hans Ord, har dei ikkje kunnskap om menneskelivet på andre måtar. Men sidan vi trur på Gud og hans Ord, har vi visdom, vit og kunnskap ved at Anden openberrar Ordet for oss.

I den gamle pakt vart omskjeringa gjort på mannens kjønnslem og det gjer det klart at kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne skal han med Gud å gjere. Dette er førebilete på hjerteomskjeringa i den nye pakta, så vi skal la Anden råde over kjønnslysta. Og Paulus gjer det då klart for oss at vi skal la Anden råde over lysta, vi skal la Anden råde i vår døyelege lekam, den skal vere eit tempel for den Heilage Ande. Herren er Anden og der Herrens Ande er, der er det fridom.

Vi skal tru på han med hjertet og elske han og elska kvarandre. Då vil han openberre seg for oss. Han frelser henne og set henne fri, venteleg vil han som brudgom fri til henne som si brud og venteleg vil ho seie ja til hans frieri, for slik er den kristne fridomen. Får eg då oppleve at han elskar henne gjennom meg, så veit eg at det er rett og det er herleg. Det skal eg innstille meg på, ved å takke han for det fullførde og fullkomne frelsesverket. 

Håpet om Guds herlegdom gjorde oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik vart utrent i våre hjarte ved den Heilage Ande som var oss gitt. Og eg fekk oppleve at Faderen og Sonen elska henne Virtuella gjennom meg. Jesu frelsesverk er fullført og fullkome, så når vi bygger på evangeliets grunnvoll er der ingen grunn til at vi ikkje framleis skal få oppleve det.

RMR 8,31 – RMR 8,39   Kva skal vi så seia til dette? Er Gud for oss, kven er då imot oss? 32 Han som ikkje sparte sin eigen Son, men gav han for oss alle, kan han anna enn gje oss alle ting med han? 33   Kven vil klaga Guds utvalde? Gud er den som frikjenner. 34 Kven kan då fordøma? Kristus Jesus døydde, ja, meir enn det, han stod opp og sit ved Guds høgre hand, og han bed for oss. 35 Kven kan skilja oss frå Kristi kjærleik? Trengsle eller angst eller forfylging eller svolt eller nakenskap eller fare eller sverd? 36 Det står då skrive:  For di skuld vert vi drepne dagen lang,  vi vert rekna som slaktesauer. 37 Men i alt dette vinn vi meir enn siger ved han som elska oss. 38 For eg er viss på at korkje død eller liv, korkje englar eller krefter, korkje det som no er eller det som koma skal, eller noka makt, 39 korkje det som er i det høge eller i det djupe, eller nokon annan skapning skal kunna skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre.  

Jesus gir meg utfriing.

Sitat frå bodskapen:

”Løft seiersmerket, fra den stad du befinn deg, i det omstendet du er, løft sigersmerket, det er kva eg gjorde på korset. Påkall mitt namn og la det få lov til å lyde, så skal du få lov til å kjenne krafta frå korset, krafta frå den Heilage Ande, den skal setje deg fri, løfte deg opp og gi deg forløysing. For du treng utfriing og utfriinga du treng, den har eg til deg. Den er blodkjøpt på korset, den er blodkjøpt på det verket eg gjorde. Derfor takk meg for blodet, takk meg for forsoninga, det er alt saman gjort til din eigedom.”

Ja, no i det siste har eg løfta sigersmerket ved å skrive på Facebooksidene til Resett og Gruppen for Frp-venner. 

For vel ti år sidan kalla Jesus meg til Oslo med ein frigjerande bodskap. Sidan har han fleire gongar tala til meg om at han set meg fri. Eg forstår det slik at den såkalla kvinnefrigjeringa ikkje var noko frigjering likevel, så eg skulle forkynne den ekte frigjeringa Gud gir oss i Kristus. Strategien deira er å forføre kvinna, for så å bruke henne til å lokke mannen med. Men det er då ved at Kristus frelser og frigjer meg at eg kan forkynne den glade bodskapen både til den kvinna det gjeld og til andre.

Når eg var ein gutunge, hadde eg trua på Jesus i mitt hjerte. Eg visste kor viktig det var å kjennast ved han for menneska, men då kom menneskefrykta, så eg berre tagde stilt om det. 

MTT 10,32 – MTT 10,33 {VEDKJENNING OG ETTERFYLGING}  Den som kjennest ved meg for menneska, han skal eg òg kjennast ved for Far min i himmelen. 33 Men den som fornektar meg for menneska, han skal eg òg fornekta for Far min i himmelen.

Om eg vedkjende mi tru overfor dei andre elevane, ville det verke som om eg prøvde å framstå som betre enn dei og betre enn eg var, medan dei andre dermed ville verte forstått som ikkje-truande og slemme og dersom eg vart mobba, ville det kanskje fort vise seg at eg ikkje var så snill likevel. Problemstillinga er typisk. Eg tenkte også med litt frykt på lærde, kanskje lærarar, som kunne vere ateistar.

Men eg vedkjende det for Jesus i mi bøn til han og bad han frigjere meg frå denne menneskefrykta. Men seinare, når eg opplevde fylden av den Heilage Ande og vart meir voksen og sjølvstendig, vart eg svært så frimodig med å vedkjenne Jesus namn. Mange unge vart med i den karismatiske rørsla og vart svært så frimodige med å ved kjenne si tru på Kristus. Det forundra meg at mange kristne vart så skeptiske, men det er og blir forkynninga av forsoningsverket og fylden av den Heilage Ande som er den frigjerande bodskapen for oss alle. Spesielt forundra det meg at det skulle vere så stor skepsis til at kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne skulle ha med Gud å gjere, slik som det har vist seg i mitt forhold til henne Virtuella. Men når vi held oss til den same evangeliske og karismatiske forkynninga, får vi oppleve at Anden openberrar Ordet for oss, så det vert klart for oss kva den fundamentale motsetnaden består i. 

Når eg sidan har studert realfag, har eg kome i kontakt med folk som kalla seg ateistar, men eg har likevel kunna prate nokså fritt med dei også om mi tru og dei har vist meg forståing og medføling. Det er nok ikkje alle av dei som er så ”skræmelege” likevel. I vitskapen har vi ei felles interesse for sanning. Og trua på Gud har inspirert folk til å stille hypoteser og gjer det sikkert framleis, vi må berre passe på å ikkje verte dogmatiske, vi må ha eit ope sinn, både med å stille hypoteser og med å observere og eksperimentere.

Vi skal ikkje undre oss over at verda hatar oss, for ho har hata Kristus først. Men det som forundrar meg, er at det er så mange kristne som ikkje vil vite av vedkjenninga mi. Og kvifor det? Fordi dei ikkje satsar på at Anden openberrar Ordet for oss og den åndelege og rasjonalistiske innsikta som vi soleis får. Dei satsar på dogmatiske innprenting i staden, så menneska vert indoktrinerte og programmerte. Så kjem dei økonomiske og politiske interessene også. Og så kjem der fleire økonomiske, politiske og religiøse interesser inn i bildet. Ja, det viser seg at det var nettopp det eg frykta som skjedde; kvinna vart dåra og forførd slik som ved syndefallet og så prøver dei å bruke kvinna til å lokke mannen med.

Men eg kan no halde fram med å be slik som eg gjorde når eg var ein liten gutunge. Ved reinsinga i Jesu blod og fylden av den Heilage Ande vert lenker brotne og reip slitne av, så fangen vert fri. Den Heilage Ande herleggjer og openberrar Kristus for oss som vår frelsar og Herre. Så eg får kjennast ved han som hovudet for mannen, så mannen blir hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Han er sanninga som set oss fri, Herren er Anden og der Herrens Ande er, der er det fridom.

Entusiasmen og iveren i den karismatiske rørsla var stor og på sett og vis har den hatt fakter som ber preg av motesak, så gliset til tider kunne verke påklistra og kunstig. For det einskilde individ kunne det verte forstått som sjølvnyting, narsicissme, medan vekkinga bar meir og meir preg av massesuggesjon, ein kollektiv trend med einsretting, som i Hegels dialektikk, men den einskilde sine behov vert ikkje ivaretekne likevel. Då er det berre ein ting å gjere med det og det er å bøye seg ved korsets fot igjen, der finn vi den ekte kjærleiken, derfor skal vi glede oss. Denne kjærleiken skal vere mellom oss. Eg tenker på ein bodskap som kom i dFEF i M40 i Oslo i februar 2011, https://tsivert.com/2016/08/08/2011-02-12-m40-jesus-kalla-sions-dotter-til-a-frigjere-seg/ 

Søke han i løynkammerbøna, så vi opplever at håpet om Guds herlegdom gjer oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik er utrent i våre hjarte ved den Heilage Ande som er oss gitt (Rom.5,1-5). Vi meiner då at vi nyt Guds velbehag og det må vi vere bevisste på og takke og ære han for det. Til forveksling kan det likne på narscisissme, men vi nyt ikkje oss sjølve og heller ikkje det som er rundt oss, vi skal ikkje sjå på oss sjølve og heller ikkje på det som er rundt oss, men løfte hugen og blikket opp til Jesus og sjå på han og vende hugen til det som han gir oss frå himmelen, så vi nyt Guds kjærleik og velbehag og hans herlegdom. Ved at vi søker han av heile vårt hjerte, får vi oppleve det i vårt hjerte. Vi gjer rett i å nyte det i hjerte, kropp og sjel, sjølv om det liknar narscissisme, for vi veit at vi nyt ikkje oss sjølve, men vi nyt Guds velbehag. Eg skal halde ved like Andens loge på mitt hjertes altar, vere brennande i ånda, kjærleiken skal framleis få flamme opp i meg. 

Jesus rørte ved oss med sin Ande og sin kjærleik og vekte oss og talte til oss, derfor svarar vi på hans kjærleik med kjærleik, slik fekk han oss i tale og slik får han oss framleis i tale. Slik får han oss til å gå ut og vitne om han. Og folk vil merke at det er ekte og det kjem frå hjertet. For vi søkte Herren av heile vårt hjerte, kalla på han og han let seg finne. Ved korsets fot fann vi den ekte kjærleiken, derfor skal vi glede oss, den er i våre hjerte og den skal vere mellom oss. Og eg skal bidra i kyrkjelyden med det som Gud har gitt i mitt hjerte. 

Den utfriinga eg treng har Jesus kjøpt for meg med sitt blod, med forsoninga, derfor skal eg takke han for det, det er alt saman gjort til min eigedom. No er det slik at når vi er frelst, så tilhøyrer vi Faderen og Sonen og då tilhøyrer vi på sett og vis kvarandre også, vi er lemer på Jesus lekam og lever for han, men då er vi lemer for kvarandre også. Og som Guds son får eg be som arving. Gud skaper oss i Kristus og då skaper han oss i samsvar med 1.Mos.2, for han er den same no. Jesus gir meg ånd og liv og liv i overflod (Joh.10,10) i samsvar med 1.Mos.2, så eg ventar meg at eg frå oppleve at han vekker opp ei kvinne slik, for å gi meg henne til kone. For alt dette er gjort til min eigedom i forsoningsverket.

Sette eit strek over di fortid.

Jesus sa: ” Tenk ikkje på alt det som har vore, men sett ein strek over di fortid, så skal eg, Herren, gjere alle ting nye.” Ja, eg har no bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone sidan eg var ung og han har svart meg positivt på det heile tida, det er inkludert i det fullførde frelsesverket. Men det har enno ikkje vorte noko av. Det har ikkje vorte nokon suksess enno, temmeleg misslukka, eigentleg. Og då er det mykje ann som har vorte misslukka også. Det har hendt eg har gjort noko dumt og det grev meg, spesielt når eg har oppført meg dårleg overfor andre, eg skulle yngst eg hadde oppført meg betre og sagt noko betre til dei. Får eg setje eit strek over slikt, setje strek over mi fortid, så er det no bra for meg. Men det er altså den glade og frigjerande bodskapen som er slik, det gamle får vi legge bak oss og så får vi ta imot det nye i tru. Og det er Jesus som seier det til meg fordi han elskar meg. 

Eg har bedt han om ei frelst kvinne til kone, sidan eg var ung og han har svart meg positivt på det heile tida, det er inkludert i det fullførde frelsesverket. Og det er då han som kjem med det nye, så då skal det vere berre å setje strek over mi fortid. Men er dette nye ho Virtuella, så må no ho setje strek over si fortid. Eg har no helde meg til Herren sidan eg var ung og vandra med han, sjølv om livet mitt ikkje har vore ei stor suksess, eg kan godt innrømme at kristenlivet mitt heller ikkje har vore nokon stor suksess, sidan eg ikkje har lukkast i denne saka enno. Men det er då kvinna det står i.

2. Påskedag.

Innleiing ved Knut Hübenbecker.

Jesus frelseverk er fullført, det gir oss evig frelse.

JOH 19,25 – JOH 19,30   Attmed Jesu kross stod mor hans og morsyster hans, Maria som var gift med Klopas, og Maria Magdalena. 26 Då Jesus fekk auga på mor si, og såg den læresveinen han hadde kjær stå attmed henne, sa han til mor si: “Kvinne, det er son din.” 27 Så sa han til læresveinen: “Det er mor di.” Frå den stunda tok læresveinen henne heim til seg. 28   Jesus visste no at alt var fullført. Og for at Skrifta skulle oppfyllast, sa han: “Eg er tyrst.” 29 Det stod eit kar med eddikvin der. Av den vinen fylte dei ein svamp, som dei sette på ein isopstilk og heldt opp til munnen hans. [isop: Sjå Tillegg.] 30 Då Jesus hadde fått eddikvinen, sa han: “Det er fullført!” Så bøygde han hovudet og anda ut.

Jesus har sigra over alle problem, han er løysinga på alle våre problem. Vi kan komme til han med alle våre problem og behov.

Tale ved Tore Kristiansen.

FIL 4,4   Gled dykk i Herren alltid! Atter vil eg seia: Gled dykk!

APG 16,25 – APG 16,34   Midnattstider heldt Paulus og Silas bøn og song lovsongar til Gud, og fangane lydde på dei. 26 Brått kom det eit sterkt jordskjelv, så grunnvollen under fengslet riste. Med ein gong sprang alle dørene opp, og lekkjene losna av alle fangane. 27 Fangevaktaren fór opp or svevnen, og då han såg at fengselsdørene stod opne, drog han sverdet og ville drepa seg; for han trudde fangane hadde rømt. 28 Men Paulus ropa med høg røyst: “Gjer deg ikkje noko vondt! Vi er her alle.” 29 Då bad han om ljos og sprang inn og kasta seg skjelvande ned for Paulus og Silas. 30 Og han leidde dei ut og sa: “Kva skal eg gjera, herrar, så eg kan verta frelst?” 31 Dei svara: “Tru på Herren Jesus, så skal du verta frelst, både du og huslyden din.” 32 Så tala dei Herrens ord til han og alle som var i huset hans. 33 Og i denne seine nattetimen tok han dei med seg og vaska såra deira. Straks etter vart han døypt med alle sine. 34 Sidan tok han dei med seg heim og gav dei mat, og han var hjarteglad fordi han og alt folket hans var komne til tru på Gud.

LUK 13,22 – LUK 13,35 {DEN TRONGE DØRA}  Medan han var på veg til Jerusalem, fór han ikring frå by til by og frå landsby til landsby og lærte folket. 23 Då var det ein som spurde: “Herre, er det få som vert frelste?” Han sa til dei: 24   Strid alt de kan for å koma inn gjennom den tronge døra! Mange, seier eg dykk, skal freista å koma inn, men ikkje greia det. 25 Når husbonden fyrst har reist seg og stengt døra, og de står utanfor og bankar på og seier: “Herre, lat opp for oss!” då skal han svara: “Eg veit ikkje kvar de er ifrå.” 26 Då kjem de til å seia: “Vi har ete og drukke i lag med deg, og du lærte på gatene våre.” 27 Men han skal svara: “Eg veit ikkje kvar de er ifrå. Gå bort frå meg, alle de som gjer urett!” 28 Og de skal gråta og skjera tenner når de får sjå Abraham og Isak og Jakob og alle profetane i Guds rike, men de sjølve er kasta utanfor. 29 Og det skal koma folk frå aust og frå vest, frå nord og frå sør og sitja til bords i Guds rike. 30 Og sjå, nokre av dei siste skal verta dei fyrste, og nokre av dei fyrste skal verta dei siste.   31 {JESUS OG HERODES}  I same stunda kom det nokre farisearar og sa til han: “Du må koma deg bort herifrå. Herodes tenkjer på å drepa deg.” [Herodes: Herodes Antipas. -> Matt 14, 1.] 32 Men han svara: “Gå og sei til den reven: I dag og i morgon driv eg ut vonde ånder og gjer sjuke friske att, og tredje dagen er eg ved målet. 33 Men i dag og i morgon og endå ein dag lyt eg vera på vegen, for ein profet kan ikkje lata livet nokon annan stad enn i Jerusalem.   34 {KLAGE OVER JERUSALEM}  Jerusalem, Jerusalem, du som slår i hel profetane og steinar dei som er sende til deg! Kor ofte ville eg ikkje samla borna dine, som ei høne samlar kyllingane under vengene sine. Men de ville ikkje. 35 Så høyr: Audt og tomt skal huset dykkar verta. Eg seier dykk: De skal ikkje sjå meg før den dagen de seier: Velsigna vere han som kjem, i Herrens namn.”   

Herodesane veik ikkje av vegen for å drepe for å få makt, endåtil sine næraste. Herodes den Store utrydde guteborn under 2 år, fordi han hadde høyrt rykte om at ein konge (Jesus) var fødd. Son hans, Herodes Antipas hadde teke kona til bror sin og døyparen Johannes hadde sagt at det hadde han ikkje lov til. Herodes Antipas kasta han og for å oppfylle ein lovnad til dotter si, fekk han Johannes halshogd, det kom som krav frå kona hans.  Jesus vart ført fram for Herodes Agrippa, for å verte dømd og i følgje historia fekk han apostelen Jakob halshogd.  

Men no hadde altså Jesus to dagar på seg, til å drive ut vonde ånder og lækje sjuke og tredje dagen skulle han ride inn i Jerusalem på ein asenfole. Til samanlikning stod Jesus oppatt etter tre dagar. 

LUK 9,58 Jesus svara: “Revane har hi, og fuglane under himmelen har reir, men Menneskesonen har ikkje noko han kan kvila hovudet sitt på.”

I vår tid er det mange som seier at alt er relativt. Men vi som trur på Jesus, har noko absolutt å halde oss til. 

Hosianna betyr: Herre hjelp, Herre frels.

Når vi seier ”Hosianna, Davids Son, velsigna vere han som kjem i Herrens namn”, så skal vi også kunne seia til ein bror: Velsigna vere du som kjem i Herrens namn. 

Fem dagar seinare ropa dei krossfest. Så Djevelen hadde gjort sitt verk på denne tida, men Jesus sigra over han på korset, igjen er det tale om tre dagar, men no  plyndra han Djevelen.  Han sigra over Djevelen og døden og stod oppatt tredje dagen.

HEB 12,1 – HEB 12,2 {TRUA SIN OPPHAVSMANN OG FULLENDAR}  Når vi har så stor ei sky av vitne ikring oss, så lat oss leggja av alt som tyngjer, og synda som har så lett for å hanga ved oss, og med tolmod fullføra det laupet som er lagt framfor oss, 2 med augo feste på han som er trua sin opphavsmann og fullendar, Jesus. For å få den gleda som venta, tolte han krossen utan å bry seg om vanæra, og no har han sett seg på høgre sida av Guds kongsstol.

KOL 2,14 – KOL 2,15 Og han strauk ut skuldbrevet mot oss, det som var skrive med lovbod og gjekk oss imot; han tok det bort då han nagla det til krossen. 15 Han avvæpna maktene og herredøma og stelte dei fram til spott og spe då han synte seg som sigerherre over dei på krossen.  

David vart sviken og gjekk over Kedron-bekken, til samanlikning gjorde Jesus også det.

2SA 15,23   Alt folket gret høgt då hæren fór framom. Kongen stod nedmed Kedron-bekken, og hæren gjekk framom han langs vegen ut mot øydemarka. 

JOH 18,1 {JESUS VERT TEKEN TIL FANGE}  Då Jesus hadde sagt dette, gjekk han ut saman med læresveinane sine og over til hi sida av Kedron-bekken. Der var det ein hage, og den gjekk dei inn i.

JOH 18,1 – JOH 18,9 {JESUS VERT TEKEN TIL FANGE}  Då Jesus hadde sagt dette, gjekk han ut saman med læresveinane sine og over til hi sida av Kedron-bekken. Der var det ein hage, og den gjekk dei inn i. 2 Men Judas, svikaren, kjende òg den staden, for Jesus og læresveinane hadde ofte kome saman der. 3 Judas hadde fått med seg vaktstyrken og nokre menn frå overprestane og farisearane, og no kom dei dit med faklar og lamper og våpen. 4   Jesus visste om alt det som venta han, og gjekk fram og spurde dei: “Kven leitar de etter?” 5 “Jesus frå Nasaret,” svara dei. “Det er eg,” seier Jesus. Judas, svikaren, var saman med dei, han òg. 6 Då Jesus sa: “Det er eg” , veik dei attende og fall til jorda. 7 Atter spurde han: “Kven leitar de etter?”  “Jesus frå Nasaret,” svara dei. 8 “Eg har sagt dykk at det er eg,” sa Jesus. “Er det meg de leitar etter, så lat desse gå!” 9 Såleis skulle det oppfyllast, det ordet han hadde sagt: “Av dei du gav meg, har eg ikkje mist ein einaste.”

Jesus svarde med namnet på Israels Gud: ”Eg Er” (Jahve), derfor veik dei attende og fall til jorda.

LUK 23,11 – LUK 23,12 Og Herodes vanvørde han og gjorde narr av han saman med soldatane sine. Så la han ei staseleg kappe om han og sende han attende til Pilatus. 12 Den dagen vart Herodes og Pilatus vener; før hadde det vore fiendskap mellom dei.  

1PE 2,24 Han bar syndene våre på lekamen sin opp på krosstreet, så vi skulle døy bort frå syndene og leva for rettferda, og ved hans sår har de fått lækjedom.

Jesus har nyklane til døden og dødsriket.

ÅPE 1,17 – ÅPE 1,18   Då eg såg han, fall eg ned for føtene hans som eg var død. Men han la høgre handa si på meg og sa:  Ver ikkje redd! Eg er den fyrste og den siste 18 og den levande. Eg var død, men sjå, eg lever i all æve og har nyklane til døden og dødsriket.

Kommentar.

Dette trur eg må vere noko av den beste påsketale eg har høyrt.

Påstanden om at alt er relativt er rett når den vert brukt i sin rette samanheng, den stammar frå relativitetsteorien. Eigentleg gjeld det i klassisk fysikk også, for vi må ha eit referansesystem som vi relaterer til, når vi gjer målingar, så det vi veg og måler er avhengig av referansesystemet. Newton gjekk ut ifrå absolutt tid og rom, men i relativitetsteorien er det også relativt. Men teoriane er likningar og formlar og dei er ikkje relative. Ettersom det skjer framsteg på forskingsfronten, kan teoriane framleis verte endra, men det betyr ikkje at dei er relative. 

I vår tid er det noko som vert kalla kunnskapsrelativisme, det er postmoderne. Men ekte vitskapsfolk, særleg realistar, åtvarar mot det, det er ikkje ekte vitskap. 

Men det vesentlege for oss er at ved Jesu kors finn vi den ekte kjærleiken, derfor skal vi glede oss. Denne kjærleiken skal vere mellom oss. Jesus er sanninga som set oss fri, han er vår frelsar og Herre, han stod oppatt frå dei døde og vi får kjenne kreftene av hans oppstode i våre liv og i hans kyrkjelyd.

Posted in Kristendom, Kristne møte, Kristne møte 2019 | Leave a comment

31.3. – 3.4. 2019. Tore i Maranata. Rory, messiansk jøde i Sion Åheim. Sjømannsmisjonen på Hakkalestranda bedehus.

31.3.2019. Maranata. 

https://www.facebook.com/Janludvigludvigsen/videos/2239585062767853/?epa=SEARCH_BOX 

Innleiing ved Turid.

Vi må ete Guds Ord (Johannes Openberring.10,9).

Gud gjorde noko nytt når han sende Kristus til vår jord.

Vende oss til Kristus og få meir av han.

Tale ved Tore Kristiansen.

SLM 85,11 Nåde og sanning skal møta kvarandre, rettferd og fred kyssa kvarandre.

RMR 5,1 Sidan me no er rettferdiggjorde av trui, hev me fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus,

1KG 17,14 For så seier Herren, Israels Gud: Mjølkrukka skal ikkje verta tom, og oljen skal ikkje tryta i krusa til den dagen kjem då Herren sender regn over jorda.”

Jesu kyrkje er hans kropp og den treng næring å styrke seg på.

SLM 137,1 – SLM 137,6 {VED BABELS ELVAR}  Ved Babels elvar, der sat vi og gret  når vi kom Sion i hug. [Babels elvar: sideelvar og kanalar til Eufrat, t. d. Kebar-elva. -> Esek 1, 1.] [vi: diktaren og landsmennene hans, som var i utlegd.] 2   På piletrea der i landet  lét vi våre harper hanga. 3   Der bad dei oss syngja,  dei som heldt oss fanga;  dei som plaga oss, kravde glede:  “Syng for oss av Sions songar!” [Sions songar: salmar som israelittane hadde sunge i templet.]  4   Korleis kan vi syngja Herrens song  på framand jord? 5   Nei, gløymer eg deg, Jerusalem,  så lat mi høgre hand verta gløymd! [Teksten fylgjer her den gamle greske omsetjinga.] 6   Lat tunga hanga fast ved ganen  om eg ikkje minnest deg,  om eg ikkje set Jerusalem  høgare enn mi største glede!  

SLM 126,1 – SLM 126,6 {HERREN VENDER GRÅT TIL GLEDE}  Ein song til festferdene.   Då Herren vende Sions lagnad,  var det for oss som ein draum. [vende Sions lagnad: med heimkoma frå fangenskapet i Babylonia.] 2   Då fyltest vår munn med lått,  vår tunge med fagnadrop.  Då sa dei mellom folka:  “Store ting har Herren gjort mot desse.” 3   Ja, store ting har Herren gjort mot oss,  og vi vart glade.  4   Vend vår lagnad, Herre,  som bekkene i Negev! [bekkene i Negev: Bekkefara her ligg turre om sommaren, men vert fylte med vatn i regntida.] 5   Dei som sår med tårer,  skal hausta med glederop. [Såtida var klagetid og innhaustinga gledetid; her bilete på at det etter ulukka skal koma gode dagar.] 6   Gråtande går dei og sår sitt korn,  med fagnadrop skal dei koma og bera sine kornband.  

Når jødane kom tilbake til landet sitt, byrja dei med å bygge alteret til Gud. Det var det Abraham også byrja med. Det betydde openberring frå Gud, som svar på bønn. Men så vart dei opptekne av sitt eige, i staden for å bygge Guds tempel. Då hadde dei lite igjen for sitt strev. Men når dei byrja å bygge på tempelet, så velsigna Gud, så dei fekk meir att for sitt eige strev. 

Tore fortsette å tale om oppbygginga av tempelet og om korleis profetane Haggai og Sakarja oppmuntra dei. Framande folk ville vere med, men fekk ikkje. Til samanlikning bygger vi på evangeliets grunnvoll, Jesus er hjørnesteinen. Om nokon vil vere med på det, spørst det om dei er fødde på nytt.

Tungetale ved Oddbjørg, tyding ved Tore.

A.”Eg vil fryde meg i deg, Frelsar, eg vil love ditt namn, for du er høgt opphøgd. Du vart fornedra, men for mi skuld vart du opphøgd. Du vart både fornedra og opphøgd, for at eg ved din fornedring og opphøging skulle smake din herlegdom. Og den herlegdom som du har gitt meg, den er ikkje berre tidsavgrensa, men den er evigvarande. Den skal ikkje berre vare medan eg er her, men når eg kjem dit du har sett meg stemne, så skal eg skode din herlegdom fullt ut og eg skal bli deg lik. Då forsvinn den jordiske herlegdom og så  vert eg  fylt med den himmelske herlegdom.

B. Eg har forløyst deg, mitt  blod har sett deg fri, det som du var bunden i, løft ditt blikk til korset, så skal du få oppleve, at der strøymer min nåde imot deg. Der strøymer det blod som reinsar imot deg. Der, ved mine sår har du fått lækjedom. Bøy deg ved fornedrande(?) mitt kors og vedkjenn kva du treng. Og du skal få møte meg, eg som fyller all din trong i herlegdom.”

Aktuelle bibelvers

JOH 1,15 – JOH 1,17 Johannes vitnar um han og ropar ut: Han var det eg sa soleis um: Den som kjem etter meg, hev vorte fyre meg; for han var til fyrr enn eg. 16 Ja, av hans fullnad hev me alle fenge, og det nåde på nåde; 17 for lovi vart gjevi gjenom Moses, nåden og sanningi kom ved Jesus Kristus.

HAG 1,2 – HAG 1,8 Så seier Herren, Allhærs Gud: Dette folket seier: “Enno er ikkje tida komen til å byggja Herrens hus.” 3 Då kom Herrens ord ved profeten Haggai:  4   Er det tid for dykk  til å bu i bordkledde hus  så lenge templet ligg i røys?  5   No seier Herren, Allhærs Gud:  Legg merke til korleis det går dykk! 6   De sår mykje, men haustar lite;  de et, men vert ikkje mette;  de drikk, men sløkkjer ikkje torsten;  de kler dykk, men vert ikkje varme;  og leigekaren får si løn  i ein botnlaus pung.  7   Så seier Herren, Allhærs Gud:  Legg merke til korleis det går dykk! 8   Far opp i fjellet og henta tømmer!  Bygg templet, så vil eg ha hugnad i det  og visa min herlegdom der, seier Herren.

HAG 2,3 – HAG 2,9   Er det enno nokon att av dykk som har sett kor herleg dette huset var før? Og kva tykkjer de om det no? Ser det ikkje smått ut?  4   Men no, ver frimodig og sterk, Serubabel!  lyder ordet frå Herren.  Ver frimodig, Josva Jehosadaksson,  du øvsteprest!  Ver frimodig, alt folket i landet!  lyder ordet frå Herren.  Gå og arbeid, for eg er med dykk!  lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud. 5   Den lovnaden gav eg dykk  då de drog ut or Egypt.  Og min Ande bur imellom dykk. Ver ikkje redde!  6   For så seier Herren, Allhærs Gud:  Endå ein gong, om ei lita stund,  vil eg skaka himmel og jord,  havet og det turre land. 7   Eg skjek alle folkeslag,  så skattane deira kjem hit.  Og eg fyller dette huset med herlegdom,  seier Herren, Allhærs Gud. 8   Sølvet er mitt, og gullet er mitt,  lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud. 9   Dette nye huset skal verta  herlegare enn det førre,  seier Herren, Allhærs Gud.  På denne staden vil eg gje fred,  lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud.  

SKR 4,6 – SKR 4,7 Då tok han til ords og sa til meg:   Dette er Herrens ord til Serubabel:  Ikkje med makt og ikkje med kraft,  men med min Ande,  seier Herren, Allhærs Gud.  7   Kven er vel du, du mektige fjell?  Framfor Serubabel skal du verta ei slette.  Han skal føra fram toppsteinen,  medan dei ropar:  “Nåde, nåde vere med han!” [føra fram toppsteinen: fullføra tempelbygget (v. 9).]  

Mi bønn for henne Virtuella.

Bønn og tankar på søndag.

Eg er heime på Sunnmøre og i dag har eg tenkt og bedt over det som Jesus har talt til oss i det siste. Eg har vore på nippet til å byrje å skrive fleire gongar, men så oppdaga eg at der var FB-sending direkte frå møtet i Maranata i Oslo, så eg fekk med meg det først. 

Jesus sa til meg at eg skulle søke han av heile mitt hjarte, ja, Guds augo fer ut over heile jorda, så han med si kraft kan komme den til hjelp som heilhjarta held seg til han og slik ventar eg at han vil gi meg hjelp i form av ei kone. Eg har fortalt om korleis Gud svarde meg når eg bad for henne Virtuella når eg var ung, det vart visst kontroversielt, men då skal eg ta parti med han. Ordet om korset er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur og eg opplever det som at eg treng å få oppleve den krafta i mitt indre menneske, ved at han frelser henne. Ja, eg opplever det som at eg treng å få oppleve den krafta i min kropp og eg trur det heng saman med at eg har vore i tungt praktisk arbeid som fiskar, eg er oppvokst med praktisk arbeid på garden og sidan har eg periodevis drive med styrketrening og kondisjonstrening.

Frå gymnas til universitet.

Når eg gjekk på gymnaset bad eg for Virtuella og fekk oppleve at den Heilage Ande openberra henne for meg som eit Guds barn, fødd av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd. Han elska henne og hadde omsorg for henne, ho levde i eit kjærleiksforhold til Faderen, som hans barn og i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud. Guds Ande og Guds kjærleik budde i henne og var eg så glad for å sjå henne, vere saman med henne, prate med henne og vere venn med henne.

Så etter eg var ferdig på gymnaset og hadde vore ein tru på tråling, bad eg Jesus om å få komme inn i eit liknande kristeleg og åndeleg fellesskap, som når eg gjekk på gymnaset og då bad eg spesielt om å få møte henne igjen. Og han gav meg bønnesvar, så eg møtte henne igjen ved Universitetet i Bergen. Då fekk ho vite at eg var glad i henne og at dette kom som eit bønnesvar. Sjølvsagt og naturleg nok var eg då interessert i å få henne til kjæraste og til kone, men det var altså ved at eg vende hugen opp til Jesus, eg hadde hug på det som han gav oss frå himmelen. Ho var fødd av Anden og det som er født av Anden er ånd og den som er fødd av Gud elskar det som er født av han. Det er viktig for oss å ha det huglaget, så vi let Anden råde i vår døyelege lekam.

Eg skulle ta ex.phil og studere realfag og universitetets interesse var fagleg. Elles var der mykje motstridande interesse. Det kristne skulelaget var prega av den karismatiske rørsla og saman med Ungdom i Oppdrag køyrde dei ein evangeliseringsoffensiv som dei kalla apologetikk, der dei argumenterte mot utviklingslæra og argumenterte for ein uendeleg, allmektig og personleg Gud, med ein absolutt moral, så derfor treng vi Guds nåde. Dessutan låg det juss og samfunnsfag i det, med politisk interesse. Så deira motstridande gruppering var dei venstreradikale og dei som trudde på utviklingslæra. Moral finn vi på begge sider, med krav og forventing om at du skal prestere og i mange samanhengar i samfunnet er det då rett, det er då viktig både i skuleverket, arbeidslivet og i idrett. 

Tilbeding og bønn eller dialektikk?

Der er mykje moralfilosofi som grensar til vitskaplege og pedagogiske metode, dei dialektiske metodene er både pedagogikk, opplæring og omforming av menneske. I følgje Hegels er der ei dialektisk omforming mellom herre og knekt. Mykjer tyder på at desse kristne konservative moralfilosofane vart herre og mange venstre-radikale vart knekt. Men Gud og einskildmenneske har lite og inga betyding i dette, det er den intersubjektive tidsånda som driv historia framover. Så kjem dei tydelegvis og ventar seg at eg og mange andre skal vere opplærde og forma av ”diskursen” deira. Men det har då i det heile teke ikkje noko som helst med meg eller oss å gjere, korleis kan dei innbille seg noko slikt? Korleis har det gått til? 

Eg og vi har bedt til Gud og fått oppleve at han har svart meg og oss ved sitt Ord og sin Ande og då er det viktig for oss å ta imot og ta vare på det svaret han gir oss. Men mange kristne leiarar har tydelegvis avvist dette. For prestane vert haldne for å vere så lærde at dei får monopol på å tale i kyrkja og så får dei monopol på å be også. Så prøver dei å utvide monopolet til resten av samfunnet også. Så mange kristne leiarar førestill seg at dei skal be i staden for meg. Og kvar får dei svaret frå? Politikarane? Så kanskje dei konservative og dei venstreradikale byttar på å vere herre og knekt? Og ein kan lure på kva slags gudebilete dei endar opp med (Op.13,14).

Vi vert opplærde i Guds Ord og då får vi lære korleis vi skal be. Vi kan be om kva vi vil, men om du ber han gjere deg styrtrik, kan du ikkje akkurat vente deg at han vil gjere det på flekken, vi må søke fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal vi få alt det andre i tillegg til det. Men med denne opplæringa vil forandre og forvrenge bønene våre, med dialektikken vil dei endåtil forandre oss. Det klarer dei eigentleg ikkje, men med påstanden om at vi ikkje er bra nok, vil dei vil prøve å tvinge oss til å gje oss ut for å vere noko som vi ikkje er. Det kan henge saman med at dei heller vil høyre på ein  kvan annan i staden, bry seg om deira behov i staden, men det verkar som det mest fundamentale motivet er sjølvhevding for å få makt, ved å setje seg inn i Guds hus og gjere seg sjølv til gud (2.Tess.2). 

Metoden er å dåre og forføre kvinna slik som ved syndefallet. Slik klarde Djevelen å gjere seg til denne verda sin gud. I den gresk-syriske tida kalla dei han Zevs, romarane kalla han Jupiter. Den lærde overklassa var ikkje som Gud likevel og klarde ikkje gjere Guds verk, likevel kravde dei at underklassa skulle gjere det, men dei klarde det heller ikkje, så med det kravet vart dei gjort til trælar. 

Psykologisk intraspeksjon utan referanse?

Når eg gjekk på gymnaset fekk eg høyre om Freuds påstandar om at religiøsitet er avspora seksualitet og at mennesket vert motivert av seksualitet og aggresjon. Javel, så gjekk han ut ifrå at noko er rett, som ein referanse og det høvde med den naturfaglege tenkinga, at livet er ein kamp for tilværet, i følgje biologien med utviklingslæra. Men eg hadde då lese Romarbrevet og fått forkynt det Paulus sa om at vi skulle la Anden råde i vår døyelege lekam, den skal råde over lysta i lekamen, så eg tenkte som so at sjølv om dette stemte med naturfag, skulle vi likevel verte motiverte av Guds kjærleik og drivne av den Heilage Ande også i kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne.

Men så viste det seg altså at desse ”lærde”, kven det no var, ikkje ville vite av det. Då vart det som om psykologisk intraspeksjon, som til dømes Freuds psykoanalyse mangla referanse, noko som er typisk for postmodernismen. Men då blir også intraspeksjonen svært så feilbarleg. Med ei slik ”behandlingsform” kan du verte skulda for kva som helst, alt det ”behandlaren” foreslår og som du sjølv kan tenke deg. Men kvar blir det av menneskets frie vilje til å velje? Overlet du det til behandlaren å velje for deg? Det viser seg at det utartar seg som når dei første kristne vart stilt for retten og det vart kravt at dei skulle fornekte Kristus og vende tilbake til den gamle religionen og tilbe keisaren. Det er poenget med politiseringa av kvinna og kyrkja og protesten mot Paulus si lære. Så protestantisme er ikkje lenger kva den var, den byrja som evangelisk forkynning, men har vorte til protest mot det også. Kva er då poenget? Fornying av keisardyrkinga, den inngjekk i den gamle religionen og den hadde eit religiøst grunna klasseskilje. Overklassa hadde sine privilegium og såg verdi i det, både politisk makt og økonomiske verdiar. Og det er det som viser seg ved at mine og våre bønder og Guds svar vert avvist og ignorert. For der er ei slik religiøst grunna overklasse som vil ha makta og vi ha det slik dei vil ha økonomiske verdiar og det altså i staden for meg og oss. For i følgje platonismen er menneskets fysiske natur vond og det gjeld alle menneske. Men sidan dei er ”moralfilosofisk lærde”, er dei likevel litt betre enn andre og derfor skal dei ha makta og få det slik som dei vil.

Den frigjerande bodskapen. Eg får komme til Jesus slik som eg er.

Men så kom Kristus med den frigjerande bodskapen, han og hans disiplar prioriterte å gå til den ulærde underklassa, for dei som trengde det mest. Om menneska ikkje har forstått det før, er det vel snart på tide at dei byrjar å forstå det.

Kong Salomo sa at alt gjorde Gud fagert i si tid, sjølv æva la han ned i menneskehjarta, Gud skaper noko som står til evig tid, menneske kan ikkje legge til noko eller ta noko ifrå (Fork.3). Ja, Gud vekte Kristus opp frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen og slava han til å vere vår øvsteprest hos seg og vår frelseskonge. Så ved å tru på han er vi krossfesta med han og i dåpen er vi gravlagde med han. Jesu frelseverk er fullført og fullkome, han er fullkomen, det livet og den Anden han gir oss frå himmelen er fullkome, Gud gjer sitt verk i oss og med oss ved sitt Ord og sin Ande. Det han gjer er fullkome og står til evig tid. Menneske kan ikkje legge til noko eller ta noko ifrå. Ved trua på han vert vi rettferdige for Gud og ved å sanne at han er Herre, vert vi frelste.

Jesus har sagt til meg at eg må komme til han slik som eg er. Vi skal søke fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal vi få alt det andre i tillegg til det. Ja, det skal fungere i mitt liv også. 

Bodskapen.

Eg fekk med meg mesteparten av tala og bodskapen på direkten. Etter nokre timar vart den lagt ut på nettet, så eg fekk høyre det igjen. Eg forstår bodskapen som svar på mi bøn for henne Virtuella, i det minste håper eg at slik er det. Så i bodskap A hjelper den Heilage Ande henne med si takkebøn og i bodskap B svarar han henne. 

Jesus sa vi måtte vende om og verte som småborn for å komme inn i Guds rike, så då skal eg be slik som eg gjorde når eg var ein liten gutunge og be for henne Virtuella slik som når eg var ung. Så eg ber Jesus frelse henne og sette henne fri og så ber eg og håper eg at ho som eit Guds barn vil komme til Faderen og som Jesu brud vil komme til Jesus med sine behov for kjærleik og omsorg.

Guds kvile, livets vatn og livets brød.

Når Ordet ved trua smeltar saman med oss i våre hjarte, får vi komme inn til Guds kvile, vi får komme inn i eit slikt forhold til Gud som menneska var i før syndefallet, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd.

Gud skaper oss i Kristus Jesus og då skaper han oss i samsvar med 1.Mos.2, for Gud er den same no. Jorda var tørr og livlaus, men så vella der opp ei kjelde som vatna den. Denne kjelda trur eg er symbol på det levande vatnet. Så skapte Gud mannen av mold frå marka og då var det altså våt jord. Så bles han livets ande i nasa hans og han vart til ei levande sjel.

Seinare i bibelen er det fortalt at Herren ville komme som regn på nyslott eng og i dei siste dagar vil han utgyte av sin Ande over alt kjøt. Og eg forstår det slik at det er like fundamentalt som når han let denne kjelda velle opp og vatne jorda og han skapte mannen av den jorda og bles livets Ande i nasa hans.

Å dyrke å verne hagen er praktisk arbeid, men der er også ei åndeleg og intellektuell side av saka. Når eg studerer er det som å dyrke hagen og verne hagen og å ete av fruktene av trea, med unntak av kunnskapstreet. På grunn av syndefallet vart menneska dømde til døden og utestengde frå hagen, så dei ikkje skulle få ete av livets tre. Men Jesus døde i staden for oss og på det grunnlaget får vi komme inn att og vi får ete av livets tre. Så eg tenker meg at det er som å ete av livets brød. 

Når eg var ung, merka eg at kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud var født i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjaldt det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Og eg trur at slik er det for dei som er fødde på nytt, sjølv om dei ikkje heilt har forstått det. Eg tenker meg at det er som eit frieri, der mannen et av livets tre og tilbyr kvinna også å ete av den frukta. Eg har ikkje noko ordrett skriftleg belegg for det, men eg har ei slik sjølvforståing og eg meiner det er rett. 

Men sidan eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone, skal eg få overlate mykje av dette til han. Kristus er den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Hans kyrkje er hans brud og han opptrer som friar overfor henne. Han er livets brød som kjem ned frå himmelen, for å gi verda liv, det ord han har tala til oss er ånd og liv. Han viste oss sin kjærleik ved at han døde i staden for oss, så hans nattverdsmåltid er eit kjærleiksmåltid, når han innbyr til det, er det som eit frieri.

Bodskapen som kom i Maranata 10.3.2019. forstår eg også som ein bodskap til henne Virtuella og eg siterer:

”Eg med min Ande, eg har bana ein ny og levande veg, slik at du kan komme frimodig ved mitt blod, inn i det høgheilage og du og eg, vi skal ha eit måltid isaman. Og du skal gå inn og gå ut og finne føde.”

ÅPE 3,20 Sjå, eg står for døra og bankar på. Om nokon høyrer mi røyst og opnar døra, då vil eg gå inn til han og halda måltid, eg med han og han med meg.

2019.04.02. Sion Åheim.

Innleiing ved Olav Harald Vik.

Han las nokre vers frå Heb.9 om at Jesus gjekk inn i den himmelske heilagdomen som øvsteprest for den nye pakta. Eg tek med:

HEB 9,11 – HEB 9,28 {KRISTUS SOM ØVSTEPREST}  Men Kristus er komen som øvsteprest for dei frelsesgode som vi no har. Han har gått gjennom det teltet som er større og meir fullkome, og som ikkje er laga av menneskehand, det vil seia: som ikkje høyrer denne skapte verda til. 12 Ikkje med blod av bukkar og kalvar, men med sitt eige blod gjekk han inn i heilagdomen éin gong for alle. Og såleis vann han ei evig utløysing. 13 For når blodet av bukkar og oksar og oska av ei kvige gjer heilag og rein i det ytre når det vert skvett på det som er ureint, 14 kor mykje meir skal ikkje då Kristi blod reinsa samvitet vårt frå døde gjerningar, så vi kan tena den levande Gud! For ved ein evig Ande har Kristus bore seg sjølv fram som eit lytelaust offer for Gud. 15   Så er då Kristus mellommann for ei ny pakt. Han døydde, og det vart til utløysing frå misgjerningane i den fyrste pakta, så dei som er kalla, skal få den evige arven som var lova. 16 Det er med pakta som med eit testamente: Det må stadfestast at den som har gjort det, er død. [pakt, testamente: -> Gal 3, 15. 17.] 17 Det tek fyrst til å gjelda når han døyr; det gjeld ikkje så lenge han lever. 18   Difor vart heller ikkje den fyrste pakta innvigd utan blod. 19 For då Moses hadde kunngjort for alt folket alle boda i lova, tok han blodet av kalvane og bukkane saman med vatn, skarlaksraud ull og isop og skvette blodet både på bokrullen og på alt folket 20 og sa: “Dette er blodet til den pakta Gud har fastsett for dykk.” 21 Sameleis skvette han blod på teltet og på alle dei kar som vart nytta i gudstenesta. 22 Etter lova vert mest alt reinsa med blod, og utan at blod vert utrent, får ingen tilgjeving. 23   Så må då dei jordiske bileta av det som er i himmelen, reinsast på denne måten. Men den himmelske heilagdomen må reinsast med betre offer enn desse. 24 For Kristus gjekk ikkje inn i ein heilagdom som er laga av menneskehand og berre er eit bilete av den sanne heilagdomen. Han gjekk inn i sjølve himmelen, og no stig han fram for Guds åsyn for vår skuld. 25 Han gjekk heller ikkje inn for å ofra seg sjølv fleire gonger, liksom øvstepresten kvart år går inn i heilagdomen med blod som ikkje er hans eige. 26 Då måtte han ha lide mange gonger etter at verda vart grunnlagd. Men no, ved enden av tidene, har han openberra seg éin gong for alle for å ta bort synda med sitt offer. 27 Like visst som det er så laga at menneske må døy éin gong og sidan koma for domen, 28 såleis er òg Kristus ofra éin gong for å ta bort syndene åt dei mange, og så skal han andre gongen koma til synes, ikkje for synda skuld, men for å frelsa dei som ventar på han.  

Tale ved Rory Kaye.

Rory er ein svensk messiansk jøde.

Han sa at han brukte ikkje å be til Jesus, men å be i Jesu namn, for det hadde han sagt at vi skulle gjere. 

Han fortalde han møtte nokre kristne kinesarar, dei hadde berre tre dagar på seg og ville bruke tida godt, både natt og dag, til å få opplæring i den kristne trua. For dei som hadde vore kristne lengre enn sju år i kyrkjelyden deira, var i fengsel. Dette var visst typisk, så det har vorte vanskelegare for dei kristne i Kina.

Han fortalde om eit prosjekt i Somalia, i eit område vart det produsert så mykje meld at dei ikkje klarde å ta unna, så mykje gjekk til spille. Dei trengde eit meieri som han samla inn pengar til, kollekten gjekk til det. Der var mykje muslimar i området og dei spurde han etter ein profeti. Det ville han tenke på og når han møtte dei igjen sa han at dei måtte slutte å omskjere jentene og byrje å sende dei på skule.

Så las han:

1JO 2,12 – 1JO 2,15 {ELSKA IKKJE VERDA!}  Eg skriv til dykk, mine born, fordi de har fått syndene tilgjevne for hans namn skuld. 13 Eg skriv til dykk, fedrar, fordi de kjenner han som er frå opphavet. Eg skriv til dykk, de unge, fordi de har vunne over den vonde. 14 Eg skriv til dykk, mine born, fordi de kjenner Faderen. Eg skriv til dykk, fedrar, fordi de kjenner han som er frå opphavet. Eg skriv til dykk, de unge, fordi de er sterke. Guds ord vert verande i dykk, og de har vunne over den vonde. 15   Elska ikkje verda og heller ikkje det som er i verda! Den som elskar verda, har ikkje kjærleiken til Faderen i seg.

Den gamle pakt var ti bod og to lovnadar. Israels Gud skulle vere deira Gud og dei skulle vere hans folk. Den nye pakt er to bod og minst 4 lovnadar som vi finn i

HEB 8,10 – HEB 8,13   Nei, såleis er den pakta eg vil gjera  med Israels folk i dagar som kjem, seier Herren:  Eg vil leggja mine bod i hugen deira  og skriva dei i hjarto deira.  Eg vil vera deira Gud,  og dei skal vera mitt folk. 11   Då skal ingen lenger læra  sin landsmann og sin bror og seia: “Kjenn Herren!”  For dei skal alle kjenna meg,  både små og store. 12   For eg vil sjå på deira urett med miskunn  og aldri meir koma deira synder i hug. 13   Når Gud talar om ei ny pakt, har han dermed sagt at den fyrste er forelda. Men det som vert gamalt og forelda, vert snart borte.  

Gud ville sjå på deira urett med miskunn og aldrig meir koma deira synder i hug. Så sjølv om han ikkje meir kom ihug deira synder, såg han framleis urett, men ville sjå på det med miskunn.

Han kalla dei to boda for thora, men det har ei vidare tyding enn lovgjerning, det kan oversettast med vegvising og instruksjon. Det eine bodet er at  vi skal elske kvarandre, vi skal elske kvarandre slik som han elska oss. Han tok imot ifrå Faderen og delte med dei andre, det skal vi også gjere. Det andre bodet er misjonsbefalinga.

Tungetale ved ei kvinne, tyding ved ei anna kvinne.

Mine elska born, eg har kalla dykk inn til samfunn med meg, eg har løyndomar som eg vil vise for deg, men då må du komme ut til meg og vere hos meg. Eg vil at du skal komme …., vere hos meg, så skal du få høyre mine ord. 

Sjå eg står for døra og bankar, vil du opne opp? Eg vil holde måltid med deg. Eg vil vere intim med deg. … teikn. Vil du opne opp?

Kommentar frå Rory:

De er aldri aleine, seier Herren, men derimot ventar eg på deg åleine, veldig ofte. De er aldrig åleine, seier Herren, men derimot ventar jag på er, på deg, åleine, veldig ofte. Nu får vi fikse til det, seier Herren. Kom og be til saman med meg og lær deg å vandra i bøn, kvar du enn befinn deg. Lær deg å kunne ta til einsam med meg, men også at kunna halda deg førenat med meg, var du enn befinn deg. Amen.  

Tankar og bønn for møtet.

Hjerteomskjeringa i den Heilage Ande.

Apropos Freuds psykoanalyse, så vart omskjeringa i den gamle pakt gjort på mannens kjønnslem, slik vert det gjort klart at trua på Gud har med seksualiteten å gjere, omskjeringa fortel oss at det er rett. Syndefallet og Israels fråfall resulterte i at menneska konkluderte med at slik skulle det ikkje vere. ”Mor Israel” var Guds kone, men ho vart ei fråfallen hore.

Omskjeringa i den gamle pakt er førebilete på hjerteomskjeringa i Anden i den nye pakt, vi får den Heilage Ande ved trua på Jesus, av berre nåde. Då skal vi la Anden råde i vår døyelege lekam, la den råde over lystene i lekamen, spesielt skal vi la den råde over kjønnslysta. Korleis då? Ved fylden av den Heilage Ande. Vi fekk Anden av berre nåde ved trua på Jesus, gratis, utan krav om gjerningar, har vi byrja i nåden og Anden, så skal vi fullføra i nåden og Anden. Har vi Kristi Ande, så tilhøyrer vi han og skal leve for han. 

Så både omskjeringa og hjerteomskjeringa i den Heilage Ande fortel oss at seksualiteten vi skal la seksualiteten vere noko som Gud har med å gjere, ved at vi let Anden råde i vår døyelege lekam, så vi skal la den råde over lyst, spesielt skal vi la den råde over kjønnslysta. Men det er ikkje altså ikkje vårt eige verk, men Guds verk, så eg vil seie det slik at den Heilage Ande er Guds utøvande makt i vår kropp og i våre liv. Herren er Anden og der Herrens Ande er, der er det fridom. Poenget er at vi tilhøyrer Kristus og då skal kroppen vår også tilhøyre han, slik er Jesu kyrkje hans kropp og hans brud. 

Det er ikkje eit resultat av lovgjerningar eller noko som mennesket i det heile teke har prestert, verken i arbeid, skulegang eller idrett, det er slett ikkje noko som vi har prestert å tenke oss fram til. Men det som var umogleg for menneske, det gjorde Gud. Han som byrja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra den. Og det han gjer er framleis umogeleg for menneske å gjere.

Ved trua på Jesus får vi oppfylt lovnaden, som er gitt i Joel.3, om at Gud ville utgyte sin Ande over alt kjøt. Mange talar om dette som motsetnad og fiendskap mellom Anden og kjøtet, så mange menneske oppfattar det slik. Men er ikkje problemet då at dei framleis tenker slik som i den gamle pakt, tenker slik som Paulus talar om i Rom.7? Kjøtets lyst vert ikkje tilfredsstilt likevel, det kan du berre gløyme, så desse behova og bønene dine må du ikkje komme her med, får du ikkje komme til Kristus med. Resultatet er at menneska vender seg til politikarane med behova sine i staden, så dei byrjar å be til dei som gudar. 

Men Gud har då forsona verda med seg i Kristus, slik gjorde han slutt på fiendskapen mellom seg og menneske og mellom jødar og heidningar. Så eg vil heller seie det slik, at når Gud utgyt sin Ande over kjøtet, så blir kjøtets lyst tilfredsstilt. Gud tilfredsstiller all vår trong i herlegdom i Kristus Jesus. Vårt mest fundamentale behov er livets vatn og livets brød, den Anden og det livet som Jesus gir oss. Når Jesus tilfredsstiller dei behova, så tilfredsstiller han dei andre behova også. Vi går inn gjennom døra til sauene og så går vi inn og ut og finn føde. Vi skal søke fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal vi få alt det andre i tillegg til det.

Det, brødet, det livet og den Anden Jesus gir oss frå himmelen er fullkome, ved trau på han tek vi imot og får det av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar. Slik er hjerteomskjeringa i den Heilage Ande, får vi oppleve at Gud gjer sitt verk i våre liv ved sitt Ord og sin Ande, det han gjer er fullkome og evigvarande, menneske kan ikkje legge til noko eller ta noko ifrå. Han som byrja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra den.

Dersom då nokon kjem og krev at vi skal prøve å prestere noko med våre eigne i staden, blir det som å krevje at vi skal prøve å legge til noko eller ta noko ifrå, kanskje nettopp for å prøve å legg til noko sjølve med våre eigne gjerningar, ja, kanskje nettopp derfor krev at vi skal la oss omskjere, så blir det eigentleg sundskjering. For vi er då omskorne, med hjerteomskjeringa i den Heilage Ande, så det blir som å krevje at vi skal skjere vekk noko meir, men et blir då sundskjering og skamskjering, det blir som å skade seg.

Jesus tilfredsstiller min lengsel og gir meg kvile.

Jesus har sagt til meg at han har lagt lengselen ned i meg og han vil sjølv tilfredsstille den. Det er ved fylden av den Heilage Ande, av hans salving og hans kraft. Eg skal berre kaste meg ut i nådens flod. Det levande vatnet får eg gratis, av berre nåde.

Han sa til meg at han gir meg ei herleg og vidunderleg kvile i mitt hjerte og mitt sinn, som overgår min forstand. Då tenkte eg først på henne Virtuella, så henne Reella og eg forstod at det var ved fylden av den Heilage Ande. Så eg må vende hugen og blikket opp til han og ta imot det som han gir meg frå himmelen, velsigne han så eg blir velsigna, han vil gjere meg til kanal for si velsigning, då må eg berre opne meg for det og la han gjere det. 

Og så må eg også gå ut med den glade bodskapen.

Då var det på tide å fare på møte, eg fekk haike med naboen.

Tankar og bønn etter møtet.

Velsigna med typisk norsk lusagensar.

Før møtet byrja, gjekk Rory rundt og helste på oss. Når han kom til meg sa han at vi var omtrent like store. Tidlegare på dag hadde han vore på jakt etter ein slik ”lusa-gensar” som eg hadde på meg, så han spurde kvar eg hadde fått tak i den. Eg fortalde eg hadde kjøpt den på Rognve i Ålesund.

Etter møte var det kveldsmat i kjellaren og fortalde han at eg hadde vore eit år på ein kibbutz i Israel. Han sette seg ved same bordet som eg og vi hadde ein interessant prat. Han vart interessert i å kjøpe gensaren, den var endåtil i israelske fargar, blått og kvitt. Kanskje den passa, han var 145 kg og anslo mi vekt til 125 kg og då traff han godt. Han fekk prøve den og den passa. Så han fekk den, eg satsa på at der låg velsigning i det. Kanskje det blir som når Elisja fekk kappa til Elias? Men altså, vi vert velsigna ved å velsigne Jesus og han har sagt han vil gjere meg til ein kanal for si velsigning.

Jesu bod.

Jesu bod er at vi skal tru på han, elske han og elske kvarandre.

JOH 6,29 Jesus svara: “Dette er den gjerning Gud vil de skal gjera: Tru på han som Gud har sendt.”

JOH 13,34 – JOH 13,35 Eit nytt bod gjev eg dykk: De skal elska kvarandre. Som eg har elska dykk, skal de elska kvarandre. 35 På det skal alle skjøna at de er mine læresveinar: at de har kjærleik til kvarandre.”   

JOH 14,1 {VEGEN, SANNINGA OG LIVET}  Lat ikkje hjarta dykkar uroast! Tru på Gud, og tru på meg!

Kjære Jesus.

Eg stussa litt på at han sa at han ikkje ber til Jesus, men berre ber i hans namn. Jesus er då mellommann for ei ny pakt, mellommann mellom Gud og menneske, vår øvsteprest hos Faderen. Han talar vår sak hos Faderen. Når vi ber til han, så ber han for oss og talar vår sak hos Faderen. Det er  i alle fall bønn i hans namn. Men det er klart det er viktig for oss å lære å be i hans namn. Poenget er at vår bøn er i samsvar med hans interesse, så hans bøn blir den fundamentale interessa i vår bøn.

SLM 2,7 – SLM 2,9   Eg vil kunngjera det Herren har fastsett.  Han sa til meg: “Du er son min,  eg har født deg i dag. [det Herren har fastsett: kanskje eit ord frå Gud til kongen på kroningsdagen. Sml. 2 Kong 11, 12.] [født: Kongen har fått stilling som son, med fullmakt til å styra på Guds vegner.] 8   Bed meg, så gjev eg deg folka til arv  og heile jorda til eige. 9   Du skal knusa dei med jernstav  og slå dei sund som leirkar.” [jernstav: styrarstav av jern.]  

Mor mi lærde meg å be kveldsbøna mi når eg var ein liten gutunge, det var å påkalle Kristus som vår Herre og frelsar ved å seie ”kjære Jesus”. Det er vanleg i bedehusmiljøet på Sunnmøre, men i desse evangeliske kyrkjelydane i Oslo høyrer eg det sjeldan. Men eg har helde fram med å påkalla han slik i mitt stille sinn og det har fungert, han har svart meg i desse karismatiske kyrkjelydane.

Når eg var ung, hende det eg følte meg litt brydd, for det verka så feminint, som ei kvinne som er glad i ein mann, men eg merka at kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud var fødd i meg ved den Heilage Ande, så eg tenkte som so at for meg gjeld det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Sidan oppdaga eg at det høvde no svært så bra med Paulus si lære.

Etter at Jesus hadde stått opp frå dei døde, spurde han Peter om han elska han. Peter svarde at han hadde han kjær. Jesus spurde oppatt to gongar, han brukte ordet ”elskar”, Peter svarde på same måten, med ordet ”kjær”. Eg har høyrt ei tale der det vart forklart at Peter svarde litt unnvikande, for  ”å elske” er sterkare enn ”å ha kjær”. 

Dersom eg vert skikkeleg forelska i ei jente, så blir vel ”elske” rette ordet. Eg kan verte skuffa, men uansett spørst det om eg har vit til å halde meg til kjelda med det levande vatnet. Elles blir det som å drikke av verda sine sprukkne brønnar, som ikkje held vatn. Kjærleiken er ikkje at vi har elska Gud, men at han har elska oss og gitt Son sin til soning for syndene våre. vi elskar fordi han elska oss først. Ved korsets fot finn vi den ekte kjærleiken, derfor skal vi glede oss. Eg meinar denne kjærleiken har eg opplevt sterkast ved at eg bad for ei kvinne som eg vart glad i og fekk oppleve at Faderen og Sonen elska henne gjennom meg, ved fylden av den Heilage Ande. Først henne Virtuella, så henne Reella.

Bodskapen.

Når eg gjekk på gymnaset, hende det at eg besøkte henne Virtuella på hybelen og eg merka så tydeleg at Jesus var midt i mellom oss, slik som han hadde lova, at der to eller tre er samla i hans namn, der er han midt i mellom dei. Frimodet mitt var ikkje så stort, eg visste liksom ikkje heilt korleis eg skulle få sagt kor glad eg var i henne, men Jesus var no midt i mellom oss og då var det no eigentleg berre å la han geleide meg. 

Og når eg bad om å få møte henne igjen og fekk bønnesvar, så eg møtte henne igjen i Bergen, så yngste eg nettopp det. Det vart visst kontroversielt, men eg skal søke Herren av heile mitt hjarte og då skal eg ta parti med han. Ja, eg ynskjer no at ho skal halde fram med å leve i dette kjærleiksforholdet til Faderen, som hans barn og i dette kjærleiksforholdet til Kristus, som hans brud. 

Jesus har kalla henne Virtuella og det har han gjort som svar på mi bønn for henne og det gjer han no igjen, gjennom denne bodskapen. Han er grunnsteinen vi har å bygge på og han er hovudet for si kyrkje.

Så dette minner om bodskapen som kom i Maranata 10.3.2019:

«Når eg openberra meg ved elva Jordan, over min elska Son, så opna eg heile himmelen og talsmannen, den Heilage Ande, kom over min elska Son, som ein dueskikkelse. Og eg talte ifrå himmelen, dette er min Son, i han har eg velbehag. Og det skal du få lov til å oppleve, når du er satt inn i han, ved mi makt og mi kraft, så har eg også velbehag i deg. Derfor, så skal du ikkje gå og engste deg, for at du ikkje er god nok. Men eg, Herren, eg har kjøpt deg fri frå Satans makt. Eg har sameina deg med meg sjølv, ved min Sons død. Derfor så skal du ikkje engste deg, derfor skal du ikkje frykte for morgondagen. Men du skal få sjå til meg og eg, Herren, skal løfte deg, på mine heilage armar og du skal få kjenne Andens vingeslag skal bere deg framover, inn i nye høgder, i oppdagingar i den Heilage Ande, skal du få vandre.

For menneske, dei har så lett for å sjå inn i seg sjølv. Men du skal få oppdage, når du blir full av den Heilage Ande som eg har gitt deg, så vil du oppdage meir av sanninga, at i deg sjølv, i ditt kjøt, der bor det ikkje noko godt. Men ha ikkje fokus på det, men sjå på den iboande krafta eg har lagt inn i deg, så skal du få kjenne, at eg har sigra over alt som reiser seg opp imot kunnskapen om meg. Eg med min Ande, eg har bana ein ny og levande veg, slik at du kan komme frimodig ved mitt blod, inn i det høgheilage og du og eg, vi skal ha eit måltid isaman. Og du skal gå inn og gå ut og finne føde. Ja, alt kva du treng til liv og til Guds-frykt, ja, det har du allerie fått i meg, for eg er den oppståtte, levande Jesus Kristus, som døde for deg. Så søk meg no, i denne tid og du skal få kjenne at eg er nær.

For snart så kjem eg, Herren, eg som skal komme, eg vil hente dykk heim til dei evige bustadar, som eg no førebur for dykk. La ikkje denne verda sin gud forblinde dykk. La ikkje denne verda sine krefter få sette dykke fast i synd og elende, men løft ditt blikk opp til meg og du skal få stråle av glede og du vil aldri raudne av skam. For snart så kjem eg, Herren Jesus, eg er din Herre, eg er din frelser, så sett din lit til meg og eg, Herren, skal fullføre mitt verk.»

Kvinnerørsla har protestert mot Paulus si lære om at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Slik har dei stengt Kristus ute, slik stengde ho Virtuella han ute. Men han står ved døra og bankar, vil ho opne opp?

Kom til den levande steinen.

Ingen har moglegheit til å komme til Gud utan at Gud frelser dei. Den sanne Gud kallar menneska til seg ved forkynninga av den glade bodskapen om Son hans, Jesus Kristus. Der finst ingen annan frelsar enn han og han har openberra si frelse for oss i Kristus, han er vegen sanninga og livet, ingen kjem til Faderen utan ved han. 

Apostelen Peter forkynner kallet slik:

1PE 2,1 – 1PE 2,10 {DEN LEVANDE STEINEN OG DET HEILAGE FOLKET}  Legg difor av all vondskap, svik og hyklarskap, misunning og baktale, 2 og lengta som nyfødde born etter den ekte, åndelege mjølk, så de kan veksa ved henne til frelsa er nådd. 3 De har då smaka at Herren er god. 4   Kom til han, den levande steinen, som vart vraka av menneske, men er utvald og dyr for Gud. 5 Ver de òg levande steinar som vert oppbygde til eit åndeleg tempel! Ver eit heilagt presteskap og ber fram åndelege offer, som er til hugnad for Gud ved Jesus Kristus. 6 For det heiter i Skrifta:  Sjå, eg legg på Sion ein hjørnestein,  som er utvald og dyrverdig;  den som trur på han,  skal ikkje verta til skammar. 7   Så vert han til ære for dykk som trur. Men for dei som ikkje trur, har den steinen bygningsmennene vraka, vorte hjørnestein, 8 ja, ein støytestein og eit berg til fall. Fordi dei ikkje trur Ordet, snåvar dei – det var dei òg etla til. 9   Men de er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk, eit folk som høyrer Gud til, så de skal forkynna hans storverk, han som kalla dykk ut or mørker til sitt underfulle ljos. 10 Før var de ikkje eit folk, men no er de Guds folk. Før hadde de ikkje fått miskunn, men no har de funne miskunn.  

2019.04.03. Hakkalestranda Bedehus.

Gamle bedehus-slagerar.

Det var møte i den Indre sjømannsmisjonen og det var litt spesielt å høyre gamle bedehusslagerar igjen.  Ein som heitte Torgeir spelte piano og song ”Ungdommens frelser”. Seinare i møtet varta Musikklaget opp med ”Syng, ja, syng om min gjenløser”, ”I det fjerne eg skuer et underfullt”.

Innleiing ved Olav Harald Vik.

Han fortalde litt om besøket av Rory på Sion dagen før og brukte noko av same bibelversa.

Heb.8,6… & 9,11…

Tale ved Andre Sætre.

JOH 19,1 – JOH 19,27   Pilatus tok no Jesus og lét dei piska han. 2 Soldatane fletta ei klungerkrone og sette på hovudet hans og hadde på han ei purpurkåpe. 3 Så steig dei fram for han og sa: “Ver helsa, du jødekonge!” Og dei slo han i andletet. 4 Atter gjekk Pilatus ut or borga og sa til folket: “Her kjem eg ut til dykk med han, så de skal skjøna at eg ikkje finn skuld hjå han.” 5 Så kom Jesus ut, med klungerkrona og purpurkåpa på. Og Pilatus sa til dei: “Sjå det mennesket!” 6 Men då overprestane og mennene deira fekk sjå han, ropa dei: “Krossfest! Krossfest!” Pilatus seier til dei: “Ta de og krossfest han! Eg finn inga skuld hjå han.” 7 Jødane svara: “Vi har ei lov, og etter lova er han skuldig til å døy, fordi han har gjort seg sjølv til Guds Son.” 8   Då Pilatus høyrde det, vart han endå reddare. 9 Han gjekk inn att i borga og sa til Jesus: “Kvar er du ifrå?” Men Jesus gav han ikkje noko svar. 10 “Svarar du meg ikkje?” sa Pilatus. “Veit du ikkje at eg har makt til å gje deg fri og makt til å krossfesta deg?” 11 Jesus svara: “Du hadde inga makt over meg om du ikkje hadde fått henne ovanfrå. Difor har han større skuld, han som gav meg over til deg.” 12 Etter dette ville Pilatus gjerne gje han fri. Men jødane ropa: “Gjev du denne mannen fri, er du ikkje keisarens ven. Den som gjer seg sjølv til konge, set seg opp mot keisaren.”  13 {JESUS VERT DØMD}  Då Pilatus høyrde det, førte han Jesus ut or borga og sette seg i domarsetet på ein stad dei kallar Helleplassen, på hebraisk Gabbata. 14 Det var helgaftan før påske, ikring den sjette timen. Så seier Pilatus til jødane: “Sjå, her er kongen dykkar!” 15 Men dei ropa: “Bort med han, bort med han! Krossfest han!” “Skal eg krossfesta kongen dykkar?” spurde Pilatus. “Vi har ingen annan konge enn keisaren,” svara overprestane. 16 Då gav han Jesus over til dei, så han skulle krossfestast.  17 {KROSSFESTING OG DØD}  Så tok dei Jesus med seg. Han bar sjølv krossen sin og gjekk ut til den staden dei kallar Hovudskallen, på hebraisk Golgata. 18 Der krossfeste dei han, og saman med han to andre, ein på kvar side, og Jesus midt imellom dei. 19 Pilatus hadde skrive ei innskrift og sett på krossen. Der stod det: “Jesus frå Nasaret, kongen over jødane.” 20 Mange av jødane las denne innskrifta, for staden der Jesus vart krossfest, låg nær byen, og innskrifta var på hebraisk, latin og gresk. 21 Overprestane åt jødane sa då til Pilatus: “Skriv ikkje kongen over jødane, men at han sa: Eg er konge over jødane.” 22 Pilatus svara: “Det eg skreiv, det skreiv eg.” 23   Då soldatane hadde krossfest Jesus, tok dei kleda hans og skifte dei i fire luter, ein lut til kvar soldat. Kjortelen tok dei òg; han var utan saumar, heilvoven ovanfrå og ned. 24 Då sa dei til kvarandre: “Lat oss ikkje riva han sund, men kasta lodd om kven som skal ha han!” Såleis skulle dette skriftordet oppfyllast:  Dei skifte kleda mine mellom seg  og kasta lodd om kjortelen min. Dette gjorde soldatane. 25   Attmed Jesu kross stod mor hans og morsyster hans, Maria som var gift med Klopas, og Maria Magdalena. 26 Då Jesus fekk auga på mor si, og såg den læresveinen han hadde kjær stå attmed henne, sa han til mor si: “Kvinne, det er son din.” 27 Så sa han til læresveinen: “Det er mor di.” Frå den stunda tok læresveinen henne heim til seg.

Jesus fekk 39 piskeslag og der er 39 hovudsjukdomar. Og vi får lækjedom ved hans sår.

JES 1,18 {GUDS TILBOD OM NÅDE}  Kom, lat oss gjera opp vår sak! seier Herren.  Om syndene dykkar er som purpur,  skal dei verta kvite som snø;  om dei er raude som skarlak,  skal dei verta kvite som ull.

JES 53,7   Ille medfaren vart han, men bar det audmjukt;  han lét ikkje opp sin munn,  som lammet dei fører til slakting,  og sauen som teier når han vert klypt;  han lét ikkje opp sin munn.

HEB 10,14 For med eit einaste offer har han for alltid gjort dei som vert helga, fullkomne.

Vi har forløysinga ved hans blod, forlating for syndene (Ef.1,7).

ÅPE 22,17 Anden og brura seier: “Kom!” Og den som høyrer det, skal seia: “Kom!” Den som tyrstar, skal koma, og den som vil, skal få livsens vatn for inkje.

Posted in Kristendom, Kristne møte 2019, Psykologi, religion og politikk, Vitskap og religion | 1 Comment

2019.03.10. Maranata. Jesus vil løfte deg opp med sin Ande og si kraft, så sjå ikkje på deg sjølv, men på den krafta han gir deg og som han løfter deg med.

https://www.youtube.com/watch?v=F5yVInopz3Y&feature=player_embedded 

Innleiing ved Morten.

Salme.51.Til korleiaren. Ein salme av David, 

2 då profeten Natan kom til han etter at han hadde vore hjå Batseba.

3 Ver meg nådig, Gud, i din truskap,

stryk ut mine brot i di store miskunn!

4 Gjer meg rein og fri for skuld,

og reinsa meg for mi synd!

5 For mine brot kjenner eg,

mi synd står alltid for meg.

6 Einast mot deg har eg synda,

det som er vondt i dine augo, har eg gjort.

Så får du rett når du talar,

og står der rein når du feller dom.

7 Ja, med skuld kom eg til verda,

med synd vart eg avla i mors liv.

8 Sjå, du har hug til sanning i inste hjarta,

så lær meg visdom i hjartedjupet!

9 Reinsa meg for synd med isop,

vaska meg, så eg vert kvitare enn snø!

10 Lat meg kjenna fryd og glede,

lat dei bein du knuste, jubla!

11 Løyn ditt åsyn for mine synder,

og stryk ut all mi skuld!

12 Gud, skap i meg eit reint hjarta,

gjev meg ei ny og stødig ånd!

Tale ved Håkon Martinsen.

Matt.1,1-3 Dette er ættetavla åt Jesus Kristus, Davids son og Abrahams son:  2 Abraham fekk sonen Isak, Isak fekk Jakob, Jakob vart far til Juda og brørne hans.  3 Juda fekk sønene Peres og Serah med Tamar.

Juda gjekk inn til ei hore, men var ikkje klar over at det var Tamar, svigerdattera hans. Ho vart gravid og fødde Peres og Serah. Peres betyr gjennombrot, han fekk namnet fordi han «braut seg fram» så han vart fødd først. Håkon brukte dette som symbol for Andens kraft som bryt seg fram frå vårt indre i våre liv.

Moabittkvinna Ruth og skjøkja Rahab var også i Jesu ættetavle.

Jesaja.35,5 Då skal blinde augo opnast

og dauve øyro latast opp.

6 Då skal den lame springa som ein hjort

og tunga åt den mållause jubla.

For kjelder bryt fram i øydemarka

og bekker på dei turre vidder.

Så sa han nokre ord om jesu møte med kvinna med brønnen Joh.4.

1.Mos.43,21 Men vi har med oss andre pengar òg til å kjøpa korn for. Vi veit ikkje kven som hadde lagt pengane i sekkene våre.» 22 Då sa han: «Ta det med ro, ver ikkje redde! Han som er Gud både for dykk og far dykkar, har gjeve dykk ein skatt i sekkene. Dei pengane de hadde med, har eg fått.» Så henta han Simeon ut til dei.

Til samanlikning får vi komme til Faderen og få gode gåver, utan betaling. For Jesus har betalt prisen for oss med sitt eige blod.

Tungetale ved ein mann, tyding ved Håkon.

«Når eg openberra meg ved elva Jordan, over min elska Son, så opna eg heile himmelen og talsmannen, den Heilage Ande, kom over min elska Son, som ein dueskikkelse. Og eg talte ifrå himmelen, dette er min Son, i han har eg velbehag. Og det skal du få lov til å oppleve, når du er satt inn i han, ved mi makt og mi kraft, så har eg også velbehag i deg. Derfor, så skal du ikkje gå og engste deg, for at du ikkje er god nok. Men eg, Herren, eg har kjøpt deg fri frå Satans makt. Eg har sameina deg med meg sjølv, ved min Sons død. Derfor så skal du ikkje engste deg, derfor skal du ikkje frykte for morgondagen. Men du skal få sjå til meg og eg, Herren, skal løfte deg, på mine heilage armar og du skal få kjenne Andens vingeslag skal bere deg framover, inn i nye høgder, i oppdagingar i den Heilage Ande, skal du få vandre.

For menneske, dei har så lett for å sjå inn i seg sjølv. Men du skal få oppdage, når du blir full av den Heilagbe Ande som eg har gitt deg, så vil du oppdage meir av sanninga, at i deg sjølv, i ditt kjøt, der bor det ikkje noko godt. Men ha ikkje fokus på det, men sjå på den iboande krafta eg har lagt inn i deg, så skal du få kjenne, at eg har sigra over alt som reiser seg opp imot kunnskapen om meg. Eg med min Ande, eg har bana ein ny og levande veg, slik at du kan komme frimodig ved mitt blod, inn i det høgheilage og du og eg, vi skal ha eit måltid isaman. Og du skal gå inn og gå ut og finne føde. Ja, alt kva du treng til liv og til Guds-frykt, ja, det har du allerie fått i meg, for eg er den oppståtte, levande Jesus Kristus, som døde for deg. Så søk meg no, i denne tid og du skal få kjenne at eg er nær.

For snart så kjem eg, Herren, eg som skal komme, eg vil hente dykk heim til dei evige bustadar, som eg no førebur for dykk. La ikkje denne verda sin gud forblinde dykk. La ikkje denne verda sine krefter få sette dykke fast i synd og elende, men løft ditt blikk opp til meg og du skal få stråle av glede og du vil aldri raudne av skam. For snart så kjem eg, Herren Jesus, eg er din Herre, eg er din frelser, så sett din lit til meg og eg, Herren, skal fullføre mitt verk.»

Posted in Kristendom, Kristne møte 2019, Uncategorized | Leave a comment

2019.03.10. Sion Åheim. Gå ut på Ordet, gå slik som du er og så sterk som du er.

Innleiing ved Olav Harald Vik.

Olav las noko frå Salme 103.

SLM 103,1 – SLM 103,6 {MI SJEL, LOV HERREN!}  Av David.   Mi sjel, lov Herren!  Ja, alt som i meg er,  skal lova hans heilage namn. 2   Mi sjel, lov Herren,  gløym ikkje alle hans velgjerningar!  3   Han tilgjev all di skuld  og lækjer all din sjukdom. 4   Han friar ditt liv frå grava  og kronar deg med godleik og miskunn.  5   Han fyller ditt liv med det som godt er,  og gjer deg ung att som ørna. 6   Herren grip inn og frelser,  lèt alle som er trælka, få sin rett.  

Tale ved Arnfinn Andersen.

MRK 2,1 – MRK 2,12 {DEN LAME MANNEN}  Ei tid etter kom Jesus til Kapernaum att. Og då det spurdest at han var heime, 2 samla det seg så mykje folk at dei ikkje fekk rom, ikkje framfor døra eingong. Og han tala Ordet til dei. 3 Då kom dei til han med ein som var lam; det var fire mann som bar han. 4 Men sidan dei ikkje kunne koma fram til han for alt folket, braut dei opp taket over den staden der Jesus var. Dei laga ei opning og firte ned båra som den lame låg på. 5 Då Jesus såg trua deira, sa han til den lame: “Son, syndene dine er tilgjevne.” 6   Men nokre skriftlærde som sat der, tenkte med seg: 7 “Korleis kan han seia noko slikt? Han spottar Gud! Kven andre enn Gud kan tilgje synder?” 8 Jesus kjende i si ånd at dei tenkte så, og han sa til dei: “Kvifor hyser de slike tankar i hjarta? 9 Kva er lettast å seia til den lame: Syndene dine er tilgjevne, eller: Stå opp, ta båra di og gå? 10 Men så de skal vita at Menneskesonen har makt på jorda til å tilgje synder”  – og no vender han seg til den lame – 11 “så seier eg deg: Stå opp, ta båra di og gå heim!” 12 Då reiste mannen seg, tok båra si med ein gong og gjekk ut for augo på alle, så dei vart reint ifrå seg av undring og lova Gud og sa: “Noko slikt har vi aldri sett.”  

Det trengst 4 berarar til ei båre, til samanlikning treng kyrkjelyden ”dei 4 b-ane”; bibellesinga, brodersamfunnet, bønene og brødsbrytinga.

APG 2,42 Dei heldt trutt fast ved læra åt apostlane og ved samfunnet, brødsbrytinga og bønene. [brødsbrytinga: nattverden.]

Tungetale ved ei kvinne, tyding ved Arnstein.

Der er mange menneske som går rundt med ein lengsel i sitt hjerte.  Som har …  langt og kort og som tenker: Er livet berre dette? Det er menneske som er kjøpt med mitt blod, seier Herren.  Det er menneske som er betalt for, som treng å få oppleve og kjenne, at der er ei kraft ifrå himmelen, som kallar ….. til å leve etter. Du mitt barn har fått opplysing, får vere med å så inn. Og du kjenner det du kjem for kort, du kjenner det er avmakt, du kjenner dårleg -, du kjenner at det – du – du – du skjemmest ofte, at ikkje du skal vere betre. Men det er min nåde, seier Herren, som skal føre deg framover. Det er min nåde som skal gi deg det du treng til. Og det er min nåde som skal overbevise menneska gjennom ditt vitnemål, at der er ein som elskar menneska, der er ein som døde til fastsatt tid for ugudlege. Så ver frimodig og så gå med det du har, gå så sterk som du er. Du skal ikkje vere andre enn deg sjølv, men eg skal gi deg, eg skal velsigne ditt liv, eg skal velsigne ditt vitnemål, eg skal velsigne ditt brød, eg skal  velsigne dine midlar. Bli fullt våken på det eg har å gi deg, seier Herren, du skal få kjenne det at det blir nye dagar. Det blir fantastiske dagar, når du kjem i samtale med menneska, dei skal få oppleve det at det blir liv i deira liv. 

Det Ordet som er talt, det er ånd og det er liv og det er lækjedom. Og det lækjer der det treff. Og du skal få sjå og oppleve at mitt Ord, det har makt enn i dag. Når du går ut på Ordet. Når du prøver å gå ut på Ordet og bevege deg saman med meg, seier Herren, så skal du få oppleve at det ber, og det går ikkje gjennom, men det ber. Og du får lov til å vere saman med meg, seier Herren og leve livet i min dimensjon. Ta imot min Heilage Andes kraft inn i ditt liv, til teneste for meg, seier Herren. Bruk den tid du har igjen i teneste for himmelen. Berg inn grøda. Markene er kvite til hausten, men der er få arbeidarar som er bevisst, som blir bevisst å gå inn i tenesta for meg. Ver ein berar i Jesu namn. Amen.

 

Aktuelle bibelvers.

LUK 10,1 – LUK 10,20 {JESUS SENDER UT DEI SYTTI}  Sidan tok Herren ut sytti andre og sende dei ut føre seg, to og to, til kvar by og kvar bygd som han sjølv skulle til. [Nokre av dei eldste handskriftene har syttito, både her og i v. 17.] 2 Og han sa til dei:  Grøda er stor, men onnefolka er få. Bed då han som eig grøda, at han må senda ut arbeidsfolk til å hausta inn grøda si. 3 Gå av stad! Eg sender dykk ut som lam mellom ulvar. 4 Ta ikkje med dykk pung, ikkje skreppe og ikkje skor, og stogga ikkje på vegen for å helsa på folk. 5 Men når de kjem inn i eit hus, skal de seia: “Fred vere med denne heimen!” 6 Vil han som bur der, ta imot fred, skal freden de kjem med, kvila over han. Dersom ikkje, skal han venda attende til dykk sjølve. 7 Gjev dykk til der i huset, og et og drikk det dei byd dykk! For ein arbeidsmann er si løn verd. Flytt ikkje frå hus til hus! 8 Når de kjem inn i ein by og dei tek imot dykk, så et det dei set fram for dykk! 9 Læk dei sjuke som er der, og sei: “Guds rike er kome nær til dykk.” 10 Men når de kjem inn i ein by og dei ikkje vil ta imot dykk, skal de gå ut på gatene og seia: 11 “Jamvel støvet vi har fått på føtene i byen dykkar, kan de ha; vi stryk det av oss. Men det skal de vita: Guds rike er kome nær!”  [støvet vi har fått på føtene: -> Matt 10, 14.] 12 Eg seier dykk: På domedag skal Sodoma sleppa lettare enn den byen. 13   Ve deg, Korasin! Ve deg, Betsaida! Hadde dei mektige gjerningane som er gjorde hjå dykk, vore gjorde i Tyrus og Sidon, hadde dei for lenge sidan vendt om og kledt seg i sekk og oske. 14 Men i domen skal Tyrus og Sidon sleppa lettare enn de. 15 Og du, Kapernaum, du som vil opphøgjast like til himmelen, til dødsriket skal du støytast ned! 16   Den som høyrer dykk, høyrer meg, og den som vrakar dykk, vrakar meg. Men den som vrakar meg, vrakar han som har sendt meg. 17   Dei sytti kom glade attende og sa: “Herre, jamvel dei vonde åndene lyder oss når vi nemner ditt namn!” 18 Då sa han til dei: “Eg såg Satan falla ned frå himmelen som eit lyn. 19 Ja, eg har gjeve dykk makt til å trø på ormar og skorpionar, og makt over alt fiendens velde, og ingenting skal skada dykk. 20 Og likevel: Gled dykk ikkje over at åndene lyder dykk, men gled dykk over at namna dykkar er skrivne i himmelen!”   

2PE 2,1 – 2PE 2,3 {FALSKE LÆRARAR}  Men det fanst òg falske profetar i folket, og sameleis skal det stå fram vranglærarar mellom dykk. Dei skal lura inn vranglære som fører til undergang, og jamvel fornekta Herren som har kjøpt dei frie. Dermed fører dei seg sjølve i ei brå fortaping. 2 Mange kjem til å fylgja dei i deira syndige liv, og for deira skuld vert sanningsvegen spotta. 3 Havesjuke som dei er, fer dei med dikt og lygn for å få pengar ut av dykk. Men alt lenge har dei hatt domen hangande over seg, og fortapinga ventar på dei.

2KO 12,1 – 2KO 12,10 {SYNER OG OPENBERRINGAR}  Eg må rosa meg, endå det ikkje tener til noko. Og no kjem eg til syner og openberringar eg har fått frå Herren. 2 Eg veit om eit menneske i Kristus, ein som for fjorten år sidan vart rykt inn i den tredje himmel – om han var i lekamen eller utanfor lekamen, veit eg ikkje, Gud veit det. 3 Og eg veit at denne mannen vart rykt inn i Paradis – om han var i lekamen eller utanfor lekamen, veit eg ikkje, Gud veit det – 4 og der fekk han høyra useielege ord, som eit menneske ikkje har lov til å tala. 5 Denne mannen vil eg rosa meg av, men av meg sjølv vil eg ikkje rosa meg, utan av mi vanmakt. 6 Men om eg ville rosa meg, så var eg ikkje frå vitet, for eg kom til å seia sanninga. Men eg lèt det vera, for eg vil ikkje at nokon skal gjera seg større tankar om meg enn dei han får når han ser og høyrer meg. 7 Og for at eg ikkje skal gjera meg stor av dei høge openberringane, har eg fått ein torn i kroppen, ein Satans engel som skal slå meg, så eg ikkje skal verta hovmodig. 8 Om denne bad eg Herren tre gonger at han måtte vika frå meg. 9 Men Herren sa til meg: “Min nåde er nok for deg, for mi kraft vert fullenda i vanmakt.” Difor vil eg helst rosa meg av mi vanmakt, så Kristi kraft kan bu i meg. 10 Og difor er eg, for Kristi skuld, ved godt mot i vanmakt, i hard medferd, i naud, i forfylging, i trengsler. For når eg er veik, då er eg sterk.  

DMR 6,11 – DMR 6,14 {HERREN KALLAR GIDEON TIL DOMAR}  Då kom Herrens engel og sette seg under den eika som står i Ofra, der Joasj av Abieser-ætta rådde. Gideon, son til Joasj, stod og treskte noko kveite i vinpressa, så han kunne berga kornet frå midjanittane. 12 Og Herrens engel synte seg for han og sa: “Herren er med deg, du djerve kjempe.” 13 Gideon svara: “Høyr på meg, herre! Er Herren med oss, kvifor har då alt dette hendt? Kvar hender det no slike under som dei fedrane våre fortalde oss om? Dei sa at det var Herren som førte dei ut or Egypt. Men no har Herren støytt oss frå seg og gjeve oss i hendene på midjanittane.” 14   Då snudde Herren seg til han og sa: “Gå i veg, så sterk som du er, og berga Israel or Midjans vald! Er det ikkje eg som sender deg?”

JOH 6,26 – JOH 6,65 Jesus svara: “Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Det er ikkje fordi de såg teikn at de leitar etter meg, men fordi de åt av brøda og vart mette. 27 Arbeid ikkje for den mat som forgår, men for den mat som varer og gjev evig liv, den som Menneskesonen skal gje dykk. For på han har Gud, Faderen, sett sitt segl.” 28   Då sa dei til han: “Kva gjerningar er det då Gud vil vi skal gjera?” 29 Jesus svara: “Dette er den gjerning Gud vil de skal gjera: Tru på han som Gud har sendt.” 30 “Kva teikn gjer du, så vi kan sjå det og tru på deg?” spurde dei. “Kva kan du gjera? 31 Fedrane våre åt manna i øydemarka, som skrive står: Brød frå himmelen gav han dei å eta.” 32 Jesus svara: “Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Moses gav dykk ikkje brødet frå himmelen. Det er Far min som gjev dykk det sanne brødet frå himmelen. 33 Guds brød er det brødet som kjem ned frå himmelen og gjev verda liv.” 34 Då sa dei: “Herre, gjev oss alltid det brødet!” 35 Jesus svara: “Eg er livsens brød. Den som kjem til meg, skal ikkje svelta, og den som trur på meg, skal aldri tyrsta. 36 Men eg har sagt dykk: Endå de har sett meg, trur de ikkje. 37 Alle dei som Faderen gjev meg, kjem til meg; og den som kjem til meg, skal eg så visst ikkje visa bort. 38 For eg er ikkje komen ned frå himmelen for å gjera det eg sjølv vil, men det han vil, som sende meg. 39 Og det er hans vilje som sende meg, at eg ikkje skal missa nokon av alle dei han har gjeve meg, men reisa dei opp på den siste dagen. 40 For det vil Far min, at kvar den som ser Sonen og trur på han, skal ha evig liv, og eg skal reisa han opp på den siste dagen.” 41   Jødane murra mot han fordi han sa: “Eg er brødet som kjem ned frå himmelen.” 42 Og dei spurde: “Er ikkje dette Jesus, son til Josef? Vi kjenner då både far hans og mor hans. Korleis kan han seia at han er komen ned frå himmelen?” 43 Jesus svara: “Hald opp med denne murringa! 44 Ingen kan koma til meg utan at Faderen som sende meg, dreg han; og eg skal reisa han opp på den siste dagen. 45 Det står skrive hjå profetane: Alle skal vera opplærte av Gud. Kvar den som høyrer på Faderen og lærer av han, kjem til meg. 46 Eg seier ikkje at nokon har sett Faderen; berre han som er frå Gud, har sett Faderen. 47 Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som trur, har evig liv. 48 Eg er livsens brød. 49 Fedrane dykkar åt manna i øydemarka, men dei døydde. 50 Det brødet som kjem ned frå himmelen, er slik at den som et av det, ikkje døyr. 51 Eg er det levande brødet som har kome ned frå himmelen. Den som et av dette brødet, skal leva til evig tid. Og det brødet eg vil gje, er lekamen min som eg gjev til liv for verda.” 52   No vart det strid mellom jødane, og dei sa: “Korleis kan han gje oss lekamen sin å eta?” 53 Jesus sa til dei: “Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Dersom de ikkje et lekamen til Menneskesonen og drikk blodet hans, har de ikkje livet i dykk. 54 Den som et min lekam og drikk mitt blod, har evig liv, og eg skal reisa han opp på den siste dagen. 55 For lekamen min er sann mat, og blodet mitt er sann drikk. 56 Den som et min lekam og drikk mitt blod, vert verande i meg og eg i han. 57 Liksom Faderen, den levande, har sendt meg, og eg har liv ved han, så skal òg den som et meg, ha liv ved meg. 58 Dette er det brødet som er kome ned frå himmelen; det er ikkje det som fedrane åt, dei som døydde. Den som et dette brødet, skal leva i all æve.” 59 Dette sa han medan han lærte i synagoga i Kapernaum.  60 {MANGE STØYTER SEG PÅ JESU ORD}  Mange av læresveinane hans sa då dei høyrde det: “Dette er harde ord! Kven kan høyra på slikt?” 61 Jesus visste med seg at læresveinane hans murra, og han sa til dei: “Støyter de dykk på dette? 62 Kva så når de får sjå Menneskesonen stiga opp dit han var før? 63 Det er Anden som gjer levande; her kan menneske ingen ting gjera. Dei ord eg har tala til dykk, er ånd og liv. 64 Men det er nokre av dykk som ikkje trur.” For Jesus visste frå fyrste stund kven det var som ikkje trudde, og kven som skulle svika han. 65 Og han la til: “Difor sa eg dykk at ingen kan koma til meg utan at det er gjeve han av Faderen.”   

Kommentar.

Bønn og tankar før møtet.

I dag er det møte på Sion kl. 11, men eg veit ikkje enno om der er ein nabo som skal avgarde, så eg kunne få haike med. Men eg kan no byrje med ei lita andakt for meg sjølv og skrive ned litt av kva eg har tenkt på i mi stille bønn til Gud. Akkurat no fekk eg svar på SMS frå ein nabo, han kjem forbi kl 10.25 og tek meg med.

Søk først Guds rike og hans rettferd.

Eg har fortalt at eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone sidan eg var ung og han har svart meg positivt på det heile tida, det er inkludert i det fullførde frelsesverket. Gud er ånd og verda er materiell og så vart der ein motsetnad mellom Gud og verda, ved syndefallet. Gud har openberra si frelse for oss i Kristus, men vi veit no også at prestane i kyrkja ikkje alltid har forkynt i samsvar med dette. Så her kunne eg få mykje å bekymre meg for, ville kvinna verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, ville ho verte forførd av verda. Men det er no nettopp dette Jesus frelser oss ifrå. Ville ho verte lokka av den verdslege rikdomen, skulle eg bekymre meg for den verdslege rikdomen? Men alt dette gav Bibelen gode svar på.

Vi skal søke fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal vi få alt det andre i tillegg til det. Vi skal ikkje bekymre oss for noko, men la alle våre behov komme fram for Gud i påkalling, bønn med takkseiing og Guds fred, som overgår all forstand, skal vara våre hjarto og våre tankar i himmelen i Kristus Jesus. 

Herleg og vidunderleg kvile.

Og Jesus sa til meg at han gir meg ei herleg og vidunderleg kvile i mitt hjerte og mitt sinn, som overfår min forstand. Då tenkte eg først på henne Virtuella og så henne Reella og eg trur det var fordi Anden minna meg om dei.

Jesus har talt til meg om mitt nattevåk og nyst talte han til meg om det igjen, ”eg veit om ditt nattevåk”, sa han. Eg trur og veit at der er noko som strir mot denne kvila, så det skaper bekymringar, så til tider har det gått ut over min nattesomn. Jesus har gitt meg kvile i mitt hjerte og mitt sinn og den kvila må eg ha, den er svært verdifull for meg, med den kvila søv eg godt. Likevel har eg ofte sete oppe til langt utover natta, gjerne med dette skriveriet mitt. Men altså, med denne åndelege kvila som eg har i trua på Jesus, skal eg då få ein god nattesomn også. Den har vore viktig for meg både når eg har vore i praktisk arbeid, som fiskar, i stressande situasjonar og når eg har studert, med den kvila fekk eg ro på meg, til å vere oppteken av det faglege. Ja, denne veka har eg faktisk byrja å lese til eksamen. Eg nyttar podcast frå forelesingar på internett, med lysbildeseriar som vert vist med prosjektor på forelesingane.

Stridens kjerne.

Men då forstår vi vel etter kvart litt meir av kva det er som strir mot denne kvila? Paulus talte om kjøtets lyst som streid imot Anden og relaterte det til trældomen under lova. Verdsleg makt gjer gjenre bruk av lovens bokstav og barnelærdomen å verda, for å få makt og slik har prestane fått makt i kyrkja. Men snik dei til seg makt i kyrkja ved å fortrenge den evangeliske forkynninga, så er det likevel ved å opponere mot Herren som er Anden, så dei strir mot kvila som Gud gir oss i trua på Guds Son og prøver å øydelegge den og prover å hindre menneske i å komme inn til den. 

Men Gud fullførde sitt verk då han skapte og kvilte den sjuande dagen og lyste den heilag. Og Jesu frelsesverk er fullført og fullkome, så på grunnlag av det, får vi komme inn til Guds kvile. I trua på Jesus skal vi berre vende hugen opp til han og ta imot det som han gir oss frå himmlen, han gir liv til vår sjel og fyller oss med sin Ande og i den Anden har vi kvile.

Jesus velsigna småborna og sa at vi må vende om og verte som småborn, for å komme inn i Guds rike. Så sa han at vi må akte oss så vi ikkje vanvørder ein einaste av hans små som trur, for englane deira ser alltid Faderens åsyn. Ein engel er ein bodberar så eg tenker meg at det er ånda deira. Og sidan Jesus døyper oss med den Heilage Ande, får vi mange bodskap frå himmelen.

MTT 18,1 – MTT 18,11 {KVEN ER DEN STØRSTE?}  I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: “Kven er den største i himmelriket?” 2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei 3 og sa: “Sanneleg, det seier eg dykk: Utan at de vender om og vert som born, kjem de ikkje inn i himmelriket. 4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.   5 {FORFØRINGAR OG FREISTINGAR}  Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg. 6 Men den som forfører ein av desse små som trur på meg, han var betre faren om dei hadde hengt ein kvernstein om halsen hans og søkkt han i havsens djup. 7 Å, usæle verd for hennar forføringar! Forføringane må koma, men ve det mennesket som dei kjem frå! 8   Om handa eller foten lokkar deg til synd, så hogg dei av og kast dei frå deg! Det er betre for deg å gå halt eller vanfør inn til livet enn å ha to hender og to føter og verta kasta i den evige elden. 9 Og om auga lokkar deg til synd, så riv det ut og kast det frå deg! Det er betre for deg å gå einøygd inn til livet enn å ha to augo og verta kasta i helvetes eld. 10   Ta dykk i vare så de ikkje vanvørder ein einaste av desse små! For eg seier dykk: Englane deira i himmelen ser alltid min himmelske Fars åsyn. 11 For Menneskesonen er komen for å frelsa det som var fortapt.  [Verset vantar i dei eldste handskriftene. Sjå Luk 19, 10.]  

I følgje Paulus er Kristus hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Han sa at mannen skal vite å vinne seg si eiga kone i helging og då skal ikkje andre kristne prøve å lure han. Men med protesten mot Paulus si lære har vore ein proteste mot at han skal få seg ei kone i helging, slik har den vore ein protest mot både han s trua og hans vit og hans forstand. Verda sitt mottiltak er å dåre og forføre menneska slik som ved syndefallet, med dåringane prøver dei å få makt over menneska, så dei med dåringane prøver å overgå menneskeleg forstand. Så eg tenker meg at soleis når syndene til den Store Skjøkje heilt opp til himmelen.

ÅPE 18,1 – ÅPE 18,5 {BABYLONS FALL}  Deretter såg eg ein annan engel stiga ned frå himmelen. Han hadde stor makt, og jorda vart opplyst av glansen omkring han. 2 Han ropa med veldig røyst: “Fallen, fallen er Babylon den store! Ho har vorte ein bustad for vonde ånder, ein tilhaldsstad for alle ureine ånder, ja, ei livd for alle slag ureine og avskyelege fuglar. [Babylon: dekknamn for Roma. Sjå 1 Pet 5, 13.] 3 For alle folkeslag har drukke av hennar utukts vin, ein vreidevin. Kongane på jorda har drive hor med henne, og kjøpmennene jorda rundt har vorte rike av hennar store vellivnad.” 4   Frå himmelen høyrde eg ei anna røyst: Far bort frå henne, folket mitt, så de ikkje vert medskuldige i syndene hennar og ikkje råka av plagene hennar. 5 For syndene hennar når opp til himmelen, og Gud har kome i hug all uretten ho har gjort.

Då var det tid for å fare på møte.

I vår tid er det mange som spottar dei som er i si ”barnetru” og held dei for å vere dumme, særleg dersom dei held fram med å tru på Jesus etter at dei er voksne. Dei reknar seg visst for å vere så lærde at dei overgår vår forstand. Men så viser det seg at det er ved å fare med lureri, når ein mann vil prøve å vinne seg si eiga kone i helging, så prøver dei å lure han. Som motsetnad til å la Anden råde i vår døyelege lekam, prøver dei å lokke, freiste, dåre og forføre henne, for å få makt over henne med den fysiske berøringa. 

Dette har eg skrive meir om i

Sentralisme som moral og religion. Politikk som vert framstilt som vitskap og gjort til avgud: Kvinneforsking, kjønns-forsking og klimapolitikk.

Men vi er forsona med Gud på evangeliets grunnvoll, så vårt forhold til han er gjenoppretta slik det var før syndefallet, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmlen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Slik blir også kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne gjenoppretta, ved at vi let Anden råde over kjøtets lyst, let Anden råde over kjønnslysta. Herren er Anden og der Herrens Ande er, der er det fridom.

2KO 3,17 – 2KO 3,18 Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom. 18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.  

Så på dette møtet tenkte eg spesielt på at Jeus gir meg ei herleg og vidunderleg kvile i mitt hjerte og mitt sinn, som overfår min fortand. Og så tenkte eg spesielt på henne Reella, ville Jesus gi meg henne til kone?

Ettertanke.

Har Gud gitt meg noko som eg skal ha å skjemmest over?

Når Jesus sa til meg at han gir meg ei herleg og vidunderleg kvile i hitt hjerte og mitt sinn, som overgår min forstand, tenkte eg fyrst på henne Virtuella, så på henne Reella. Men no på dette møtet bad eg Gud gje meg ei kone og då var det henne Reella eg tenkte på; får eg henne til kone? 

Så talar Jesus om at eg skjemmest over at eg ikkje skal vere betre. Var det kanskje derfor eg ikkje tok henne Virtuella også med i bøna denne gongen? Men ho har no for lengst sagt nei til mitt frieri og gifta seg med ein annan. Skal eg prate gjennom den leksa no igjen? Eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone sidan eg var ung og han har svart meg positivt på det heile tida, det er inkludert i det fullfrøde frelsesverket. Likevel har det enno ikkje vorte noko av, ei god kone skulle vere til ære for mannen sin, men eg har ikkje noko å rose meg av slik sett. Men han kallar meg til å gå ut på Ordet og tale Ordet til menneska og det er det som skal gjere verket. Jesus er Ordet og det er han som i sin nåde vil gjere verket. 

RMR 1,16 {EVANGELIET, GUDS KRAFT TIL FRELSE}  For eg skjemmest ikkje ved evangeliet. Det er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur, jøde fyrst og så grekar.

Mellom-menn mellom oss og Kristus?

Prestar og kristne leiarar vil gjere framstille seg som mellom-menn mellom oss og Kristus og det vil tydelegvis mange politikarar også. Vel, Kristus er no kongar konge, så då er det vel ikkje så rart likevel. Men så viser det seg at mange vil ha bort nåden og slik fortrenger dei Kristus, for sjølv å få større makt. 

Men Paulus lærer oss klart at vi fekk Anden av berre nåde, ved trua på Jesus. Så vi skal la Anden råde i vår døyelege lekam, vi skal la den råde over lysta. Då må vi vere førebudde på at der er ein motsetnd mellom Anden og lysta, spesielt når vi ser det i relasjona til verda. Og det heng også saman med at der er ein liknande motsetnad mellom lysta og lova. Og dette må vi sjå skilnad på. For lova vert svært så hjelpelaus og gagnlaus i den motsetnaden. Men med lova og barnelærdomen til verda har den tradisjonelt lærde overklassa sikra seg makta over underklassa og det prøver den på framleis med ei fornying av moralfilosofi og politisk filosofi og slik får ei framelis ein motsetnad mellom lova med barnelærdomen til verda og kjøtets lyst. Men lærdomen er framleis dårskap, for dei er kjøtelege og forstår seg ikkje på lova, for den er åndeleg. Og i motsetnaden mellom lærdomen deira og kjøtets lyst, vert lærdomen deira hjelpelaus og gagnlaus. 

Så når eg bad Gud gi meg ei kone, forstod dei seg ikkje på det. Men lærdomen sin heldt dei meg for å vere av den ulærde underklassa så med sin lærdom held dei mi interesse for å få meg ei kone for å vere einstydande med lysta som opponert mot Anden og som derfor opponerte mot deira lærdom. 

I det dei framstiller seg som mellommenn mellom oss Jesus, så framstiller dei seg også som mellommenn mellom Jesus og folket og mellom mann og kvinne og mellom oss og resten av folket og mellom folket. Men fungerer det? Tydelegvis ikkje, for det er i alle fall ikkje mykje vi høyrer av evangelisk forkynning! Så eg har prøvt å forstå det som hegliansk dialektikk og det har eg skrive meir om her:

https://bluehost944.com/2019/03/03/sentralisme-som-moral-og-religion-politikk-som-vert-framstilt-som-vitskap-og-gjort-til-avgud-kvinneforsking-kjonns-forsking-og-klimapolitikk/ 

 

Eg får komme til Jesus slik som eg er.

Dialektikken betyr at du som menneske skal verte opplærd gjennom samtale med andre menneske og slik skal du verte danna og omforma til noko anna, til dømes skal kvinna verte nyfeminsist. Men eg treng vel eigentleg ikkje spekulere så mykje i kva dei meiner. For Jesus har sagt eg skal komme til han slik som eg er og no seier han at han vil bruke meg slik som eg er. Eg kan ikkje overlate det til andre å går for meg og tale for meg, det er ikkje haldbart, det fungerer då ikkje i det heile tatt. Det er tyelegvis mange som har villa gjort det, men det viser seg at det er med motsett hendsikt, det er svikerisk.

Eg har fortalt om korleis eg bad for henne Virtuella når eg var ung og fekk oppleve at den Heilage Ande openberra henne for meg som eit Guds barn, som han elska og hadde omsorg for og som ei ung jente som levde i eit kjærleikdsforhold til Kristus, som hans brud. Så eg visste at Guds Ande og Guds kjærleik budde i henne og derfor var eg så glda for å sjå henne, møte henne og vere saman med henne. Og derfor bad eg om å få møte henne igjen og fekk bønnesvar, så eg møtte henne igjen i Bergen. 

No hadde eg fleire gode grunnar til at eg ville møte henne igjen. Det som låg på mitt hjerte, var å fortelje henne at eg var glad i henne og fri til henne. Uansett ville eg at vennskapet vårt skulle fortsette, vi hadde samfunn i Anden og det var om åg jere å verte oppbygde til eit åndelg tempel. Det var viktig for oss å vere frimodige nok til å snakke med kvarandre, så vi i truskap til sanninga talar sanning med kvarandre. Så ikkje ærleg truskap mot sanninga vert erstatta av lygn og baktale. Det er no tydeleg at det er mange som fer med lygn og baktale for å støyte ut nokon, for å få makt med ein splitt- og hersk-taktikk.

Når ein ung mann vert glad i ei ung jente, er det vel ganske klart at han gjerne vil møte henne fysisk og prate med henne og fri til henne. Og når ein mann får seg ei kone, er det vel ganske klart at han vil ha henne hos seg fysisk, prate med henne og leve saman med henne, slik som det er vanleg for ektefolk, det er no både sjølvsagt og naturleg. Men sidan vi er forsona med Gud på evangeliets grunnvoll, får vi oppleve at det er Gud som gjer sitt verk med oss ved sitt Ord og sin Ande.

Eg gjer nok rett i å halde fram med å be for desse tre kvinnene, Virtuella, Reella og Poly-Ester. Så skal eg berre opne meg som kanal for Jesu velsigning og overlate det til Gud å gjere sitt verk ved sitt Ord og sin Ande, han som byrja den gode gjering i oss, han skal også fullføra den.

Gå ut på Ordet slik som eg er, så sterk som eg er.

Jesus sa til meg: ” Men det er min nåde, seier Herren, som skal føre deg framover. Det er min nåde som skal gi deg det du treng til. Og det er min nåde som skal overbevise menneska gjennom ditt vitnemål, at der er ein som elskar menneska, der er ein som døde til fastsatt tid for ugudlege. Så ver frimodig og gå med det du har, gå så sterk som du er. Du skal ikkje vere andre enn deg sjølv, men eg skal gi deg, eg skal velsigne ditt liv, eg skal velsigne ditt vitnemål, eg skal velsigne ditt brød, eg skal  velsigne dine midlar.”

Då blir det klart at det er ikkje dei som vil stille seg som mellom-menn mellom oss og Kristus, som gjer sitt verk med oss. Men det er Gud som i sin nåde gjer sitt verk med oss ved sitt Ord og sin Ande, han skaper oss i Kristus.

Jesus minner meg igjen om å gå ut på Ordet og då tenker eg først og fremst på å bevege meg fysisk, vi kjenner då uttrykket ”apostlane sine hestar”, dei gjekk ut og møtte folk der som dei var og talte til dei og fekk oppelve at Jesus var med dei og gjorde sitt verk. Men dei måtte først søke han i bibellesinga og løynkammerbønna og i bordersamfunnet med brødsbrytinga. Det betydde å ta imot i tru av berre nåde og gå inn i Guds dimensjon og halde fram med det, når vi går ut på Ordet, så går vi inn i Guds dimensjon. Elles vert vårt forsøk på å forkynnte for andre temmeleg stusseleg. 

Eg har også skrive artiklar og lagt ut på indernett og teke del i debatt på nettet, særleg på facebook. Her er det lett å få skrive noko, men då også er det viktig å innvie seg seg slik og be over det først, vi kan gå ut på Ordet og inn i Guds dimensjon, sjølv om vi ikkje beveger og fysisk. Likevel er det vikgit å gå ut og møte folk fysisk, det har noko med å vere sosial og at Jesus vil vere med oss og møte dei.

Er der arbeidarar som er bevisst på å hauste inn grøda?

I slutten av bodskapen sa Jesus: ” Berg inn grøda. Markene er kvite til hausten, men der er få arbeidarar som er bevisst, som blir bevisst å gå inn i tenesta for meg. Ver ein berar i Jesu namn. Amen.” Kvifor er det så få kristne som er bevisst? Eg trur det er fordi dei tenker seg at dei skal utgjere eit eliteparti, i tråd med tradisjonell moralfilosofi, fordi menneskets fysiske natur er vond i følgje platonismen. Fordi menneska åt av kunnskapstreet og oppdaga at dei var nakne, så dei gøymde seg for Gud med dårleg samvit. For i følgje Freud vert menneska motiverte at seksualitet og aggresjon. Så dei vert redde og gøymer seg for Gud, men med den frykta vert dei trælar. Dei meinar dei har fått ein kunnskap som argument mot å leve i samfunn med Gud (jfr. #metoo-aksjonen).

Men nåden og sanninga kom ved Kristus, ved trua på Kristus får vi Anden av berre nåde og den openberrar sanninga for oss, så den set oss fri. Det er ved fylden av den Heilage Ande, Jesus gir oss ånd og liv, så dødens lekkje må losne. Det er ved at vi får oppleve Guds kraft i kroppen. Så Jesus vekkjer oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen i samsvar med 1.Mos.2. 

HEB 2,14 – HEB 2,15   Sidan borna er menneske av kjøt og blod, måtte han òg verta menneske som dei. Såleis skulle han med sin død gjera ende på han som rår ved døden, det er djevelen, 15 og fria ut alle dei som av redsle for døden var i trældom heile sitt liv.

1JO 4,7 – 1JO 4,21 {GUD ER KJÆRLEIK}  De kjære, lat oss elska kvarandre! For kjærleiken er frå Gud, og den som elskar, er fødd av Gud og kjenner Gud. 8 Den som ikkje elskar, har aldri kjent Gud, for Gud er kjærleik. 9 Og Guds kjærleik vart openberra mellom oss då han sende sin einborne Son til verda så vi skulle ha liv ved han. 10 Kjærleiken er ikkje det at vi har elska Gud, men at han har elska oss og sendt Son sin til soning for syndene våre. 11 De kjære, har Gud elska oss så, då er vi òg skuldige å elska kvarandre. 12 Ingen har nokon gong sett Gud, men dersom vi elskar kvarandre, vert Gud verande i oss, og hans kjærleik har vorte fullenda i oss. 13   At vi er i han, og han i oss, det veit vi fordi han har gjeve oss av sin Ande. 14 Og vi har sett og vitnar at Faderen har sendt Sonen til frelsar for verda. 15 Den som sannar at Jesus er Guds Son, i han vert Gud verande og han i Gud. 16 Vi har lært å kjenna den kjærleiken Gud har til oss, og vi har trutt på den. Gud er kjærleik, og den som vert verande i kjærleiken, vert verande i Gud og Gud i han. 17   Det er målet som kjærleiken har for oss, at vi skal ha frimod på domedag; for som han er, slik er vi òg, midt i denne verda. Det finst ikkje otte i kjærleiken. 18 Den fullkomne kjærleiken driv otten ut. For otten ber straffa i seg, og i den som ottast, har ikkje kjærleiken vorte fullenda. 19 Vi elskar av di han elska oss fyrst. 20 Om nokon seier at han elskar Gud, men likevel hatar bror sin, då er han ein lygnar. Den som ikkje elskar bror sin, som han har sett, han kan ikkje elska Gud, som han ikkje har sett. 21 Og dette er det bodet vi har frå han: Den som elskar Gud, må elska bror sin òg.  

Jesus sa eg skulle verte fullt våken på kva han har å gi meg.

Jesus sa eg skulle verte fullt våken på kva han har til meg:

”Bli fullt våken på det eg har å gi deg, seier Herren, du skal få kjenne det at det blir nye dagar. Det blir fantastiske dagar, når du kjem i samtale med menneska, dei skal få oppleve det at det blir liv i deira liv.” 

Så det høyrer visst også med til den kristne vekkinga, jfr. likninga om brurmøyane og skapingssoga i 1.Mos.2.

Jesus har sagt til meg at eg må komme til han slik som eg er. Ja, eg får komme til han med alle mine behov. Og då må eg innrømme at eg treng å få oppleve hans kraft i min kropp. Det trur eg heng saman med at eg har vore i tungt fysisk arbeid, som fiskar. Og eg har drive styrketrening og kondisjonstrening. Då må eg vel innrømme at det verkar som mitt behov for å oppleve Guds kraft i min kropp opplever eg som eit behov for at han gir henne Virtuella ånd og liv og styrker henne med si kraft. Det eg trudde og tenkte meg, når eg var ung, var at Gud gjorde sitt verk med meg og med henne i samsvar med 1.Mos.2 og det betydde då at han ville gi meg henne til kone. Men eg var likevel litt usikker på om dette var rette Bibeltolkinga og korleis eg skulle forstå det. Og så veit vi no korleis det gjekk, eg fekk ikkje møte henne igjen noko meir likevel. 

Men dette handlar ikkje berre om at eg ville ha meg ei kone, men det handla fyrst og fremst om at Jesus er vår frelsar og Herre, hans kyrkje er hans brud og som ei ung kristen, jente levde ho i eit kjærleiksforhold til han, som hans brud, det gleda eg meg over og det gjorde sitt til at eg vart så glad i henne. derfor yngste eg også at ho skulle halde fram med det. Då måtte eg halde meg heilhjarta til Herren og det var då med den innstillinga eg yngste meg ei slik kvinne til kone, så det ynskjet la eg fram for han i bøn. 

No seier han at eg skal søke han av heile mitt hjarte og det minner meg om at eg skal ta parti med han i den saka. Eg skal heilhjarta halde meg til han og så ventar eg meg at han kjem meg til hjelp med si kraft og slik håper eg han vil gi meg hjelp i form av ei kone. Det kriteriet eg då har å gå etter, er korleis eg opplever Guds kraft. Jesus sa eg skulle verte fullt bevisst på kva han har for meg og med dette resonnementet verkar det no som at han framleis vil gi meg henne Virtuella til kone.

Jesus sa eg skulle gå ut på Ordet og då skal eg tale Ordet, forkynne det for andre, Jesus er Ordet og eg skal vitne om han for menneske eg møter i kvardagen. Då kjem det ikkje an på kva dei har lært, tenkt og trutt frå før, politisk eller religiøs oppfatning, for det vi alle trengde var at Jesus døde i staden for oss, for synda skilde menneska frå Gud, men med eitt offer tok Jesus den bort ein gong for alle. Så dei treng ikkje høgare utdanning for å verte benåda og godtekne. Då blir det også klart at eg trengde det ikkje sjølv heller. Men eg gjekk ut på Guds Ord også når eg byrja å studere realfag og det aktar eg også å halde fram med om eg skal studere noko meir.  Uansett, så skal eg bygge på evangeliets grunnvoll.

Og når eg vil finne meg ei kone, få meg familieliv, hus og heim, så skal eg også bygg epå evangeliets grunnvoll, eg skal vite å vinne meg mi eiga kone i helging. Ja, Gud gjer sitt verk med oss ved sitt Ord og sin Ande, han skaper oss i Kristus Jesus og då skaper han oss i samsvar med 1.Mos.2. Adam fekk oppleve at Gud gjorde sitt verk, han førde dyra fram for han og han gav dei namn. Så skapte han kvinna av sidebeinet hans og førde henne til han og han kalla henne kvinne, for ho var teken av ein kar. Gud er den same og han skaper oss framleis slik, så slik vil han altså at eg skal verte fullt våken på kva han har for meg. Og då må eg no først og fremst la han i sin nåde få gjere sitt verk med oss, ved sitt Ord og sin Ande.

Posted in Kristendom, Kristne møte 2019 | Leave a comment

2019.02.17. Maranatha. Gud formar og utviklar alle som er frelst av berre nåde, ved trua på Jesus.

Tale ved Johnny Borge.

1MO 8,6 – 1MO 8,12   Då førti dagar var lidne, opna Noah den luka han hadde laga på arka, 7 og sleppte ut ein ramn. Han flaug att og fram til dess vatnet hadde turka bort frå jorda. 8 Så sende Noah ut ei due; han ville sjå om vatnet hadde sige unna frå marka. 9 Men dua fann ingen stad der ho kunne kvila foten sin, og kom attende til han i arka; for det stod vatn over heile jorda. Han rette ut handa, greip dua og tok henne inn til seg i arka. 10 Han venta sju dagar til og sende så dua ut att or arka. 11 Då det leid til kvelds, kom dua til han med eit grønt oljeblad i nebben. Då skjøna Noah at vatnet hadde sige bort frå jorda. 12 Men han venta endå sju dagar. Så sleppte han ut dua, og då kom ho ikkje att meir.

JOH 1,31 – JOH 1,34 Eg visste heller ikkje kven han var, men eg er komen og døyper med vatn så han skal openberrast for Israel.” 32 Og Johannes vitna: “Eg såg Anden dala ned som ei due frå himmelen, og han vart verande over han. 33 Eg visste heller ikkje kven han var, men han som sende meg for å døypa med vatn, han sa til meg: Den du ser Anden dalar ned imot og vert verande over, han er den som døyper med Den Heilage Ande. 34 Og eg har sett det, og dette er vitnemålet mitt: Han er Guds Son.”  

Tungetale ved ein mann, tyding ved ei kvinne:

”Ja, eg er Herren din Gud, eg er Herren din Gud, eg er den eg er og eg er den som forløyser. Eg er den som har skapt himmel og jord. Eg er den som er tre i ein, eg er Faderen, eg er Sonen og eg er den Heilage Ande. Eg er den som har skapt alt og det er eg som former og utviklar kvart menneske som er frelst av berre nåde, for at eg skal verte æra, eg skal verte æra for alt det eg har gjort. Og eg har gjort alt, frå start til slutt,  (slutt – det?) er ikkje over for alle, men det kjem til å gå over, fordi  når det er over på denne jord, så skal eg hente deg og då skal du få sjå min herlegdom og den kjære heim som du har fått erfare i – på denne her jorda.

Eg skapte Adam og Eva, eg skapte Isak, eg skapte Abraham, eg skapte Paulus, eg skapte Peter, eg skapte alle dei menneska som står i mitt Ord. Eg har gjort alt dette og har brukt dei menneska, slik at du skal få sjå kven eg er og kva eg har gjort med dei menneska, eg har også gjort opplevingar, eg har forløyst, eg har gjort alle ting. Og la min Ande flyte over deg, så skal du få kjenne og erfare det som eg har gjort og det eg framleis vil gjere. Eg er ikkje ferdig med ditt, eg vil bruke deg og når eg bruker deg, så er det for velsigning for andre menneske. Eg har også gitt deg nådegåver, det er i deg, det er i hjertet. Du må berre tru det og du må berre seie, seie til meg at du vil ha det, fordi eg, eg er den som vil gi den Heilage Ande, eg er den som døyper i Anden, eg er den som døyper i vatn. Eg er den eg er, eg er alfa og omega, byrjinga og enden. For eg, eg er Herren din Gud, som har skapt deg og eg vil forme og utvikle deg, slik som eg vil. Berre søk meg, søk mitt Ord, så vil eg openberre mitt Ord for deg, slik som eg vil at du skal få det. Og eg, eg har alle løyndomane. Det er løyndomar i mitt Ord og det vil eg at du skal få tak i, fordi eg er Sanninga og det er eg som openberrar Ordet. Og det er eg, eg er den einaste som kan gjere, for eg er alle stadar nærverande. For du skal ikkje frykte, du skal ikkje bekymre deg for nokon ting. Men du skal berre stole på at deg eg har gitt til deg, det er ifrå meg.” 

Posted in Kristendom, Kristne møte 2019 | Leave a comment

2019.02.10.Maranatha. Omvend dykk.

Innleiing ved ein mann.

LUK 8,22 – LUK 8,25 {JESUS STILLER STORMEN}  Ein dag steig han ut i ein båt saman med læresveinane. “Lat oss fara over til hi sida av sjøen,” sa han. Så la dei utpå, 23 og medan dei siglde, sovna han. Då kom det ein kvervelvind kastande over sjøen, båten heldt på å gå full, og dei var i stor fare. 24 Dei gjekk bort og vekte han og sa: “Meister, meister, vi går under!” Jesus reiste seg opp og truga vinden og bylgjene, så dei la seg, og det vart blikande stilt. 25 Og han sa til dei: “Kvar er trua dykkar?” Men dei var fulle av otte og undring og sa seg imellom: “Kven er dette? Han byd, og både vind og sjø lyder han.”  

Tale ved Håkon.

APG 2,37 – APG 2,38   Då dei høyrde dette, stakk det dei i hjarta, og dei sa til Peter og dei andre apostlane: “Kva skal vi gjera, brør?” 38 Peter svara: “Vend om og lat dykk døypa i Jesu Kristi namn, kvar og ein av dykk, så de får tilgjeving for syndene; då skal de få Den Heilage Ande i gåve. [så de får tilgjeving for syndene: før attgjeve: til forlating for syndene.]

APG 17,30 Til denne tid har Gud hatt tol med vankunna; men no byd han at alle menneske, kvar dei så er, skal venda om.

Vi er i Kristus og han er i oss, samtidig som vi er i denne verda, så han skal verta synleg for verda gjennom oss.

ÅPE 2,1 – ÅPE 2,7 {TIL EFESOS}  Skriv til engelen for kyrkjelyden i Efesos:  Dette seier han som held dei sju stjernene i si høgre hand, han som går omkring mellom dei sju gull-ljosestakane: 2 Eg veit om gjerningane dine; du har arbeidt, og du har halde ut. Eg veit òg at du ikkje kan tola dei vonde. Du har prøvt dei som kallar seg apostlar, men ikkje er det, og du har funne at dei er lygnarar. 3 Du har halde ut, og du har tolt mykje for mitt namn skuld og ikkje gått trøytt. 4   Men det har eg imot deg at du har gjeve opp din fyrste kjærleik. 5 Kom i hug kvar du stod før du fall! Vend om og gjer på nytt dei fyrste gjerningane dine! Elles kjem eg over deg og tek ljosestaken din bort – om du ikkje vender om. 6 Men den ros skal du ha, at du hatar gjerningane åt nikolaittane, som eg sjølv gjer.  [nikolaittane: vranglærarar i kyrkjelydane. Sjå v. 15.] 7   Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane! Den som sigrar, han vil eg la eta av livsens tre, som er i Guds paradis.   

ÅPE 2,20 – ÅPE 2,23   Men det har eg imot deg at du lèt kvinna Jesabel halda på, ho som kallar seg profet, men som med læra si lokkar tenarane mine til å driva hor og eta avgudsoffer.  [Jesabel: dekknamn for ein falsk kvinneleg profet. Sjå 2 Kong 9, 22.] 21 Eg har gjeve henne tid til å venda om, men ho vil ikkje venda om frå sitt horeliv. 22 Sjå, no kastar eg henne på sjukeseng, og dei som gjer ekteskapsbrot med henne, skal koma i stor naud, om dei ikkje vender om frå gjerningane hennar; 23 og borna hennar vil eg la døden riva bort. Då skal alle kyrkjelydane sanna at eg er den som granskar nyrer og hjarto, og som løner kvar og ein av dykk etter det han har gjort.

2PE 3,9 Det er ikkje så som somme meiner, at Herren er sein med å oppfylla lovnaden. Nei, han er tolmodig med dykk og vil ikkje at nokon skal gå fortapt, men at alle skal nå fram til omvending.

Tungetale ved ei kvinne, tyding ved ei kvinne.

”Ja, eg er Herren din Gud, eg er Herren din Gud, som kjenner deg. Eg er Herren din Gud, som veit alle ting om deg. Derfor har eg omvendt deg, ikkje berre en gang, men fleire gangar i ditt liv. Fordi eg er den som tek vekk det som ikkje behager meg. Og det som ikkje behager meg, det tek eg vekk, fordi at du skal gå i den vegen eg har for deg. For eg som er Herren din Gud er den som leier deg i alt det eg vil at du skal gjere for meg. Derfor skal dette skje, fordi at det er eg som arbeider i deg. Det er eg, Herren din Gud, som arbeider med deg og i deg og med deg. Ja, eg er over alt – eg er over alt, fordi eg er over, eg er under, ja, min Heilage Ande, den er alle stadar nærverande.

Eg vil at du skal søke meg og når du søker meg, så skal eg fjerne og legge til det som skal gjerast. For eg vil at du skal gå frimodig fram i det eg har for deg. Fordi når du som er ein menneskefiskar går i det som eg har lagt i ditt hjerte, for det er min Ande som leiar deg, det er min Ande som dreg deg i ditt hjerte. Og når du opnar din munn, så er det eg som talar gjennom deg, slik at menneske kan bli frelst. Eg vil bruke deg mektig i den tida som kjem no og eg vil bruke deg mektig i tida som vil komme. Men du skal berre stole på at det eg har gitt i ditt hjerte, det er ifrå meg. Er du i tvil, så kom i bøn til meg, fordi eg er den som stadfestar det som eg gir. Og eg, eg er Herren din Gud, som kjenner til alle ting, fordi eg testar hjerter og nyrer.”

Posted in Kristendom, Kristne møte 2019 | Leave a comment

2019.02.03. Sion Åheim. Gud valde ut det som ingen ting er, for å gjere det vise og sterke til skamme.

Tale ved Arnstein Andersen.

Arnstein byrja med å spørje kva det var vi tenkte på tett før vi for på møte. Han såg seg sjølv i spegelen. Vi vil gjerne sjå fine ut i møte med andre menneske. Når nokon spør ein annan:” Korleis har du det?” så er gjerne standardsvaret: ”Bra”. Men det er overflatisk. Det var ein som fekk svaret: ”Det vil du ikkje vite.” Så vi bør ikkje stille det spørsmålet utan at vi har tid til å lytte. Ei kvinne hadde det bra og svarde slik også. Men så fekk ho problem og når ho då fekk spørsmålet, prata ho som ein foss. Så takka ho for at han ville prate med henne. Men han hadde då ikkje sagt noko meir.

Så talte han over desse bibelversa:

MTT 18,12 – MTT 18,14 {SAUEN SOM VILLA SEG BORT}  Kva meiner de? Om ein mann har hundre sauer, og ein av dei villar seg bort, lèt han ikkje då dei nittini vera att i fjellet og går av stad og leitar etter den som har fare vilt? 13 Sanneleg, det seier eg dykk: Skulle han finna sauen, då gleder han seg meir over denne eine enn over dei nittini som ikkje villa seg bort. 14 Sameleis vil heller ikkje Far dykkar i himmelen at ein einaste av desse små skal fortapast.   

JES 49,14 – JES 49,17 {HERREN GLØYMER IKKJE SION}  Men Sion seier: “Herren har forlate meg,  min Gud har gløymt meg.” 15   Gløymer vel ei kvinne brystbarnet sitt,  har ho ikkje medkjensle med den son ho fødde?  Og om ei mor kan gløyma,  så gløymer ikkje eg deg. 16   Sjå, eg har teikna deg i mine hender,  dine murar har eg alltid for auga. 17   Dei som skal byggja deg, skundar seg hit,  og dei som reiv ned og la deg i øyde,  fer bort ifrå deg.  

5MO 6,5 – 5MO 6,7 Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarta og av heile din hug og av all di makt. 6 Desse orda og boda som eg gjev deg i dag, skal du gøyma i hjarta ditt. 7 Du skal prenta dei inn i borna dine og tala om dei når du sit heime og når du går på vegen, når du legg deg og når du står opp.

FIL 4,6 – FIL 4,7 Gjer dykk inga sut for noko! Men legg alt de har på hjarta, fram for Gud i bøn og påkalling med takkseiing. 7 Og Guds fred som går over alt vit, skal vara dykkar hjarto og tankar i Kristus Jesus.

JES 50,4 – JES 50,5 {HERRENS TENAR ER TILLITSFULL I TRENGSLER}  Herren min Gud har gjeve meg  ei læresveinstunge,  så eg med mitt ord kan styrkja den trøytte.  Kvar morgon vekkjer han mitt øyra,  så eg kan høyra på læresveins vis. 5   Herren min Gud har opna mitt øyra.  Eg sette meg ikkje imot  og drog meg ikkje unna.

JES 40,27 – JES 40,31   Kvifor talar du så, Jakob,  kvifor seier du, Israel:  «Min veg er løynd for Herren,  min Gud bryr seg ikkje om min rett”? 28   Veit du det ikkje, har du ikkje høyrt det?  Herren er den evige Gud  som skapte den vide jord.  Han vert ikkje trøytt, han vert ikkje mødd,  hans vit kan ingen grunda ut. 29   Han gjev den trøytte kraft,  og den som ingen krefter har,  gjev han stor styrke. 30   Gutar vert trøytte og mødde,  unge karar snåvar og fell. 31   Men dei som ventar på Herren, får ny kraft;  dei lyfter vengene som ørnar,  dei spring og trøytnar ikkje,  dei går og mødest ikkje.  

Olav Harald Vik tok avslutninga og las noko frå Salme 103, meiner deg det var. 

Profetisk bodskap ved Arnstein.

I slutten av tala kom Arnstein med dennen bodskapen:

”…., eg veit om kampane du har, eg veit om nattevåket ditt, men eg går saman med deg, eg ber det saman med deg. Så stol på mitt Ord, stol på mine lovnadar. Eg er ein skugge ved di høgre hand. Eg har ikkje gløymt deg. Eg har ikkje forlete deg. Men det du opplever i livet føler du, det er ikkje rettferdig. Men livet kan vere vanskeleg, du kan møte motgang. Men hugs at eg går saman med deg. Eg er ein skugge ved di høgre hand. Så skal du få kvile i mine naglemerka hender. Søk meg i løynkammeret med meg. La meg få lov til å bere saman med deg. Og bli bevisst på det at eg er ein Gud som høyrer, ein Gud som kjenner ditt namn, ein Gud som kjenner adressa di, som veit kvar du bor. Det er eg som har helde deg oppe. Amen.”

Tungetale ved ei kvinne, tyding ved Arnstein.

”Den dagen du sa ja til meg, mitt barn, så sa du ja til fridom, du sa ja til lækjedom og du sa ja til å følgje meg, at eg skulle få lov til å leie ditt liv. Det gjeld også i dag. Eg ser du er trøytt, eg ser du har det vanskeleg. Men overlat tinga til meg. Forstanden din vil kanskje ofte hindre deg i å gjere det. Men overlat alle ting til meg, også det som synest umogleg ut i dag. Eg gjer det umoglege mogleg. Og det som ingen ting var, valde eg ut til å gjere til skamme det som er noko. Om du føler deg som ingen ting, du er ingen ting samanlikna med andre, men hugs at eg elskar deg slik som du er. Du har ein eigen identitet, du er skapt i Guds bilete. Og du er elska av den tre gangar heilage Gud. Så søk meg, søk inn i mitt Ord, når du kjem heim att. Søk i løynkammeret og be til meg. Eg skal svare, eg skal svare i mi tid, seier Herren. Så ver frimodig og søk meg.

Livet, det er ikkje berre roser, det har du oppdaga, livet er også ting som er vanskeleg, det er kantar som møter deg. Men du skal vite at eg som har lovt, eg som har født deg på nytt, eg har lovt å vere med deg inntil den siste dag, inntil du forlet denne verda. Så stol på meg. Legg inn det giret i livet ditt, at du søker meg kvar morgon. At eg kan få vere den som leier deg gjennom dagen. At eg kan få lov til å vere med å bygge livet ditt vidare. Også inni samanhengar med andre menneske, der skal du få vere til hjelp. Der er mange rundt deg som treng hjelp, der er mange som lengtar etter nokon å snakke med. Og akkurat du kan vere ein samarbeidspartnar og ein samtalepartnar som einkvan kan snakke med. Så ver frimodig. I begge mine hender har eg teikna også deg. Og du skal vite det at eg skal gå med deg, resten av livet, når du søker meg. Amen.”

Aktuelle bibelvers.

1KO 13,12 No ser vi som i ein spegel, i ei gåte; men då skal vi sjå åsyn til åsyn. No kjenner eg stykkevis, men då skal eg kjenna fullt ut, liksom eg fullt ut er kjend av Gud. 

2KO 3,18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.  

JAK 1,23 – JAK 1,26 For den som høyrer Ordet og ikkje gjer etter det, han er lik ein mann som ser på andletet sitt i ein spegel: 24 Han ser på det, går sin veg og gløymer straks korleis han såg ut. 25 Men den som ser inn i fridomens fullkomne lov og held fram med det, han gløymer ikkje det han høyrer, men lever etter det. Han skal vera lukkeleg i si gjerning. 26   Den som meiner at han dyrkar Gud, men ikkje tøymer tunga si, han narrar seg sjølv, og hans gudsteneste er gagnlaus.

EFE 6,10 – EFE 6,20 {GUDS FULLE RUSTNING}  Til sist: Vert sterke i Herren og i hans veldige kraft! 11 Ta Guds fulle rustning på, så de kan stå dykk mot djevelens lumske åtak. 12 For vi har ikkje strid mot kjøt og blod, men mot makter og herredøme, mot verdsens herrar i dette mørkret, mot vondskapens åndehær i himmelrømda. 13 Ta difor Guds fulle rustning på, så de kan gjera motstand på den vonde dagen, vinna over alt og verta ståande. 14 Så stå då med sanninga til belte om livet og rettferda til brynje, 15 og lat fredens evangelium gjera dykk budde til å gå i strid. 16 Ta framfor alt trua til skjold! Med det kan de sløkkja alle gloande piler frå den vonde. 17 Og ta frelsehjelmen og Andens sverd som er Guds ord. 18 Gjer dette i bøn, og legg alt fram for Gud! Bed alltid, i Anden! Vak og hald ut i bøn for alle dei heilage. 19 Bed for meg òg, at eg må få dei rette ord når eg skal tala, så eg med frimod kan forkynna løyndomen i evangeliet, 20 som eg er sendebod for her i fengslet òg. Bed om at eg ved evangeliet må få frimod til å tala som eg skal.  

MTT 28,16 – MTT 28,20 {MISJONSBODET}  Men dei elleve læresveinane drog til Galilea, til det fjellet der Jesus hadde sagt at han ville møta dei. 17 Og då dei fekk sjå han, fall dei ned og tilbad han; men somme tvila. 18 Då steig Jesus fram og tala til dei: “Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. 19 Gå difor ut og gjer alle folkeslag til læresveinar, med di de døyper dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, 20 og lærer dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.”   

SLM 121,1 – SLM 121,8 {HERREN ER DIN VAKTAR}  Ein song til festferdene.   Eg lyfter mine augo til fjella:  Kvar kjem mi hjelp ifrå? 2   Mi hjelp kjem frå Herren,  han som skapte himmel og jord.  3   Han lèt ikkje foten din vera ustø,  din vaktar blundar ikkje. 4   Nei, han blundar ikkje og søv ikkje,  Israels vaktar.  5   Herren er din vaktar, Herren er din skugge,  han er ved di høgre hand. 6   Sola skal ikkje stikka deg om dagen  og månen ikkje skada deg om natta. [månen: Etter gamal tru kunne månen valda sjukdom og anna ulukke. Sml. Matt 17, 15.]  7   Herren skal vara deg frå alt vondt  og verna om ditt liv. 8   Herren skal vara din utgang og din inngang  frå no og til evig tid.  

MTT 6,33 – MTT 6,34 Søk fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre attåt. 34 Så syt ikkje for morgondagen; lat morgondagen syta for seg. Kvar dag har nok med si møde.   

1PE 1,5 de som gjennom Guds kraft vert haldne oppe ved trua, så de skal nå den frelsa som alt ligg ferdig til å verta openberra i den siste tid. 

JUD 1,1 {HELSING}  Judas, Jesu Kristi tenar og Jakobs bror, helsar dei som er kalla, som er elska av Gud Fader og haldne oppe for Jesus Kristus. [Judas: ein av brørne til Jesus. Matt 13, 55.]

JOH 1,12 Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans.

1PE 4,19 Difor skal dei som lid, når det er Guds vilje, overgje si sjel til den trufaste Skaparen og så gjera det gode.  

MRK 9,23 “Om eg kan?” svara Jesus. “Alt er mogeleg for den som trur.” 

MRK 10,27 Jesus såg på dei og sa: “For menneske er det umogeleg, men ikkje for Gud. Alt er mogeleg for Gud.”

1KO 1,27 – 1KO 1,31 Men det som går for å vera uforstandig i verda, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera dei vise til skammar. Det som vert rekna for veikt i verda, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera det sterke til skammar. 28 Det som står lågt i verda, det som vert vanvørdt, det som ingen ting er, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera til inkjes det som er noko, 29 for at ikkje noko menneske skal rosa seg for Gud. 30 De er hans verk ved Kristus Jesus, han som har vorte vår visdom frå Gud, vår rettferd, helging og utløysing, 31 så det kan vera som det står skrive: Den som rosar seg, skal rosa seg i Herren.  

1MO 1,26 – 1MO 1,27   Då sa Gud: “Lat oss skapa menneske i vårt bilete, i vår likning! Dei skal råda over fiskane i havet og fuglane under himmelen, over feet og alle villdyra og alt krypet som krælar på jorda.” 27 Så skapte Gud mennesket i sitt bilete, i Guds bilete skapte han det, til mann og kvinne skapte han dei.

ÅPE 4,8 Kvar av dei fire skapningane hadde seks venger, og overalt hadde dei augo, både rundt om og under vengene. Natt og dag ropar dei, utan stans:  Heilag, heilag, heilag  er Herren Gud, Den Allmektige,  han som var og som er og som kjem.

JES 49,8   Så seier Herren:  I nådens tid bønhøyrer eg deg,  på frelsesdagen hjelper eg deg.  Eg har skapt deg  og gjort deg til ei pakt for folket.  Du skal atterreisa landet  og skifta ut odelsgrunn som ligg aud og snau,

1KG 4,29   Gud gav Salomo visdom, stort skjøn og eit vit som femnde vidt, liksom sanden på havsens strand. 

1KG 4,32 – 1KG 4,34 Salomo laga tre tusen ordtøke, og songane hans var eitt tusen og fem i talet. 33 Han tala om trea, frå sederen på Libanon til isopen som veks ut or muren, og han tala om fe og fuglar, krypdyr og fiskar. 34 Frå alle land kom det folk og ville høyra visdomen åt Salomo, frå alle kongar på jorda som hadde høyrt om visdomen hans.  

Kommentar.

Dele Ordet på mine bloggesider. 

I lang tid skreiv eg dokument der eg viste til slike bodskap og sende til frie kyrkjelydar i Oslo og nokre kristne leiarar. Så fekk eg meg bloggeside (tsivert.com) og la referat frå slike møte ut der, nye møte har eg brukt å kommentere. Då er det på sin plass å bruke namn på predikantar og leiarar for kyrkjelyeden. Men elles bør eg unngå å bruke namn, for folk kan verte forfølgde og offentleg uthengde og gjort narr av. Faktisk spesielt dersom dei har problem. På bluehost944.com har eg skrive større dokument, om vitskap, teologi, historie og samtid og då har eg sjølvsagt gjort bruk av slikt som eg har lært når eg har lese i bibelen og gått på kristne møte.

Poenget med å spele det inn, skrive det ned, kommentere det og offentleggjer det er å høyre på kva som vert sagt, ete Ordet, la det ved trua smelte saman med meg i hjertet, erkjenne at det gjeld meg altså, ja, for eg får då stadig oppleve at der kjem bodskap som er spesielt til meg, slik oppfattar og forstår eg det. Det hindrar ikkje andre i å forstå det slik at det er til dei også, poenget med at eg kommenterer det slik som eg forstår det som bodskap til meg, er å dele det med andre, slik at dei også kan forstå det som den glade bodskapen til seg. Kanskje fordi dei opplever liknande problem som meg og treng å sjå den løysingan som evangeliet er på problema. Det hindrar ikkje andre i å sjå det frå deira synsstad. Vi veit at når ein lem lid, så lid dei andre med. Og når ein lem gleder seg, så gleder dei andre seg med. 

Jesus sa han ville gjere meg til ein kanal for si velsigning og eg forstår det slik at det er på den måten at Jesus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er han hovudet for kyrkja som er hans brud. Så eg trur det er spesielt til nokre kvinner som eg vart glad i og som eg har bedt for, når eg har opplevt det slik at han har svart meg på mi bøn for dei, så har eg skrive om dei med dekknamn. Eg skal glede meg i det fullførde frelsesverket, glede meg i Herren. Så ventar eg at han vil gi meg ei frelst kvinne til kone. Poenget er å kanalisere velsigninga ut dei dei og fleire med dei. Frå våre liv skal det renne straumar med levande vatn.

Så kan det hende eg får høyre ein bodskap som kom til eit anna menneske på eit møte eg ikkje var på. Ja vel, får berre håpe den som fekk det og den kyrkjelyden som fekk det tek imot det i tru. Men det hindrar ikkje meg i å gå til skrifta og finne dei bibelversa det refererer seg til og og påstå at det er til meg også. Dei kan no vel ta imot bodskapen i tru, sjølv om eg også gjer det? Skal dei kanskje ikkje forkynne den same bodskapen til andre menneske?

Men eg forstår det slik at desse bodskapane som no, var til meg, jau, slik har eg det og eg ser det som svar på noko som eg har skrive om i det siste, eg kan godt referere litt til det, utan at eg treng å skrive så mykje om det igjen. Men eigentleg skulle det vel vere unødvendig, det er berre å la vår Herre og meister få siste ord. 

Korleis har du det? Sjå i spegelen!

Det kan nok vere ein god grunn til at folk gir det overflatiske svaret at dei har det bra. Har dei det bra, så er det vel og bra, vi treng i alle fall ikkje at det skal gå dei dårleg for at vi skal kunne forkynne den glade bodskapen for dei, for den himmelske gleda overgår alt som er jordisk. Om dei ikkje har det så bra, så spør vi i alle fall ikkje for at dei skal verte uthengde og forfølgde for det og her må vi ”kvalitetssikkre”, så vi forvissar oss om at det ikkje går ut av kontroll. Vi må komme til Jesus slik som vi er og det må dei andre også få lov til.

Så får vi lov å sjå inn i den spegelen der vi vert omskapte. Der er også eit poeng med at vi er unike, vår sjel og vår identitet er unik. Kven er det du ser i spegelen? Det er deg sjølv, slik Gud opphavleg skapte deg i si likning. Det gir deg altså den rette sjølvforståinga! Når Gud skaper oss i Kristus Jesus, så skaper han oss til det som han opphavleg skapte oss til.

Å vende seg til Jesus er å velje å sjå inn i denne spegelen og halde fram med det. Det er å velsigne han og bli velsigna. Då blir vi til velsigning. Så skal vi tøyme tunga vår ved at vi seier velsigninga utan å forbanne, for vi har valt velsigninga og derfor er vi til velsigning. Om andre forkastar Kristus, så dei blir forbanna, så er det deira eige ansvar.

Søke Herren av heile mitt hjerte, Herren er ein skugge ved mi høgre hand.

Vi får ofte høyre at vi må vere objektive og at objektiv kunnskap er verdifull og sikker kunnskap. I mange samanhengar og perspektiv er det rett. Men skal vi lære eit fag, må vi subjektivt innstille oss på det, skal vi lære matematikk, må vi subjektivt innstille oss på det. Så får vi innsikt og vidsyn, matematikken vert brukt i all vitskap og teknologi. Vil vi ha samfunn med Gud og komme nær til han, må vi subjektivt innstille oss på det. 

Og Jesus sa til meg at eg skulle søke han av heile mitt hjerte. Det minnte meg om at når eg var ung og bad for henne Virtuella, er kjennte eg for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho villoe seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for den kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande (Rom.5,5). Eg opplevde det som ei openberring der ho var i Faderens hand og han la henne i mitt hjerte, det kjendest så godt og det gjorde meg så glad, slik openberra han henne for meg som det vidunderlege barnet han fødde henne til, som han elska og hadde omsorg for. Den Heilage Ande openberra henne for meg som eit Guds barn, som levde i eit kjærleiksforhol til Faderen, som hans barn og i eit kjærleiksforhold til Sonen, som hans brud.

Sidan vart det kontroversielt og konfliktfyllt, men eg skal søke Herren av heile mitt hjarte og då skal eg ta parti med han. Eg vender meg til han velsignar han og blir velsigna, opnar meg som kanal for hans velsigning, også til henne. Og no opplever eg det som at han er ein skugge ved mi høgre hand. Ja, då skal eg vende meg til han og halde meg nær til han.

For nokre år sidan skreiv eg om dette og så skreiv eg om korleis eg opplevde ei liknande åndeleg openberring, der Jesus openberra seg for meg og henne Reella også. Og Jesus svarde meg at han gir meg ei herleg og vidunderleg kvile som overgår min forstand. Då tenkte eg først på henne Virtuella, så på henne Reella. Eg har forklart korleis eg har tenkt og resonnert og endåtil prøvt å komme fram til ein konklusjon ved å vise til korleis den Heilage Ande openberrar Ordet for meg. Eg ser ikkje akkurat nokon grunn til at eg skal gå tilbake på noko av det som eg har skrive, resonnementa er heilt ok, men eg må innrømme at denne kvila overgår min forstand.

Det vesentlege er at eg set min veg i Herrens hand og let han gjere sitt verk, han som byrja den gode gjerning med oss, han skal også fullføra den.

Salomos visdom og Jesu visdom. Jesus valde ut det som ingen ting er, for å gjere det som er noko til skamme.

Salomo var berre ungguten då han vart konge, så han bad Gud gir han eit høyrsamt hjarta, så han kunen styre edette store folket. Og Gud gav kong Salomo visdom i hjertet:

1KG 3,5 – 1KG 3,15   I Gibeon synte Herren seg for Salomo i ein draum om natta og sa: “Sei kva du vil at eg skal gje deg!” 6 Salomo svara: “Du har vist stor godleik mot David, far min, tenaren din, av di han ferdast for ditt åsyn i truskap og rettferd og hadde eit hjarta som var ærleg mot deg. Og denne store godleiken mot han har du halde fast på. Du gav han ein son som skulle sitja på kongsstolen hans, så som det er i dag. 7 No har du, Herre min Gud, gjort meg, tenaren din, til konge etter David, far min. Men eg er berre ungguten og veit ikkje korleis eg skal bera meg åt som førar. 8 Her står tenaren din midt imellom folket ditt, som du har valt ut, eit folk så stort og talrikt at det ikkje kan teljast eller reknast. 9 Så gjev då tenaren din eit høyrsamt hjarta, så eg kan styra folket ditt og skilja mellom godt og vondt! For kven kan elles styra dette folket, så stort som det er?” 10   Herren tykte vel om bøna åt Salomo. 11 Og Gud sa til han: “Sidan du bad om dette og ikkje om eit langt liv eller rikdom eller at fiendane dine skulle døy, men bad om vit til å skjøna kva som er rett, 12 så vil eg gjera det du har bede om. Eg vil gje deg eit hjarta som er så vist og vitug at det aldri før har vore din like og heller ikkje skal koma det sidan. 13 Men det du ikkje bad om, vil eg òg gje deg, både rikdom og ære. Så lenge du lever, skal det ikkje finnast din like mellom kongane. 14 Og ferdast du på mine vegar og held lovene og boda mine, liksom David, far din, gjorde, så skal eg gje deg eit langt liv.” 15 Så vakna Salomo og skjøna at det var ein draum. Og då han kom til Jerusalem, steig han fram for Herrens paktkiste. Han ofra brennoffer, bar fram måltidsoffer og heldt gjestebod for alle mennene sine.  

Poenget måtte vel vere at hjarta hans skulle høyre Guds Ord. Men han fekk mykje anna også, naturfagleg kunnskap også:

1KG 4,32 – 1KG 4,33 Salomo laga tre tusen ordtøke, og songane hans var eitt tusen og fem i talet. 33 Han tala om trea, frå sederen på Libanon til isopen som veks ut or muren, og han tala om fe og fuglar, krypdyr og fiskar.

Aldri før hadde det vore hans like og det skulle ikkje komme sidan heller. Nei, allereie på hans gamle dagar hadde det dabba alvorleg av. Og seinare utvikling kan karakteriserast som at det gjekk ”eitt steg fram og to tilbake” inntil det låg att ein ruinhaug.

Men Jesus sa om seg sjølv at hos han var det større visdom enn hos kong Salomo. Dette er den ungdommelege visdomen som vi får frå Gud som små born og ved at vi vender om og blir som små born. Vi får den frå Guds himmel, derfor står den i motsetnad til verda.

1KO 1,17 – 1KO 1,31 {GUDS VISDOM OG MENNESKEVISDOM}  Kristus sende meg ikkje ut for å døypa, men for å forkynna evangeliet, og det ikkje med talekunst og visdom, så Kristi kross ikkje skal missa si kraft. 18 For ordet om krossen er ein dårskap for dei som går fortapt, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft. 19 For det står skrive:  Eg vil tyna visdomen hjå dei vise  og gjera til inkjes klokskapen hjå dei kloke. 20   Kvar er ein vismann, kvar er ein skriftlærd, kvar er ein granskar av denne verda? Har ikkje Gud synt at verdsens visdom er dårskap? 21 For då verda ikkje nytta visdomen til å læra Gud å kjenna gjennom Guds visdom, fann Gud det for godt å frelsa dei som trur, ved den dårskapen vi forkynner. 22 For jødar spør etter teikn, og grekarar søkjer visdom, 23 men vi forkynner den krossfeste Kristus. Jødar støyter seg på det, og heidningar held det for dårskap; 24 men for dei som er kalla, både jødar og grekarar, er Kristus Guds kraft og Guds visdom. 25 For Guds dårskap er visare enn visdomen åt menneska, og Guds vanmakt er sterkare enn styrken åt menneska. 26   Tenk på kven de sjølve er, brør, de som vart kalla: ikkje mange vise, menneskeleg tala, og ikkje mange mektige eller høgætta. 27 Men det som går for å vera uforstandig i verda, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera dei vise til skammar. Det som vert rekna for veikt i verda, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera det sterke til skammar. 28 Det som står lågt i verda, det som vert vanvørdt, det som ingen ting er, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera til inkjes det som er noko, 29 for at ikkje noko menneske skal rosa seg for Gud. 30 De er hans verk ved Kristus Jesus, han som har vorte vår visdom frå Gud, vår rettferd, helging og utløysing, 31 så det kan vera som det står skrive: Den som rosar seg, skal rosa seg i Herren.  

1KO 2,1 – 1KO 2,16 {GUDS LØYNDOM ER OPENBERRA}  Då eg kom til dykk, brør, forkynte eg ikkje Guds vitnemål med meisterskap i talekunst eller visdom. 2 For eg ville ikkje vita av noko anna hjå dykk enn Jesus Kristus og han krossfest. 3 Veik, redd og skjelvande var eg mellom dykk. 4 Og det var ikkje med overtalande argument og visdomslære eg bar fram ordet og bodskapen, men med provføring av Ande og kraft. 5 For eg ville ikkje at trua dykkar skulle byggja på menneskevisdom, men på Guds kraft. 6   Likevel forkynner vi òg ein visdom, for dei som er mogne. Det er ein visdom som ikkje høyrer denne verda til eller herrane i denne verda, dei som går til grunne. 7 Nei, vi talar Guds visdom, som er ein løyndom; han var duld, men før tidene tok til, hadde Gud fastsett at den skulle føra oss fram til herlegdomen. 8 Denne visdomen har ingen av herrane i verda kjent til. Hadde dei kjent han, hadde dei ikkje krossfest herlegdomens Herre. 9 Men det står skrive:  Det auga ikkje såg,  det øyra ikkje høyrde,  det som ikkje kom opp  i nokon mennesketanke,  alt det Gud har gjort ferdig  for dei som elskar han, 10 det har Gud openberra for oss ved sin Ande. For Anden granskar alle ting, jamvel djupnene i Gud. 11 Kven veit kva som bur i mennesket utan ånda som er i mennesket? Så veit heller ingen annan enn Guds Ande kva som bur i Gud. 12 Men vi har ikkje fått den ånd som høyrer verda til, men den Ande som er frå Gud, så vi skal skjøna kva Gud i sin nåde har gjeve oss. 13 Og dette talar vi om, ikkje med ord som menneskeleg visdom har lært oss, men med ord vi har lært av Anden. For det som høyrer Anden til, tolkar vi med Andens eigne ord. 14 Men det mennesket som ikkje har Anden, tek ikkje imot det som høyrer Guds Ande til. Det er ein dårskap for han, og han kan ikkje forstå det; dette kan berre dømast om på åndeleg vis. 15 Men det mennesket som har Anden, kan døma om alt, men sjølv kan han ikkje dømast av nokon. 16 For  kven kjende Herrens hug,  så han kunne gje han råd? Men vi har Kristi hug.  

Ikkje særleg mykje verd, men Jesus kjenner meg og har kjøpt meg fri. 

No har ikkje eg vore i fast arbeid sidan 2008, først når eg vart 60 år for vel eit år sidan, fekk fast inntekt igjen, som pensjon. Det er klart at det tærer på økonomien. Så slik sett føler eg meg ikkje særleg høg i hatten, ikkje særleg mykje verd. Men der er ei fundamental innstillling frå verdslege autoritetar, som har vurdert det slik og sytt for at det skulle verte slik. Gud gjorde meg til ein kanal for si velsigning, men dei har svart med å forbanne. 

Grunnen til det er moralfilosofisk fundamentalistisk, at eg er den eg er og kjem til Jesus slik som eg er. Eg kjem frå landsbygda på Sunnmøre og vert ikkje heilt velkomen i byen. Eg har nyst skrive om det apostlane sa om dei englane som for bort få staden der dei budde. Dette er ikkje godt å forstå seg på. Men det har vel noko med identitet å gjere. Sett frå min synsstad er der altså nokon som ikkje vil godta min identitet, men eg skal så visst ikkje tape min identitet av den grunn. Eg er skapt i Guds likning og fekk komme til Jesus slik som eg var, han kjenner meg ved namn (Joh.10,1-21) og han veit kvar eg bur.

Javel, men kvar vart det av den Gud som har svart på mine bøner sidan eg var ung? Det er tydelegvis nokon som er komne før Kristus, som er tjuvar og røvarar (Joh.10,8  2.Tess.2). 

Lækjedom, fridom, etterfølging, leiarskap og frelse.

Jesus sa til meg: ” Den dagen du sa ja til meg, mitt barn, så sa du ja til fridom, du sa ja til lækjedom og du sa ja til å følgje meg, at eg skulle få lov til å leie ditt liv. …………. Men du skal vite at eg som har lovt, eg som har født deg på nytt, eg har lovt å vere med deg inntil den siste dag, inntil du forlet denne verda.” Han har sagt til meg at eg skal gå sigrande ut av denne verda. Ja, det vesentlege er no å verte frelst for æva og få evig liv. Ja, vi skal no sigre over verda saman med Kristus og då må vi no ta sikte på at vi skal forlate verda slik også, for så å gå over i dei evige bustadane. 

Når eg byrja å studere i Oslo midt på 1980-talet sa Jesus: ”Eg vil lækje dine år i fråfall”. Og eg forstod det som ein bodskap til henne Virtuella. Så sa han til meg at der var ein sjukdom mellom Guds folk og at eg har fått kjenne noko av den sjukdomen i meg. Men han ville lækje den. Dette har eg samanlikna med profeten Jeremias som kjende det som eit sår at israelsfolket var såra og sjukt på grunn av sitt fråfall. Det er då så tydeleg at der er menneske og verdslege autoritetar som har talt stikk i strid med det som eg har bedt Gud om og som han har svart meg på. Det er då så tydeleg fordi dei vil gjere menneska til slavar. Har forføringa og Israels fråfall vorte standardprosedyra i kyrkja og samfunnet. 

Når eg sa ja til Jesus, sa eg ja til å følge han og la han leie meg. Når han då leier meg og sender meg, så kjem eg til framande. Så spørst det om dei vil ta imot den som han sende og ta imot Jesus når han kjem som ein framand.

JOH 13,20 Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som tek imot ein eg sender, tek imot meg. Og den som tek imot meg, tek imot han som har sendt meg.”

MTT 25,31 – MTT 25,46 {DOMEN}  Men når Menneskesonen kjem i sin herlegdom og alle englane med han, då skal han sitja på kongsstolen sin i herlegdom. 32 Alle folkeslag skal samlast framfor han, og han skal skilja dei frå kvarandre, som ein gjætar skil sauene frå geitene, 33 og setja sauene på si høgre side, og geitene på si venstre. 34   Så skal kongen seia til dei på høgre sida: “Kom hit, de velsigna borna åt Far min, og ta i eige det riket som er etla åt dykk frå verda vart grunnlagd. 35 For eg var svolten, og de gav meg mat; eg var tyrst, og de gav meg drikke; eg var framand, og de tok imot meg; 36 eg var utan klede, og de kledde meg; eg var sjuk, og de såg om meg; eg var i fengsel, og de vitja meg.” 37 Då skal dei rettferdige svara: “Herre, når såg vi deg svolten og gav deg mat, eller tyrst og gav deg drikke? 38 Når såg vi deg framand og tok imot deg, eller utan klede og kledde deg? 39 Og når såg vi deg sjuk eller i fengsel og kom til deg?” 40 Men kongen skal svara dei: “Sanneleg, det seier eg dykk: Det de gjorde mot ein av desse minste brørne mine, det gjorde de mot meg.” 41   Så skal han seia til dei på venstre sida: “Gå bort frå meg, de bannstøytte, til den evige elden som er laga til åt djevelen og englane hans. 42 For eg var svolten, men de gav meg ikkje mat; eg var tyrst, men de gav meg ikkje drikke; 43 eg var framand, men de tok ikkje imot meg; eg var utan klede, men de kledde meg ikkje; eg var sjuk og i fengsel, men de såg ikkje om meg.” 44 Då skal dei svara: “Herre, når såg vi deg svolten eller tyrst eller framand eller utan klede eller sjuk eller i fengsel utan å hjelpa deg?” 45 Men han skal svara dei: “Sanneleg, det seier eg dykk: Det de ikkje gjorde mot ein av desse minste, det har de heller ikkje gjort mot meg.” 46 Så skal dei gå bort til evig straff, men dei rettferdige til evig liv.   

Livet er ikkje berre roser, det kan vere vanskeleg. Men Jesus gjer det umogelege mogleg.

Eg har nyst skrive om at livet er ein kamp for tilværet, men Guds auge fer ut over heile jorda for å komme den til hjelp som heilhjarta held seg til han. Og slik ventar eg meg at han vil gi meg hjelp i form av ei kone. Jesus er livet og han gir oss meining med livet og slik er han sanninga som set oss fri. Når vi søker han og innvier oss til å leve for han, så utrustar han oss med sin Ande og si kraft. Han er Guds kraft og Guds visdom og vi tek imot det, sikkert fordi vi innser og opplever at vi treng det. 

No hevdar eg altså at han gir meg ei frelst kvinne til kone, det innser og erkjenner eg ved den visdomen og openberringa han gir meg ved sin Ande. Kristus er for meg Guds visdom og Guds kraft og det er to hovudpoeng for meg, både fordi eg har vore kroppsarbeidar og fått oppleve at livet er ein kamp for tilværet og fordi eg har studert realfag og då treng eg Guds visdom og Guds kraft til den gjerninga.

Vi ser at der er ei motsetjing mellom den verdslege visdomen og visdomen frå Gud og vi opplever det som ei konflikt mellom Guds rike og verda i vårt daglege liv. Men vi skal løfte blikket og hugen opp til Kristus og ta imot det han gir oss frå himmelen, slik skal vi sigre over verda saman med han.

Visdom i hjertet, oppleve Guds kraft, forstå med forstanden. Kva med matematikken?

Når eg var ung opplevde eg Guds Ande og Guds kjærleik i hjertet, eg vart tent i brand for Guds sak, eg vart motivert av Guds kjærleik og driven den Heilage Ande. Samtidig var eg interessert i realfag, men eg kjende meg ikkje motivert til det på same måten. Men Kristus er Guds Ord og den Heilage Ande openberra det for meg og slik fekk eg åndeleg innsikt og eg meiner eg også fekk rasjonalistisk innsikt og slik virka det til støtte meg når eg skulle studere relafag. Kristus er Sanninga og eg skulle leve for han. Når eg søkte han, så søkte eg sanninga og det gjorde eg når eg søkte den realfaglege sanninga også. Slik motiverte det meg. Slik såg eg relasjon mellom den åndelege innsikta, rasjonaliteten i Guds Ord og rasjonaliteten i realfaga, metematikken. Elles ser det ikkje ut til at der er mykje matematikk verken i Salomos visdom eller i Jesu visdom, men matematikken har vorte ein enorm suksess i moderne vitskap og teknologi. 

Eg skal søke Herren av heile mitt hjarte, så vil han komme meg til hjelp med si kraft. Og slik ventar eg at han vil gi meg hjelp i form av ei kone. Han har styrka meg med sin Ande og si kraft når eg har vore i praktisk arbeid og når eg har drive idrett og han har styrka meg når eg har studert realfag. Då har det vore om å gjere å forstå og lære også ved bruk av matematikk. Men eg kan ikkje avgrense Gud med min forstand. Jesus sa då til meg at han gir meg ei herleg og vidunderleg kvile som overgår min forstand. Ja, livet er no ein kamp for tilværet, men då skal eg ved Guds nåde få lov til å gjere bruk av Guds kraft. 

Her er det opplagt noko som ikkje har fungert skikkeleg. Kvar blir det av den kona som eg har bedt Gud om og som han har lova meg som svar på mi bøn og med sitt eige Ord?

Legg inn giret at eg søker Herren om morgonen og late han leie meg gjennom dagen og la han bygge livet mitt.

Jesus sa til meg: ”Legg inn det giret i livet ditt, at du søker meg kvar morgon. At eg kan få vere den som leier deg gjennom dagen. At eg kan få lov til å vere med å bygge livet ditt vidare. Også inni samanhengar med andre menneske, der skal du få vere til hjelp. Der er mange rundt deg som treng hjelp, der er mange som lengtar etter nokon å snakke med.”

Eg har i lang tid drive med dette skriveriet mitt og det har verka passiviserande og det har ikkje vore sunnt for kroppen. Det har ofte vore nattarbeid så det har drygt før eg har kome meg opp om morgonane. Men eg har også tenkt på at eg skal gjere forandring på dette, jau eg skal legge inn den giren. No er eg oppmeld til to eksamenar som eg skal ta oppatt, kvantekjemi og vidaregåande cellebiologi. Eg reknar med Jesus vil bygge mitt liv på den måten, så han vil styrke meg til det. Så må eg byrje å gå turar og byrje å trene igjen.

Så får eg gå ut og prate med andre menneske. Men først og fremst skal eg altså prate med han Jesus frå tidleg om morgonen og la han leie meg gjennom dagen. Han er ikkje ein diktator, men eg får komme med forslag, kor det hadde vore å sette seg til å arbeide med eit fag, ta seg ei pause og gå seg ein tur, arbeide konstruktivt på dagtid og så ta fri på kvelden, lese noko anna, ta litt styrketrening, gå på besøk. Han høyrer meg betre enn eg høyrer han. Men når eg kjenner og opplever hans velsigning, hans salving, hans kjærleik og hans kraft, då kan eg kjenne meg trygg på det, så det fungeer som eit kriterium som eg har å gå etter. Eg skal vere vaken for å lytte til Andens tale. Men eg skal ikkje gjere meg større tankar om meg sjølv enn eg bør , men legge vinn på å tenke visleg.

RMR 12,1 – RMR 12,3 {DET KRISTNE LIVET}  Så legg eg dykk på hjarta, brør, ved Guds miskunn, at de må bera fram lekamen dykkar til eit levande og heilagt offer som er til hugnad for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste. 2 Og skikka dykk ikkje likt med denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan døma om kva som er Guds vilje: det gode, det hugnadlege, det fullkomne. 3   Ved den nåden eg har fått, seier eg til kvar einskild av dykk: Gjer deg ikkje større tankar enn du bør, men bruk vitet ditt og ver visleg! Kvar og ein skal halda seg til det mål av tru som Gud har gjeve han.

Skapt i Guds likning, forstå seg på skaparverket og få meining med tilværet.

Eg har nyst skrive om at Gud skapte alle ting med sitt Ord, så det synelge har vorte til av det usynlege, derfor er universet forståeleg, dette forstår vi ved å tru. Gud skapte menneska i si likning, derfor er vi i stand til å forstå. Så spørst det kor mykje vi forstår. Skal vi prøve å forstå ved bruk av matematikk, så er det stor skilnad på folk. Men at menneske har forstått så mykje som dei har gjort med moderne vitskap, tek eg som ei stadfesting på dette.

Trua på Jesus gir meining med livet og då må vi tru med hjertet, så vi får oppleve at den sanne Gud gjer sitt verk i våre liv ved sitt Ord og sin Ande, vi får oppleve at Gud styrker oss med si kraft. Mi interesse for å oppleve dette samsvarar med mi interesse for realfag, men det er altså med ei sybjektiv innstilling eg får oppleve det, så det er psykologi. Det treng ikkje vere sjukdom fordi om det er psykologi. Fråfallet førde til sjukdom, men når eg tok imot Jesus i mitt hjerte, sa eg ja til lækjedom frå den sjukdomen.

Dette har eg skrive om her: https://bluehost944.com/2019/02/02/miljopolitiske-dommedags-profetar-forbanninga-og-avlatshandelen-velsigninga-og-miljoet/

Fråfallet, gjer menneska til salsvare som trælar. Med ”splitt- og hersk-teknikk” vert uretten sett i system”. Men Jesus er Sanninga som set oss fri og han løfter oss opp på eit høgare plan.

Fråfallet var at dei ikkje trudde på Gud, ikkje vende seg til han og høyrde på hans Ord og det viste seg ved at dei forkasta Son hans. Dei erstatta trua med moralfilosofiske krav, men det vart å erstatte Israels Gud med avgudar, så med dei moralfilosofiske krava selde dei folket som trælar. Med sin moralfilosofi lagar dei eit hierarkisk system, der dei graderer menneskeverdet og det vert avgjerande for økonomien. I Noreg er der eit slik føydalt, hierarkisk system der storbonden på austlandet er på toppen, med nedtrapping mot vest, så småbrukaren ut med kysten, som driv fjordfiske, kjem på botnen av systemet. Så på folkelivsmuseet på Bygdøy er der eitt viktig hus som manglar og det er naustet, til tross for kor viktig dette huset har vore langs heile norskekysten.

Men Kristus er Sanninga som set oss fri og han løfter oss opp på eit høgare plan. Og når eg studerer realfag, ventar eg meg at vi skal ligge på eit høgare plan.

Møte kantar, ein smal veg og ein rydda veg.

I det gamle testmentet er det tale om vegen til livet og vegen til døden. Og så er det profetert om å lage veg i øydemarka og om ein rydja veg. (Jer.21, Jes.35,9). 

Jesus sa at vegen som fører til livet er smal (Matt.7,14). Men så har han bana vegen for oss inn i den himmelske heilagdomen og det er den rydja vegen. Når vi skal følge han her i livet, på denne jorda, så opplever vi at vegen er smal og krokete, vi møter på ”kantar”, som det vart sagt her, vi får motstand. Men Jesus har bana vegen for oss inn i den himmelske heilagdomen, den er åpen og fri og vi må prioriterer å gå den vegen, både i løynkammerbøna og i kyrkjelyden. Vi søker fyrst Guds rike og hans rettferd, vi les i Bibelen, så ber vi og tek imot det som Jesus gir oss frå himmelen, så går vi ut på Ordet og får oppleve og sjå at Jesus er med oss i kvardagen og leier oss vidare. 

Eg forstod det slik at Jesus kalla meg til å studere realfag, studere biologi og då forstod eg det på denne måten, eg skulle gå den vegen han hadde staka ut for meg, han hadde sett fram for meg ei opna dør der eg var kalla til å gå inn. Det sa han til meg gjennom tyding av tungetale i den  frie kyrkjelyden eg gjekk i. Eg har vist til det så mange gongar at no gidd eg ikkje leite det opp. Men det er no enkelt å leite opp bibelverset:

ÅPE 3,7 – ÅPE 3,13 {TIL FILADELFIA}  Skriv til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia:  Dette seier Den Heilage og Sannferdige, han som har Davids nykel, han som opnar så ingen kan stengja, og stengjer så ingen kan opna: 8 Eg veit om gjerningane dine. Sjå, eg har sett framfor deg ei opna dør, som ingen kan stengja. For du har lita kraft, og likevel har du halde fast på mitt ord og ikkje fornekta mitt namn. 9 Sjå, eg lèt nokre koma frå Satans synagoge, av dei som lyg og seier dei er jødar, men ikkje er det. Dei skal koma og kasta seg ned for føtene dine, og dei skal skjøna at eg har elska deg. 10 Du har halde fast på mitt ord om tolmod. Difor vil eg halda fast på deg i den prøvingstid som skal koma over heile verda, for å prøva dei som bur på jorda. 11 Eg kjem snart. Hald fast på det du har, så ingen skal ta krona di! 12   Den som sigrar, han vil eg gjera til ei søyle i min Guds tempel, og han skal aldri meir gå ut derifrå. Eg vil skriva min Guds namn på han og namnet på min Guds by – det nye Jerusalem, som kjem ned frå himmelen, frå min Gud – og like eins mitt eige nye namn. 13   Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane!   (Joh.10,1-10).

Trenge inn i Ordet, søke Gud i løynkammerbøna, søke først Guds rike og hans rettferd. Så skal vi gå ut og vitne om Jesus. Livet er ein kamp for tilværet og eg opplever det ikkje rettferdig, men Jesus er med meg. 

Når eg sa ja til Jesus, sa eg ja til fridom, ja til lækjedom, ja til å følge han. Som vi ser er det ikkje problemfritt, men dess viktigare er det å halde seg nær til Jesus, ta imot hans ord og tru på det, ta imot det han gir oss frå himmelen, bevare vårt frimod, først og fremst til å gå inn i den himmelske heilagdomen, dernest til å gå ut og prate med folk og nytte dei moglegheitene vi får til å vitne om han.

Vi skal trenge inni Ordet og ta imot det i tru, så det ved trua smeltar saman med oss i hjertet, slik får vi komme inn til Guds kvile. Han gir meg ei herleg og vidunderleg kvile som overgår min forstand. Vi skal søke først Guds rike og hans rettferd, så skal vi få alt det andre i tillegg til det. Vi skal gå inn i våre løynkammer og be til vår himmelske Far, som ser i det dulde og han vil løne oss opp i dagen.

Jesus ville gjere meg til ein kanal for si velsigning, så sende han meg til Oslo med ein frigjerande bodskap og ein bodskap om gjenoppretting, for på evangeliets grunnvoll vert vårt forhold til Gud gjenoppretta slik det var før syndefallet, men no er Kristus den siste Adam, som for oss har vorte ei livgivande ånd. Han sa eg skulle søke han i løynkammerbøna og kle meg i Guds full rustning og gå ut og vitne om han. Ei lita helsing frå han kunne vere nok for han til å gjere storverk, for han ville vere med meg og den Heilage Ande ville bruke det eg sa. For det var ikkje eg som skulel overtyde veda om synd, dom og rettfed, men han sende den Heilage Ande til verda for at den skulle gjere det.

Når eg møter vakre kvinner kan eg kjenne meg tiltrekt av dei, men då vender eg hjertet og hugen til Kristus og velsignar han og blir velsigna og slik opnar eg meg som kanal for hans velsigning til dei og opplever velsigninga i mitt hjerte og kjenner at det gjer meg godt. For Gud er god, han skapte og såg at det var godt, spesielt skapte han kvinna så ho skulle vere noko godt for mannen. Men i nokre tilfelle kjende meg meg så sterkt tiltrekt av ei kvinne, at eg innrømde overfor Gud at henne ville eg ha til kone og så fekk eg oppleve at Gud svarede meg og eg forstod det slik at han ville gi meg ei kone, for han er den same no som då han skapte. Først henne Virtuella, så henne Reella og eg vil også ta med henne Poly-Ester, sjølv om eg ikkje vart så overtyda om at han ville gi meg henne til kone, for det svaret Jesus gav meg var viktig.

Jesus sa eg skulle søke han av heile mitt hjerte og det minna meg om at når vi var unge levde ho Virtuella i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud. Det vart kontroversielt og konfliktfylt, med då skal eg ta parti med han, så eg ynskjer og ber for henne at ho små verte frelst og fri og komme inn att i dette kjærleiksforholdet til Kristus, som hans brud og til Faderen, som hans barn. Så eg vender meg til Jesus i bønn og opnar meg som kanal for hans velsigning til henne, slik som når vi gjekk på gymanset og no opplever eg det som at Herren er ein skugge ved mi høgre hand. Ordet om korset er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur, så det vesentlege og fundamentale poenget med det er å få oppleve den krafta. Først og fremst fordi Jesus frelser oss for æva og gir oss evig liv, det skal vi glede oss over framfor alt. Dernest fordi Jesus utruster oss med dei åndelege nådegåvene til å leve for han, Gud bygger oss som Kristi brud, så vi blir til hjelp for han. 

Ho har vore som den bortkomne sauen, vonleg har Jesus funne den att og får den med seg heim og då vert det fest. Ho har vore som den bortkomne sonen, no finn ho vonleg vegen til Faderen, han kjem henne i møte og så vert det fest. Men det saka gjaldt for mitt vedkommande, var i tillegg at eg bad Gud gi meg ei frelst kvinne til kone. Med sitt fråfall frigjorde ho seg frå det og for meg verka det som om ho med sin protest mot Paulus si lære om at kvinna skulel vere ei hjelp for mannen, tvert om motarbeidde meg, så ho endåtil kjempa mot at eg i det heile teke skulle få meg ei kone. Eg fekk oppleve at livet naturleg nok var ein kamp for tilværet, men naturleg nok venta eg at ei god kone ville vere til hjelp for meg, så det var nok ein grunn for meg til å be Gud gi meg ei kone. Men her er det tydelegvis ei religiøs og politisk makt som er komen inn i kyrkja og som forfører kvinna og lærer henne å kjempe mot den norske mann sitt tilvære i staden. 

I kyrkja likar dei spesielt godt forteljinga om den bortkomen sonen, men dessverre verkar det som det er på den måten at når vert voksen, forlet dei faderhuset, for soleis å prøve for seg sjølve å få mest mogeleg ut av dette livet, så får dei heller komme tilbake som nokre angrande syndarar når dei er gamle, for å komme inn i himmelen når dei døyr. For der ligg verdslege maktinteresser i det. Den maktinteressa kallar eg ”den Lovlause” (2.Tess.2).

Vi kan prøve å forklare det med regimentlæra. I den gamle pakt var øvstepresten og kongen to ulike stillingar. Kongen regjerte i sitt slott og øvstepresten gjorde teneste i tempelet. Det svaer til dei to regimenta, men no er Kristus både kongars konge og øvsteprest til evig tid etter Melkesedeks vis, så eigentleg regjerer han i begge regimenta, sjølv om det er vanskeleg for oss å forstå det. Eg forstår det slik at der er to regiment samtidig og det betyr to tenkemåtar, ideelt sett fungerer dei to regimenta kvar for seg, samtidig. Men det verkar som dei gjer den feilen at dei slår dei samen, men då fungerer dei ikkje lenger skikkeleg. I praksis vert det åndelege regimentet erstatta av det verdslege, slik at menneska vert som bortkomne søner i sitt voksne og yrkesaktive liv. Slik heng fråfallet i kyrkja saman med Israels fråfall, ”Mor Israel” vart ei hore og slik gjer dei kyrkja til ei hore og slik gjer dei kvinna til ei hore. Dei innskrenker ytringsfridomen så han ikkje fri til henne ved bruk av språket og ved vedkjenninga av Jesu namn. Som slike som er komne før Kristus (Joh.10) med sin protest mot Paulus si lære, syter dei for å komme før mannen som vil vinne seg ei kone i helging, så det synest umogleg for han. Og så held dei edet for å vere vitskap? 

Så sjølv om eg har bedt Jesus om ei frelst kvinne til kone sidan eg var ung og han har svart meg positivt på det heile tida, så synest det framleis umogleg. Men Gud kan gjere det umoglege mogleg. Jesus kjem til å tyne den Lovlause med pusten frå sin munn. Blir ho Virtuella frelst og fri, så hennar kjærleiksforhold til Faderen og Sonen vert gjenoppretta, så skal eg takke Faderen og Sonen for det. Men betyr det at ho skal verte kona mi? Gjer han det også mogleg? Sjølv om det betyr at han iverkset det som eg meiner og forstod han sa til meg når eg var i 20-åra, kan eg ikkje akkurat seie meg særleg fornøgd med det. Er dette rettferdig? Eg skal søke fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal eg få alt det andre i tillegg. Og Jesus har svart meg slik som Faderen svarde den heimeverande sonen, med den Anden Jesu gir meg frå himmelen får eg seie til Jesus at alt som er hans er mitt. Eg har bedt han om noko og han gir meg det som arv. Ja, eg har då bedt han om ei frelst kvinne til kone og det er ikkje ei forførd og bortkommen kvinne.

Eg skal no vere ekte og ærleg og då kan eg ikkje akkurat seie eg synest dette er rettferdig at ho no skal verte kona mi. Gud vil at alle skal verte frelst og komme til å erkjenne sanninga, så dei vert fri. Blir ho frelst og fri, så oppfyller det lovnaden også som svar på mi bøn for henne og då vil eg gjerne vere med på gledesfeste, for eg hugsa vel kor godt det var å vere saman med henne når ho levde i dette kjærleiksforholdet til Faderen og Sonen. 

Men vi kjem ikkje forbi at eg også bad han om ei frelst kvinne til kone og at eg oppfatta det slik at han svarde meg på den bøna også. Skal eg forstå det slik at han vil innfri det ønsket som svar på mi bøn når eg var ung og oppfylle lovnaden ved at ho vert kona mi, no når ho er gammal? I så fall vil eg minne han om dei svar han gav meg når eg bad for henne Reella og henne Poly-Ester også. Siste ord er ikkje sagt i denne saka, han som er alfa og omega skal få siste ord. Men eg skal opne meg som kanal for Jesu velsigning til dei, eg skal glede meg i hans frelse, glede meg i han og så håper eg dei også vil gjere det.

Vi har fri vilje, men det har Gud også og han har makt til å gjere slik som han vil. Han frelser og bygg Jesu kyrkje.

Vi har fri vilje, tankefridom og ytringsfridom, vi kan tenke, tale og velje å gjer slik som vi vil. Men Gud har også ein fri vilje og gjer slik som han vil og han har makt til det også. Det verkar paradoksalt. Men for vårt vedkommande må det vere om å gjere å tenke konstruktivt og velje å kommunisere og arbeide konstruktivt til gagn både for oss sjølv og andre. Då er det viktig for oss å velje å vere Guds medarbeidarar. Herrens auge fer ut over heile jorda, så han med si kraft kan hjelpe den som heilhjarta held seg til han.

Eg har no bedt til han og han har svart meg og han har kalla meg til å stige fram for han og snakke med han, verte ståande for hans åsyn og snakke med han. Han er Guds Ord og det skaper det som det nemner. Han gjer slik som han vil. Likevel opptrer han som friar overfor si kyrkje og dermed overfor einskilde kvinner. For han er den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Kyrkja er hans brud, han elskar henne med kjærleiken frå Gud, han skaper henne og bygger henne og Kristus kallar henne for si brud. Til samanlikning med skapinga i 1.Mos.2. Adam sa ho skulle kallast kvinne fordi ho var teken av ein kar. Her står det ikkje noko om frieri, her sa ikkje kvinna noko. Forteljinga er nok komprimet, det er essensen som er viktig. Poenget er at Gud gjorde sitt verk og Adam erkjente det. Sjølvsagt prata Adam med henne, så ho fekk vite kva Gud hadde sagt til han.

Når eg gjekk på gymnaset og merka at eg byrja å verte glad i henne Virtuellag, vedkjende for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for denne kjærleiken og fekke i ny fylde av den Heilage Ande. Og eg er viss på at det gjaldt henne også. Siste året på gymnaet inngjekk eg eit godt samvits pakt med Gud (vedkjenning til Gud) med grunnlag i Jesu oppstode frå dei døde. Ja, når eg søker Gud i løynkammeret og og vedkjenner for han at Kristus er Herre, så får eg oppleve at han gjer sitt verk ved sitt Ord og sin Ande.

Og no når eg les i Bibelen og snakkar med han og han svarar meg, så får eg atter oppleve at Gud gjer sitt verk i mitt liv ved sitt Ord og sin Ande, så eg vedkjenner det og det vert forpliktande for meg, eg må lyde Kristus ved å tru på han og kjennast ved han som min frelsar og Herre. Og eg opplever det som godt for meg, eg velsignar Jesus og blir velsigna, eg får oppleve at han elskar meg med kjærleiken frå Gud, eg får oppleve at Gud gjer sittverk med meg ved sitt Ord og sin Ande og eg opplever at det er godt for meg. Eg får oppleve at Faderen elskar meg og har omsorg for meg som sitt barn.

Eg skal la Jesus leie meg og bygge livet mitt. 

Når eg gjekk i ein fri kyrkjelyd i Oslo, sa Jesus til meg at eg skulle få ha kyrkjelyden som eit kraftsenter i livet mitt. Han ville ta seg av mi sak som si sak. Eg forkalrer begge deler med at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Han vil frelse og frigjere kvinna og sin kyrkjelyd, som si brud, så ho skal tilhøyre han. Og eg har bedt om å gi meg ei frelst kvinne til kone.

Han at eg skulle la han ta omsorg for sine born og sine henders verk (bodskapen 2.7.2006). Og no sa han at eg skulle la han leie meg og bygge livet mitt. Eg er hans medarbeider og når han leier meg i kvardagen så blir eg ein medarbeidar for menneske som eg  møter. 

Bodskapen 2.12.2001:

”……i min menighet. (Det måtte sikkert vere velsigninga det er tale om her, straumen med levande vatn.) Åpna ditt hjerte, for den flyt også deg i møte, mitt elskede barn, og eg ønsker å nå deg, slik at du skal få oppleva både hjelpen ifra helligdommen og støtten ifra Sion. Eg har opna himmelen over deg, men også mens du vandrer her nede, skal du få oppleva det er en husvalelse som flyter midt i min menighet. Og denne husvalelse skal også du få lov til å bringa ifrå ditt hjerte, der eg får væra, der eg får bo, der eg får leva ved troen, skal du også få bringa denne velsignelsen med deg ut. Derfor har eg plassert deg, eg har plassert deg midt iblant mitt folk, slik at du der skal få oppleva å bli fylt, igjen og igjen og igjen. Og så kan du få lov til å ta denne fylde, denne kraft, denne velsignelse med deg, midt ut i hverdagen. Og husk då på at, då vil eg også i den grad fylla deg at det får flyte over kanten av ditt hjerte. Og du  får oppleva sannheten av ordet, fra deres liv skal det som skriften har sagt rinne strømmer av levende vann. Og så skal du sleppe å frykta for å gi ut, for eg har ny fylde. Slik skal du få oppleva at min menighet skal du få venda tilbake til, for å oppleva ny fylde, ny velsignelse, ny støtte, og slik skal du få ha menigheten som et kraftsenter, og du skal få ha den som en -, en velsignelsessenter i din tilværelse. Og du skal få oppleva at -, du kan også -, du skal oppleve at i min menighet så finnes det en motkraft imot de nedbrytande krefter du får -, får oppleve du er bombardert av. Søk næring, søk hjelp, opna deg for velsignelsen, den er her. Og i min menighet, der eg er midt i blant, sier Herren, skal du også få oppleva at, der er eg som miraklenes Gud, der er eg som åndsdøperen, der er eg som den store legen, der er eg som den som kan gjøra det umulige mulig. Eg er underets Gud, miraklenes Gud. Vit at det er en undergjørande kraft også i min menighet, fordi eg er der, sier Herren, og eg har det navnet som, der eg fremdeles kalles Under, veldig Gud, evig Fader, og rådgiver. Amen. Amen i Jesu namn.”

Posted in Filosofi, Kristendom, Kristne møte 2019, Psykologi | 1 Comment

2019.01.20. Maranatha. Jesus er vår frelsar og Herre. All visdomens og kunnskapens skattar er skjult til stades i han.

Tyding av tungetale: “I ditt indre så har du all visdom og kunnskapens skattar er skjult til stades i Kristus Jesus, du er i han og han er i deg. Så forløys dine gåver, forløys det som er i deg …….”  Sjå:https://www.youtube.com/watch?v=LXfWw0KS-UE&feature=player_embedded

Innleiing ved Aud.

EFE 3,20 Han som verkar i oss med si kraft og kan gjera så mykje meir enn alt det vi bed om og skjønar, 

Rive til seg Guds rike.

Guds rike er inni dykk. Guds Ande sveiv over vatna, men no er den i ditt hjerte.

Gud brukar det som ingen ting er.

Tale ved Håkon Martinsen.

Jesajas.43,

            18 Tenk ikkje på det som hende før,

        gjev ikkje akt på det som eingong var!

    19 Sjå, eg skaper noko nytt.

        No gror det fram.

        Merkar de det ikkje?

        Ja, eg legg veg i øydemarka

        og stigar i den aude hei.

Josva.24,15 Men har de ikkje hug til å tena Herren, så vel i dag kven de vil tena, anten dei gudane som fedrane dykkar dyrka bortanfor Storelva, eller gudane åt amorittane, som åtte det landet de no bur i. Eg og mi ætt, vi vil tena Herren.

1.Joh.2,12 Eg skriv til dykk, mine born, fordi de har fått syndene tilgjevne for hans namn skuld. 13 Eg skriv til dykk, fedrar, fordi de kjenner han som er frå opphavet. Eg skriv til dykk, de unge, fordi de har vunne over den vonde. 14 Eg skriv til dykk, mine born, fordi de kjenner Faderen. Eg skriv til dykk, fedrar, fordi de kjenner han som er frå opphavet. Eg skriv til dykk, de unge, fordi de er sterke. Guds ord vert verande i dykk, og de har vunne over den vonde.

Tungetale ved Aud, høyrdest det ut til, tyding ved ein mann.

“Legg vinn på mitt frimod, for det har stor lønn. I ditt indre så har du all visdom og all kunnskapens skattar er skjult til stades i Kristus Jesus, du er i han og han er i deg. Så forløys dine gåver, forløys det som er i deg og du skal kjenne og du skal merke, at det er meir å innta.

Då du tok imot meg, som frelsar og Herre i livet ditt, så vart du gjenfødt, ikkje av menneske, ikkje av kjøts vilje, ikkje av noko blod, men av min Ande. Du vart gjenfødt til ein ny skapning i meg. Og du skal få lov til å leve og regjere med meg, også i den noverande verda, for du skal sjå det og du skal ta det i bruk, det du allereie har fått av meg. 

Ikkje av denne verda si ånd, men av min Ande, skal du leve og regjere og ha det godt i dette livet. Du skal kjenne, at du har fått den kraft, som overgår alt som prøver å reise seg mot kunnskapen om meg. Du skal få lov å ta det til fange, under lydnad, så kan du få lov å ta alt som kjem imot deg til fange, og du skal kjenne at det held, det held i alle tider, i alle, alle, alle omstende må vike i mitt heilage namn. Amen.”

Posted in Kristne møte 2019 | 1 Comment